|
|
Noreg er verdsmeister - igjen! Av Jon Hustad, 17.12.10 Ingen andre land i verda, syner ny OECD-statistikk, betaler sitt eige folk så mykje pengar for ikkje å arbeida. Det er difor vi er eit innvandringsland. I vår fekk eg eit brev frå livselskapet som Dag og Tid nyttar. Dei ville fortelja meg kva eg fekk i uførepensjon om noko skulle gå gale. Den årlege summen var 364.000 kroner. Alderspensjonen min, derimot, ville vera den same anten eg vart ufør eller ikkje. Om eg hadde vore offentleg tilsett eller kona mi hatt ei vanleg eller låg inntekt, hadde eg òg fått over 60.000 kroner i barnetillegg på toppen av uføretrygda. I alle høve, med eller utan barnetillegg: Om eg vert ufør, kjem eg knapt til å merka nokon velstandsnedgang. Kven syter for at eg får halda oppe levestandarden? Dama i Rema-kassa, den slitne vaskehjelpa, nordsjøpendlaren og dei tilsette i Ørsta stålindustri. Alle desse som heller vil arbeida enn å vera trygda. I byrjinga av månaden kom OECD med ein statistikk over kva land i verda som overfører mest trygdepengar til folk i arbeidsfør alder; alderspensjon er altså ikkje rekna med. Spania med 20 prosents arbeidsløyse var nummer to. Dei nyttar 4,7 prosent av bruttonasjonalproduktet til trygder, 2,7 prosent vert nytta til uføretrygd og sjukepengar. I gjennomsnitt nyttar OECD-landa 1,8 prosent av BNP til sjuke- og uførepengar. Vi er best Kva konsekvensar har desse enorme overføringane frå dei som arbeider til dei som ikkje arbeider? Ein konsekvens er sjølvsagt at stadig fleire nordmenn finn at dei ikkje treng å arbeida. Gjennomsnittsnordmannen har eit av dei kortaste arbeidsåra i verda, likevel har vi dei høgste uføretala i verda. Stadig fleire nordmenn vel, etter berre få år i arbeidslivet, å gå over på uføretrygd. Nær halvparten av dei som går av med pensjon, er uføre når dei når aldersgrensa. Halvparten av inntektsskatten Men dei påstått sjuke og uføre er på ingen måte åleine om å få betalt for å gjera noko anna enn å arbeida. Om lag 240.000 studerer her til lands. Det svarar til fire årskull. Også desse skal finansierast. 1. november frigav SSB utgiftsstatistikken til universitet- og høgskular. Ingressen var klår nok: «Driftsutgiftene ved statlige universiteter og høgskoler øker fremdeles. I 2009 var utgiftene på 27,3 milliardar kroner, som innebærer en økning på nær 7 prosent fra 2008.» I gjennomsnitt kostar ein fulltidsstudent 146.000 kroner i året. Mest går det kuriøst nok til studentane ved Den samiske høgskulen; der vert kvar student subsidiert med 810.000 kroner i året. Veterinærstudentane, som no stort sett hamnar på smådyrklinikkar i byane, kostar elles 484.000 per år. I tillegg til gjennomsnittssummen på 146.000 per student kjem rentesubsidiering og stipenda. Legg vi til rentefrådraga, kostar truleg ein norsk gjennomsnittsstudent 220.000 i året. Ein million Kva langsiktige konsekvensar får det at alle som vil, får studera gratis, kva konsekvensar får det at så mange fleire i Noreg enn i andre land kan få uføretrygd og sjukmeldingar, kva konsekvensar får det at så mange i arbeidsfør alder kan velja å leva på staten i staden for å syta for seg sjølv og sine? Ein paradoksal effekt er at all denne studeringa og trygdinga på mange sett og vis er bra for den samla økonomien i Noreg – i det minste i ei tid. I verda rundt oss har stadig færre land råd til å gje folk som ikkje er i arbeid ein god levestandard. Land etter land skjer dramatisk i budsjetta. Å skjera i budsjetta under ein økonomisk nedtur gjer nedturen større (men til gjengjeld vert truleg oppturen større når den tid kjem, men det er ikkje eit tema her). Takka vere energipengane kan Noreg alltid driva motkonjunkturpolitikk. Det innanlandske forbruket held seg oppe gjennom kriser, og jamvel om industrien då misser konkurransekraft sidan dei må konkurrera om arbeidskraft med ein diger offentleg finansiert sektor, gjev olje og gass oss meir enn store nok valutainntekter i mange år enno. Folketalsvekst Frå før har innvandrarane frå den tredje verda ein mykje høgre uførerate enn etniske nordmenn, som igjen har den høgste nasjonale uføreraten i verda. No har vi austeuropearane i tillegg. Gjennom 2008 vart talet på polakkar som tok imot trygd i Noreg femdobla. Leiaren av UDI, Ida Børresen, har gått ut og åtvara mot den komande uførebomba mellom austeuropearane: «Vi er nødt til å gjøre noe», sa ho til Vårt Land i mars. Men «å gjøre noe» vil det vera nær uråd å få til så lenge vi held oppe trygdenivået. Og når andre land skjer i løns- og velferdsnivået, vert Noreg berre meir og meir attraktivt. Alt i dag er uføre- og arbeidsløysetrygdene i Noreg mykje høgre enn lønene i dei fleste andre land. Min konklusjon er denne: Karusellen kjem berre til å gå snøggare og snøggare. Vi får ikkje kriser, den økonomiske veksten held fram, fleire vert trygda, som gjer at vi må importera fleire, som igjen vert trygda, som igjen gjer at vi må importera endå fleire. Til slutt, langt der framme, om tretti–førti år, når oljekassa er tom, då må vi gjera noko. «I det lange løp er vi alle døde», sa John Maynard Keynes om alle desse som i mellomkrigstida åtvara mot at auka offentleg pengebruk gjorde alle fattigare på sikt. I det lange løp kjem Noreg til å få dobla folketalet. I det lange løp kjem historikarane til å undra seg over at nordmenn betalte utlendingar for å arbeida for seg, og det samstundes som dei betalte andre nordmenn for ikkje å arbeida. Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.
|
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|