Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Mang slags motstandsarbeid
Ingvild Bræin,  14.01.11

Litt pratete om det vi ikkje pratar om.

ROMAN
Ruth Lillegraven:
Mellom oss
Tiden 2011

«– Nei, vi kjenner vel aldri nokon heilt og fullt.
– Eller ein kan kjenne kvar­andre godt på mange måtar (...) og samstundes ikkje i det heile.»
Sitatet frå Ruth Lillegravens romandebut Mellom oss peikar mot kjernen av kva forteljinga handlar om: Familiar fulle av løyndomar. Samstundes er sitatet eit døme på kva som òg er romanens skavank: Alt står der. Vi les informasjonen, vi les oss ikkje til informasjonen.

Litt julekalender
Når det er sagt, er det ikkje eit altoverskyggjande problem, for romanen til Lillegraven har andre kvalitetar. For det første er det eit mangfaldig tidsbilde ho teiknar opp, ved å la personar frå fire generasjonar sleppe til. Vi møter mellom andre Dagny og Jakob, som driv motstands­arbeid under krigen, son deira, Svein, som møter Ranveig under felles motstandsarbeid mot EF, gjer henne gravid og flyktar utanlands, og dotter deira, Tonje, som blir motvillig gravid med ein av kundane ho har som prostituert. Her er det duka for mange løyndomar og dermed ei viss spenning knytt til opprullinga av desse. Lillegraven er god til å porsjonere ut informasjonen slik at ein heile tida vil til neste side for å sjå kva som skjuler seg der. Litt som Donald Ducks julekalender, der ein kvar dag får eit nytt enkeltståande spørsmål som måler den generelle kunnskapen om Andeby, men òg får 23 andre delspørsmål av ei større gåte ein skal finne løysinga på til julaftan.

Den romslege tidsramma gir òg høve til å bake inn fleire politiske storhendingar, noko Lillegraven gjer. Det er interessant å sjå desse hendingane i lys av personane som levde midt i dei, særleg dei hendingane som høyrer til den andre verdskrigen, men det ser ikkje ut som forfattaren har hatt som ambisjon å kome i djupna på alt politisk stoff ho lanserer. Mykje blir overflatisk behandla og mest klangbotn for personane.

Frå Ny-Noreg with love
Språket er dynamisk og liksom sjølvdrivande, der det dreg seg sjølv og lesaren radig framover skjenegangen utan å krengje. Og sjølv om Lillegraven har ein nøktern stil og ikkje overdriv bruken av metaforar, kan ho nokre gonger glimte til med bilde med dobbeltmeining, som fungerer godt på begge vis: «Sjølv var ho i banken, bygde seg oppover, fekk større kontor og meir makt, brende lyset sitt stadig leng­er utover kvelden.» Andre gonger får eg ei kjensle av at ho har eit så nært forhold til Ragnar Hovlands Sjølvmord i Skilpaddekaféen at ho har gløymt kva som er Hovlands setningar, og kva som er hennar eigne. Men eg skal ikkje oute desse, sidan eg står i fare for å ha eit par slike oppi pennekorken sjølv.

Ståstad for refleksjon
Sjølv om det ikkje har nyhendeverdi at det finst løyndomar mellom folk, er det framleis eit interessant tema, som treffer oss alle midt i hysjenerven. Der romanen fer overflatisk over enkelte felt, går han di tyngre inn og forskar i rasjonelle og irrasjonelle grunnar til hemmeleghald. Dét skaper ein ståstad for refleksjon. Så får det heller vere at eg tykkjer romanen er litt vel pratsam, at eg stiller meg tvilande til at ein mann ikkje kjenner igjen den prostituerte naboen han er kunde hos, trass i sminke og parykk (kva med stemma?), og at eg i kapitlet om dei truleg homofile Osvald og Max ikkje skjønar kven av dei det er snakk om til kvar tid. Eg forstår jo så mykje anna!

Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake