Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Fanga av fiksjonen
Morten Strøksnes,  21.05.10

Geir Gulliksen set opp eit kunstig skilje mellom skjønnlitteratur og sakprosa, skriv forfattar Morten Strøksnes i dette intervjuet med seg sjølv.

–Du er ein av svært mange som har reagert negativt på intervjuet med Geir Gulliksen her i avisa sist helg. Kvifor?
– Utsegnene til Gulliksen speg­lar på mange måtar det verste i det han skal forsvara, altså den såkalla skjønnlitteraturen. Han er pompøs og utflytande på vegner av Kunsten. I staden for å reflektera over omgrepa han brukar, ikler han dei ei alpehue, seier Strøksnes, som no tek bladet frå munnen for å diskutera, med seg sjølv.

– Kvifor seier du den «såkalla» skjønnlitteraturen?
– Jo, av di orda vi brukar på norsk for å dela inn sjangrar, ikkje er spesielt føremålstenlege. Det burde ikkje vore sakprosa–skjønnlitteratur, men prosa–fiksjonsprosa. At nokon diktar opp ei handling, gjer det jo ikkje automatisk til større kunst enn ei stortingsmelding. Det finst mange sjangrar innanfor fiksjonsprosaen, akkurat slik det gjer innanfor sakprosafeltet. Er ein krimroman av til dømes Anne Holt kunst, medan den beste ikkje-fiktive prosaen ikkje er det? Gulliksen set opp eit kunstig skilje og ymtar nærast at dei som har kjempa saka til sakprosaen, er umoralske. Dei er «kunstfiendslege demagogar», «farlege» og så bortetter.
– Omgrepet «sakprosa» skaper eit inntrykk av tørr... saklegheit?
– Nettopp. Og omgrepet «faglitteratur», som ofte vert brukt om sakprosa, er jo naudsynleg endå verre. Det fører tankane over på undersjangeren akademisk prosa, som jo er like full av reglar og formlar som kriminallitteraturen. Det sagt, begge delar kan jo gjerast glimrande, til kunst, sjølv om det ikkje hender så ofte.

Påfallande
– Er poesi sakprosa eller skjønnlitteratur, orsak prosa eller fiksjonsprosa?
– Eit særs intelligent spørsmål. Poesi er kanskje ingen av delane, for poesien står på eigne føter når det gjeld sjanger, kanskje fordi poesien er ein metasjang­er som undersøkjer grensene og skrankane til språket. Men eg vil likevel hevda at poesien ligg nærare sakprosaen enn fiksjonslitteraturen. Det er òg påfallande at når poetane ikkje skriv poesi, så skriv dei gjerne god sakprosa, slik Håvard Rem påpeika, med statistisk belegg, i tidsskriftet Prosa for nokre år sidan.

– Men det er jo ein openberr skilnad på prosa og fiksjonsprosa?
– Jo, men i mange tilfelle rører sjangrane ved kvarandre, og det vert uråd å peika på skilnaden.
– Kunne Karl Ove Knausgårds Min kamp kome ut som memoarar?
– Ja, sjølvsagt. Han freistar jo å skriva ned si eiga historie, slik han opplevde henne. Subjektivt og nøyaktig. Om verket hadde kome ut som memoarar, så ville Gulliksen truleg måtte avvist at det høyrer til kunsten, noko det openbert gjer. Kva er så kriteriet hans?
– At Knausgård skriv godt?­
– Roleg med ironien no, alle skjønar at eit slikt kriterium vert altfor vilkårleg. Det vert sjølvsagt skrive godt og dårleg innanfor alle sjangrar. Ein romanforfattar og ein sakprosaforfattar har akkurat den same verktykassa til rådvelde for å formidla det dei ønskjer å formidla. Det finst ikkje ei kjensle, stemning eller eksistensiell problemstilling som det ikkje kan kastast like godt lys på innanfor den såkalla sakprosaen som i fiksjonslitteraturen. Styrken til Knausgård er jo ikkje at han skriv fiktivt, men realistisk. Den fiktive naturen til romanen er på ein måte avgrensande, og det er jo denne grensa Knausgård freistar å sprengja.
– Fleire døme?
– Tja, la oss ta eitt som går i motsett retning: Mia Berner og boka hennar PS – Anteckningar från ett sorgeår. Den handlar om tida etter at mannen hennar, Pentti Saarikoski, døydde. Det er ei sakprosabok om sorg og sakn, men ho er jo langt meir kunstnarleg vellukka enn nokon av romanane hennar. Skjønnlitteraturen eig ikkje dei litterære verke­midla.

Røyndomen
– Du arbeider sjølv med ei bok om Kongo og den såkalla Kongo-saka. Korleis vil du definera den, sjangermessig?
– Den har element frå mange ulike sjangrar.
– Tyder ikkje det at boka då er ein bastard?
– Eller at ho er sjangeroverskridande, i positiv forstand. At ei bok handlar om røyndomen, og dimed har strenge krav til å vera påliteleg, er vel ikkje automatisk nokon stor veikskap.

– Ikkje vert ironisk sjølv no då. Du seier «røyndomen». Vert ikkje det særs enkelt?
– Endeleg eit kritisk spørsmål. Men jo, du har absolutt rett. Røyndomen, slik vi snakkar om han no, er ikkje noko som berre ligg der. Forfattaren er ikkje ein arkeolog som skal avdekkja røyndomen. Tekst og røyndom snyltar på kvarandre. Det vil alltid finnast konkurrerande – og ikkje minst utfyllande – forklaringar av ei og same hending eller fenomen. Ein god roman kan snakka med fleire røyster samstundes og gje ein heilskap, eller kjensle av det, som verkar eksistensielt berikande på lesaren. Men òg ei sakprosabok kan ha ein slik klangbotn.

– Har skjønnlitteraturen enno eit hegemoni?
–­ Ja, ikkje minst når ein ser på støtteordningar, stipend og formell status. Slike strukturelle tilhøve driv jo dei som kjenner seg kalla til å skriva mot fiksjonslitteraturen. Eg veit om folk som har levert inn glimrande sakprosatekstar, men så har forlaga overtala dei til å skriva dei om til dårlege romanar. Og forlaga jobbar ofte meir med språket i sakprosabøker enn i romanar. Samstundes er det eit godt teikn at Gulliksen går ut for å åtvara mot dei slemme sakprosaistane, som trugar den skjøre Kunsten.
– No høyrest du òg litt furten ut.
– Furten kan du vera sjølv.
– Kvifor har du intervjua deg sjølv?
– Dei fleste intervjuar på ein måte seg sjølv heile tida, så kvifor ikkje ta steget fullt ut?




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake