Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Knausgård som symptom

Av Klaus Johan Myrvoll
,  25.06.10


Eivind Tjønnelands Knausgård-kritikk er på sitt mest interessante når han vert ålmenn samtidskritikk.

PAMFLETT
Eivind Tjønneland:
Knausgård-koden. Et ideologikritisk essay
Spartacus

Karl Ove Knausgårds store bokprosjekt Min kamp har fått ei uvanleg mottaking: Publikum har kasta seg over bøkene med stor entusiasme, og kritikkane har mest utan unnatak vore positive og overstrøymande. Den fyrste som helte malurt i bekaren, var Jan Kjærstad i ein kronikk i Aftenposten i januar der han ville «slå inn en kile av tvil i en beundring som er så massiv, for ikke å si nesegrus». Symptomatisk nok vart kritikken avfeia av Tom Egil Hverven, ein av dei som hadde skrive fint om Knausgård, med at Kjærstad var ein «misunnelig dott», ei formulering han seinare laut bita i seg.

I alle høve: Kjærstads utspel inspirerte litteraturprofessor Eivind Tjønneland til å taka føre seg resepsjonen av Min kamp-bøkene, og resultatet av den kritiske disseksjonen hans ligg no føre i ein pamflett på 160 sider, medrekna ein grundig bibliografi. Gjennom tematiske kapittel syner Tjønneland koss Knaus­gård forfører lesaren med eit komplekst spel der han pendlar mellom sjølvbiografi og roman, mellom sjølvforakt og stormanns­galenskap og mellom avsløring og tildekkjing – eller stendig ut­­setjing, gjennom det Tjønneland kallar «føljetongens metafysikk».

Narsissistisk
Tjønneland forklårar den splittinga me finn hjå Knausgård mellom stormannsgalenskap og mindreverdskjensle med ein narsissistisk personlegdomstype og knyter dette til Richard Sennetts omgrep om intimitets­tyranniet. «Det intimiserte samfunnet gjør individet til en skuespiller som er berøvet sin kunst», skriv Sennett. Dette gjev utslag i sviktande evne til å identifisera seg sjølv og andre med litterære eller fiktive skapnader frå tradisjonen; mange forfattarar strevar i det heile med å bera fram nokon fiksjon, skriv Tjønneland med til­vising til noko den amerikanske historikaren Christopher Lasch skreiv alt i 1982. I staden fell dei for freistinga å skriva i ein sjølvkommenterande stil der dei gjennom å blanda sjangrar viskar ut skilet mellom dikt og røynd. Kritikken åt Tjønneland vert best når han som her gjer Knausgård og suksessen hans til symptom på meir ålmenne tilstemne i samtidslitteraturen.

Eit anna viktig poeng hjå Tjønneland, som heng saman med det førre, er at Knausgård er orientert mot patos, ikkje logos. I staden for å koma med konkrete skildringar som kan få lesaren til å draga slutningar på eiga hand, legg han ut i det vide og det breie om eigne kjensler. Ikkje minst brukar han mange interjeksjonar som Åhh og Ah. Dette føleriet, som Tjønneland kallar det, fær fylgje av låk karakterteikning. Sidan personane Knausgård skriv om, finst ute i den røynlege verda, tarv han heller ikkje umaka seg med å skildra dei litterært.

Attkjenning
Ein vanleg reaksjon på Min kamp-bøkene har vore at det er so lett å kjenna seg att i det Knausgård skriv om. Kven har vel ikkje opplevt pinlege episodar i puberteten? Tjønneland hentar fram Aristoteles og syner at dette er den lægste forma for attkjenning, utan nokor form for sannkjenning (erkjennelse); det vert berre utvendig. Det same kan seiast om dei mange freistnadene på stadfesting av det som står i bøkene, som då Morgenbladet fór på reportasjetur til Sørlandet for å gå opp fara etter lærarfar åt Knaus­gård. Denne populariserte forma for historisk-biografisk metode alt medan forfattaren er i live, syner dessutan at kritikarane som hevdar at røyndomsreferansen er uviktig, tek i mist; dei undervurderer «den magien som ligger i at dette angivelig skal ha hendt i virkeligheten», skriv Tjønneland.

Sjangerproblem
Tjønneland går grundig inn på «sjangerproblemet». Han syner (som Kjærstad før honom) at Knausgård har mange føregangarar når det gjeld å blanda fakta og fiksjon i litteraturen. I denne samanhengen fær litteraturforskarane Arne Melberg og Jørgen Lorentzen passa sine påskrivne. Dei har hevda at litteraturvitskapen ikkje har omgrep til å skjøna Knausgård med. Tjønneland forklårar denne apatien med den dominerande rolla som autonomiestetikken har spela i norsk litteraturforsking. Ein har gløymt at litteraturkritikken ikkje berre nyttar estetiske kriterium; «om boken stemmer med virkeligheten eller egen erfaring, om vi kjenner oss igjen, har også vært et sentralt kriterium for å bedømme litteratur helt siden Aristoteles». Mot Melberg og Lorentzen held Tjønneland fram at det ikkje skortar på teoriar innanfor litteraturvitskapen i dag som kan nyttast – og tek til ords for historiske, sosiologiske og ideologikritiske perspektiv.

Tjønneland kjem elles med ei rad forvitnelege observasjonar, som at Knausgård med skildringa av den despotiske far sin gjev «en førmoderne forklaring på det moderne subjekts sårbarhet», eller at Knausgård ikkje er so utleverande som han vil ha det til; til dømes les ein 1500 sider «uten å få en eneste skildring av et skikkelig knull!» Han tyder ut noko av suksessen åt Knausgård med at han er «den som føler og er ekspressiv på våre vegne. Selv så har vi jo så lav temperatur og er feigere enn noensinne.» Men tydelegvis ikkje Tjønneland.

Reduksjonistisk
Kva er so «Knausgård-koden»? Jau, «Knausgård-koden = abstrakte virkelighetsreferanser + interjeksjonen ååhh». Det er godt å sjå at litteraturvitskapen òg kan tillata seg å vera reduksjonistisk innimellom.

Klaus Johan Myrvoll er norrønfilolog og korrekturlesar i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake