Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Nasjonalstaten under fri arbeidsinnvandring
Ottar Brox,  05.11.10

Det burde ikkje vere umoralsk, og ikkje eingong kontroversielt, å minne om at ein eigedom som alle kan få eigedomsrett til, er dømd til å bli verdlaus for eigarane.

Alle parti i Stortinget – frå SV til SIV – er samde om at vi må importere produksjonsfaktoren arbeidskraft. Reknestykke viser til dømes at byggsektoren treng 9000 nye arbeidarar kvart år framover. Andre har rekna ut at vi må finne svært mange helsearbeidarar i utland for å få stelt våre gamle billeg nok i tida som kjem. Arbeidsinnvandrarar tek på seg jobbar «som etniske nordmenn ikkje lenger vil ha». Her er alle norske politikarar på linje – om vi ser bort ifrå at Frp berre vil importere dersom dei importerte produksjonsfaktorane kan nektast det vern som norske menneske har gjennom lovverket. Høgre-profitt og venstre-moral er ei sterk blanding.

Nesten ingen samfunnsfagfolk har våga seg inn på dette moralsk risikable feltet. Men kanskje kan det vere høvet til å importere arbeidarar med dårlege alternativ i heimlandet som kan forklare at visse jobbar er blitt så lite attraktive at vi innfødde helst ikkje vil ha dei?

Eg vil her ta opp nokre spørsmål som det har vore vanskeleg å få i gang seriøse debattar om, og som har med relasjonen mellom nasjon og demokrati å gjere. Folkestyrde organ er mellom anna arenaer for interessehevding – spelereglar for det økonomiske livet, fordeling gjennom offentlege budsjett, og til dømes arbeidsmiljølovgjeving. Korleis påverkar opne grenser mellom nasjonale arbeidsmarknader denne interessekampen?

Eg vil sjølvsagt understreke at eg talar om arbeidskraftimport, motivert som i Kuwait av profittomsyn og ikkje vår plikt til å gje folk som risikerer liv og fridom i land utan demokrati og rettstryggleik asyl i vårt land.

Fellesskap og -marknad
«Nasjon» er ein fellesskap som kan vere språkleg, emosjonell, bygd på ei delt oppfatning om felles historie, ei førestelling om felles fiendar – eller kanskje på ei rasjonelt grunngjeven overtyding om nytten av ei allment akseptert grunnlov som regulerer det politiske livet. Slik sett er statane Island og USA båe gode eksempel på nasjonar.

Vi som stemmer imot norsk medlemskap i EU, gjer det mellom anna fordi vi trur at eit felles språk er ein føresetnad for ein politisk samtale som alle kan vere med i – om dei skal kunne ta vare på sine interesser. Det kan vere vanskeleg nok for fiskaren i Finnmark, oljearbeidaren frå Bømlo og søppelkjøraren i Oslo å bli einige om eit felles partiprogram, men eg trur at det er komplett uråd å skape til dømes eit politisk effektivt sosialdemokratisk parti for heile Europa. Nasjonen – anten han er bygd på felles forfedrar eller på oppslutning om konstitusjonen – er ein føresetnad for reelt politisk demokrati.

Vi har vel alle vore utsette for idealistar som trur at sidan det økonomiske systemet i Europa – eller for så vidt i store delar av verda – er overnasjonalt organisert, så må til dømes arbeidsfolk organisere sine motkrefter i same skala, altså satsa på konstruksjonar som «Euro-LO», for å ta vare på interessene sine. Det er sjølvsagt utopi. Det burde vi kunne lære av EU-historia, både kapitlet om unionens rettsvesen og forsøka på å gi EU ein «sosial dimensjon».

Her kan vi ikkje klare oss utan kald, nøktern marknadstenking: Den står sterkast på marknaden, den som disponerer eit gode som det er større etterspørsel etter enn tilbod på. Både den individuelle arbeidaren og hennar eller hans fagorganisasjon er tent med at arbeidskraft er eit slikt knapt gode. Arbeidskraftimport vil alltid vere til fordel for motparten. Det er heilt uproblematisk å rive grensene mellom arbeidsmarknader med stort sett same lønsnivå (dei nordiske), men eit alvorleg inngrep til fordel for kapitalsida å perforere desse grensene mellom marknader med store lønsskilnader. Når til dømes norske bedrifter får lov til å rekruttere folk med dårlegare alternativ enn det arbeidsfolk har i Noreg, må det innebere stor risiko for stagnasjon i utviklinga av både lønsnivå og miljø i dei aktuelle faga – også for tilsette som ikkje er arbeidsinnvandrarar. Mot den som grip til argumentet «nasjonalegoisme» i denne samanhengen, burde det vere nok å vise til at dersom norske bedrifter må ha billeg importert arbeidskraft for å klare seg, og får det, tek vi frå dei eit motiv til å overlate produksjonen til eit land der lønsnivået er lågt nok. Kva er best for Polen: å få lov til å sende folk til rikare land i Vest, eller å kunne utvikle næringar i Polen som ikkje overlever det nordiske lønsnivået? Den som er i stand til å tenkje seg inn i situasjonen til unge polakkar med familie, burde lett kunne svare på det spørsmålet.

Allmenningens tragedie
Den norske nasjonalstaten har gjennom to hundre års parlamentarisk demokrati eit langt stykke på veg blitt heile folkets felles eigedom eller allmenning. Norske borgarar eig i fellesskap eit offentleg serviceapparat, pensjonsfondet, dei fellesressursane som enno ikkje er eksproprierte til fordel for særinteresser, utdanningsinstitusjonane og mykje anna som det ikkje er nødvendig å spesifisere. Denne verdfulle felleseigedomen får ein fulle rettar i gjennom å bli fødd i dette landet eller på annan måte få statsborgarskap.

Vi har ein sterk intellektuell elite i vårt land som må meine at slike statsborgarrettar, eller «privilegiene knyttet til å være borger av en vestlig nasjonalstat», er ein urett som vi enno ikkje har klart å avskaffe, slik vi har avskaffa adelen, slaveriet og eineveldet, som ein sosiolog skreiv i Samtiden nr. 2 i 2005. Mange har den oppfatninga at langt fleire, i prinsippet alle, burde vere med å dele dei verdiane som ein blir deleigar av gjennom norsk statsborgarskap.

Det burde ikkje vere umoralsk, og ikkje eingong kontroversielt, å minne om at ein eigedom som alle kan få eigedomsrett til, er dømd til å bli verdlaus for eigarane. Beite som alle kan sleppe sauene sine inn på, får ingen glede av («Almenningens tragedie»). Statsvitaren Michael Walzer har sagt det slik: «Ideen om fordelingsrettferdighet forutsetter en avgrenset verden som fordeling finner sted innanfor: en gruppe av folk bestemt på å dele, bytte og fordele sosiale goder, fremfor alt innenfor gruppen.»

Det er sjølvsagt ein viktig grunn til at ein stat må ha kontroll med grensene sine og stille faste krav til den som skal få statsborgarskap. Elles kan han ikkje vere ein velferdsstat. Folk som den siterte sosiologen kan vel neppe ha tenkt igjennom at nordmenns motiv for i fellesskap å vere med på å byggje opp vår kollektive allmenning – med viktige rettar for alle borgarar – måtte forsvinne om det ikkje var mogleg å hindre at hans utopi blei realisert.

Demokratisk underskot
I EU finn vi ein folkesort som i engelskspråkleg litteratur blir kalla «denizen», som vi vel helst vil sjå på som eit slag «statsborgarskap av 2. klasse». Det inneber stort sett at dei har sivile rettar, men ikkje politiske i det landet der dei bur og arbeider, og ut over noko helsestell og skule for barna deira er det dårleg stelt med sosiale rettar. Det er eit aukande tal millionar som lever slik i EU, som vi trygt kan slå fast nettopp er organisert på ein måte som må føre til at stadig fleire av dei som produserer det samla produktet i unionen, blir utan politiske mulegheiter til å ta del i utforminga av spelereglane for det økonomiske livet i Europa.

Det er nok mange som ikkje har tenkt over kva «demokratisk underskott» betyr i vårt daglege liv. Det betyr mellom anna at dei som lagar reglar for det økonomiske livet, slepp å stå til ansvar for dei som må leve med desse reglane. Men det inneber òg at norske arbeidsplassar kan bli fylte opp av folk utan medlemskap i og kunnskap om det norske politiske samfunnet, som må stå med hatten i handa andsynes både arbeidsgjevarar og byråkrati, altså utan makt til å stille regelmakarane til ansvar.

Demokratisk interessehevding ser og ut til å vere vanskeleg å få til utan ein viss grad av kjenslemessig fellesskap mellom arbeidskameratar, slik til dømes strilen, kvenen og mossingen opplever dei same emosjonelle vibrasjonane framfor TV-skjermen når det norske landslaget spelar mot Sverige. Den abstrakte klassemessige interessefellesskapen kan bli konkret og effektiv som impuls til handling gjennom den – gjerne emosjonelt forsterka – nasjonale fellesskapen. Vi skal merkje oss at det er den norske nasjonen som har vore den arenaen der kampen for å utvikle velferdsstaten, altså den «allmenningen» som vi alle har eigedomsrett til, har gått føre seg. Den vil sjølvsagt bli verdlaus dersom grensene mellom nasjonale arbeidsmarknader blir effektivt perforerte.

Bruk-og-kast
Det må vere klårt at det frå eit demokrati- og arbeidarklassesynspunkt må vere hasardiøst å fylle opp norske arbeidsplassar med folk utan røysterett, utan elementær kunnskap om det norske samfunnet og utan ei viss kjensle av lojalitet og av å høyre til i det landet dei bur i. Bruk-og-kast-arbeidarar utan nasjonale plikter og rettar, som vanskeleg kan identifisere seg meiningsfullt med andre arbeidsfolk i landet, er ei gåve til den kapitalen som vil eksportere kontrollen med våre arbeidsvilkår til det politisk immune teknokratiet i Brussel.

Ottar Brox er professor emeritus i sosiologi.

Dette er ein nedkorta versjon av ein tekst som vart framførd på Nasjonalstatskonferansen i Oslo 16. oktober.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake