Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Med makt til å knuse statar

Av Per Anders Todal
,  07.05.10


Tre selskap avgjer i praksis kva rente eit land må betale på statsgjelda si. Dei same selskapa ber mykje av ansvaret for finanskrisa.

Opptakten har vore lang, men 27. april gjekk det veldig fort. Nærast over natta gjekk renta på dei toårige stats­obligasjonane til Hellas – altså gresk statsgjeld – frå noko over 5 prosent til nesten 19 prosent. Kva hadde skjedd? Jau, eit firma kalla Standard & Poor’s hadde skifta ut nokre bokstavar. Hellas gjekk frå å ha kredittvurderinga BBB+ til karakteren BB+ – det lèt kanskje ikkje så gale, men i finanssjargongen er lån med rating BB+ omtalt som junk – skrot. Og det tyder enkelt sagt: «Vi har grunn til å tru at dette landet ikkje vil klare å betale renter og avdrag på gjelda si.»

Skyhøg risiko, med andre ord, ei tilråding om å liggje unna for alle potensielle långjevarar som ikkje elskar hasard. Vurderinga frå Standard & Poor’s sende rentene for lån til Hellas rett til vêrs, og den greske regjeringa stod overfor ei enda meir akutt krise enn den ho alt var i. Ein moderne stat som må ut med ei slik ågerrente for å kunne få nye lån (som regel gjennom sal av statsobligasjonar), er så godt som paralysert. Og Hellas måtte leggje lagnaden sin i hendene på Det internasjonale pengefondet og Angela Merkel og be om nåde, og det litt brennkvikt.

Dei tre store
Kven er så Standard & Poor’s, ofte kalla S&P, som kan drive eit heilt land i kne med ein enkel attest? Dei er eit amerikansk firma som lagar finansanalysar av ymse slag, og opphavet til selskapet var Henry Varnum Poor som laga ein studie av jernbaneselskapa i USA i 1860. S&P driv med mykje rart, mellom andre lagar dei aksje­indeksar. Men i denne saman­hengen er poenget at dette er eitt av dei tre store kredittvurderingsselskapa i verda, med 40 prosent av marknaden. S&P kan granske alt frå statar og fylkeskommunar til bankar og industriføretak for å sjekke om dei er solide og kredittverdige.

Rivalen Moody’s er om lag like store som S&P, medan Fitch Ratings er ein god nummer tre på verdsmarknaden. Ingen andre aktørar på dette feltet er noko å bry seg om. Råda til desse tre selskapa blir difor tillagde ekstremt stor vekt i finansmarknadene.

Hellas har fått nakkeskotet av alle tre. No står mykje av spenninga om kva desse byråa vil seie om stoda i andre kriseråka europeiske land i tida som kjem, som Portugal, Italia, Spania og Irland. Regjeringane har all mogleg grunn til å frykte ei liknande nedgradering som den Hellas opplevde. Når du alt er nedsylta i gjeld, er ein ekstrem renteauke det siste du treng. Som dømet Hellas nett synte: Det desse byråa seier, får konsekvensar i obligasjonsmarknaden på minuttet. Og alle er redde for denne marknaden, som inkluderer verdas største bankar og andre finansaktørar. Ingen statar har råd til å få den marknaden mot seg. James Carville, ein rådgjevar for Bill Clinton, har sagt at om han skal gå att etter døden, vil han gjerne kome attende som obligasjonsmarknaden – «for da kan du skremme alle».

Sjølvoppfyllande
Men også dei store kredittvurderingsselskapa er i stand til å skremme kven som helst. Faktum er at dersom dei tre store av ein eller annan pervers grunn skulle ønskje å drive eit land til randa av konkurs (eller over kanten), har dei makta til å gjere det. Om desse tre byråa slår fast at ein stat står i akutt fare for å misleghalde låna sine, vil det høgst truleg bli til ein sjølvoppfyllande profeti: Renta på låna til den arme staten vil bli uhandterleg høg.

I Spania fryktar mange at noko slikt skal skje, skreiv nyleg kommentatoren Miguel-Anxo Murado i The Guardian. Spanjolane har til no sloppe noko billegare unna enn grekarane, men også Spania har fått ei nedjustering av kredittvurderinga si. Mange spanjolar er fornærma over dette, og mange uroar seg over makta til kredittbyråa, skriv Murado. S&P justerte ned Spania frå AAA (høgaste karakter) til AA+ i januar, og vidare ned til AA i slutten av april – med påfølgjande rentehopp for gjelda til Spania. Murado peikar på at vurderingane til byrå som S&P kan skape akkurat dei konsekvensane dei åtvarar mot, ved å skru opp prisen på låna til ein stat med økonomiske problem.

Skivebom
Men samstundes: Nokon må analysere og åtvare når statar er i økonomiske vanskar og kanskje slit med å betale gjelda si. Ein kan slett ikkje alltid stole på det biletet regjeringane sjølve gjev av stoda. Og det høyrer til unnataka at kredittvurderingsselskapa skaper alvorlege problem ved å vere for strenge. Det er som regel når dei er altfor milde i vurderingane sine at det går skikkeleg gale. Og slike feilvurderingar gjer dei tre store dessverre stadig vekk, syner historia, anten det gjeld statar, storselskap eller verdipapir. Ta til dømes Island: Sjølv om dei islandske bankane investerte heilt ellevilt rundt i verda og pantsette heimlandet sitt langt opp over øyra, fekk Island behalde toppkarakteren sin frå byråa heilt til det small i 2008. «Ekstremt god evne til å møte pliktene sine», tyder dei tre A-ane frå Standard & Poor’s. Men det var berre tull, sjølvsagt. Den islandske staten var ikkje i nærleiken av å kunne dekkje alle låna han hadde garantert for da finanskrisa kom.

Det finst enda fleire fingeravtrykk frå dei tre kredittgigantane på skumle åstader. Også når det gjeld opphavet til sjølve finanskrisa, er S&P, Moody’s og Fitch blant dei aktørane som ber aller mest skuld. Hadde dei gjort betre arbeid, kunne aldri denne krisa fått dei dimensjonane ho fekk. For det var dei som gjekk gode for dei pillrotne pakkane med amerikanske bustadlån, såkalla subprimelån, og gav dei høgaste kvalitetsstempel – noko dei sjølve tente ein formue på. Hadde ikkje det godkjenningsstempelet vore på plass, ville desse bustadlåna blitt langt vanskelegare å selje vidare ut i verda til inkjeanande kjøparar.

Ser ikkje krisene
Like pinleg for byråa; Også investeringsbanken Lehman Brothers hadde høgaste kredittvurdering heilt til han kollapsa og starta finanskrisa for fullt. Og som økonomen Tomothy J. Sinclair har peika på i ei bok om kredittvurderingsbyråa, The New Masters of Capital: Dei klarte ikkje å varsle om Asia-krisa eller Enron-skandalen heller, sjølv om dei burde ha all naudsynt kunnskap for å gjere det. Og når krisene først kjem, bidreg gjerne byråa til å forverre dei med sjølvoppfyllande profetiar.

Men desse feila har ikkje teke frå dei tre store kredittvurderarane makta. Ikkje sjølvtilliten heller, tydelegvis. I april i fjor kom akkurat det tydeleg til syne i samband med at S&P nedgraderte kredittstatusen til Irland. Da uttalte Frank Gill, toppsjef for vurdering av statsgjeld i Europa, at han meinte Irland trong nokre «nye andlet i regjeringa» for å kome ut av krisa si.
Gill beklaga klokleg utsegna si etterpå. Makta til selskapet hans fungerer best når ho er uuttalt og udebattert. Men ingen treng tvile på at den makta er svært stor.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake