Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ein støysendar i klimadebatten

Av Per Anders Todal
,  19.11.10


Har den tidlegare kjemiprofessoren Ole Henrik Ellestad mista dømekrafta, eller snakkar han mot betre vitande?

På NRK-programmet «Debatten» 28. oktober var han der igjen, Ole Henrik Ellestad. Klimaendringar var temaet, dermed var han ein sjølvskriven gjest. Saman med Carl I. Hagen talte Ellestad saka for "klimaskeptikarane", det vil seie dei som ikkje trur på at menneskeskapte klimagassutslepp påverkar klimaet. Og sidan NRK ikkje hadde klart å hente inn ein einaste klimaforskar til debatten, sat kjemikaren Ellestad der som den einaste med vitskapleg bakgrunn.

Når debattleiar Erik Wold i tillegg framstod som tafatt og kunnskapslaus på saksfeltet, fekk Ellestad med professoral autoritet ause ut den vanlege miksen sin: nokre sanningar, nokre halvsanningar, og nokre dryge påstandar tekne ut av lause lufta. Men sjølv når Ellestad er på sitt mest tvilsame, snakkar han med stor sjølvtillit, og for ein middels interessert tilskodar kan framsyninga hans ha vore overtydande nok. I så fall sat den sjåaren att med eit forvrengt bilete av kor klimaforskinga står i dag.

I ein hektisk tv-debatt kan ein sleppe frå så mangt. Men Ellestad har sloppe billeg frå verksemda si som desinformatør i klimadebatten noko for lenge.

Nyfrelst skeptikar
Kven er eigentleg denne karen? Ole Henrik Ellestad er 67 år gammal, og er utdanna som kjemikar ved Universitetet i Oslo, der han tok hovudfagseksamen i 1970. Han byrja å gjere seg gjeldande i ålmenta som klimaskeptikar først for halvanna år sidan, men sidan da har han nærast vore ustoppeleg. Ellestad har gått til åtak etter åtak på klimaforskinga, i avisinnlegg, kronikkar, intervju og tv-debattar.   

Det er CV-en til Ellestad som gjev han tyngd, og som gjer at han truleg er den viktigaste klimaskeptikaren i Noreg i dag. Han har rett nok ikkje drive med klimaforsking, men har vore professor i kjemi ved Universitetet i Oslo, forskingsdirektør ved SINTEF og avdelingsdirektør for Naturvitskap og teknologi i Forskingsrådet. Mindre kjent er det at Ellestad var forskingssjef i Statoil tidleg på 1980-talet. Og når han debatterer klima i dag, får ein inntrykk av at det er åra hans i oljebransjen som har prega utsynet til Ellestad mest. Men det er ikkje så viktig. Det viktige i denne samanhengen er at klimadebattanten Ellestad desinformerer om eit svært viktig tema.

Skråsikker
Vi kan starte med eit par døme frå den nemnde «Debatten» på NRK1 28. oktober. Der sa Ellestad til dømes dette til Børge Ousland, som i sommar og haust segla gjennom Nordaust- og Nordvest-passasjen i ein liten seglbåt: «Om du hadde segla på 1930-talet, hadde du kome enda lettare fram».

Den skråsikre påstanden til Ellestad har ikkje vitskapleg dekning. Faktum er at ingen veit sikkert korleis isutbreiinga i nordområda var på 1930-talet, fordi det ikkje vart gjort systematiske studiar, og sjølvsagt fanst ikkje satellittfoto. Men dei mest omfattande studiane som finst, tyder på at det var meir is i nord på 1930-talet enn i dag. Likevel slår Ellestad påstanden sin fast som om han var sikker sanning.

Like bombastisk var Ellestad da han sa dette: «Temperaturen i nordområda var minst like høg i 30-åra som i dag.» Dette er i strid med dei mest omfattande studiane som finst av temperaturutviklinga. Men Ellestad veit altså betre.

Ellestad trekte òg fram dei stolne e-postane mellom sentrale klimaforskarar, saka kjent som «Climategate». Han hevda at e-postane prova at forskarane i røynda ikkje trudde på innhaldet i si eiga forsking, og konkluderte: «Summen er at dei trur ikkje på det sjølve ein gong når dei kommuniserer seg imellom.»

Vel, vel. Eg har lese ganske mykje av e-posten i Climategate-saka, og somme av breva er pinlege for forskarane. Men oppsummeringa til Ellestad finst det ikkje dekning for i dette materialet.

Opprop mot vitskap
Folk kan sjølvsagt kome i skade for å seie mykje rart i eit tv-program. Men Ole Henrik Ellestad er lite etterretteleg også når han sjølv skriv om klimaet. Og det beste dømet på dette er òg det lengste bidraget hans i klimadebatten, artikkelen «Vitenskapen som forsvant», som stod på trykk i Samtiden nr. 2 2009. Her finst ein del grei drøfting og nokre fornuftige innvendingar mot arbeidsmåtane og konklusjonane til Klimapanelet, men òg passasjar som denne:

«Innen vitenskapen er det for øvrig allment kjent, og et grunnleggende prinsipp, at ulike skoleretninger blir utsatt for en kritisk, vitenskapelig debatt – der hypoteser testes mot eksperimenter og teori. Og ofte viser det seg at skoleretningene innen uutforskede områder ikke tåler testen. At IPCC påberoper seg støtte fra 2500 forskere, mens et amerikansk koordinert motinitiativ registrerer 31.000 forskere – hvorav begge tall blir mistenkeliggjort av den andre part – bør sees i dette lys.»

Her driv Ellestad med retorisk juks og fanteri. Dei «31.000 forskere» som han skriv om, viser til underskrivarane av det såkalla Oregon-oppropet, som vart starta av den sterkt høgreorienterte amerikanske biokjemikaren Arthur B. Robinson i 1998. Underskrivarane av oppropet seier seg samde i at det ikkje finst «overtydande vitskapleg prov for at menneskeskapte utslepp av CO2, metan eller andre drivhusgassar i overskodeleg framtid vil føre til katastrofal oppvarming av atmosfæren og skipling av klimaet på jorda.»

Men kor tek Ellestad dette med «forskarar» frå? Det einaste kriteriet for å kunne skrive under på Oregon-oppropet, er å ha ein bachelorgrad i realfag – altså ei treårig utdanning på universitetsnivå. Og det er ikkje noko krav at underskrivarane skal arbeide med forsking, langt mindre klimaforsking. Likevel sidestiller Ellestad underskrivarane av dette oppropet med Klimapanelet til FN (dei «2500» viser truleg til dei 2500 forskarane som har lese og kommentert 2007-rapporten til Klimapanelet), som om dette handla om to konkurrerande forskargrupper.

Ein absurd graf
Noko av det mest bisarre av alt Ellestad har kome med etter at han stod fram som klimaskeptikar, er bruken hans av ein studie av den tyske biologilæraren Ernst-Georg Beck: «180 years of atmospheric CO2 gas analyses by chemical methods.» Ellestad har fleire gonger brukt Beck som sanningsvitne i debattar om klima, og det er Becks artikkel som ligg til grunn for ein viktig passasje i Samtiden-artikkelen hans. Her heiter det:

«CO2 i atmosfæren er blitt analysert siden 1812. 90.000 målinger, publisert i 135 arbeider mellom 1812 og 1961, viste varierende nivåer fra vel 330 ppm til tre topper opp mot 440 ppm rundt 1820, 1855 og 1940. Det er betydelig høyere enn dagens nivå på 385 ppm. Målingene ble utført av fremragende forskere, hvorav noen Nobelprisvinnere, og med metoder som til dels er mer nøyaktige enn dagens metode. Likevel har IPCC avvist disse målingene uten adekvat begrunnelse.»

Uten adekvat begrunnelse, skriv Ellestad, som tydeleg tek artikkelen til Beck for god fisk. Men det finst mange gode grunnar til å sjå bort frå desse målingane, grunnar som sjølv ein lekmann kan forstå. Beck har teke med nesten alt av historiske målingar av CO2-innhald i luft, inkludert dei aller første eksperimentelle målingane på starten av 1800-talet, og laga ein graf ut av desse som så skal syne CO2-innhaldet i atmosfæren dei siste 200 åra.

Den tilnærminga er absurd. Dei aller første famlande målingane av CO2, med all si usikkerheit, blir av Beck sidestilte med dagens metodar, som byggjer på 200 års erfaring. I tillegg kjem andre, enda meir alvorlege metodeproblem: Mange av CO2-målingane som Beck viser til, er gjorde innandørs (der CO2-konsentrasjonen som regel er høgare enn utandørs, fordi folk pustar ut CO2) og i byar (der CO2-konsentrasjonen er høgare enn i naturen, og kan variere mykje berre frå ei gate til den neste). Også nærleik til skog og anna vegetasjon kan påverke konsentrasjonen.

Med så mange usikre variablar er det ikkje rart at Beck har fått ein graf der CO2-konsentrasjonen svingar kolossalt dei siste 200 åra. Først med opprettinga av Mauna Loa-observatoriet på Hawaii på 1950-talet fekk verda ganske sikre, standardiserte målingar av CO2 i atmosfæren. Og målingane frå Mauna Loa har vist ei jamn stigning, slik ein kunne vente ut frå dei menneskelege CO2-utsleppa.

Berg og dalbane
Men ein treng ikkje eingong gå inn i grunnlagsmaterialet og metodeproblema for å sjå at berg og dalbane-grafen til Beck ikkje er truverdig. Skulle framstillinga hans vere rett, måtte CO2-konsentrasjonen i atmosfæren ha endra seg ekstremt mykje i løpet av få år. Grafen til Beck tyder til dømes på ein auke av CO2-innhaldet i atmosfæren på over seksti prosent frå 1925 til 1942, for så å gå attende att til utgangspunktet att på berre ti år. At CO2-konsentrasjonen i atmosfæren skulle kunne auke så mykje så fort er det veldig vanskeleg å tru på. Det ville krevje aldeles kolossale utslepp av CO2 som ikkje har forklaring – og heller ikkje det påståtte CO2-fallet frå 1942 av let seg forklare.

Men dette har ikkje hindra grafen til Beck i å bli eit ikon for mange klimaskeptikarar på nettet. Det er ikkje så overraskande. Det finst mange slike som vil bruke kva graf som helst så lenge han ser ut til å underbyggje konspirasjonsteoriane deira. Men korleis i all verda kan ein tidlegare kjemiprofessor som Ole Henrik Ellestad, ein mann som verkeleg burde vite betre, stø argumentasjonen sin på den absurde amatørartikkelen til Beck? Har mannen mista dømekrafta si, eller skriv han mot betre vitande?

Det kan berre Ellestad sjølv svare på. Men ved å støtte argumentasjonen sin på ein tullestudie som Ernst-Georg Becks, har Ellestad òg gjeve avkall på den autoriteten som tittelen kjemiprofessor gav han. Og dette burde også NRK vere merksame på når dei set saman debattpanela sine – og Samtiden-redaktøren burde vore merksam på det da ho skulle kvalitetssikre artikkelen til Ellestad.

Ein ting skal eg gje klimaskeptikarane rett i: Eg trur vi journalistar lenge har forsømt oss når det gjeld kritikk av den etablerte klimavitskapen. Men vi har forsømt oss minst like mykje når det gjeld å rette eit kritisk blikk på innhaldet i det klimaskeptikarane seier.

Per Anders Todal er journalist i Dag og Tid



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake