Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Det utvida noregsomgrepet
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen,  07.01.11

«Det stod om meir enn pengar. Språket stod på spel.»

SAKPROSA
Ottar Grepstad:
Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010
Det Norske Samlaget 2010

Etter den store norske pressehistoria, der Ottar Grepstad òg var med på å fornye perspektiva på kva som er avishistorie, kom denne boka, som for fyrste gong dokumenterer og gjev fullt oversyn over heile den nynorske pressesoga. Mange bøker, avhand­ling­ar og for den del diskusjonar gjennom åra har tydeleg streva med å halde klårt for seg koss nynorskavisene, og då ikkje berre det som har vore kalla «målpressa» og altså har hatt eit særskilt målpolitisk føremål, har tedd seg, og kva tilhøve dei har hatt til samtida og omverda. Det er visseleg tale om ein forvillande vrimmel av kulturelle nyansar og skilnader og aldri lett å vere viss på kven som høyrer til i kva for leir og målsyn og politisk program. Ottar Grepstad har gjort eit omfattande granskingsarbeid som eg ikkje kan anna enn ovundre og vere mykje takksam for, på eigne og andres vegner: Han gjer livet hyggjelegare og lettare for alle som i framtida vil ta fatt på noko som har med norsk kultursoge å gjere.

Boka er dessutan livleg og fengjande skriven. Grepet er godt, det går ut på å ta fram visse personlegdomar og arbeidet deira i visse aviser, som så vert drivande for utviklinga. Dermed unngår ein trøyttande statistikkar og unødige vurderingar av styrketilhøve og publikumsmasse, sjølv om ein òg då vert var at det står ein del meir att å gjere med å gå etter kultursosiologien kring nynorskavisene, for dei som leitar etter interessante oppgåver.

Ytre og indre strid
«Det var i ei avis landsmålet kom til syne.» Denne frapperande opninga peikar på noko som lett er gløymt mellom kulturpersonar så vel som filologar og historikarar, nemleg at Ivar Aasen i 1849 trykte «Samtale mellom to Bønder» i Morgenbladet (som Karl Marx skal ha kalla «ei deilig avis»). Grepstad set her alt i starten eit perspektiv, nemleg at denne nye skrifta, og dette nye skriftmålet, var i bruk mot makthavarane meir enn det var tenkt (til opplysing?) for bøndene. Straks bryt han dermed staven over denne evinnelege lærebokmyten om at nynorsken i opphavet skulle vere del av ei alleuropeisk romantisk folkerørsle, der bønder og høge ideal vert dyrka.

For nynorsk avissoge handlar slett ikkje om slikt. Det handlar om strid mot overmakta, om kiv og strid innbyrdes mellom vener og meir og mindre sterke personlegdomar, om konkursar, pengesuter og økonomisk elende, fylgjeleg ei uendeleg jakt etter pengar – i alle høve fram til nyare tid. Og der pengar står på spel, der går venskap og truskap og vørdnad og tillit òg fort over ende. Og det vert ein del melodrama av slikt, som her får nøkterne forklåringar, stort sett. Men hovudpoenget er og vert verande: «Det stod om meir enn pengar. Språket stod på spel», som Grepstad kommenterer om utviklinga i Gula Tidend og stoda fyrste tiåra i førre hundreåret (s. 103).

Vinje-idealet
Det er greitt at Dølen og skaparen Aa. O. Vinje er fribytaridealet. Men å byggje lesarskarar og inntekter på det viset Vinje gjorde det, med å gje ut bladfiller når det høvde honom, var sjølvsagt ikkje råd å halde fram med. Men, mellom dei mange aforisme­aktige blinkskota i merknadene til Grepstad, er òg: «Vinje opna språkleg dagbrot med den stilistiske gamletida.» Det hadde ikkje vore råd å byggje eit moderne, nytt litterært idiom utan det ut­­gravingsarbeidet og det omlagingsarbeidet Vinje jamt dreiv på med. Dermed kunne vidare journalistisk arbeid koplast til samtalelag, leselag, veneforeiningar og forsamlingsarbeid av alle slag, der nyhende og kommentarverksemd kunne verte kjernen i diskusjonane, innføre nye omgrep og resonnement og drive fram nye målsetjingar. Lat gå med at det meste av det journalistiske arbeidet var ordinært, men det var med på å skape organisering av meiningar og folk. Det er ein heilt klår konklusjon hjå Grepstad at avisene alltid har vore viktigare enn bøkene for utbreiinga og den aktive bruken av nynorsken.

Gjennom boka får vi ganske nye blikk – i alle høve gjer eg det – på aviser som Den 17de Mai, Fedraheimen og Gula Tidend og på tiltak som Bladmannalaget, tilhøvet til forlagsverksemd og anna, og sist og ikkje minst, den sterke pliktetikken om å vere trufast tingar, kjøpar og støttespelar – som etter kvart utetter 70- og 80-åra nok vart oppfatta som nokså anmassande hjå mange, men som var grunnfest. Grepet med å fylgje sentrale figurar i avisverda og deira økonomiske, organisatoriske og også politiske strev er vellukka. Likevel hender det nok at ein blir sitjande og undrast litt på: Kva var dei innhaldsmessig opptekne av, eigenleg, og kva rolle spela dei i den offentlege meiningsdanninga? Vel, når Grepstad er inne på den andre verdskrigen, kjem det då tydeleg fram, og det kan dei då merkje seg som var aktive i debatten om Fløgstad-pamfletten Brennbart, at NS rekrutterte få tilhengjarar i typiske nynorskområde. Samstundes voks ideen om berre eitt språk seg sterkare i tida. Og etter krigen kjem så suksessiv nedgang i skulemålskrinsar, som svekkjer lesargrunnlaget for mange aviser.

Prosessen
Det meir politisk ideologiske kjem rimeleg godt fram etter at vi har fylgt oppbygginga av landsdelsavisene og deira vekslande tilhøve til språkformer, og står i den nye kulturpolitikken, med Dag og Tid som fekk statsannonsar og som vart eit blikkfang for dei som ville skape nynorsk kulturpolitikk, med stønad til Nynorsk pressekontor i 1969 og dermed høva for å vise alternative vegar i journalistikken og mediepolitikken.

Prosessen er: «Nynorskavisene skilte seg ut, blei integrerte og til slutt alminnelege. Då hadde dei også utvida Noreg.» Det er slik å leggje ut, slik eg les det: Arbeidet med å skape eit særskilt nynorsk pressemedvit førde til minst to ting: Fyrst at folk vande seg til at der fanst fleire idiom eller språkval heile tida, og aksepterte den norske språkdelte situasjonen. Dette har då fleire tidlegare peika på er ein siger, og somme vil jamvel rekne denne stoda slik at språkstriden eigenleg er vunnen. Dinest at ein var mobilisert for det mødesame arbeidet det var å utvikle nye arbeidsverkty, slik Dag og Tid måtte gjere det, då den elektroniske alderen kom. Slik var nynorskavisene og -journalistane (og andre avisskribentar) med på å spreie fleire nynorske tekstar enn før. Og endeleg, så er det klåre former for språkleg integrering der nynorsk no kan nyttast svært mange stader i andre aviser enn før.
Ei spennande, klårgjerande, veldokumentert og på alle måtar nyttig bok. Det er ei glede å sjå at der kan lagast slike bøker her i landet – ikkje minst takka vere avisene, slik Grepstad skildrar dei.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake