|
|
På flukt frå seg sjølve Fredrik W. Thue, 14.05.10 I staden for å vera arenaer for skapande intellektuell fridom vert norske universitet nedtyngde av endelause symbolske forhandlingar utan mål og meining. Norske universitetslærarar nyttar nær hundre årsverk kvart år på å skriva søknader for bosspannet, melde Aftenposten nyleg. Den beinharde tevlinga om pengar frå Forskingsrådet tek tid og krefter, men gjev lite attende: I fjor fekk 83 prosent av søknadene frå universiteta avslag. Den frie akademiske forskinga, der problem og perspektiv er definerte av forskarane sjølve, kjem særleg dårleg ut. Tala tyder på at universiteta har vorte kraftig devaluerte. Fridomen som gjer yrket som universitetslærar attraktivt, er komen under press frå eit politisk-byråkratisk framandstyre. Korleis vart det slik, og kva må gjerast? Jaget etter pengane Men kva med fag som statsvitskap, filosofi, historie, teologi og juss, der ein tradisjonelt har forska i «einsemd og fridom»? Her har det òg vorte meir og meir vanleg at professorar ser på seg sjølve som entreprenørar som skal byggja kollektive forskargrupper og internasjonale nettverk. Det er slikt Forskingsrådet spør etter, og kan ein skilta med nokre store internasjonale namn som støttespelarar, sit pengane gjerne lausare. Resultatet av dette vert lett eit heseblesande prosjektmakeri. Professorar finn ikkje lenger tid til å fordjupa seg i problem dei sjølve har arbeidd fram over lang tid. I staden går tida med til å venda kappa etter den forskingspolitiske vinden. Frå forsking til politikk Det nye grepet heitte programforsking. Ho var tenkt som eit dynamisk møte mellom forskarar med teoretisk kunnskap og «brukarar» med praktiske problem. Men i praksis har dette vorte ein typisk forhandlingsarena der ulike interesser skal sameinast i stram statleg regi. Programma som forskarane søkjer pengar på, er difor politiske dokument som ein lyt tilpassa seg om ein skal nå fram i den beinharde tevlinga om forskingsmidlar. Slik endrar den akademiske verksemda karakter. I staden for å leggja fram dristige hypotesar for forskarsamfunnet med krav på sanning legg ein fram glatte frasar for Forskingsrådet med krav om pengar. Dei som meistrar dette spelet, får pengar og studentar, medan professorar utan forskingspolitisk salsinstinkt vert sitjande einsame på kontora sine. Det nye språkspelet har ein farleg smitteeffekt: Det spreier seg innetter i institusjonen, og universitetslærarane må læra seg å meistra det andsynes kollegaer, fakultet og universitetsstyre. Stadig meir tid går med til endelause symbolske forhandlingar i gråsona mellom fag og politikk. Flukta frå lærarrolla For å skjøna kvifor så mange universitetsfolk meir eller mindre friviljug vel å springa som rotter i labyrinten til Forskingsrådet, må ein venda augo mot universiteta sjølve. For det evige prosjektmakeriet handlar òg om ei flukt frå lærarrolla. Det freistar tydelegvis mange professorar meir å byggja forskargrupper og møta kollegaer på internasjonale konferansar enn å undervisa framtidige lektorar i den norske vidaregåande skulen. Det byrja i naturvitskapane. Alt i 1950-åra lukkast dei langt på veg med å «frigjera» seg frå den gamle identiteten som ein akademisk lærarskule. I staden satsa dei på å utdanna profesjonelle forskarar. I 1960-åra, då universiteta over heile den vestlege verda ekspanderte i eit tempo som utfordra innarbeidde idear om kva eit universitet var, vart dette ei suksessoppskrift som andre fagfelt freista å etterlikna. Medan professorane i mange land tviheldt på standsprivilegia sine og sette seg beint imot at andre grupper skulle få del i dei, satsa ein i Noreg på å integrera lektorar og amanuensar i ein utjamna forskarfellesskap ved institutta. Alle skulle ha personleg forskingsfridom og karrieresjansar, og frå 1990-åra kunne alle fast tilsette universitetslærarar søkja opprykk til professor etter faglege kvalifikasjonar. Ein gamal draum i Forskarforbundet vart røyndom: I dag vert mest alle som fyrst kjem innanfor systemet, før eller seinare professor. Litt kvast kunne ein seia at universiteta gjekk inn i ein ny samfunnskontrakt, der ein fekk forskingsfridom for ein sterkt utvida lærarstab i byte mot å tilby billeg akademisk utdanning for ein sterkt utvida studentmasse. Det akademiske krinslaupet Det finst ein viktig lærdom å dra av denne røynsla: Universiteta i eit lite land som Noreg må aldri venda ryggen til dei ålmenne kulturoppgåvene dei har i deira eige samfunn. Når særleg naturvitskapane forsvarar grunnforskinga ved å visa til at ho er «høna som legg gullegget» i form av tekniske og medisinske nyvinningar, er det vel og bra. Men argumentet er sårbart: Gullegg kan importerast frå land med mykje større høner, og tesen om at alle innovasjonar byrjar med god grunnforsking, har vore ettertrykkjeleg kritisert av vitskapshistorikarar i meir enn førti år. Kvifor fri forsking? Berre ved å svara overtydande på desse spørsmåla kan universiteta i lengda prova at dei er liv laga. Og berre ved medvite å dyrka den åndskveiken det gjev å ha studentar, kan universitetslærarane finna seg sjølve. Det kanskje beste svaret på kvifor ein treng universitet med akademisk fridom, finn ein hjå den amerikanske filosofen Ronald Dworkin: I tider prega av ein dominerande konformitetskultur, seier Dworkin, verkar universiteta til å halda liv i ein kritisk sjølvstendekultur i samfunnet. |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|