Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Brennevin og manneslakt
Margunn Vikingstad,  07.01.11

Debutant Kristin Sørsdal skriv både grovt og godt, men eg saknar ei retning i det makabre.

ROMAN
Kristin Sørsdal:
Makabre bikkjer
Samlaget

Ei kvinne er på veg sørover frå Nord-Noreg. Ho er umetteleg på brennevin og sex og seier heller ikkje nei takk til litt vald. Ei anna kvinne busett ein stad som heiter Kòvdem, førebur seg på svine­pelsjakt saman med jaktlaget sitt. Begge eg-forteljarane i Makabre bikkjer ser ut til å vere, med Kristin Sørsdals eigne ord, nokre uforløyste fitteskinn.

Erotikkmareritt
Kvinnene Sørsdal skildrar, er skitne, knoklete, svoltne og kroppslege langt inn i det vulgære. Dei slaktar og pular og runkar i jordhol utan å lage det til ei stor sak. Når Mara ikkje får den sexen ho hadde tenkt, blir det skildra slik: «Litt synd eigentleg. Eg hadde hatt godt av det.» Den direkte og generelt skamlause tonen i Makabre bikkjer er ein av kvalitetane ved romanen, og kvinneportretta utfordrar. Midt i det grove minner Sørsdal lesaren på at det er kvinner det er snakk om, og at «Dette med vald og drap, det gjorde meg forvirra. Og det var som faen, sa eg til meg sjølv, var eg ikkje ei kvinne? Men eg hadde utøvd vald. Og det var noko menn gjorde.» Liknande refleksjonar går igjen, at vald høyrer til menn, ikkje til kvinner. Det misser litt av den rå krafta Sørdal får fram i eit jamt over originalt og surrealistisk erotikkmareritt.

Eg-forteljaren Mara er ei som reinskar opp på vandringa si langs E6, som kvittar seg med plageånder, med til dømes trailersjåførar ho haikar med, og som snakkar nedlatande om mor si eller ekskona si. Opp- og utreinskinga blir skildra både realistisk og draumeaktig. For blir det eigentleg drepe i Makabre bikkjer? Eg endar opp med både å tru og ikkje tru på valden og drapa i historia. Eg-forteljarane leitar ikkje berre etter blod og svinepelsar, men òg etter noko i seg sjølv. Grensene deira for kva dei kan tole, blir pressa, og her koplar Sørsdal ei indre, surrealistisk uro med ytre surrealistiske slaktarmøte. Det er godt skildra, og det er ubehageleg å lese.

Retningslaust
Sørsdal har fått mange og jamt gode kritikkar for debutromanen sin og då særskilt for den ublu, direkte og frekke måten ho skildrar sjølvdestruktiv vald på. Eg synest i tillegg Sørsdal klarer å føye noko poetisk inn i den direkte og grove forteljarrøsta i. Det oppstår noko drøymande i det makabre. Det får meg til å tenkje på det eg meiner er ei av dei sterkaste og mest interessante bøkene som har kome i år, Fiolinane av Jan Roar Leikvoll. Til liks med Leikvolls valdelege, postapokalyptiske univers rykkjer Sørsdals rå skildringar i meg. Begge skildrar menneske i framande, makabre situasjonar der vald og sex er grunnleggjande krefter. Ei pornoid verd, med Sørsdals treffande og originale ord.

Det eg saknar hos Sørsdal, er ein botn, ei retning i det makabre. Kva er det som gjer Mara så valdshekta? Og kvifor er det viktig eller interessant å presse dei to forteljarane inn i det valdelege og seksuelle når ein som lesar får så avgrensa tilgang til kva det gjer med dei? Eg skjønar at Mara er dregen mot noko som ligg i fortida, mellom anna eit sterkt seksuelt forhold, men kva som rir Mara, blir for meg ståande like uklart som retninga på den vaklande ferda langs E6. Slik blir Makabre bikkjer i litt for stor grad meir frekke og ubehagelege skildringar av svinepelsjakt, manneslakt og jordhols­puling enn at det skubbar i bildet av det valdelege mennesket.

Margunn Vikingstad er litteraturvitar og fast bokmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake