Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Kven skaut William Nygaard?
Arvid Bryne,  15.10.10

Politiet i Oslo verkar ikkje vilja vita. Og ein laurdagskveld i 1988 sleppte kriminalsjef Roger Andresen hovudmistenkte «Ali» fri frå varetekt utan at etterforskarane fekk stilt eit einaste spørsmål.

SAKPROSA
Odd Isungset:
Hvem skjøt William Nygaard?
Tiden

Alle som har levd ei stund, hugsar den tidlege føremiddagsstunda 11. oktober 1993 då William Nygaard vart skoten i ryggen. Sjølv var eg på veg ned trappene frå åttande etasje der morgonmøtet i Dagbladet nettopp var avslutta då ei hysterisk røyst skreik frå ein stad fleire etasjar lenger nede: «William Nygaard er skutt!» Sjokket var totalt, alle pilte vi ned i sentralredaksjonen for å få vite meir. Men det tok timar før dei fyrste detaljane kom. Og sytten år seinare veit vi enno ikkje kven gjerningsmennene var.

Kleggen Isungset
Men no har Odd Isungset gjeve oss eit innsyn i denne kreftbyllen av ei sak vi aldri tidlegare har hatt. Før eg opna boka Hvem skjøt William Nygaard?, tenkte eg at her var der sikkert ikkje mykje nytt, her visste eg sikkert det meste frå før. Så byrja eg lesa, og alt frå dei fyrste sidene var eg fanga av ei soge som syner at røyndomen er meir fantastisk enn fantasien. Halvgløymde ting vart levande att, og dei nye opplysningane var sensasjonelle. Boka er meir spanande enn ein kriminalroman.

Eg trur denne saka hadde vore lagd bort og gløymd for lenge sidan om ikkje kleggen Isungset i alle år – som den einaste – har halde faste i alle trådar, lause som faste, og aldri late dei ansvarlege i Justis-Noreg få fred. Det er hans forteneste at saka no vert opna på nytt, etter at dokumenta lenge har vore låste ned i ringpermar i ein kasse på politikammeret. Berre dei øvste sjefane hadde nykel. Men nokre av dokumenta var forsvunne, mellom dei video­bilete av «Ali» som snik seg inn ein bakveg til Irans ambassade i London då han var på veg frå Pakistan til Noreg. Etter fleire månader kom dei til rette, men ingen visste kven som hadde hatt dei. Isungset har halde liv i saka med fleire dokumentarar på TV 2 og med boka Attentatet frå 2000.

Alt gjekk gale
«Dette er ingen politisk sak, det er en politisak», sa dåverande statssekretær i UD Jan Egeland til forlagssjefen i Cappelen, Sigmund Strømme, som ringde frå London der han høyrde kva som hadde hendt med Nygaard. Formannen i den norske Rushdie-komiteen var ikkje i tvil om at attentatet botna i Sataniske vers, og meinte at Noreg måtte protestera overfor Iran.

Politietterforskinga vart eit skuledøme på korleis ting ikkje skal gjerast. Grenseovergang­ane vart ikkje stengde, forhøyr vart rota vekk, etterforskingsleiinga reiste sjølv til Pakistan utan at nokon styrde arbeidet heime. Politiets overvakingsteneste (POT) var aldri inne i saka, det var krimavdelinga til Oslo-politiet som hadde hand om ei etterforsking som aldri førde fram. Det tok fleire år før politiet ville seia at Nygaards rolle som utgjevar av Rushdies bok Sataniske vers var hovudsporet.

Feigskap
Norske politikarar, med Gro Harlem Brundtland i spissen, har i alle år vist feigskap ved ikkje å ta opp saka til Nygaard og konsekvent nekta å helsa på Salman Rushdie dei gongene han har vore her i landet, skriv Isungset. Heiderlege unnatak har vore Åse Kleveland, Gudmund Hernes og Kjell Magne Bondevik. Kjem den unnvikande haldninga av ei redsle for å provosera muslimar og den mektige oljenasjonen Iran?

Isungset skriv at han vonar saka vert løyst, at etterforskinga kan gje oss svar på kven som gav ordren om å drepa, kven som gjorde jobben, og kven som har freista dekkja over dei mystiske tabbane som har prega etterforskinga. Han har sjølv langt på veg gjeve svara.

Arvid Bryne er journalist og fast skribent for Dag og Tid.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake