Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


På premissane til novella
Ingvild Bræin,  03.12.10

Det Runar Dahle får fram i novellene sine, står ikkje nokon stad. Likevel kan vi lese det.

NOVELLER
Runar Dahle:
Der har vi deg, ja
Gyldendal

I lesinga av denne novellesamlinga fall eg ut heile tida. Det er godt at Dag og Tid enno ikkje har haikuformat på bokmeldingane sine, slik at eg har plass til å forklare kvifor denne innleiande opplysninga er meint positivt.
Eg fall nemleg ut fordi eg fall inn. Debutant Runar Dahle skriv på ein måte som gjer at ein må assosiere og trekkje liner og trådar sjølv, trekkje på eigne livs­erfaring­ar så vel som leseerfaringar, for å skape seg eit bilde av kva som eigentleg skjer i teksten. Alt dette krev tankerundar midt i lesinga. Eg merka ikkje desse tilbakevendande ut-av-boka-opplevingane før kvar tankereise var til ende og eg fann meg sjølv sitjande og halde i boka utan å ha flytta blikket på ei stund. På denne måten tek det lang tid å lese den sju noveller korte boka. Det bør det òg gjere.

Laus kanon
Det handlar om barnefamiliar, utruskap, small talk med ein fysioterapeut, ein gard som ikkje går godt, levering av suspekte pakkar. Kvardag og spenning. Dahle er på sitt beste når han går tett på relasjonar. Med komprimerte, verknadsfulle grep skaper han djupn og breidd – det er som om han nesten ikkje er borti lerretet med penselen, likevel har han planta ein heil del informasjon der. Gjennom eit kort avsnitt om ei mor, anar vi til dømes noko om heile barndomen, dei sosiale omgjevnadene og den mentale helsa til son hennar.

Det er ei sitrande lesaroppleving når Dahle skildrar korleis ein mann mistenkjer kona si for utruskap. Det er elegant når han fortel korleis ei jente opplever foreldra ved å vise korleis ho leikar med dokkene sine. Det er morosamt når ein mann presenterer faren slik: «Jobben hans er så kjedeleg at den gidd eg ikkje nemne med namn eingong. Det får halde å seie at han gjekk i slips. Kvar dag.» Det er ei alvorleg sak å lese om den einsame guten som er skildra med varme og forståing, men som ein òg skjønar kan vere ei tikkande bombe. Han er alt ein laus kanon på dekk, om ein berre ser etter, og det er akkurat det dei vaksne rundt han ikkje gjer. Dette står ikkje nokon spesiell stad. Det berre står der likevel.

Gjer seg til
Aller best er Dahle i opnings­novella «Omveg». Ein mann ventar på ein taxi som ikkje kjem. For å rekke toget sitt må han til slutt traske over eit jorde og kome taxien i møte. Men det er ikkje det novella handlar om. Ho handlar om det som oppstår av situasjonane i denne ramma. Både mannen og drosjesjåføren viser seg å ha sider vi fort kan bli meir og meir uroa av. Eller undre oss over.

Men der Dahle finn ein god balanse mellom det underlege og det realistiske i «Omveg», sviktar han denne oppgåva i den siste novella, «Ikkje vekk meg, eg søv ikkje». Ei kvinne blir tilsynelatande kidnappa, ho hamnar på eit rom der det kjem ein namnlaus og uklår skapnad som skal hente henne. Figuren gjer det nærliggjande å tenkje på døden eller andre skremmande overgangsfenomen. Men her blir Dahle berre underleg. Det er som om han med overlegg prøver å vere ein mystisk forfattar, altså gjer seg til. I den første novella er han ganske enkelt ein mystisk forfattar.

I den siste teksten er innhaldet eigentleg tømt ut alt i tittelen, novella sjølv blir aldri like spennande som den. Den første novella er derimot så sjølvstendig og god at tittelen berre opnar for eit mylder av måtar å tenkje om omvegar på.

Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake