|
|
Frykta kona og Nobelprisen Av Ottar Fyllingsnes , 26.11.10 Den 20. november var det hundre år sidan Leo Tolstoj døydde. Det prega store delar av framsida på den tyske storavisa Die Zeit, og både engelske The Guardian, danske Politiken og Svenska Dagbladet hadde større artiklar om Tolstoj. Men dagsavisene her i landet brydde seg ikkje. NRK har derimot brukt dei siste søndagskveldane til å visa den dramatiserte versjonen av Anna Karenina. Om dauden Ei natt kledde han seg i dei grove bondekleda som han elska å gå i, og gav seg i veg med dokteren sin som einaste selskap. Han lét etter seg ein lapp der det gjekk fram at han ikkje kunne leva i huset med slik rikdom, og at han ville leva sine siste dagar åleine og utan bråk. Tolstoj tok inn i eit kloster. Kona vart så pass ute av seg då ho fekk høyra at han hadde drege, at ho freista å ta livet av seg i ein dam, men fekk det ikkje til. Tolstoj frykta at ho ville koma til klosteret, og han kjøpte seg tredjeklassebillett vidare med eit tog. Det førde til at helsa vart endå verre, og han vart attkjend av bøndene han reiste i lag med. Ryktet om at han hadde forlate heimen, spreidde seg som eld i tørt gras. Til slutt vart helsa så dårleg at dokteren fann det best at dei forlét toget. Tolstoj vart innkvartert på eit lite rom i Astapovo, medan reporterar, prestar og regjeringstenestemenn samla seg utanfor. Og etter ei stund dukka også kona Sofia opp. «Døden hans var like dramatisk som livet hans, for ikkje å tala om bøkene han skreiv. Det var episk og komisk og tragisk på ein gong – Tolstoj på dødsleiet med to hundre reporterar og kona i ei kongeleg togvogn utanfor», seier Jay Parini til Svenska Dagbladet. Leo Tolstoj vart 82 år og vart gravlagd heime på familiegodset. Gravferdstoget var flankert av tusentals bønder. Nobelprisen Og han konstaterer: Han lukkast til slutt å sleppa unna begge, men ikkje utan vanskar. Kjetsaa fortel at stadig fleire meinte at erkepasifisten hadde gjort seg fortent til fredsprisen. Tre gonger kom det framlegg om å æra han på det viset. Dei to første forslaga vart sette fram av ein sveitsisk professor i 1901 og ein tysk professor året etter, men båe var dårleg grunngjevne, og Nobelkomiteen kom med ein negativ konklusjon. Diktaren hadde vore motstandar av fredskonferansane og hadde difor vist seg å vera ein elendig fredsforkjempar. Både i litteraturpriskomiteen og i fredspriskomiteen rådde det frykt for å provosera ved å gje prisen til ein «anarkist» som Tolstoj. Han hata Europa Sjølv var Tolstoj minst like negativ til fredsprisen som til litteraturprisen, skriv Kjetså i biografien. I 1910 sa Tolstoj: «Eg seier frå meg prisen, av di eg er overtydd om den vilkårslause skaden av pengane.» Heller ikkje Den norske nobelkomiteen var oppglødd over framlegget. «Denne mannen hatar heile Europa, og med dyrkinga si av det primitive, orientalske samfunnet manglar han heilt forståing for målet med prisen: å skapa ei internasjonal ånd, skreiv direktør Ragnvald Hammer ved Nobelstiftelsen. «Det skal kanskje mot til å gje ein slik mann Nobels fredspris, men lat oss i alle fall syta for at me ikkje har dette motet», kommenterte Chr. Collin. Då Tolstoj braut opp frå Jasnaja Poljana, vart det i verdspressa harselert med at det var frykta for fredsprisen som hadde fått han til å trekkja seg tilbake frå verda. Hausten 1909 køyrde han ein tur innom Moskva, og der spurde journalistane korleis han kjende seg. «Slett ikkje verst, ganske bra ... Stadig nærare dauden!» svara han. Tolstoj hadde aldri trudd at alderdomen skulle verta så tiltrekkjande. Di nærare han kom oppbrotet, di betre var det, skriv Kjetsaa. Vårvinteren var nordmannen Menartz Lewin ein av dei som vitja han. Tolstoj rosa Bjørnson og bad Lewin helsa han og seia «at eg slett ikkje trur på den Gud som skal ha skapt himmel og jord, men at eg trur på den Gud som lever i dykkar, Bjørnsons og i mitt hjarta».
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|