Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Sterkt og klart

Av Oddmund Hagen
,  01.10.10


Med enkle middel skaper Line Berg god litteratur på små flater.

Noveller
Line Berg:
Slik skjer det ikke
Kolon

Line Berg (f. 1977) er den andre debutanten på Kolon forlag dette året. På vårparten kom Tina Åmodt med kortprosasamlinga Anleggsprosa. Line Berg kallar novellene sine Slik skjer det ikke, og likt med Åmodt har Berg også skrive ei tynn bok på under hundre sider, i utgangspunktet ganske enkle noveller som hentar stoff frå den nære kvardagen, men likevel med eit djup i seg som peikar både mot psykologisk teft og litterær innsikt.

Tristesse
Under eitt handlar desse ni novellene om einsemd og kontakt­søking, oppbrot og endring utan at det skjer i det verkelege. Det legg seg ein vemodig tristesse over fleire av tekstane; ting og forhold er for lengst opp- og avgjorde utan at personane heilt vil akseptere det eller ta det inn over seg. Berg skriv rett og slett om det som skjer, og det som kunne ha skjedd. Samtidig er det snakk om å akseptere kvardagen slik han er.

Berg er god til å skildre eldre menneske i avgjerande livssituasjonar, men også i det kvardagsnære slik ho viser fram eit eldre søskenpar, begge einslege, einsame og litt tafatte der dei kvar søndag møtest til middag på den lokale kafeen, utan å seie stort, men heile tida på vakt for ikkje å røre ved det unemnelege som ligg mellom dei: eit stort, aude landskap av eksistensiell einsemd.

I «Noen sekunder ekstra» skildrar Berg den gamle bondens siste dag på garden før dei nye brukarane flyttar inn. Det er vemodig og trist, sonen har hengt seg i fjøset, forstår ein etter kvart, og det heile får eit nær sagt autentisk preg av forfall og stagnasjon slik Anne B. Ragde har vist gjennom Neshov-trilogien. Samtidig ser den gamle bonden forbi sin eigen lagnad når han erkjenner at «Det stopper ikke her». Garden i seg sjølv forsvinn ikkje sjølv om han snart er borte.

Også det eldre ekteparet som går i gravferda til sin eigen son har noko verdig over seg, mens Alvhild Kristoffersen i «De hører henne ikke mer» taper all verdig­heit i dei desperate forsøka sine på å oppnå kontakt med den nye naboen. Samtidig er ho truverdig nok når ho knuser ting for at naboen skal reparere det.

«Samtaler» handlar om eit ekteskap som har gått i stå. Dei søkjer seg bort frå kvarandre, flyktar inn i seg sjølve og over til chatting på nettet. Møtet mellom henne og han ho har chatta med, blir sjølvsagt ein nedtur, men ho er villig til å stå løpet ut, fullføre klisjeen, men ho trekkjer seg til slutt og flyktar tilbake til utgangspunktet: chatting på nettet, på trygg avstand.

Lovar godt
To av novellene handlar om trafikkulykker der den eine er ein flørt med legeromanen og trivial­­litteraturen. Berg legg fram to handlingløp, det eine romantisk og idyllisk, det andre realistisk og tragisk, heilt i tråd med tittelen Slik skjer det ikke.

Den andre trafikknovella viser eit ungt par i eit bilvrak etter ein kraftig kollisjon med ein elg. Begge er hardt skadde, kanskje døyande, og gjennom det sjokk­lamma medvitet til jenta får ein i sakte film heile situasjonen. Det er ein ekkel tekst, men samtidig litt sjølvforklarande.

Gjennom desse korte og komprimerte novellene har Line Berg vist at ho har noko å fare med litterært. Det heile er så gjennomarbeidd og sikkert i språk og tematikk at det lovar godt for neste bok.

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake