Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Hysj, kinesarane kan høyre deg

Av Per Anders Todal
,  11.06.10


Kina skremmer folk til å teie også i Vesten. – Vestlege akademikarar er tafatte og ukritiske overfor Kina, meiner Torbjørn Færøvik.

Psykologien er ganske enkel: Om det alltid heng ein svær kvelarslange oppe i lysekrona og skuler ned på deg, er det truleg at det vil prege åtferda i heimen din ein smule. Og om den akademiske karrieren din eller forretningskonseptet ditt er av­­hengig av velvilje frå kinesiske styresmakter, er det truleg at du vil vere svært varsam med å framføre kritikk av Kina.

For Kina er framleis eit diktatur, og kinesiske styresmakter likar ikkje kritikk. Og med Kinas veksande økonomiske og politiske makt blir freistinga til å drive sjølvsensur meir og meir påtrengjande – for vestlege forskarar, journalistar og politikarar. Éin av dei som nyleg har peika på dette fenomenet, er Aftenposten-journalist og tidlegare Kina-korrespondent Kristoffer Rønneberg. I ein kommentar med tittelen «Anakondaen i lysekronen» viste han mellom anna til at bokmessa i Frankfurt trekte attende invitasjonen til to kinesiske dissidentar etter press frå Kina. Han hevda òg at Kina-forskarar over heile verda er varsame med kva dei seier fordi dei fryktar å bli nekta visum til Kina.

Blir påverka
– Desse mekanismane er høgst reelle, og dei påverkar vestlege styresmakter, akademikarar og journalistar, seier Rønneberg til Dag og Tid.
– Vi ser kor ekstremt varsamt mange trør overfor Kina no. Noreg har til dømes menneskerettsdialog med Kina i desse dagar, men du høyrer ikkje Støre slå på stortromma om dette. Noreg snakkar mykje mindre om menneskerettar i Kina enn før, medan dei norske økonomiske interessene i landet aukar. Det er tydeleg at Noreg trør varsamt overfor Kina, mykje fordi Kina kan oppføre seg som ei bølle internasjonalt.

Som journalist i Kina visste Rønneberg at han var under oppsyn frå styresmaktene. Korrespondentar som skriv noko styresmaktene ikkje likar, risikerer å misse tilgangen til kjelder i kinesisk UD, og i verste fall får dei ikkje fornya visumet. Men Rønneberg kjende seg likevel fri nok til å skrive ein god del kritisk stoff.

– Dei store engelskspråklege media blir mykje nøyare overvaka enn ein journalist frå ei lita norsk avis. Slik sett hadde eg det lettare. Men om vestlege journalistar i Kina driv med sjølvsensur, er det ikkje noko dei snakkar ope om. Eg har merka sjølvsensuren best på akademikarar. Å få ein kritisk kommentar frå Kina-forskarar frå Noreg eller andre land er veldig vanskeleg. Mange er redde for å støyte kinesarane.

Altfor tafatte
Kina-kjennaren og forfattaren Torbjørn Færøvik er samd med Rønneberg.
– Vestlege akademikarar er altfor tafatte og ukritiske i forholdet sitt til Kina. Det kan vere lurt å teie om dei ubehagelege sidene ved landet, for det viktigaste er å kome i posisjon, få visum og inngå samarbeid, seier Færøvik.

– Sinologane er spesielt tause, sjølv om det finst heiderlege unnatak. Togna kan kome av at dei «lever» av Kina. Om dei misser høvet til å reise dit eller dyrke samarbeidsprosjekta sine, forsvinn botnen ut av liva deira. Og dei kinesiske ambassadane i utlandet, også i Noreg, følgjer nøye med og nektar tidvis brysame journalistar og akademikarar tilgang. Slikt verker avskrekkande.

Færøvik har sjølv fått merke at Kina følgjer med. Han har reist i Kina i mange år, men ved eit par høve har han blitt nekta visum til landet. Ambassaden gav inga grunngjeving, men høgst truleg hadde Færøvik skrive noko kinesarane mislika.
– Det er ein knapp dei trykkjer på i ny og ne. Føremålet er å åtvare og skremme meg og andre: Ikkje skriv for fritt! Men eg betaler gjerne den prisen for å behalde ytringsfridomen min. Det er trist tidvis å bli avskoren frå Kina, men eg er interessert i mange andre land i Asia.

– Men for folk som berre jobbar med Kina, kan visumnekt vere svært øydeleggjande?
– Det kan verke heilt lammande for dei som berre forskar på Kina. Dei risikerer å måtte finne seg eit anna levebrød.

Anonyme sinologar
Færøvik meiner desse mekanismane kan ha medverka til å gjere norske sinologar påfallande tause.
– Medan Kina reiser seg som stormakt, er sinologane ved Universitetet i Oslo (UiO) heilt anonyme i det offentlege rommet. I staden for å skrive om aktuelle og omstridde tema, søkjer dei tilflukt i obskure tema, gjerne historiske emne som det ikkje er farleg å skrive om.

– Kva taper vi på at dei som veit mest om Kina, er ganske tause?
– Det er skummelt. I gamle dagar drog AKP-arane til Kina og vart frelste. No dreg næringslivet til Kina og blir frelst. Mange konkluderer om Kina ut frå overflatiske observasjonar. Vi treng vakne akademikarar som kan forklare Kina for oss. Men dei som burde ha dei beste føresetnadene, går i hi.

Sjølvsensur
Ein norsk sinolog som faktisk er synleg i ålmenta, og som til tider har skrive kritisk om utviklingstrekk i Kina, er Harald Bøckman. Han er forskar ved Senter for utvikling og miljø ved UiO og koordinator for Nettverk for Asia-studiar. Etter tretti–førti reiser til Kina har han dei siste åra blitt nekta visum fire gonger – utan grunngjeving.
– Det byrjar å bli plagsamt for meg. Det er rett nok mogleg å arbeide med Kina utan å besøkje landet. Men på sikt treng eg òg å snakke med folk der.

– Kva trur du var grunnen til visumnekten? Kva var det kinesarane reagerte på?
– Eg er skeptisk til å gå inn på den tankegangen. Da har du alt gått inn i ein sjølvsensurerande modus. Det er viktig for meg at eg kan stå inne for det eg gjer og seier, anten det er faglege ytring­­ar eller personlege synspunkt. Eg har hatt ein del diskusjonar med meg sjølv om dette, seier Bøckman.

Han meiner likevel den kinesiske politikken har effekt og får vestlege forskarar til å trø varsamt.
– Eg trur det er ein tendens til akademisk sjølvsensur når det gjeld Kina. Eg vil ikkje seie at den tendensen er påfallande, men han kan merkast. Det syner seg gjennom korleis folk posisjonerer seg, og korleis dei tenkjer seg om to gonger før dei seier eller gjer noko som har med Kina å gjere.

– Har du konkrete døme på akademisk sjølvsensur for å unn­­gå å støyte Kina?
– Det skjer i det små. Eit døme kom etter at dissidenten Liu Xiaobo vart dømd til elleve års fengsel i desember i fjor. Da ville to svenske forskarar få alle Kina-forskarane i Norden til å sende eit protestbrev til president Hu Jintao. Det vart aldri sendt – det var for få som ville slutte seg til, seier Bøckman.

Unngår visse tema
Fredrik Fällman ved Universitetet i Stockholm var ein av initiativtakarane til protestoppropet for Liu Xiaobo. Han fortel at over tretti sinologar vart spurde, men berre åtte ville skrive under. Ut over det vil han ikkje kommentere saka.
Halvor Eifring, professor i kinesisk ved Universitetet i Oslo, tek det ikkje for gjeve at det var sjølvsensur og frykt for Kina som gjorde at så mange ikkje skreiv under.
– Eg er ikkje sikker på at det var berre det dette handla om. Det kan òg ha vore noko med måten brevet var formulert på, seier Eifring, som fortel at han var bortreist da oppropet sirkulerte.

Han er ikkje i tvil om at det er tendensar til sjølvsensur når det gjeld Kina.
– Eg kan ikkje gje deg døme på konkrete saker. Men at fenomenet eksisterer, er heilt klart. Det ville i grunnen vore rart om det ikkje gjorde det. Det kan finnast både gode grunnar og dårlege grunnar for å vere forsiktig. Men det er ein uheldig konsekvens at kontroversielle tema blir dårlegare belyste enn andre akademisk, til dømes Tibet, Taiwan-spørsmålet og demonstrasjonane på Tiananmen-plassen i 1989, seier Eifring.

Klare premissar
Anakondaen heng i lampa og skuler ned på oss, og han blir stadig feitare. Og det stadig meir omfattande samkvemmet mellom Vesten og diktaturet Kina vil by på mange etiske dilemma i åra som kjem – for forskarar, næringslivsfolk, politikarar og andre. Men trass i tendensane til vestleg sjølvsensur er det kanskje større sjanse for å påverke Kina no, enn det var da Vesten uforpliktande og på trygg avstand kunne vifte mot Kina med moralske peikefingrar?

– I utgangspunktet er det viktig å få Kina mest mogleg med i internasjonalt samarbeid, også akademisk. Det handlar jo om ein femtedel av menneskeætta, seier Torbjørn Færøvik.
– Men vi må vere merksame på premissane for samarbeidet, og vi skal ikkje late kinesarane ta frå oss ytringsfridomen. Når vestlege akademikarar samarbeider med landet, må dei vite kva dei går til. Kina er eit diktatur. Og om styresmaktene prøver å leggje band på forskinga, er det betre å ikkje samarbeide i det heile.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake