Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Den norske kjettaren

Av Pål H. Bakka
,  26.11.10


Den som trur på framsteget, bør ikkje lesa denne boka. To mannsaldrar med velferdsstat har ikkje makta gjera noko med rus, psykiatri, barnevern eller kriminalitet.

Biografi:
Espen Søbye:
En mann fra forgangne århundrer. Overlege Johan Scharffenbergs liv og virke 1869–1965. En arkivstudie
Oktober

«Johan Scharffenberg (1869–1965) er i dag mest kjent for å ha vært en ivrig forkjemper for loven om sterilisering, som Stortinget vedtok mot én stemme i 1934. Han mente loven burde brukes på åndssvake, løsgjeng­ere, tatere og vanekriminelle.»

I denne setninga på omslaget til Espen Søbyes En mann fra forgangne århundrer. Overlege Johan Scharffenbergs liv og virke 1869–1965. En arkivstudie fordømer ein eller annan forlagskonsulent ei av kjempene i norsk samfunnsliv i det 20. hundreåret til evig fornedring og fortaping. I 1934 var det ikkje meir usemje om at folk ikkje bør få born dersom dei ikkje kan ta vare på dei enn det i vår tid er om sjølvvald abort.

Johan Scharffenberg er kan henda den største kjettaren Noreg har avla – ein polemikkens meister. Semja mellom han og fleirtalet i 1934 var tilfeldig. Eit meir verdig ettermæle er Norske aktstykker til okkupasjonens forhistorie frå 1950 der han gav ut dei då bortkomne referata frå dei hemmelege møta på Stortinget før krigsutbrotet, fordi han rekna med at presidentskapet ikkje ville offentleggjera dei. Hans von var at Stortinget ville straffa dei skuldige for 9. april.

Eit kubistisk bilete
Alle personlegdomar er samansette. Men Espen Søbye teiknar eit nær sagt kubistisk bilete av sin biograferte person. Polemikaren Scharffenberg står lysår frå psykiateren. Den sippete og sentimentale skaphomsen verkar som ein heilt annan personlegdom enn den medrivande folketalaren. Men han kan ikkje ha vore nokon enkel mann å ha med å gjera. Djupe og lange venskapar låg ikkje for han, verkar det som.

Undertittelen «En arkivstudie» er heilt dekkjande for boka, som byggjer berre på skriftlege kjelder. Brorparten kjem frå Scharffenbergs privatarkiv, som stikk i strid med testamentet hans vart gjeve til Universitetsbiblioteket i Oslo i staden for å verta brent. Dei personlege breva han fekk, finst. Dei han skreiv, er stort sett borte. Det mest private er kladdeboka der han ein periode som tjueåring skreiv ned sine erotiske draumar slik medisinarstudentar lærde dei skulle gjera. For han verkar å ha teke vare på alt. Ikkje minst på førearbeida til det aldri utgjevne storverket sitt om Hermann Major, Noregs første sinnssjukelækjar.

Kjeldene speglar Scharffenbergs livsveg og livsgjerning. Det byrjar med protokoll og avis for gymnasiesamfunnet Apollo 1884–87, der Johan skreiv det meste. Under medisinarstudiet ved Kgl. Frederiks vart det både diktsamling og kronikkskriving i Dagbladet og aktiv deltaking i det offentlege ordskiftet i Studentersamfundet, som vart hans faste talarstol. Han må ha vore god. Elles ville ingen brydd seg med å høyra på han tre timar i slengen.

Æreskrenking
Scharffenberg vart vel for kjendis å rekna første gongen han brukte sitt sterkaste polemiske våpen: ærekrenkinga. I arkivet til Oslo-politiet ligg ein pakke med merkelappen «Johan Scharffenberg». Den inneheld alle akter frå etterforskinga av den ærekrenkjande pamfletten hans om overlege, professor dr.med. Julius Nicolaysen, skriven etter at Nicolaysen nekta å søkja avskil slik Scharffenberg høfleg hadde bede han om i februar 1899. Saka vart lagd bort utan påtale. Sannsynlegvis på grunn av manglar ved lova, kommenterte riksadvokaten. Same våpen brukte han mot det han såg på som korrupsjon i måten politiet handheva brennevinsforbodet på. Arkivpakken heiter i dette tilfellet «Scharffenbergsaken 1922–1926». Heller ikkje her kom det til fellande dom.

Etter å ha drukke eit halvt glas rhinskvin våren 1902 vart han fråhaldsmann. I Afholdsbladet og Folket skreiv han flittig. I periodar var han redaktør – og skreiv heile bladet. Han fekk æra og skulda både for innføringa og opphevinga av brennevinsforbodet. Han var intens i overtydinga si på dette feltet. Det verkar som at fråhaldsbrørne hans delte høgresidas oppfatning av overlegen ved Botsfengslet og Oslo Kommunale Asyl som splitter pine galen. Utan at det vart sagt høgt. At han var homse, var heller ikkje noko det vart skrive i avisene om. Borgarskapet handsama slik sett Scharffenberg betre enn han handsama dei. For han ville neppe vorte profet i arbeidarrørsla hadde han vore open homofil.

Dei sosialt sjuke
Ei tredje kjelde er pasientjournalane frå Botsfengslet og sinnssjukehusa der han arbeidde. Etter eiga utsegn hadde han etla seg til å verta psykiater alt frå ungdomen av. I denne gjerninga står Scharffenberg fram som ein heilstøypt humanist. All hans sympati går til desse samfunnets steborn. Om dei ikkje er somatisk eller mentalt sjuke, så er dei sosialt sjuke. Han sosiale engasjement i fråhaldssak og eugenikk var tufta på nett dette. Det var to sider av same sak å skjerma dei veike mot rus og mot å få born dei ikkje kunne forsyta. Og jamvel om genetikken prova at ideen om fysisk degenerasjon som fylgje av rus var feil, var arvelege sjukdomar eit problem i seg sjølv. Folk som ikkje kunne styra seg sjølve seksuelt jamvel om dei burde, måtte det vera lov å hindra i å forplanta seg. Oslo Arbeiderpartis kvinneutvalg forstod dette på møtet 1. februar 1929 då dei etter framlegg frå Karl Evang for første gong gjekk inn for å legalisera abort. I referatet står å lesa at forsamlinga også applauderte Scharffenbergs appell om å innføra sterilisering i rasehygienens namn. Dei klappa også då han hevda at «Ingen gift kvinne burde ha lønnsarbeid utenfor hjemmet».

God historieskriving
En mann fra forgangne århundrer er å likna med avtrykka etter menneskekroppane i oska i Pompeii. Søbye formidlar avtrykket Johan Scharffenberg sette på samfunnet rundt seg. Og blæs liv i det nettopp ved å formidla ilsken og usakleg kritikk. Strukturen i forteljinga er reint kronologisk. Scharffenbergs liv og gjerning vert fortalde gjennom det han skreiv offentleg. Det spanande, nesten ertande, er at vi berre får servert hans versjon, hans argument. Bortsett frå når han provoserer fram injuriesaker. Søbyes forteljarteknikk fører i alle høve til at denne meldarens innleving i og oppleving og forståing av Scharffenberg og samfunnet rundt han vert både djupare og meir autentisk. Dette er god historieskriving. Svært god historieskriving.

Fram- og tilbakesteg
Den som trur på framsteget, bør ikkje lesa boka. Det norske samfunnet har ikkje vorte betre enn det var på Scharffenbergs tid. To mannsaldrar med velferdsstat har ikkje makta gjera noko med rus, psykiatri, barnevern eller kriminalitet. Det kan vel vera at den fattigdomen som avlar naud, ikkje berre kan eller skal målast i mangel på pengar – slik det postmoderne overflodssamfunnet gjer. Trøysta får vera at det neppe står verre til no enn før.

Med to unnatak: I 1899 var alle karakterar frå vidaregåande skule og universitet offentlege. Og Oslo Hospitals Sinnsykeasyl hadde i 1924 eit overskot på 12,5 prosent av inntektene sine.

Pål H. Bakka er statsvitar og fyrste­-bibliotekar ved Universitetet i Bergen.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake