Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Bitter strid om nynorskprofessoren i Volda
Arvid Bryne,  29.10.10

Høgskulen i Volda planlegg å leggja ned masterstudiet i nynorsk skriftkultur. Det har løyst ut sterke ord og kjensler.

–Vi vedgår at masterutdanninga vår i ny­­norsk skriftkultur på langt nær fyller krava som Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) stiller til berekraftige masterutdanningar, seier rektor Jørgen Amdam ved Høgskulen i Volda.
Difor er det no oppe eit framlegg om å leggja ned heile mastertilbodet i nynorsk skriftkultur ved skulen.

Amdam legg i ein samtale med Dag og Tid ikkje skjul på at striden òg i stor grad handlar om leiaren av Ivar Aasen-instituttet, Stephen Walton, og den måten han har leidd både masterstudiet og instituttet sitt på.
– Walton har ikkje levd opp til dei store forventningane Høgskulen i Volda hadde til han då han i 2000 fekk professoratet og vart styrar av Ivar Aasen-instituttet. Samstundes vart det òg vedteke at instituttet skulle ha knutepunktfunksjonen for nynorsk skriftkultur. Nettverksrolla er berre i liten grad oppfylt, meiner Amdam.

– Dei midlane instituttet i oppstarten hadde til rådvelde, har i stor grad gått til hans løn og anna verksemd i hans eigen regi, i fyrste rekkje reiser. Vi kan ikkje sjå at all verksemda hans har relasjon til faget. Vi visste ofte ikkje kvar han var. Og når han var borte, hyrte han inn vikarar. Vi fekk klager frå studentar som var misnøgde med dette, seier Amdam.

– Walton klagar på at ei professorstilling ved instituttet har vore vakant i over to år. Trass i mange oppmodingar er ho ikkje lyst ut?
– Skal utdanninga verta berekraftig, må vi ha minst tre fleire tilsette på høgt nivå, og studentopptaket må aukast frå dei om lag fem per år no til minst femten. Det krev ressursar vi ikkje har. Dess­utan er det uhyre vanskeleg å hyra inn fagfolk i nynorsk skriftkultur. Krava til oss som høgskule med masterutdanning er brutale. Alle masterstudia våre er underskotsføretak fordi vi ikkje har finansiering på dette nivået. Vi har bachelorplassar vi har omdisponert.

– Skulle ikkje Ivar Aasen-instituttet sytt for særskild finansiering?
– Den er for lengst forsvunnen i finansieringssystemet, seier Amdam.
Walton fekk i 2009 80 prosents permisjon i eitt år frå stillinga i Volda for å gå til eit professorat i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger. Etter ei tid der bad han om å få ta med seg professoratet over til kjønnsforskingssenteret ved same universitet. Det vart han nekta av universitetsleiinga i Stavanger. Sidan september i år har han vore attende i stillinga ved Høgskulen i Volda.

Miste støtte
Amdam karakteriserer Waltons leiarstil som eineveldig, etter engelsk modell og at han gradvis har mist støtte.
– Kva vil skje om masterutdanninga i nynorsk skriftkultur vert borte?
– Nynorsk skal framleis vera eit satsingsområde for Høgskulen i Volda, og vi vil freista å føra denne masterutdanninga vidare i ei anna form. Ei løysing kan vera å samordna henne med andre masterutdanningar. Vi vil satsa vidare og forsterka satsinga på nynorsk som undervisingsspråk og på lærarutdanning prega av nynorsk, seier Amdam.

Medarbeidarsamtale?
– Staden for å framføra denne typen kritikk er i ein medarbeidarsamtale, ikkje i media, seier professor Stephen Walton til Dag og Tid.
– Eg har ikkje generelt inntrykk av at folk synest eg er vanskeleg å samarbeida med, og eg synest det er rart at dette kjem fram hos Jørgen Amdam fyrst i eit nedleggingsløp.
Walton avviser på det mest bestemte påstandar om at mykje av det han har drive på med dei seinaste åra, har liten relevans for faget hans – nynorsk skriftkultur.

– Men å reisa til Mexico for å studera spansk?
– Ja, absolutt. Der hadde eg for det fyrste behov for å læra og fungera på spansk. Det er eit meksikansk element i eit prosjekt eg arbeider med no, og eg har saman med ti kollegaer utarbeidt eit forskingsprosjekt der dei fleste av oss kjem til å sjå på språkveksling i eit komparativt perspektiv i ulike spansktalande samfunn. Vi vil internasjonalisera faget, ved til dømes å sjå kva som skjer når urfolk må skifta skriftspråk fordi dei mang­lar skriftkulturell infrastruktur på fyrstespråket.

Walton viser til sin produksjon av bøker, faglitteratur og artiklar. I 2009 fekk han Språkrådets pris for framifrå nynorsk sakprosa, og han vart nominert til Brageprisen for boka Skaff deg eit liv! i 2008.
– Eg meiner sjølvsagt at eg har medverka på min måte til å utvikla nynorsk skriftkultur. Det skal handsamast ein strategiplan på styremøtet denne veka (fredag). I dei utkasta som eg har sett, står det at i 2020 er høgskulen «særprega av mediefag, kulturfag og nynorsk i fag- og yrkesutdanning». Utover det vert ikkje nynorsk nemnt, seier han.
– Vert denne planen vedteken, står nynorsk som eige fag og utdanningstilbod på Høgskulen i Volda i stor fare for å verta borte.

Manglande samarbeid
I eit brev til Høgskulen i Volda frå Nynorsk kultursentrum tysdag denne veka, underskrive av styre­leiar Reidar Sandal og direktør Ottar Grepstad, heiter det at samarbeidet mellom kultursenteret, Høgskulen i Volda og Ivar Aasen-instituttet har skranta. I brevet, som var sendt tysdag, står det mellom anna: «Vi har teke mange initiativ overfor Ivar Aasen-instituttet som møtte liten respons og etter kvart førte til at vi måtte prioritere eigne oppgåver.»
– Eg deler Ottar Grepstads syn at den gamle samarbeids­avtalen fungerte dårlegare enn ein kunne håpa, men som han også skriv, må alle partar ta ansvar, og dei har nok opplevd situasjonen ulikt, seier Walton om brevet frå Nynorsk kultursentrum.

– Det har aldri vore konflikt mellom instituttet og tunet, og heller ikkje vond vilje. Det at dei to institusjonane har såpass klart definerte arbeidsoppgåver har vel i seg sjølv fungert som ein bremsekloss. Dette må vi berre arbeide vidare med, seier Walton.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake