Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Sorgfylt og vesentleg om kjærleik
Ole Karlsen,  17.12.10

Såpeopera? Slett ikkje. Til dét er Pamuk ein altfor driven romanforfattar og Uskyldighetens museum ein altfor viktig roman.

ROMAN
Orhan Pamuk:
Uskyldighetens museum
Omsett av Bernt Brendemoen
Gyldendal

Vi er i Istanbul ved midten av 70-åra. Kemal, nyslått general­sekretær i eit av firmaa til faren, skal trulove og gifte seg med Sibel. Ho høyrer heime i same pengesterke, øvre middelklasse som han sjølv. Og med utdanning frå Sorbonne er ho dregen mot vestlege verdiar og levevis, slik heile omgangskrinsen deira er. Når ho blir viss på at Kemal verkeleg vil gifte seg med henne, har ho tilmed sex med han – som oftast på generalsekretærens kontor(stol) i all løyndom og også til glede for dei tilsette i selskapet som kan more seg over sjefens doble moralstandardar. Ein dag er Kemal innom ein mote­butikk. Der får han auge på ei designarveske frå Paris, og han kjøper veska som trulovingsgåve til Sibel. Men han får òg auge på og for ekspeditrisa, Füsun, ein fjern og fattig slektning han ikkje har sett sidan ho var barn.

Veskekjøpet blir så å seie skjeret i sjøen for Kemal. Sibel vil ikkje ha veska, det er berre ei etterlikning etter den parisiske originalen med falskt varemerke. Så Kemal må gå attende til butikken, og no blir han fanga av sin eigen dragnad mot vakre, uskuldige og 18-årige Füsun. Dei møtest i eit av dei husværa Kemals mor eig og bruker som lagerplass for alle dei tinga ho kjøper som ho ikkje har bruk for. Kemal forfører ungjenta og blir etter kvart heilt hugteken av henne, ein kjærleikens slave.
Såpeopera? Slett ikkje. Til dét er Pamuk ein altfor driven romanforfattar og Uskyldighetens museum ein altfor viktig roman.

Kjærleik mellom aust og vest
Det er noko hamsunsk Edvarda-aktig over Füsun, noko forlokkande, noko litt skandaleaktig som gjer at Kemal blir dregen mot henne. Füsuns foreldre (som vil ha jenta fram i verda) har gjeve Füsun lov til å vere med i ein missekonkurranse, kledd i berre bikini. Dermed blir ho og mora stengde ute frå det gode selskapet, også frå Kemals familie. Og det er dette brotet med dei tradisjonelle verdiane som gjer at Kemal fyrst blir dregen mot Füsun, men dragnaden mot henne blir snart til djup kjærleik, Kemal kan ikkje (som ein seier) leve utan henne.

Men det går skeis. Med Sibel. Med Füsun. Med Kemal. Ekteskap vert det ikkje noko av, og Füsun flyttar bort med foreldra sine. Og Kemal går litt i hundane og brukar nesten eit heilt år på å finne att Füsun – etter mange og lange køyreturar i alle strok i Istanbul. Til sist finn han henne i eit særs tyrkisk område i Istanbul der dei ikkje set særleg pris på slike vestlegorienterte personar frå ei penge­sterk middelklasse som Kemal er representant for.

Kemal blir altså førd inn i miljø og stader i Istanbul der heilt andre verdiar og normer rår enn dei som kjenneteiknar den vestlege moderniteten. Dermed – og dét gjer romanen vesentleg – blir Uskyldighetens museum også ei utforsking av Istanbul som kompleks storby i endring når moderniteten set inn og legg trykk på.

Kjærleik på museum
Füsun blir borte, men Kemal finn henne altså att. Æra hennar er berga, og ho er vorten gift med ein omgjengeleg mann frå sitt eige, opphavlege miljø. Brotet med Sibel er fyrste steg på vegen mot noko heilt anna for Kemal. Han fjernar seg frå sitt eige miljø og frå dei omgjevnadene han er oppvaksen i. Han er stadig på vitjing hos Füsun, som bur hos foreldra saman med ektemannen sin. Der er han velkomen, og Füsun ser på han og behandlar han respektfullt som ein eldre familiemedlem. Hos dei et han godt og vel femten hundre middagar gjennom åtte år, der kan han sjå (på) Füsun, men ikkje røre ved henne.

Og slik kjem han på tanken om å lage eit museum, ved å samle ting som Füsun set pris på og har rørt ved. Desse tinga skal vere eit museum over hans eigen kjærleik og lengt etter henne, så å seie ei minnebok der han kan lese fram att den uskulda som prega kjærleiken som voks fram mellom dei i kjærleiksmøtet desse ettermiddagane rett etter at dei trefte på einannan igjen.

Over dette prosjektet – og i skildringa av det – kviler det noko vakkert og reint som ein vanskeleg kan setje ord på; ei sorg, eit vemod, ein melankoli, noko elegisk, noko nostalgisk. Og også i dette – som utesking av kjærleikens vesen – vert Uskyldighetens museum ein vesentleg roman.

Enkelt
Eit nokså enkelt romanopplegg blir altså ein viktig og medrivande roman. Så ein kan skjøne at Orhan Pamuk har dei kvalitetane ein nobelprisvinnar lyt ha. Men heilt utan lyte er romanen ikkje. Han er litt i lengste laget, og nokre av bipersonane er litt for fargelause til at miljøskildringa alltid er fullgod. Kan hende er også Füsun litt for blass til at ein heilt ut kan skjøne kvifor Kemal i utgangspunktet blir så fascinert av henne. Men kjærleikens vegar er som kjent uransakelege, og Kemals sorgfulle utesking av kjærleikens vesen er det ikkje vanskeleg å leve seg inn i.

Ole Karlsen er professor i nordisk litteratur ved Høgskolen i Hedmark og fast bokmeldar for Dag og Tid.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake