Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Vi treng korkje sjøkablar eller nye hardangermaster

Av Steinar Strøm
,  12.08.10


På same måte som avgift i rushtida rundt storbyar er betre enn nye, større vegar, er det betre med dyrare straum i korte periodar om vinteren enn å byggja seg ut av problemet med stadig ny straumkapasitet, meiner professor Steinar Strøm.

Tysdag denne veka stod regjeringa fast på vedtaket sitt om å byggja ein ny høgspentleidning frå Sima i Eidfjord til Samnanger med den endringa at dei byrjar å byggja høgspentleidningen frå Samnanger-sida og ikkje som opphavleg tenkt frå Sima, samstundes som det skal greiast ut om ein sjøkabel skal nyttast på store delar av den totale strekninga. Utgreiinga skal liggja føre innan 1. februar 2011. Det står sjølvsagt att å sjå om dette vil føra til at det verkeleg kjem ein sjøkabel.
Men treng ein høgspentleidningen i det heile teke? Ja, meiner regjeringa: Utan ein ny høgspentleidning kan ein risikera svært høge prisar i periodar der etterspurnaden etter kraft vert svært høg.

Marknadsmekanismar
Men høge prisar i slike periodar er marknadsmekanismar som gjer at etterspurnaden held seg innanfor dei rammene som krafttilgang og høve til over­føring set. Slike høge prisar påfører kraftkundane eit konsumenttap, men dette tapet må vegast opp mot kostnadene ved å byggja seg ut av problemet. Ein har tilsvarande problem i transportsektoren. I staden for å innføra prisavgift i rushtida rundt storbyar byggjer ein nye og større vegar – berre for å oppleva at òg dei nye vegane vert fylte opp.
Marknadsmekanismar til å regulera kraftetterspurnaden i ekstremperiodar er derimot ein undervurdert rasjoneringsmetode og eit klart alternativ til å byggja seg ut av problema. Teknologar og politikarar har tydelegvis meir sans for det siste enn å la marknadsmekanismane styra forbruket.

Veljartap
Hardanger-saka reiser her eit statsvitskapleg interessant problem: Kva taper ein mest veljarar på? Ved å byggja seg ut av eit problem med store naturinngrep eller ved å la prisar stiga slik at eit høgt, forbigåande forbruk vert halde i sjakk? Regjeringa undervurderte tydelegvis dei politiske kostnadene ved utbyggingsløysinga og var truleg meir skremd av reaksjonane sist vinter då kraftprisane steig sterkt i Midt-Noreg.
Regjeringa viser til at det skal byggjast ut meir fornyeleg kraft i Noreg i form av små vasskraftverk og vindmøller. Vi treng difor meir nettutbygging for å gjera bruk av meir kraft, vert det sagt.
Men internasjonale krav om meir fornyeleg kraft i Noreg, som jo er ein nesten 100 prosent vasskraftnasjon, er ikkje lette å skjøna. Det er heller ikkje lett å skjøna miljøvernorganisasjonar som ivrar sterkt for dette og kritiserer regjeringa for at vi ikkje er komne lenger i utbygginga av ny, fornyeleg kraft. Det spørsmålet som ikkje er stilt, er kva vi skal bruka krafta til. Noreg har eit av dei høgste kraftforbruka i verda per hovud. Den rike krafttilgangen i Noreg har gjort at både verksemder og hushald er mindre opptekne av å redusera forbruket fordi dei strengt teke ikkje treng det. I mange andre, òg kalde, land er ein meir flink til å «sløkkja ljoset» når det ikkje er strengt naudsynt. Ein viktig grunn er sjølvsagt straumprisane.

Straum til utlandet
Det er to måtar vi kan få brukt meir fornyeleg straum på. Vi kan bruka meir i Noreg – til kva er ikkje godt å seia, varme i oppkøyrsler og vegar? Eller vi kan senda meir straum til andre land der det då kjem i staden for meir ureinande kraftproduksjon. Fordi særskilt vindmøller er dyre å byggja, må desse ha offentlege tilskot. Dersom meir fornyeleg kraft skal gå til utlandet, vil dermed Noreg subsidiera forbruket av kraft i andre land. Vi må dessutan syta for stor nok over­føringskapasitet til utlandet.
Det har vorte vist til at Trollfeltet utanfor bergensområdet treng meir straum, og at denne straumen bør koma frå nettet i bergensområdet. Denne elektrifiseringa av sokkelen er svært dyr. Dersom Noreg er viljug til å bruka så mykje pengar på å redusera CO2-utslepp, så vil ein oppnå langt større reduksjonar ved å satsa på billegare tiltak i Noreg og i utlandet.

Gasskraft i Nordsjøen
Eit betre alternativ enn å føra vasskraft frå land til felt i Nordsjøen er å halda fram med å bruka gasskraft til å driva installasjonane i Nordsjøen. Klimautsleppet frå desse installasjonane kjem då til å halda fram. Men ein kan ikkje unngå klimautslepp ved å elektrifisera sokkelen med vasskraft frå land. For gassen som ein ikkje brukar til å driva installasjonar i Nordsjøen, vert ikkje borte. Den kan brukast som drivgass for å få opp meir olje (altså meir CO2), eller han kan verta eksportert til Europa (noko som krev energi og CO2-utslepp) og verta brend der. Utslepp av CO2 vert dermed flytte frå norsk om­­råde til Europa.
Dersom ein er oppteken av klimavinstar og styrkt lønsemd av dei vasskraftressursane som er tilgjengelege på Sørvestlandet, bør ein difor halda fram med å bruka gass til å driva installasjonane i Nordsjøen, samtidig som ein styrkjer overføringskapasiteten frå vest til aust slik at ein får ei betre utnytting av utanlandskablane vi alt har bygt mot Europa.

Bygg på eksisterande leidningar
Konklusjonen min er at spenningsforsterking av eksisterande leidningar inn til Bergen, bruk av prismekanismen til å stagga høgt forbruk i Bergen i kalde periodar (som kan fremja energiøkonomisering) og framleis bruk av gasskraft til å driva installasjonane i Nordsjøen er å føretrekkja framfor bygging av høgspentleidning gjennom Hardanger, med eller utan sjøkabel. Dersom haste­utgreiinga og regjeringa skulle konkludera med sjøkabel på store deler av strekninga, vil dette kunna løysa ut krav om kabling òg alle andre stader. Kostnadene kan då verta svært store. Om regjeringa står på sitt, vil likevel kabel i Hardangerfjorden vera å føretrekkja framfor luftspenn.
Om vi vil ha ned forbruket av kraft i Noreg, som mange politikarar og miljøvernorganisasjonar ynskjer, då må vi bruka dei tiltaka som skal til, som til dømes auka prisar, snarare enn å gjera det lettare for folk å bruka meir kraft. Kraft har vi mykje av i Noreg, og mykje pengar og klima­effektar kan vi oppnå ved å eksportera henne til Europa.
Steinar Strøm er styreleiar ved Vista Analyse og professor i samfunns­økonomi ved Universitetet i Torino, Italia. Strøm var med på ei utgreiing for Den Norske Turistforening om konsekvensane for ei ny kraftline i Hardanger.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake