Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Arbeidslina, arbeidslina, arbeidslina

Av Jon Hustad
,  04.06.10


Alt etter korleis ein ser det: Jens Stoltenberg har berga eller øydelagt den norske velferdsstaten.

Etter ni år er Jens Stoltenbergs kamp krona med siger. Pensjonsreforma – ei av dei mest radikale omleggjingane av noko vestleg velferdsstatleg pensjonssystem dei seinaste tretti åra – er på plass. Den 27. mai la Storting­et på plass den siste steinen i grunnmuren til den nye alderspensjonen. Nett den steinen råka elles dei uføretrygda. Det skal vi koma attende til. I alle høve: Det er på tide å oppsummera.

Om du er 25 år, går ut i arbeidslivet i dag og planlegg å gå av med pensjon når du er 62, etter å ha tent 400.000 kroner i gjennomsnitt kvart år, kva kjem du då til å få i pensjon frå Folketrygda? 127.000 blanke kroner i året, om lag det same som ein minstepensjonist som har null opptening. Kva om du ventar i tre år, til du er 65? Vel, då stig det straks til 157.000 kroner, ikkje nett ein særs høg sum det heller, og framleis ikkje så mykje betre enn ein minstepensjonist og det endå om du har tent 400.000 i førti år. Men held du ut til du er 67, den gamle pensjonsalderen, byrjar det å sjå litt betre ut; då får du knapt 182.000 kroner.

Det stoggar ikkje der, for her slår alt det nye verkeleg inn. Har du helse til det, kan du nemleg halda fram med å arbeida til etter 67, til etter 70, ja, du kan halda fram med å arbeida til du er 75, for den del, og framleis tena opp pensjon. Går du av som sytti­åring, får du 228.000, om lag det ein 67-åring får i dag, og held du ut til du er 75, ja, så ventar 355.000 kroner i årleg pensjon. Dessutan, same kva tid du går av med pensjon, så kan du arbeida så mykje du vil ved sida av – utan å få avkorting av pensjonen. Tek du til dømes full pensjon som sytti­­åring og held fast på heiltidsstillinga di, så sit du der med om lag 630.000 kroner i årleg inntekt og pensjon, og arvingane går ei trygg framtid i møte.

Levealdersjustering
Men diverre, her er ein hake, ein nokså stor hake – ein enorm hake, vil nokre hevda – han vert kalla levealdersjustering; det er her Stoltenberg og Stortinget tek inn det aller meste av den 20-prosenten dei har planlagt å spara inn på dei framtidige kostnadene i Folketrygda.
Så godt som kvart einaste år dei seinaste hundre åra har gjennomsnittsnordmannen fått åtti dagar ekstra å leva. Held det fram på dette viset, stig pensjonsalderen medan pensjonen går ned. For kvart einaste ekstra år vi nordmenn får i levetid, må framtidige pensjonistar arbeida om lag åtte månader ekstra, for å få det same. Om vi seier at alderen går opp med seks år dei neste førti åra, ja, då må vi gjera heile reknestykket ovanfor på nytt, for då går nemleg pensjonsalderen opp med fire år: Fyrst når vedkomande i vårt tenkte døme er 65 år, får han eller ho 127.000 kroner frå Folketrygda og så bortetter. Sagt på ein annan måte: Ein 25-åring som går ut i arbeidslivet i dag og får ei normal gjennomsnittsinntekt, må truleg arbeida til han er sytti år for å få utbetalt litt meir frå NAV enn ein minstepensjonist.

Innsparingane stoggar ikkje der. Pensjonskommisjonen rekna med at vi dei neste førti åra kjem til å få ein reallønsvekst på 1,5 prosent per år; det får ikkje pensjonistane. Dei får berre 0,75 prosent, noko som vil gje dei som er pensjonistar i mange år ei dramatisk redusert kjøpekraft samanlikna med dei som er i lønt arbeid. Om vi seier at du går av med pensjon som syttiåring og får 200.000 ved starten, vil du som nittiåring ha ein realpensjon frå NAV på 232.000. Ein lønsmottakar med same utgangspunkt kjem derimot til å sitja att med om lag 270.000 kroner.

Arbeidslina
Kort sagt: Heile reforma er gjennomsyrt av arbeidslina. Det skal løna seg å arbeida. Di meir og di lenger du står i arbeid, di meir får du, og di betre liv og di leng­re liv vi alle får, di lenger og hardare må du arbeida. Så kan ein spørja seg: Korleis har LO kunna gå med på ei så radikal omleggjing av den norske velferdsstaten? For heilt sidan Folketrygda vart innførd i 1967, har det meste sett frå LOs side handla om å få stuttare arbeidstid og høgre pensjonar, år etter år har LO kjempa, og år etter år har dei lukkast.

Med pensjonsreforma har pyramiden altså vorte snudd på hovudet. Sanninga er at store delar av LO, i det minste Fellesforbundet, som organiserer eksportindustrien, langt på veg har vore ein pådrivar i denne prosessen. I arbeidet med denne artikkelen har Dag og Tid tala med ei rekkje av aktørane både i regjeringa og på Stortinget – tidlegare og noverande; rosen har vore nær unison. «Ja, dei har ofte klaga i pressa, men på bakromet har vi med få unnatak opplevt ein utruleg samarbeidsvilje», som ein av dei mest sentrale aktørane i regjeringa seier det. «Dei har vore svært opptekne av at vi må ha økonomiske berekraft i framtida òg.»

Ja, så sentral har denne berekrafta vore at til og med SV, som i opposisjon var aktive motstandarar av pensjonsreforma og røysta i blokk mot kvar ei endring, no har vorte aktive støttespelarar for Stoltenberg og pensjonsreforma.

Om vi ser på tala, er kanskje haldninga både til LO og SV lettare å forstå. For i takt med at vi har vorte eldre, har stadig færre eldre arbeidt. Særleg norske menn som før stort sett stod i arbeid til dei var 67 eller 70, har dei seinaste tjue åra i stadig aukande grad valt eller vorte tvinga til å førtidspensjonera seg. I 2008 var det berre 21,8 prosent av alle dei som vart 67 år som var i arbeid det siste året før dei gjekk av med offisiell alderspensjon. 40 prosent av alle nye pensjonistar i 2008 hadde uføretrygd då dei vart pensjonerte; knapt 23 prosent hadde såkalla avtalefest pensjon (AFP).

Og i møtet med eldrebylgja har Noreg truleg korkje råd eller høve til å lata så mange rett over seksti gå utan arbeid. Om Noreg maktar å auka den reelle pensjonsalderen for dei over femti år med eitt år, vil vi i framtida kunna få godt over 40.000 årsverk ekstra og spara minst 20 milliardar i trygdeutgifter per år. Om pensjonsomleggjinga i tillegg fører til at dei som har teke ut pensjon, arbeider ekstra ved sida av alderspensjon, vert den samfunnsøkonomiske vinsten endå høgre.

Utsett smerte
Strategien som LO og Stoltenberg har nytta for å få til denne dramatiske omleggjinga, har vore enkel: Dei har utsett smerta. Nedskjeringane i AFP, arbeidslina og at alle arbeidsår tel med når du går av med pensjon, gjeld berre fullt ut dei som er fødde etter 1962. Levealdersjusteringa gjeld rett nok for alle fødde etter 1943, men den får liten effekt for dagens eldre sidan auken i den generelle levealderen er så gradvis. Taktikken til LO, Stortinget og dei ulike regjeringane har kort sagt vore å satsa på at dei som vert råka, ikkje bryr seg. Utsett pine er gløymd pine.

Men dette, som det heiter, opnar for ei rad scenario. Korkje Stoltenberg eller andre har garanti for at dei som ikkje bråkar no, ikkje kjem til å bråka i framtida. Den største bøygen kjem etter det meste å døma til å verta dei uføretrygda, for slik stoda er per i dag, kjem dei til å måtta bera mest halvparten av dei direkte innsparingane.

Fram til no har dei uføre fått alderspensjon som om dei har vore i vanleg arbeid og hatt vanleg inntekt fram til dei har fylt 67. Men rett før Stortinget stengjer dørene for sumarferien, vedtok representantane og det berre mot røystene frå Kristeleg Folkeparti, at dette skal endrast. Heretter er det uføretrygda som utgjer oppteningsgrunnlaget for alderspensjon, ikkje ei tenkt arbeidsinntekt. Med det vert svært mange uføretrygda dømde til ei framtid som minstepensjonistar, som i tillegg ikkje har høve til å skaffa seg ekstrainntekter av di dei ikkje har arbeidsevne. I framtida kjem altså Noreg til å få ein pensjonsadel med svært høg pensjon og sideinntekter; i motsett ende kjem ein stor flokk med uføre minstepensjonistar. Vi kan trygt gå ut frå at norske medium gong etter gong kjem til å fortelja det norske folket om denne ubalansen.

Grunnen til at regjeringa og Stortinget, og det med LOs stillteiande aksept, tyr til det mange vil hevda er eit drakonisk tiltak, er enkel. Svært mange av dei som vert uføre, vert det rett før dei går av med alderspensjon. Mange av desse har truleg arbeidsevne, men under dagens system har dei inga gulrot hangande framføre seg som gjer at dei vert motiverte til å halda fram i arbeid. Alderspensjonen vert den same i alle høve. Kor stor denne gruppa av «strategisk» uføretrygda er, veit ingen, men dei fleste som vert uføretrygda, vert det i perioden mellom 50 og 67 år. Tanken er at mange av desse, når dei får vita kor låg alderspensjon vert om dei vel å uføretrygda seg, ser at dette vert for dyrt og i staden held fram i arbeidslivet. På det viset får staten Noreg både langt færre uføretrygda og alderspensjonistar og mykje større skatte­inngang. Men baksida er altså at folk som er reelt sjuke og ut­­slitne, vert dømde til ei framtid som minstepensjonistar.

Mellombels permanent
Rett nok seier regjeringa at dette framlegget er mellombels og noko dei gjer for å få eit heilskapleg regelverk på plass i påvente av at dei vert samde seg imellom og med Stortinget om korleis dei uføretrygda skal høva saman med pensjonsreforma. Men som KrFs Kjell Ingolf Ropstad sa til Klassekampen då det mellombelse regelverket vart vedteke: «Ingenting er så permanent som en midlertidig ordning.» Dessutan har Stortinget alt vedteke permanent at dei uføretrygda skal bera om lag halvparten av innsparingane.

Eit stort problem – eller ein stor føremon, alt etter korleis ein ser det – står att: Stoltenbergs fiasko for eitt år sidan, då han ikkje makta å få UNIO med på at dei offentlege tenestepensjonane må tilpassast pensjonsreforma. Framleis kjem det til å vera slik at alle offentleg tilsette kan gå av med full brutto tenestepensjon etter å ha arbeidt i tretti år i offentleg sektor. Slik stoda er no, råkar altså ikkje pensjons­reforma dei offentleg tilsette, som i framtida kjem til å verta langt fleire grunna eldrebylgja – dei kjem til å få 66 prosent av inntekta si som pensjon same kva. Rett nok gjekk arbeidstakarorganisasjonane med på at også deira pensjonar må levealdersjusterast, men ein auke frå til dømes 30 til 34 år er svært liten jamført med ein i privat sektor som må auka arbeidsåra frå til dømes 45 til 49 år for å få det same. Få om nokon i det politiske miljøet trur at den ordninga kan halda fram.

Eitt element står att å avklåra og som to kommisjonar no arbeider med: Korleis skal tenestepensjonane i privat sektor tilpassast pensjonsreforma? Men det får vi taka ved eit anna høve. Eitt synest sikkert: Stoltenberg vert hugsa som han som berga velferdsstaten, eventuelt øydela han.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake