Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Butikkdauden i Ålesund

Av Bente Kalsnes og Elisabeth Solvang
,  15.01.05


Kjøpesentra Amfi Moagård (bilete) og Stormoa utgjer til saman det som blir kalla "Moasuget", og tiltrekkjer folk frå heile redionen; Stad, Stryn, Nordfjord, Volda, Vestnes og Molde. Foto: Bente Kalsnes
– Det var mykje koselegare i byen før, no er det jo berre tomme butikkvindauge overalt.
Utsegna kjem frå Ann Kristin Austnes, eit av dei få menneska som hustrar seg gjennom Kongens gate ein heilt vanleg dag i januar. Ho jobbar i byen og er ute for å kjøpe lunsj, ikkje for å shoppe. Skal ho gjere dét, dreg ho til kjøpesentra på Moa, ei og ei halv mil utanfor sentrum.
– Der får eg tak over hovudet og slepp å betale for parkering, seier Austnes.

Mange ser ut til å tenkje som ho, for i vekedagane er bygatene i Ålesund nærast folketomme. På papiret aukar handelen i sentrum så vidt, men det er takka vere dei to kjøpesentra som er etablerte. Desse kjøpesentra blei bygde for å konkurrere med handelen på Moa, sjølv om fleire jugendhus måtte ofrast i prosessen. Denne byen, som er omkransa av hav og fjell, er hylla for jugendstilen som pregar byen. Dramatiske omgjevnader og vakker arkitektur er likevel ikkje nok til å trekkje folk til bygatene.

– Eg trur folk flest er temmeleg lite interesserte i krusedullar oppetter veggene når dei skal kjøpe margarin, seier Ålesund-ikonet Harald Grytten.

Varm i vindjakka
Ei mil lenger aust i kommunen er biletet eit heilt anna. Klokka to på formiddagen er det vanskeleg å finne parkering på dei to kjøpesentra Stormoa og Amfi Moagård – det som på folkemunne blir kalla «Moabyen». Det held ikkje at om lag 2400 gratis parkeringsplassar er tilgjengelege for bilistane. Før jul måtte reflekskledde pensjonistar dirigere bilistane av di parkeringskaoset var totalt. Også i dag skuler sjåførane på kvarandre og smett inn i dei få lukene som blir ledige. Her treffer vi dei alle saman; barnefamiliane, forretningsfolka, fjortisane, pensjonistane. Eit mylder av dialektar tyder på at folk kjem langvegsfrå. I «gatene» passerer vi Cubus, KappAhl og Din Sko – kommersielle klassikarar vi kjenner frå dei fleste norske byar og tettstader. Den kalde vestavinden bit ikkje her inne, og folk ser varme ut i allvêrsjakkene sine.

– Vi finn det vi treng her, og vi reiser oftare hit no som det har blitt så stort. Vi er så å seie aldri i byen (Ålesund sentrum, red. merk.), seier trebarnsmor May-Britt Tungevåg. Saman med familien har ho sett av dagen og teke turen til Moa frå Stadlandet. Ein gong i månaden legg dei ut på bilturen som tek tre timar og inneber fleire ferjeovergangar.

Men Tungevåg-familien er ikkje dei einaste som køyrer langt for å kome til Moa. For nokre år sidan sette Stormoa opp gratisbussar frå Nordfjord og Stryn. Opphavleg var det budsjettert for tre bussar, men sidan pågangen var så stor, køyrde elleve bussar handlelystne fjordingar til kjøpesenteret midt i førjulsstrida. No treng ikkje senteret ordne med bussar lenger, folk kjem uansett. Til og med fotballspelarar som vurderer å spele for eliteserielaget Aafk, ser på Moa som ein fordel ved ein overgang.

Moa er meir enn eit par kjøpesenter. Moa har blitt eit fenomen på Vestlandet. Men ikkje alle lèt seg imponere.

Bry og butikkdauden
– Ålesund er den finaste byen i Noreg. Men det er tragisk at byen skal stå som ein spøkjelsesby, tordnar fotografen Knut Bry.

Han har reist land og strand rundt for å ta bilete av stengde butikklokale, nærare 2000 butikkar har han foreviga så langt, og den kjende fotografen meiner at Ålesund sentrum er aller hardast ramma av butikkdauden.

– Austfold og Vestfold er ille, men Ålesund er verst. På Lillehammer fann eg berre tre tomme butikklokale. Det skal berre eit lite OL til for å halde liv i sentrum, seier Bry tørt.
Planen er å samle bileta av dei tomme fasadane i ei bok på 1000 sider, og Bry er klar i si sak – kjøpesentra har skulda for butikkdauden i Noreg.

– Hadde ikkje folk gått rundt på kjøpesentra som hjernedaude sauer, hadde butikkane i sentrum klart å overleve. Ser ikkje dei at det heng saman, kvar dei handlar og kva butikkar som overlever, spør Bry.

Den Oslo-baserte fotografen har vore i Ålesund fleire gonger, og gremmer seg over det stadig ekspanderande kjøpesenterkomplekset på Moa.

Espresso i Ålesundet
I Ålesundet, det tronge sundet som har gitt byen namn, langt frå susen av hundrevis av handlande på Moa, held Invit og arkitekten André Klevberg til. Saman med arkitektsambuaren Åse starta han Ålesunds første kombinerte kaffibar, interiørbutikk og arkitektkontor i 1999. Vatnet i Ålesundet glir seint forbi vindauga i den trendy butikken.

– Vi har mista byen vår. Vi treng ikkje å gå lenger tilbake enn 20 år, då fylte folk fortaua i bygatene. I dag er ålesundarar mindre urbane enn ved gjenreisinga av byen i 1904, seier Klevberg.

Baristaen med landslagsplass serverer morgontrøytte ålesundarar herleg kaffi på veg til jobb, men er oppgitt over at folk ikkje likar å bli våte på beina – eller bruke byen for det han er verd.

– I Bergen regnar det meir enn i Ålesund, likevel har byen ein renessanse. Bergensarane er endå meir bypatriotiske enn ålesundarane, dei er så forbanna stolte over byen sin. Sjå berre på Skostredet og miljøet som har vakse fram rundt designaren T Michael, seier Klevberg.

Han meiner at Ålesundet, som splittar byen fysisk, er sjølve livsnerven i sentrum. Aktivitet langs sundet kan gje ein ny impuls til Ålesund som kanalby.

Det er ikkje kjøpesenteret Ålesund Storsenter som er Ålesunds sentrum, det er sundet som er det særeigne, seier Klevberg.

Store blir større
Det burde ikkje kome som ei overrasking på nokon at mesteparten av detaljhandelen har flytt seg frå sentrum til trafikknutepunktet Moa. Kommunepolitikarane har lagt til rette for storstilt kommersiell verksemd på Moa sidan tidleg på 1980-talet.

– I dag har Moa teke overhand. Frå den augenblinken politikarane gav opp å styre på byrjinga av 90-talet, har Moa auka for mykje i høve til sentrum. Men dette heng også saman med boligpolitikken.

Orda kjem frå avtroppande leiar for Jugendstilsenteret og tidlegare SV-politikar, Thor W. Bjørlo. På ein nesten folketom kafé i Jugendstilsenteret uttrykkjer Bjørlo bekymringa si for utviklinga i regionen.

Totalt hadde dei to kjøpesentra på Moa, Stormoa og Amfi Moagård, som begge er eigde av Amfi Eiendom i Surnadal, men drifta som to separate selskap, ei omsetning på enorme 1,79 milliardar kroner. Det er 4. største omsetning av kjøpesentra i Noreg. Til samanlikning hadde det største kjøpesenteret i Noreg, Lagunen i Bergen, ei omsetjing på 1,95 milliardar kroner i 2004. Den store skilnaden er at Ålesund har 40.000 innbyggjarar, medan Bergen er seks gonger så stor med 240.000 innbyggjarar. Om lag 160 butikkar fyller dei 44.000 kvadratmeterane på Moa, og i 2005 veks Moa endå meir, når Coop Obs! utvidar med 2000 kvadratmeter.

Alt tidleg på 1990-talet var direktøren for Jugendstilsenteret bekymra for storleiken på kjøpesenterkomplekset Moa. Med 31 mot 30 stemmer stemte kommunestyret i Ålesund for ei omregulering av to fabrikkar på Moaområdet til kommersiell verksemd, Spjelkavik skofabrikk og Stokke. Bjørlo stemte mot, fordi han meinte at «avlastningssentrumet» var i ferd med å ta overhand på Ålesund sentrum.

– Eg synest det er fornuftig at ein etablerte Moa som eit «avlastningssentrum», og det var fornuftig at det ekspanderte litt. Men då ein tillét omreguleringar, oppheva ein alle restriksjonane, og fekk ei veldig sterk utbygging, seier Bjørlo som i løpet av våren skal gå av som direktør for Jugendstilsenteret, som nyleg blitt nominert til prisen for Årets museum.

Heller Moa enn Volda
Mannen som gjennom fleire tiår har teke folk med på byvandringar for å vise at Ålesund er meir enn vakre kulissar, er byhistorikar Harald Grytten, han med krakken. Sidan 1979 har han skrive 51 bøker med stort og smått, flesteparten av dei om Ålesund. Dei tre siste er ein serie om Ålesunds historie.

– Framveksten av Moa er ei styrt utvikling, seier Grytten, som ikkje kan gå gjennom byen utan at folk kjem bort og helsar på han, eit levande byleksikon som han er.

– Ein kunne aldri hatt all handelen i sentrum, då måtte ein ha skote vekk Akslafjellet, i tillegg til Fuglefjellet, sidan Ålesund er så geografisk avgrensa, seier Grytten.

For Ålesund kommune ser han det som positivt at Moa har blitt eit handelssentrum og at folk kjem langvegsfrå, i staden for at Ulsteinvik, Hareid eller Volda hadde fått den posisjonen. Men sjølv handlar han alt i sentrum – av rein patriotisme. Han kan telje på éi hand dei gongene han er på Moa, då er det vanlegvis for å signere bøker.

Med klar artikulasjon og rulle-r-ar forklarar Grytten at Ålesund sentrum har heilt andre kvalitetar enn «Moabyen», slik som kultur, restaurantar, kafear, musikk og ikkje minst arkitektur.
– Ålesund er ein sjåverdig stad, men ein brukbar, sjåverdig stad. Han står ikkje der berre som eit museum, seier Grytten.

Men sjølv om han er optimistisk på vegner av byen, ser han fleire faresignal. Tildekte butikkvindauge og få barn i sentrum fører til mindre liv i bygatene.

– Det er ein fare dersom byen blir ein getto for rike pensjonistar, seier Grytten.

– Det må politisk vilje til for å få småbarnsfamiliane til sentrum. Dersom ein overlèt alt til marknadskreftene, slik kommunepolitikarane har gjort, er slaget tapt.
Handle og bu på Moa

Og bustadtala for Ålesundsdistriktet er klar tale. Frå 1980-2003 har talet på folk busett i sentrum gått ned med 350 personar eller 9,6 prosent, medan indre bydel ved Moa/Spjelkavik og Blindheim har auka med høvesvis 33,6 og 92,6 prosent sidan 1980. Sentrumsskulen Aspøya har problem med å fylle opp klasseromma sine, medan Spjelkavik barneskule var full alt då han var nybygd på slutten av 1990-talet.

Folk vil bu der det skjer – ikkje langt frå Moa.

– Vi har ikkje nokon planøkonomi, det er på mange måtar marknadskreftene som styrer, seier byarkitekt Gudmund Hoel.

– Mange synest Moa/Spjelkavik-området er eit attraktivt område, og dersom dei ønskjer å bu der, må dei få velje det.

I 6. etasje i det omstridde rådhuset ser han og plan- og bygningssjef Lars Vartdal ut over Borgundfjorden og biltrafikken som snor seg gjennom sentrum i ettermiddagsskumringa.
Dei to mennene i 6. etasje har også lagt merke til at mange butikkvindauge i sentrum står tomme eller er dekte til av brunt papir. I den siste tida har fleire butikklokale på gateplan blitt gjorde om til leilegheiter, sjølv om dei er regulert for næringsverksemd.

– I område som er litt utanfor sentrum, har vi tillate at eigaren gjer lokalet om til leilegheiter. I staden for at det står fleire tomme forretningslokale i byen, er det betre at ein får inn folk.

– Er ikkje det eit faresignal for byen når butikklokale blir ståande tomme?
– Det er ikkje heldig, men kva kan vi gjere med marknadskreftene, spør Vartdal.

Dei er langt frå samde om at Ålesund sentrum er eit daudt sentrum.

– Ålesund er ein mykje meir levande by no enn han var på midten av 90-talet, då eg flytta hit, seier Hoel.

– Det har kanskje blitt ei forskuving i handelen frå byen til Moa, men det er grenser for kva kommunen kan styre, seier Hoel, som strekar under at utvikling av Moa har vore planlagt frå politisk hald heilt frå starten.

Heilt sidan 80-talet har Moa vore merka av med eit stort blått arealet for kommersiell verksemd i byplanen. Men både Hoel og Vartdal tvilar på at det er politiske signal for at Moa kan vekse noko meir no.

Ein skal likevel ikkje vere for sikker. I byplanen som ligg utbretta på bordet, ser vi framleis blått område som ikkje er utbygd i dag. Innimellom kjøpesentra, kyrkja, helsestasjonen, symjehallen, kinoen og rutebilstasjonen, som alt er på plass. I Moabyen.

Byen i byen
– Vi er som ein liten by i byen. Vi har vår eiga ordensmakt, Securitas, ja, vi har det meste, seier Anne Nerbøvik, senterleiar for Stormoa.

Ei lita dør mellom Scan Asian Shop og Badegleder fører til sjølve hjernen i Stormoa, senterleiinga. Kvart år sidan Nerbøvik tok over som leiar, har omsetjinga auka med minst fem prosent. I 2004 var veksten på heile 6,7 prosent.

– Vi har for lenge sidan sett at kjøpesenteret fungerer like mykje som eit samfunnshus som ein handelsstad. Hit reiser folk for å møte naboen, seier Nerbøvik, som treffer sine eigne naboar på senteret, ikkje heime i gata.

– Det er veldig mange kundar som kjem hit og ikkje handlar, anna enn kanskje på kafeane. Det er veldig greitt.

Om ti år er hennar visjon at dei to sentra Stormoa og Amfi Moagård er slegne saman, at området har fått eit forsamlingslokale og at Moa framleis er eit sterkt handelssentrum.
– Vi ønskjer ikkje at Ålesund sentrum skal liggje brakk. Vi på Moa er veldig opptekne av at handelen i Ålesund skal gå såpass rundt at dei får det til å fungere, seier Nerbøvik.
I «gatene» utanfor senterkontoret heng fjortisane, ikledde det siste nye frå butikkane på kjøpesenteret.

Fire 16 år gamle jenter vi snakkar med, føretrekkjer Moa fordi det er ingenting som skjer i byen, berre i helgane når uteplassane er opne. Dagens innkjøp dinglar i ein liten pose frå H&M. Dei er ikkje her for å shoppe, men for å kikke.

– Eg kan ingen gatenamn i byen og eg legg ikkje merke til jugendstilen, seier Tonje.
– Eg er her kvar dag. Det er her eg treffer vennane mine, seier Ingvild.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake