Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ein jøde som utfordrar sine eigne

Av Roald Helgheim
,  18.06.10


Ikkje-ortodokse unge jødar i USA kjenner seg mindre knytte til Israel enn dei eldre gjer.

For nokre år sidan bad ei gruppe amerikanske jødar den republikanske rådgjevaren og meiningsmålaren Frank Luntz finne ut kvifor amerikanske jødiske collegestudentar ikkje med større styrke tok Israel i forsvar mot kritikk rundt på amerikanske universitet. «Til svar fekk han dokumentert den mest knusande dommen over dei organiserte amerikanske jødiske samfunna i USA som eg har sett nokosinne», skriv den amerikanske journalisten, forfattaren og universitets­læraren Peter Beinart i The New York Review of Books. Spørsmålet interesserer han ikkje berre som journalist og fagmann. Han er sjølv medlem av ei synagoge i Washington D.C. og har to barn i skulealder. Artikkelen «The Failure of the American Jewish Establishment» er ein brannfakkel skriven før dei dramatiske båthendingane utanfor Israel og Palestina. Han er både eit varsku og eit håp om at den oppveksande slekt av jødiske etterkomarar vil halde i hevd dei beste ideala til den ein gong både radikale og sekulære sionistiske rørsla også i USA, mot den kritikklause oppslutninga om Israels politikk som fremst den israelske lobbyen i USA står for. Men kva var det knusande svaret Luntz, som også er kommentator for Fox News, fekk av dei han møtte rundt på campusane?

Oppdragsgjevarane ville rett og slett vite kva jødiske studentar tykte om Israel. Luntz fann ut at for dei fleste var ikkje det hovudspørsmålet. Dei ville ikkje snakke om si eiga «jødiskheit», og dei brukte snarare nemninga «dei» om jødane og ikkje «oss». Seinare undersø­kingar ved lærestadene viser at ikkje-ortodokse unge jødar i USA i det heile kjenner seg mindre knytte til Israel enn dei eldre. Dei ønskjer ein open og fri diskusjon, dei vil ha fred, og dei knyter det til sjølvsagde vilkår om rettferd for pale­stinarane og andre. Då Luntz bad dei kommentere påstanden om at palestinarar er valdelege og hatefulle, vart han kritisert for å ha stereotype og fordomsfulle meiningar, og studentane viste til sine eigne muslimske vener. Dei jødiske studentane var liberalarar i den beste tradisjonen, og dei tok det for gjeve at det også var ein del av den jødiske kulturen. Den einaste forma for sionisme dei hadde sans for, var den som såg på palestinarane som likeverdige. «Den einaste forma for sionisme dei tykte om, var den sionismen det jødiske etablissementet i USA har motarbeidd det meste av livet sitt», konkluderer Beinart.

At dette etablissementet gjennom både lobbyar, organisasjonar og prominente personar som Elie Wiesel sluttar seg tettare og tettare rundt eit kompromisslaust vern om den rådande israelske politikken, er ikkje nytt. Det har utvikla seg mykje sidan Peter Novack for ti år sidan, i boka The Holocaust in American Life, skildra det paradigmeskiftet som kom blant amerikanske jødar på 60-talet, særleg etter Eichmann-saka og krigen i 1967. Det utvikla seg ein «holocaust-industri» som Norman Finkelstein sette namn på med den provoserande boka si. Peter Beinart om­­talar skiljet mellom det ortodokse jødesamfunnet, «djupt knytt til den israelske staten», og dei sekulære jødane, «opptekne av menneskerettar for alle», som meir og tydeleg. Særleg mellom dei unge er det færre og færre sionistar, og færre og færre sionistiske jødar er liberale. Éin av grunnane er at dei leiande institusjonane innanfor det han kallar amerikansk jødedom har motarbeidd ein sionisme som kan utfordre Israels framferd, på Vestbreidda og i Gaza og mot Israels eigne arabiske innbyggjarar. «I fleire tiår har det jødiske etablissementet bede amerikanske jødar sjekke liberalismen sin framfor sionismens dør, og no finn dei til si store redsle at mange unge jødar i staden har sjekka sionismen sin.»

Striden innanfor den sionistiske rørsla er eldre enn den israelske staten. Når det gjeld den amerikanske sionismen, kallar Beinart han ein nedgåande spiral. Dersom leiarane av grupper som AIPAC (American Public Affairs Committee) og Conference of Presidents of Major American Jewish Organisations ikkje endrar kurs, vil dei ein dag vakne opp og finne ein yngre, ortodoks-dominert leiarskap som med sin nakne fiendskap andsynes arabarar og palestinarar kjem til å skremme sjølv dei noverande leiarane, mens reaksjonane blant massen av sekulære amerikanske jødar vil variere frå det apatiske til det sjokkerte. Å berge ein liberal sionisme i USA som kan hjelpe til med å berge ein liberal sionisme i Israel, det er den store utfordringa til amerikanske jødar i vår tid, konkluderer Beinart. Og ho byrjar der dei ut­­spurde studentane ville at ho skulle byrje, ved å snakke ærleg om det noverande styret i Israel og slutte å sjå ein anna veg.

Den store artikkelen det her er referert frå ein del av, framstår som ei av dei sterkaste utfordringane reist innanfor eit jødisk miljø på lenge. Og ho blir tydeleg når han tek den kritiske utviklinga i USA med seg inn i eit Israel, der Netanyahu omgjev seg med eit politisk kram som i ord og gjerning speglar ei haldning den yngre Netanyahu ein gong uttrykte i boka A Place Among Nations, at det er ikkje noko som heiter palestinarar. Den faktiske politikken både andsynes palestinarar og israelske arabarar speglar att dette, hevdar Beinart, samstundes som kritikk utanfrå blir framstilt som å gå i tenesta til Israels fiendar. Beinarts beiske framstilling av den indrepolitiske tilstanden i Israel kan lesast grundig på nettsida til The New York Review of Books. Men det er også ein artikkel om håp, om at det finst ein sionisme tufta på ideal som fører ein annan veg. Frå ein jøde oppvaksen i ei ortodokst miljø i USA er det ein sterk moralsk appell i ei politisk ulvetid.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake