Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Elendig politiarbeid

Av Arvid Bryne
,  01.10.10


– Di meir innsikt eg fekk i denne saka, di meir overraska vart eg av det elendige etterforskingsarbeidet til politiet, seier Lars Gule.

Nurul Shekh vart i 2007 dømd for svært grov mishandling av den daverande kona si. Han skulle ifylgje retten fleire gonger ha hengt opp den unge kvinna etter føtene og banka ho med stokkar. Men dette var eit justismord, meiner Lars Gule, postdoktorstipendiat ved Høgskolen i Oslo. Gule gjev no ut Den fjerde opphengningen. Beretningen om et varslet justismord og en profesjonsstudie av aktøransvar, ei meir enn seks hundre sider lang avhandling om saka.

–Lars Gule, kvifor har du engasjert deg så sterkt i denne saka?
– Det byrja med at eg, som den næraste føresette til tiltala, vart kalla inn som vitne. Frå tidlegare kjende eg mannen som ein ambisiøs forskar med gode relasjonar til studentane. Dei tykte om førelesingane hans og om dei råda han gav. Han var òg rimeleg godt lika av kollegaene. Då eg las dei fantastiske skuldingane mot han i avisene, tenkte eg at då var det vel slik. Han måtte ha mørke sider som eg ikkje hadde oppdaga.

– Etter at han vart dømd i Borgarting lagmannsrett i oktober 2007, vitja eg han i fengslet. Eg tenkte at det kunne ikkje vera greitt å sitja isolert, langt frå sine næraste. Dessutan var eg forviten på kva slags kar dette var. Han hadde jo aldri kome med noka tilståing. Også til meg insisterte han på at han var uskuldig. Han snakka om tilhøve som ikkje var komne fram i retten, om ting kona hadde fortalt som ikkje var fysisk mogeleg, og om etterforsking som ikkje var gjord. Difor kontakta eg advokaten hans og fekk lesa dokumenta. Slik fekk eg innsyn i ei politi­etterforsking av sjokkerande kvalitet. Lenge tenkte eg at mannen måtte ha gjort eitt eller anna som fekk kona til å melda han, men då måtte òg politiet kunna leggja fram prov for dette. Ingen skal dømast på grunnlag av fantasifulle framstillingar som ikkje kan provast. Di djupare ned eg kom i etterforskingsmaterialet, sakkunnige utgreiingar og nye avhøyr av kona, di sikrare vart eg på at heile saka skulle vore avvist på eit tidleg stadium, seier han.

Rein dikting
– Men mange vitne, som til dømes medisinsk sakkunnig, meiner jenta vart utsett for hard vald?
– Dei som har hjelpt kona, personalet på krisesenteret, bistandsadvokat Monica Lindbeck, overlege og medisinsk sakkunnig Helle Nesvold, politietterforskarar og andre, har sikkert hatt som motiv eit sterkt ønske om å hjelpa ei mishandla kvinne. Ut frå bastante oppfatningar om kva menn kan få seg til å gjera, særleg menn med innvandrarbakgrunn, kan det ha vore lett å festa lit til det ho sa. Slik er den naudsynte kritiske sansen sett til side.

Gule meiner opplysningane tiltala freista å formidla til politiet om at kona sjølv hadde påført seg skadane på oklene, vart neglisjerte av politiet. Dei valde å tru kvinna, sjølv om hennar forklaringar var ufullstendige og inkonsistente.

– Det kan verka som dei medisinske funna og funn på staden for brotsverket styrkjer hennar forklaring. Difor har det i det heile ikkje vorte gjort noka etterforsking av påstanden til ektemannen om at det viktigaste medisinske provet – opphenging etter føtene – var rein dikting, seier Gule.

Gule og tiltala meiner at ho heller ikkje kan ha snakka sant då ho fortalde at ho vart tvinga til å ta abort då dei var på den gynekologiske klinikken i Bangladesh. På det tidspunkt skulle ho etter eiga utsegn ha vore gravid i andre eller tredje månad. Ektemannen var i heile perioden for mogeleg befrukting ikkje i landet. Behandlande lege på klinikken opplyste på spørsmål frå norsk politi at det ikkje hadde handla om abort, men om korrigerande kirurgi. I retten sa aktor, politiadvokat Richard Beck Pedersen, rett ut at dette var lygn og eit resultat av korrupsjon og muting frå ektemannen, for slikt er vanleg i Bangladesh.

Manglande rekonstruksjon
Då saka kom opp i Borgarting lagmannsrett i slutten av oktober 2007, sa lagdomar Sveinung Koslung at saka eigentleg kunne vore avgjort på grunnlag av forklaringane frå fornærma og medisinsk sakkunnig Nesvold åleine.

I retten avviste både politi og domstol eit krav frå forsvararen til tiltala, advokat Morten Furuholmen, om å gjera ein rekonstruksjon for å prova at den fjerde opphenginga ikkje lèt seg gjennomføra slik kona sa ho var gjord. Lagretten sa at ein rekonstruksjon ikkje kunne føra noko nytt inn i saka. Furuholmen viste då resultatet av rekonstruksjonen med bilete til Dagbladet og Dagsavisen. Advokaten vart ilagd ei rettargangsbot på 10.000 kroner.

Seinare gjorde Dag og Tid ein rekonstruksjon som synte at opphenginga slik ho var skildra, ikkje var mogeleg (Dag og Tid 11. april 2008).

– Fagleg uakseptabelt
– Kvifor er du så trygg på at dette er eit justismord, Lars Gule?
– Alle fysiske skadar dei rettsoppnemnde sakkunnige fann på kona, vart tilskrivne mishandling frå tiltala. Det galdt brotet på ryggtappen i nakken, den brotne fingeren og dei påståtte merka etter slag og stikk. Men professor dr.med. Trond Eskeland vurderer funna stikk motsett. Han var oppnemnd av forsvarar Morten Furuholmen. Han uttala: «Ingen skader som fornærmede hadde da hun ble undersøkt på legevakten den 2. juni og den 25. august 2006, kan med stor grad av sannsynlighet tilskrives mishandling.»

– At ei ung jente har påført skadane sjølv, er vel heller ikkje sannsynleg?
– Nei, men vi kan ikkje forhandla oss til kva som er sannsynleg eller ikkje. Vi må gå inn i den konkrete saka og sjå kva som er mogeleg og ikkje mogeleg. Dessutan er ikkje sjølvskading noko unikt.

– Overlege Helle Nesvold ved legevakta i Oslo er sikker på at ho har vorte påførd skadane
– Ho kan ikkje vera sikker på noko som helst. Ho endrar oppfatning om kva som er skadar, og kva som er årsaka til skadane frå éin rapport til den neste. Nesvold er eit velmeinande menneske, men i denne saka har ho vore part i saka og ikkje ein ubunden sakkunnig – det er fagleg og etisk uakseptabelt.

– For å snu på det: Kva talar for at han er skuldig?
– Hennar påstandar, merka kring oklene, koffertreima som skal ha vore brukt til oppheng­inga, eit spor i støvet etter reima på takbjelken og ein del sår på kroppen til fornærma. I tillegg hevdar den norske ekskona at ho òg vart mishandla. Men alle desse påståtte prova og argumenta kan motprovast – eller i alle fall trekkjast i sterk tvil. Eg meiner at motprov og motargument er så sterke at påtalemaktas sak ikkje held.

Ingen kommentar
Dr. Helle Nesvold seier til Dag og Tid at ho vil avventa handsaminga i Rådet for legeetikk og elles gå tenesteveg. Ut over det har ho ingen kommentarar.

Det same seier politiadvokat Richard Beck Pedersen:
– All informasjon frå meg i denne saka vil koma frå Informasjonseininga i Oslo Politidistrikt.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake