Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Jakta på sjølvkjensla

Av Astrid S. Dypvik
,  03.12.10


Psykologane tek stadig større plass i samfunnet. Det er ikkje berre positivt, meiner forfattar Ole-Jacob Madsen.

Marit Bjørgen gjorde det igjen sist helg, i finske Kuusamo. At ho er tilbake att som gullvinnar, takkar ho psykologen sin Britt Tajet-Foxell for. No får også skiløparkollega Therese Johaug hjelp av same psykolog, og det gjer at ho også har byrja drøyme om å vinne gull under VM i Holmenkollen neste år, melde Aftenposten nyleg.

Psykologane gjer seg ikkje berre gjeldande i sporten. Anten det er samlivsråd, barneoppseding eller spørsmål om korleis ein kan piffe opp sexlivet, er psykologar som Frode Thuen, Jesper Juul og Kristin Spitznogle klare til å svare.

At dei største avisene held seg med eigne psykoglogspalter, er langt frå tilfeldig, og slett ikkje eintydig positivt, meiner Ole Jacob Madsen, stipendiat ved Senter for vitskapsteori ved Universitetet i Bergen. Han er forfattar av den ferske boka Den terapeutiske kultur. Her tek han for seg korleis psykologien har fått stadig større innpass i samfunnet vårt. Madsen meiner dette fører til ei sjølvforsterking, der psykologane framhevar meir psykologi og fleire psykologar som svar på dei aller fleste utfordringar. Og det er urovekkjande, meiner Madsen, som er utdanna både som psykolog og filosof.

Han har tidlegare vore tilsett som psykolog i PP-tenesta. I føreordet til boka skriv han at han alt tidleg i psykologistudiet fekk ei kjensle av at den moderne psykologien ikkje lenger hadde noko å fortelje om det moderne mennesket.

Terapiens triumf
Filosofen Nietzche proklamerte i 1882 at «Gud er død». Men psykoanalysens far, Sigmund Freud, var vel så viktig for å marginalisere religionens innverknad i livet til moderne menneske, meiner Madsen. Dette bakteppet er svært viktig for å forklåre psykologiens sigerrike inntog i vårt landet dei siste tiåra.

– Det er ein samtidsdiagnose som viser til eit moralsk skifte i Vestens historie frå eit univers som er religiøst, og ytrestyrt av ein guddom, til eit som er terapeutisk, styrt av det indre. Sjølvet er alle tings referansepunkt, og spørsmålet om korleis det kjennest for meg, blir det ytste instansen for å ta ei avgjerd, seier Madsen.

Det terapeutiske samfunnet og «terapiens triumf» er omgrep som er kjende frå den amerikanske samfunnsdebatten alt frå 1950-åra. For Madsen er det eit poeng å vise at dette no har blitt eit globalt fenomen. Madsen viser til at psykologi har hatt ein eineståande vekstrate som profesjon. I 1946 hadde Norsk Psykologforening 34 medlemer. I dag har foreininga nesten 6000 medlemer.
– Om ein ser det reint profesjonshistorisk, så er dette ein av dei raskast veksande profesjonane i nyare tid, i Noreg, men også i Storbritannia og i USA, seier Madsen.

Tok gull
Under vinter-OL i Vancouver hadde den norske troppen med seg fire psykologar, som skulle stå til teneste døgnet rundt. Den store merksemda rundt psykologane og det idrettsutøvarane kalla «det mentale», fekk leiaren i Norsk Psykologforening til å hevde at «psykologi tar gull i OL». Posisjonen psykologien har fått, kjem som følgje av den sterke stillinga faget har i USA. Akkurat som for halloween-feiringa har populærkulturen spela ei viktig rolle for å spreie den terapeutiske kulturen i Noreg. I den mykje sedde TV-serien Sopranos går mafiasjef Tony Soprano til psykolog, serien In treatment handlar om terapi, i talkshowet Dr. Phil er det psykologen Phil McGraw som fører ordet.

Ser ikkje samfunnet
– Du er utdanna psykolog. Når var det du byrja meine at det kan bli for mykje psykologi?
– Svært tidleg, eigentleg. Då eg byrja på profesjonsstudiet i Bergen, opplevde eg at ein tok lett på etikkundervisninga. Det var svært teknisk, ein tok utgangspunkt i konkrete saker og diskuterte ut frå korleis ein skal unngå å få saker mot seg, ein gjekk gjennom regelverket og snakka om at det ikkje er lov til å ta imot gåver til over 1000 kroner, men at det er greitt om dei har ein lågare verdi enn det. Men vi snakka lite om dei store spørsmåla, som til dømes psykologien si rolle i samfunnet.

– Opplevde du det som problematisk sjølv å arbeide som psykolog?
– Ja, heilt konkret. Eg opplevde at det var eit sterkt ønske om at vi skulle kome med vitskaplege svar i form av diagnosar. Problema vart helst plasserte i hjernane til barna. I ein del tilfelle blir det svært problematisk om ein ikkje har blikk for og forstår dei andre nivåa, ein må sjå problema i samanheng med klassemiljøet, pedagogiske reformer. Om ein ikkje ser samfunnet rundt, risikerer ein å bli ein slags nyttig idiot som tilslører ideologiske og politiske samfunnsendringar.

Individualisering
Poenget er at psykologien i for liten grad ser seg sjølv og pasientane sine i ein samanheng.   
– Psykologien forstår ofte berre éi side av saka og kjem berre inn når ein snakkar om løysingar.
Poenget for Madsen er ikkje at psykologar skal slutte med terapi, men at mange av problema psykologane skal behandle, ikkje nødvendigvis er problem i individa, men samfunnsproblem. Når den terapeutiske tenkjemåten breier om seg, blir problema individualiserte og gjorde til spørsmål om psykisk helse, i staden for at ein gjer det til samfunnsproblem.

Han trekkjer fram stress og overbelastning på arbeidsplassen som eit eksempel. Det fører ofte til sjukmelding, og den sjukmelde blir ofte vist til ein psykolog. Psykologen kan hjelpe arbeidstakarar til å meistre presset betre og til å tilpasse seg dei forholda som finst. Men ein pressa arbeidstakar kan kanskje ha meir bruk for ei fagforeining som kan arbeide for å gjere noko med situasjonen på arbeidsplassen.

– Det er eit paradoks at psykologien, som står så sterkt som den faglege ekspertisen som skal forvalte menneskeleg liding, i dag spelar ei så konservativ rolle.
Madsen trekkjer fram eit eksempel frå britisk politikk. Den tidlegare Labour-leiaren Tony Blair forklarte fattigdomsproblemet i Storbritannia som eit spørsmål om psykologi.
– Han forklarte fattigdomen med at dei fattige hadde dårleg sjølvbilete. Denne individuelle forklaringsmodellen kan lett misbrukast, fordi han snakkar direkte til oss, og er lett å forstå. Samstundes blir andre forklåring­ar utelukka, som spørsmål om sosial eksklusjon, klasse, arbeid og ulikskapar mellom kjønn.

Sjølvkjensla
Den store og stadig veksande industrien for sjølvhjelpsbøker og kurs er eit anna eksempel på korleis ein psykologisk tenkjemåte får større utbreiing i samfunnet. Bak denne bølgja står coachar, journalistar i dameblad og livsstilsmagasin, healarar og enkelte psykologar. Felles for denne litteraturen er at ein terapeut skal hjelpe individet til å overvinne eit problem. Madsen ser delar av sjølvhjelpslitteraturen i samanheng med den aukande interessa for nyreligiøse rørsler. Ordet sjølvkjensle er heilt sentralt i denne litteraturen. Ein bestseljar innanfor dette litteraturfeltet er svenske Mia Törnbloms bøker med tittelen «Selvfølelse nå!» og «Mer selvfølelse!».

– Det blir ei jakt på stadig meir sjølvkjensle. Samstundes er sjølvstende eit svært uklårt om­­grep. Korleis kan ein til dømes vite når ein har nok sjølvkjensle? I WHOs definisjon av helse frå 1948 blir helse definert som «ein tilstand av fullstendig fysisk, mentalt og sosialt velvære og ikke bare fravær av sykdom». Psykisk helse risikerer i dag å bli eit grenselaust prosjekt.
Forklåringa på sjølvhjelpsterapiens suksess ligg i at han svarar på spørsmål folk slit med.
– Det er ein marknad for det. Når sjølvhjelpsbøker sel så godt som dei gjer, så treffer det noko i vår tid. Folk har eit slags sakn. Mange lever godt og har mykje fritid, men kjenner ei slags åndeleg tomheit. Desse svara sjølvhjelpslitteraturen gir, passar veldig godt i hop med andre trekk i tida vår som individualisering, konsumkultur og tankar om sjølvrealisering.

Sårbare
Utgangspunktet for samtidsdiagnosen om det terapeutiske samfunnet er at den psykologiske tenkjemåten har erstatta Gud som moralsk instans. Den øvste instansen er ikkje lenger ein Gud, men ein sjølv. Dette er også ei forklåring på psykologiens varige suksess.
– Det paradoksale er at i takt med at menneska blir meir allmektige, blir dei også meir sårbare. Suksess og nederlag blir forklårte ut frå eigenskapar hos oss sjølv, ikkje ut frå viljen til ein guddom eller ut frå lagnaden. Auka fridom og risiko som gir seg utslag i nye psykiske lidingar går hand i hand, seier Madsen.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake