Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Storverk om Finansdepartementet

Av Jon Hustad
,  24.12.10


Historieverket Over evne. Finansdepartementet 1965–1992 er noko av det mest radikale som er skrive om norsk etterkrigshistorie. Noreg i 1960- og 70-åra var eit statsøkonomisk katastrofeområde.

SAKPROSA
Einar Lie og Christian Venneslan:
Over evne. Finans­departementet 1965–1992
Pax forlag

Eg likar i grunnen ikkje å melda gode bøker; panegyrikk er sjeldan god lesnad. Her skal eg gjera eit unnatak. Om vi tek høgd for at underskrivne altfor lenge har hatt ei nær usunn interesse for finanspolitikk og makroøkonomi – som er og vert for dei få: Over evne er den beste einskildstudien og kanskje det beste norske historiefaglege arbeidet eg har lese. Prosaen er turr og berre av og til vittig. Dei to forfattarane held ulike nivå – Einar Lie er betre enn Christian Venneslan. Til tider er det uklårt kven som talar, kjeldene eller forfattarane. Her og der finn ein småfeil og så bortetter. Men samla sett er dette briljant, og det av båe forfattarane. Finansdepartementet har finansiert boka. Dei må angra – bittert. Det finst knapt stein på stein att av den nygotiske jugendbygning­en i Akersgata.

Noreg er gjennom dei seinaste to generasjonane langt på veg av­vikla som borgarleg samfunn – seier eg, ikkje Lie og Venneslan. Der stort sett alle andre land gjev unnatak frå kapitalskatt for konservativ banksparing, er staten Noreg ein predator andsynes småspararane. For den gjeldfrie – ja, det er sant – tek staten all renteavkasting og litt til. Skal det sparast i reine pengar, skal staten gjera det på eigen kjøl.

Noreg må elles vera det einaste landet i den vestlege verda der individuell pensjonsparing vert sett på som eit vonde og difor aktivt motarbeidt gjennom lovverket. Den fremste predatoren ser ut til å vera Finansdepartementet, som alltid gjev inntrykk av å ha rett og som så ofte har teke fullstendig feil. Ikkje naudsynleg av di dei tilsette har vanta intellektuell kraft, men av di dei i Lie og Venneslans historiserande ljos står fram som lite anna enn konvensjonelle og lukka, i det minste i 1960- og 70-åra.

Til etterretning
Men verst av alt er det at Finansdepartementet knapt hadde evne til å stogga dei politiske eksessane. «Finansministerens [Ole Myrvolls] redgjørelse om at regjeringen måtte kutte i utgifter og/eller øke inntektene, ble deretter ‘tatt til etterretning [av Per Borten og regjeringa]’, heter det i referatet.» Trøysta får vera at det truleg stod verre til i andre land. Ein kan rett nok lura: «I en bredt anlagt studie av kapital- og kredittmarkedene i OECD-landene i 1967», skriv Lie, «ble Hellas, Spania og Norge trukket frem som land der den direkte fastsettelsen av renter og andre nøkkelsatser var gjennomført i så ekstrem grad at det var vanskelig å bruke markedskonsepter overhodet i analysen. To militærdiktatur ved Middelhavet – og Norge. Hvorfor var det egentlig slik?» Ja, kvifor var det eigenleg slik?

Det er slike spørsmål norske historikarar lyt stilla seg, men som dei altfor sjeldan gjer. Svara Lie og Venneslan gjev, er mange. Men hovudsvaret ligg i den ekstreme autoritetsdyrkinga Finansdepartementet var prega av. Dei tilsette – heilt fram til det var overtydeleg, både for dei og politikarane, at ekstrem planøkonomi ikkje var mogeleg – trudde på det venstreradikale Sosialøkonomisk institutt ved UiO og Ragnar Frisch, som igjen trudde på Keynes, som sa at «rentenisten må ryddast ut». Ikkje berre skulle skattane opp – dei gjekk opp med over ein tredjedel i 1960-åra, og verst var det under Per Borten –, men òg dei som la til sides kapital, skulle straffast. Alt dette av di kapitalintensiv og lite lønsam industri skulle få for rimeleg kreditt og nordmenn flest urimeleg billege hus.

Oljeforbanninga
Oljealderen, då? Har Finansdepartementet kome godt ut av den perioden som forfattarane dekkjer? Nja... Som ein av dei få som kjem nokolunde uskadd frå særleg Lies analysar, den uhyre intelligente og lett sarkastiske Hermod Skånland, som sjølv var tidlegare tilsett i Finansdepartementet, sa i 1988, at ein «omhyggelig staket ut en kurs, og deretter straks la i vei i en annen retning». No ber ikkje Finansdepartementet heile skulda for trygdeoverforbruk og industri­daude, og andre land er prega av det same, men det kan vera liten tvil om at eit departement som hadde vore mindre prega av Keynes og moderne sosialøkonomi og meir prega av konservativ finanspolitikk og monetarisme, hadde tent nasjonen mykje betre i 1960- og 70-åra og kanskje kunne ha førebygt bankkrisa på slutten av 80-åra.

Med unnatak av den kortvarige Korvald-regjeringa og finansministeren deira, Jon Norbom, som strama kraftig til, er det Arbeidarpartiet og særleg Gro Harlem Brundtland og hennar finansminister, Gunnar Berge, som kjem godt ut av denne boka. Kåre Willoch kjem underleg dårleg ut. Som statsminister makta han ikkje å strama inn og «kasta korta og sa gris», som Hanna Kvanmo formulerte det. Og som minister i regjeringa Borten var han med på den sterkaste auken av statsbudsjetta og skattenivået nokon gong, som i og for seg kan aksepterast om budsjetta er balanserte, men det var dei ikkje. Han var av desse som «protesterer for all verden, men henger med på ferden».

Arbeidarpartiet, derimot, før 1965, som Lie viste i fyrste band av soga, køyrde nær konsekvent med overskotsbudsjettering. Gro, i si andre og tredje, men ikkje i si fyrste regjering, gjennomførde éi av dei hardaste og mest effektive innstramingane i nyare norsk og europeisk historie. Men då hadde også Finansdepartementet kome til vitet og innsett at marknaden har ein naturleg og naudsynt plass i kvart eit velfungerande samfunn.

Tenkt stort
No er ikkje Lie og Venneslan så eksplisitte i sine konklusjonar som underskrivne er. Men dei skaper heile tida ei undring, ei undring som gjer det naudsynt for lesaren å tenkja sjølv. Gjennom historiseringa gjer dei lesarane nyfikne, og gjennom kjeldebruken får dei oss til å draga konklusjonar som forfattaren nok vil ha oss til å draga. Men kva så? God historieskriving er å gje lesaren inntrykk av at han er klok og ser ting med nytt blikk. I alle høve: Lie og Venneslan får, og det truleg med rette, det ein gong så tilsynelatande mektige og usårlege Finansdepartementet til å stå fram som noko nær sagt stakkarsleg.

Spørsmålet eg stiller meg, er kvifor vi framleis er så rike. Har vi vorte det på grunn av eller på trass av staten og Finansdepartementet? Eg har ein mistanke om det siste. Men noko svar får vi ikkje før Einar Lie skriv ei samla norsk økonomihistorie.

Og for godt mål: Norske historikarar som har hylla den sosialøkonomiske ordenen og såkalla norske modellen, må etter denne boka gå i skammekroken. Som forfattarane skriv om den segnomsuste folketrygda: «Hvis vi i Norge ikke hadde hatt ekstraordinært store oljeinntekter siden slutten av 1970-tallet, er det all grunn til å tro at folketrygden ville vært oppfattet som et dyrt, usammenhengende og i hovedsak mislykket prosjekt.» Reine ord for pengane til Finansdepartementet.

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake