![]() |
|
|
Avhumaniseringa i Armadillo Av Roald Helgheim, 27.08.10 Den danske filmen Armadillo er eit meisterverk, meiner Roald Helgheim. Filmen handlar om avhumaniseringa av mennesket i krig, sa Finn Skårderud i ordskiftet etter ein førpremiere på Armadillo, for ein fullsett storsal i Vika med eit syttital norske soldatar blant publikum. I dag går dokumentarfilmen som alt har sett publikumsrekord i Danmark, opp på ei tjuetal norske kinoar. Å kalle det årets viktigaste film blir ein bleik klisjé om dette meisterverket som ikkje berre handlar om krigens gru i og for seg, men om kva han gjer med oss. Dei kalde fakta Skårderud kom med om kor mange prosent som lovmessig blir psykisk skadde for livet alt etter graden og lengda av å vere i krig, fortel om ein pris høgare enn dei fleste veit om. Når Afghanistan-ekspert Harpviken og tidlegare forsvarssjef Sverre Diesen uttrykte undring over at ein film som skildrar krigens råskap får debatten til å skyte endå meir fart – for kva trudde vi krig eigentleg var for noko? – så lyder det sakleg og tilforlateleg. Men dei klokaste i panelet var filmskaparane sjølve, regissøren Janus Metz og fotografen Lars Skree, som heile tida risikerte livet ved å følgje soldatane hakk i hæl på bakken og ved fleire høve blir bortimot skotne i senk med kamera. – Eg har kalla filmen ei forteljing om Syndefallet, om då mennesket mista uskulda si, sa Metz. Utanom alt fordomsfullt griseprat soldatane imellom om fienden og fiendens folk i dette «fucked up» landet er det denne scena det tårnar seg i. Ikkje at soldatane kastar handgranatar som lemlestar fem fiendesoldatar i ei grøft, men at dei etterpå regelrett likviderer dei såra «på ein mest mogleg human måte» med å tøme magasina sine i dei og som i ein krigens adrenalinrus etterpå snakkar om kor jævla feitt det var endeleg å få gjort det dei var komne dit for å gjere, å drepe folk. Alt mens dei halar dei delvis sundrivne lika opp frå grøfta. Den nærgåande filminga av dette er den delen det danske forsvaret prøvde å gripe inn i og sensurere. Etterpå får vi dekkoperasjonen der troppeførar fortel soldatane at det går soger «der heime» om slik framferd, soger som sjølvsagt er blank løgn. Difor endar det med at gjerningsmennene blir dekorerte på staden, i leiren Armadillo i Helmand-provinsen i Afghanistan. Om filmen Armadillo ikkje berre handlar om Danmark, gjer han det også. Han føyer seg inn i hendingar der det konservative Danmark har fått søkjelyset mot seg meir og sterkare enn det raudgrøne Nato-Norge, og som i Carsten Jensen har ein samfunnsrefsar av eit format Norge saknar. Fjernsynsdokumentaren Den hemmelige krig i 2006 handla mellom anna om dansk fangehandsaming, med påstandar attende til 2002 om at fangar vart overleverte til amerikanske leirar der det vart nytta tortur. Det har ført til granskingar som held på enno. Då den danske, Nato-tru elitesoldaten Thomas Rathsack skreiv bok om delvis lyssky oppdrag han hadde vore med på både i Afghanistan og andre stader, trykte avisa Politiken boka som vedlegg før Forsvaret rakk å stogge henne. Det er ei sak som verserer for dansk rett enno, med opne og stengde dører og nye vitnemål om kva som eigentleg hende då boka som ein tydeleg provokasjon vart omsett til arabisk på PC-ar ved forsvarskommandoens kontor. I fjor var Afghanistan-krigen den politiske ramma rundt den danske fjernsynsserien Forbrytelsen II. Eit mystisk mord førde til gransking av ei historie om danske soldatar som hadde gjort unemnelege ting mot sivile i Afghanistan. Ein etter ein av dei involverte vart rydda av vegen mens etterforskar Sarah Lund nærma seg målet. Men fiksjonen bleiknar mot røyndomen. Krigen som avhumanisering av mennesket blir i Armadillo til eit skakande dokument, som det danske forsvaret brukar i førebuinga til nye Afghanistan-soldatar. Men blir det mindre krig av det? « Tilbake |
![]() |
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|