Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Eit banebrytande verk
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen,  21.05.10

Med Norsk presses historie har vi fått soga om koss norsk presse vart ei kulturell drivkraft, med skrivande folk, typografar, illustratørar, annonsørar, marknad, pressgrupper og partivesen i eit vekslande, dagleg og uendeleg spel.

SAKPROSA
Hans Fredrik Dahl (hov­ud­redak­tør), Martin Eide, Rune Ottosen, Guri Hjeltnes, Idar Flo (bandredaktørar), Nils E. Øy (biletredaktør):
Norsk presses historie 1660–2010. Bd. 1–4
Universitetsforlaget

Knappast noko, kan hende utan­­om skulen, har hatt meir å seie for å forme sjølvoppfatninga til norske kvinner og menn, enn avisene. Det gjeld i alle slag moralske (dvs. politiske, sosiale og praktiske) samanhengar; såleis kven som bør vite kva, kven som bør leggje seg opp i kva, koss folk vert klassifiserte innom politikk og sosialt liv, kven som høyrer heime her til lands, koss ein bør te seg i kvardagsliv, fest og styringsverk.

Motviljuge pressefolk
Den klassiske journalistiske skepsisen mot akademisk analyse, eller motviljen frå sentrale pressefolk mot å verte kika i korta, synte seg straks i dagane etter at Norsk presses historie 1660–2010 vart lansert med ein pressekonferanse. Den vanlegvis stoisk kjølige Olav Versto i VG slo i småsnurt tone fast at «historieverket lider under det faktum at det norske akademia ikke forstår VG» (VG 15. april) – trass i at ein av bandredaktørane, Martin Eide, har skrive ei innsiktsfull og mykje referert bok om VG, og ein annan, Guri Hjeltnes, både har vore tilsett og var fast kommentator i denne avisa i fleire år.

Versto meiner visstnok at VG burde hatt ei endå meir framskoten rolle i det tredje bandet, Imperiet vakler 1945–2010 (red. Guri Hjeltnes), og er ikkje nøgd med at etableringa av avisa er særskilt drøft i det andre bandet, eller at VG i tredje­bandet er gjord til målestav for tabloidformatet, partipresseoppløysinga og haldningsendring­ar i publikum og sjølve utgangspunktet for soga om den store snunaden.

Versto fylgde eigenleg berre opp Harald Stanghelle i Aftenposten frå dagen før (14. april), som ut frå alt som ikkje står i det tredje bandet fann at det langvarige prosjektet med å skrive pressehistoria var ambisiøst og delvis mislukka. Stanghelle meinte viktige historiske og politiske tilhøve er anten uklårt eller utilstrekkeleg handsama, og ei rekkje fleire personlegdomar frå nyare tid skulle vore nemnde eller meir omtala. Dagens Næringsliv fylgde opp 21. april; under overskrifta «Umulig» har journalist Morten Møst funne ut at bokverket mang­­lar overordna forteljegrep som lyfter det opp til noko anna enn «et refererende oppslagsverk», her er altfor lite personfokusering, og då vert stoffet keisamt, og sjølvsagt er Dagens Næringsliv feilaktig og usakleg presentert.

Redaktør Stanghelle sette ein tone for mottakinga av verket som minner om diskusjonar frå for 25–35 år sidan, om litteraturhistorieskriving. Då vart det aldri nemnt mange nok namn på forfattarar, forleggjarar, kritikarar eller andre åndshovding­ar, og det vart aldri mange nok sjang­rar, emne eller kulturnivå som kom med. Hovudredaktør Hans Fredrik Dahl opplever altså no noko tilsvarande som Willy Dahl gjorde med dei banebrytande verka sine i 70- og 80-åra, då han arbeidde med å gjere om norsk litteraturhistorieskriving frå å vere ein høgtidsam, genidyrkande og sjølvoppteken utkant av kulturhistorieskrivinga til ein profesjonell og systematisk analyse av det litterære systemet.

System av kaos
Strevet etter å skape eit systematisert blikk på eit enormt og tilsynelatande kaotisk materiale er den store og banebrytande fortenesta til dette bokverket. Her teiknar det seg eit sjølvstendig felt for gransking og diskusjon, soga om rolla til pressa i det totale medie- og kulturlandskapet. Det er ikkje sjølvforståinga til journalistyrket som har regulert arbeidet, snarare viljen til å rekne inn alle grupper som har forma pressa ut frå historisk skapte utfordringar; dermed har ein fått soga om koss norsk presse sjølv vart ei kulturell drivkraft, med skrivande folk, typografar, illustratørar, annonsørar, marknad, pressgrupper og partivesen som del av eit vekslande, dagleg og uendeleg spel.

Meininga har ikkje vore å skrive soga om pressa og politikken, langt mindre ei totalhistorie om koss norsk presse har påverka norsk samfunnsliv, heller ikkje ei storfelt mentalitetshistorie om koss avisene har endra hovuda, innstillingane, vanane og veremåtane våre.

Den konsekvent empirisk orienterte tilnærminga har vore koplinga mellom teksthistorie og teknologihistorie, med klårt blikk for institusjonsoppyggingane, fyrst og fremst dei med varige verknader. Under dette perspektivet fell einskildhende, og alle einskildaktørar, anten det er personar eller institusjonar, dermed òg partane i feltet – eigarar, politikarar, publikum – inn i mønster og strukturar som gjev rammer for tolkinga av kvar einskild faktor, hending og situasjon. Så nøkternt og så sjølvtrygt er verket.

Kjepphestar sette bort
Skiljeliner er ikkje utvatna, analytiske problem er ikkje nedtona eller haldne løynt. Derimot observerer vi at fagspesifikke kjepphestar er sette bort for at dialogen mellom ulike fagfelt skal få fram nye innsikter. Dét gjeld òg når ein har bygt på gamalkjent materiale i staden for ny grunnforsking. Særleg god hjelp har dei ikkje hatt av tidlegare oversynsverk i arbeidet, påpeika meldaren i Bergens Tidende, journalist Olav Kobbeltveit. Slike freistnader har alltid vore partiske, normative, uklåre – beint fram traurige. Ikkje slik her. Ulike stil­tonar og skrivemåtar kjem greitt fram. Forfattarane har tydelegvis likevel hatt det kravet, løyst på noko ujamt vis, at kvart einaste einskildtilskot skal vere bygt på ei klår, gjennomtrengjande problemstilling som kastar lys inn over hovudfeltet av konfliktstoff og samanhengar mellom tekst og teknikk, skriving og politikk. Variasjonen i framstillingsform gjer absolutt sitt til at verket er underhaldande og avvekslande lesing.

Redaktørar og forfattarar har klokt nok halde seg unna freistnader på å skrive soga om det avislesande publikumet. Klokt, av di der framleis er altfor lite forsking om historia om norske lesarar, jamvel om stofftilgangen er overveldande rik når ein veit kvar ein skal sjå, men òg av di det nok måtte ha gjeve seg ei overveldande freisting, nemleg å syne fram den avisskapte røyndomsforståinga som ei forsterking av sjølvforståinga til mediefolk som verdsformarar, gudeskaparar og heltefigurar. Jau, dette kunne vel ha vorte ei heilt annleis, omfemnande soge om viktige saker som viktige pressefolk har fremja – men kven skulle så sett kriteria for vyrdnad og vekt? Skulle tematikkane krinse kring heppe og hendingar i sentrale strok og overfor sentralmaktene? Eller skulle ein laga finmaska katalogar og kategoriar for allslag regionale viktig-Per-Håland-ar og andre morosame, arge eller gilde bladfykar vi alle kringom i landet har våre eigne personlege opplevingar av?

Gedigent kart
Ein har funne to løysingar på dilemmaet; den eine ligg i det fjerde bandet, med ut­­skiljinga av omtalar eller biografiar med systematiske faktaopplysningar der dei finst, om lag fire hundre aviser som har eksistert i minst femogtjue år: Norske aviser fra A til Å (red. Idar Flo). Den andre er gjennomgåande i dei hine banda, nemleg ei samanveving av pressehistoria ved at forfattarane dels går inn i ein del regionale problemstillingar, så fylgjer prosessar som er sams anten nasjonalt eller for ulike interessegrupper og pressegrupperingar. Stort sett maktar ein på dette viset å binde dei mang­slungne einskildsogene frå heile landet, om regionaviser, samisk presse, utskild nynorsk ål­mente, skiftande vilkår og tregt innstig for kvinner, frå partipressekiv til meiningsovervaking og så oppflising, frå indre opprør mot monolittiske meiningsmonopol til monopoldanning­ar i medietrustar, konkurransen mellom ulike slag medium. Dei kan seie kva dei vil, dei som lengtar etter ordenen som flyt av samlande forteljingar: Dette er uventa godt gjort, å få alle desse parallelle og motstridande forteljing­ane, til dels samanstilte å nyo ut frå skilde fragment, til å verte eit gedigent kart over eit forvirrande, motsetnadsfylt og overraskande landskap.

Mellom overraskingane er startpunktet for sogeskrivinga; innføringa av eineveldet i 1660 og den fyrste nyhendemeldinga som i september det året vart send i posten til soknepresten i Støren, som slik fekk vite koss store troppeforflyttingar gjekk føre seg, og dermed fekk teikn på at statsstyringa i Danmark-Noreg var under omlegging. Såleis får vi eit dobbelt eller trippelt jubileum; hundreårsjubileet for både Norsk Presseforbund og Mediebedriftenes Landsforening står i relieff imot «lange tidsspenn», og som mentalitetshistorikarane har lært oss om: Skildringa av langsamlege, langsiktige endringsprosessar er sjølve grunnlaget for å kunne vurdere kulturell endring.

Ei diskuterande ålmente
På somme vis er det fyrste bandet, En samfunnsmakt blir til 1660–1880 (red. Martin Eide), fagleg sett det mest nyskapande, for her får vi for fyrste gong i Noreg – så vidt eg kan skjøne – ein overordna freistnad på å klargjere dei djuptgripande prosessane som formar grunnlaget for open kunstkritikk, politisk kritikk, offentleg meiningsdanning og dermed ei diskuterande ålmente, sjølve grunnlaget for forminga av rettsstaten og det moderne borgarlege demokratiet. Her vert skaffa rom for alle dei avskyggingar av politiske overtydingar, men med klar drift mot konsensus, eller i alle høve konfliktbalansering, som band to, Presse, parti og publikum 1880–1945 (red. Rune Ottosen), syner konsekvensane av.

Det fyrste bandet brettar ut for oss nokre utviklingsgrunnlag som tek feste i at handelsborgarskapen i Trondheim, Bergen og Kristiansand gjev føresetnaden for bruken av nyhende til kvardagslivsorganisering og målformulering. Vi oppdagar koss litterære freistnader er meir sentrale enn vi har tenkt i pressesoga, og litterær kritikk i brotet med formelen til adresseavisene, frå Wielandt og Fasting til Wergeland og Vinje, er tett knytt til konstruksjonen av det politiske gjennom utfalding av vurderingsevner. Vi legg merke til koss illustrasjonar omformar bodskapane og at avisene gjer meir enn å formidle, men organiserer det vi er i stand til å oppfatte som formidling.

Frå parlamentarisme til naziregime
Det andre bandet etablerer ei interessant periodisering, frå starten for partivesen, partipresse og parlamentarisme til frigjeringa frå fem års nazi­regime. Her fylgjer vi etableringa av eigarskapsstrukturar som i fleire høve vert langvarige; vi ser at populariseringa av aviser og journalistikk fylgjer den industrielle masseproduksjonen, med fylgjer både for sjangeroppfatning­ar og for språk. Profesjonaliseringa av yrket vert grundig tematisert, såleis òg i eit kjønnsperspektiv, her er mykje godt og nytt stoff om kvinneinntoget i pressa i båe band (likevel, ein kan sakne dei kvinnelege litteraturkritikarane, men så er ikkje kunstkritikk med og har då òg vore teke opp andre stader).

Stoff om krigen som før helst berre var kjent av spesialistar, faldar ut nye bilete av tilhøvet mellom dei verksame kreftene, på overflata og i undergrunnen. Dermed er det òg avklarande at det tredje bandet opnar med ein nokolunde grundig gjennomgang av tilhøva mellom demokrati, pressefridom, journalistisk sjølvforståing og personvern. Det gjev ein annan inngang enn vi har vore vane med, til spørsmålet om kva som stod på spel på ulike nivå, i den kalde krigen og strevet for fritt ord og frigjering frå massiv meiningskontroll frå alle kantar, utetter i 50- og 60-åra.

Standardverk
Elleve års arbeid, kring tretti redaksjonelle medarbeidarar, endå fleire som har levert mindre tilskot, eit ukjent tal andre slag hjelparar, mest 15 millionar kroner brukte – var det verkeleg verdt bryet? Sjølvsagt finst der plettar og manglar på 1925 sider; verket gjev seg då heller ikkje ut for å vere ein bibel for brukarane. Derimot vil det vere eit uomgjengeleg standardverk i fleire tiår framover, for alle som er interesserte i norsk politisk historie, kulturhistorie, teksthistorie og mangt meir. Jamt nye lesarar vil her finne inspirasjon til å gjere eigne undersøkingar, kritisere grunnlaget for det som er gjort, forme eigne argument – stutt sagt, dei kan få hjelp til å vere deltakarar i si eiga, medieregulerte verd. Og kven i Noreg er ikkje interesserte i det? Bokverket er ikkje berre ein storfelt prestasjon i seg sjølv, men vil òg få verknadshistorie som få andre norske kulturhistoriske verk har vore forunnte.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake