Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Svar til Ramadan
Walid al-Kubaisi ,  26.03.10

Eg meinte at den islamistiske hijaben er introdusert av Muslimbrørne. Ramadan nektar for det. I samtalen med Ramadan viste eg eit bilete av Fawzia al-Banna, syster av Hassan al-Banna, grunnleggjaren av Muslimbrørne, der ho ikkje brukar hijab trass i at far hennar var teolog og gav ut eit teologisk verk i mange band. Eg viste òg bilete av henne etter at ho gifte seg med ein muslimbror nokre få år seinare og hadde teke på seg hijaben. Eg meiner dette syner korleis Muslimbrørne innførde hijaben og brukte han som eit politisk symbol for islam.

Vi kan ta bilete av ei anna kvinne, frå 1911 og 1914. Fati­­ma al-Zamil er ei kjend kvinne som rådde i Hael i Saudi-Arabia. Fatima al-Zamil passa på sonen, kronprinsen, og styrde området med stønad frå dei religiøse leiarane og teologane i landet. Sjå håret. Biletet viser at før Muslimbrørne kom til, brukte ikkje eingong dei meste ekstreme samfunna som Saudi-Arabia hijaben. Var ho likevel muslim god nok?

Ramadan spelar eit uærleg spel når han veit at den europeiske lesaren ikkje har kunnskap om emnet. Han skriv: «Khimar (hijab eller islamsk skaut) har vore til stades i den islamske tradisjonen heilt sidan byrjinga.»

Her blandar Ramadan korta: Å ha noko på hovudet er ein semittisk tradisjon som gjeld menn og kvinner. Menn har aldri gått ut utan å dekkja hovudet. Men dette er ikkje eit påbod. Det var seint i moderne tid at menn kasta «sløret», altså hovudplagget. Kristne og jødiske kvinner har òg dekt håret. Er dei òg muslimar? Fylgjer dei også det muslimske påbodet? Nei, sjølvsagt ikkje.
Tradisjon er noko anna enn teologi. Og teologane har vist til skildringar som stadfester at mange teologiske tolking­ar når det gjeld hijab, er feil: Før bøna utfører muslimane ein rituell vask som vert kalla for wudu. Det tyder førbønvask. Ein vaskar hår, andlet, armar og føter. Mange skildringar fortel at menn og kvinner samstundes vaska seg wudu, altså dei vaska hår og armar medan menn var til stades og såg på. Difor var det ikkje påbod i tida til profeten å ikkje visa hår og armar, dvs. dei brukte ikkje «hijab».

Når Ramadan brukar orda skaut, hijab og khimar om det same, er det berre for å blanda korta. Ordet hijab vert brukt sju gonger i Koranen. Ingen av stadene peikar på klesdrakta til kvinna. Muslimbrørne brukte ordet hijab fyrste gong i moderne tid. Eg utfordrar Ramadan til å gje eitt einaste døme frå teologien i heile historia til islam før 1928 der ordet hijab er brukt som nemning for kvinneklede.

Det eg peika på i artikkelen, var den spesifikt islamistiske hijaben, ikkje klesdrakta til kvinna opp gjennom historia frå tida til profeten. Same­leis som det finst mange kles­motar i dag, har det òg funnest mange muslimske klesmotar for kvinner. Islamistane har funne opp den islamistiske hijaben som politisk symbol etter 1928.

Tvang: Ramadan hevdar at han er imot å tvinga kvinner til hijabbruk. Sjølvsagt kan han ikkje tvinga ei einaste kvinne til å bruka hijab. Det er ikkje det debatten om tvang dreiar seg om. Men han seier indirekte at hijaben må brukast når han strekar under at hijab er eit påbod i Koranen. Då vil ei muslimsk kvinne oppfatta det som tvang for å kunna verta rekna som påbodsoppfyllande muslim. Så for at det muslimske miljøet skal sjå på henne som ein god muslim, tek ho på seg hijaben. Det er denne tvangen som er farleg. For denne tolkinga om at hijab er påboden, vil hindra muslimar i å lytta til teologar som står for reform, som lever i dag og som ikkje reknar hijab som påbod. Eg kjenner tallause kvinner som bed fem gong­er om dagen, som held seg til påboda i islam, men som ikkje brukar hijab. Likevel vil tolkinga som Ramadan held seg til, rekna dei som påbodsbrytarar i islam.

Medlemskap: Ramadan seier at han ikkje er muslimbror. Det er greitt. Det har eg heller ikkje hevda. Men eg hevdar at han stør ideologien til Muslimbrørne. Ein treng ikkje medlemskort for å kunna reknast som muslimbror. Ramadan står for same bodskap som Muslimbrørne. Dette seier eg til liks med tallause forskarar, tallause muslimbrør og tallause muslimske intellektuelle.
I 1998, då Ramadan vitja Kairo, uttala formannen for muslimbrørne der at «aktivitetane til Tariq Ramadan er sannferdig lojale mot tankane til Muslimbrørne».

Her i Europa har vi sett på fjernsyn mange som står fram på skjermen og tek avstand frå dei nazistiske fedrane sine. Dette opplever ein ikkje hjå Ramadan når ein les det han skriv om far sin og morfar sin, Hassan al-Banna – grunnleggjaren av Muslimbrørne. Tvert imot har han framleis god kontakt med kjende personlegdomar i organisasjonen til Muslimbrørne, t.d. Youssef Nada som stifta Al Taqwa Bank som finansierer aktivitetane til Muslimbrørne, der Yusuf al-Qaradawi er leiar for den teologiske komiteen til banken.

Ramadan hevdar at han kritiserer muslimbrør. Men det er ikkje denne kritikken eg meinte i artikkelen min. Det er kritikk der han tek tydeleg avstand som manglar i påstanden hans. Det finst Frp-medlemer som kritiserer Frp innanfrå. Men den typen kritikken er ikkje den same som når Marte Michelet i Dagbladet kritiserer innvandringspolitikken til Frp.

Ramadan viser til dialogboka L’Islam en Question, som han skreiv saman med Alan Gresh. Slik presenterer Ramadan han: «Alain Gresh, ateist av jødisk opphav som har budd i Egypt».
Alain Gresh er ein sterk Israel-kritikar som ikkje trur på jødedomen lenger. Alain Gresh er ein kjend kommunist som tidlegare meinte at det var ingen feil med stalinismen, og no er det ikkje noko problem med islamisme. Gresh hevdar at frykt for islamisme kan samanliknast med dei amerikanske påstandane om kommunistfaren i 50-åra. Han er ein hyppig gjest i TV-kanalen Al-Jazeera når dei treng ein person med jødisk opphav for å kritisera Israel. Å omfamna han tyder ikkje noko særleg korkje for Ramadan eller bodskapen hans.

Møtet med Ramadan: Eg fekk 45 minutt av Cappelens Forlag til disposisjon. Eg møtte Ramadan kl. 09.00. Han hadde tidlegare vorte informert om at eg er forfattar. Eg starta diskusjonen med han, men han viste meg til bøkene sine. Ramadan har rett i at eg sa at eg ikkje hadde lese bøkene hans, men det var berre for å få han til å svara meg. Faktum er at eg har lese alt som er publisert av han på norsk og arabisk, i tillegg til tallause artiklar og intervju.
Så seier Ramadan at eg ikkje noterte så mykje. Men det Ramadan gjorde under intervjuet, var at han brukte ein kjend taktikk: Å sløsa med tida med å snakka seg bort frå spørsmåla og sortera folk etter politisk ståstad. Likevel noterte eg det som kom fram i artikkelen.

Ramadan skriv i svaret sitt til meg: «Kubaisi presenterer eit sitat frå internett som Fourest har klipt i: Det er sant at eg har sagt: ‘Eg aksepterer lover og reglar, men berre dersom dei ikkje tvingar meg til å handle i strid med religionen min’, men eg la til: ‘Inga vestleg lovgjeving pålegg meg å handle i strid med overtydinga mi, difor lyder eg lovene fullt ut.’»
Eg siterte essensen i det eg kritiserer. Det er ikkje ei bragd at Ramadan lyder lovene. Men den haldninga at religionen er referansen som gjer at ein lyder lova eller ikkje, er kontroversiell. Dette er på ein indirekte måte eit krav frå muslimane som deler med Ramadan tanken om at lovene i Vesten ikkje må strida mot islam. Denne haldninga er totalt annleis enn dei kristne boda i Bibelen om at styresmaktene er innsette av Gud og difor må lydast.

Men eg har ikkje henta sitatet frå Fourest, herr Ramadan. Det var mange arabiske intellektuelle som meinte at opptøyane i forstadene i Frankrike har mange grunnar, éin av dei er den opplæringa Ramadan har gjeve dei. Der vart sitatet brukt som døme på retorikken din. Sitatet du presenterte i full versjon, kan samanliknast med: «Eg må snart kjøpa ein pistol for å forsvara meg, men eg er heilt trygg her i Noreg.» Tilhøvet til lova i det sekulære Europa er annleis: Lova er hovudreferanse, og alle religiøse prinsipp må innordna seg (under lova). Om det var plass, kunne eg ha sitert tallause tvilsame formuleringar av denne typen, der du seier noko, men bremsar i neste setning.

Eg hevda i artikkelen min at Ramadan fekk stogga framføringa av eit skodespel av Voltaire i Genève. Han fortel: «Borgarmeisteren i Genève, Alain Vaissade, har sjølv slege fast at desse skuldingane er grunnlause.»
Greitt, min påstand byggjer på indisium. Kvifor måtte Alain Vaissade gå ut og forsvara at du ikkje var skuldig? Kven peika på deg som skuldig? Og kvifor?
Og: Er det mogeleg at eit teaterstykke av Voltaire vert stogga i Genève utan at dei har fått hint frå mektige muslimar om å stogga det? Kva var haldninga di? Du meiner at Voltaire har forma deg, vel; har du tydeleg og kraftfullt oppmoda muslimar til å protestera mot denne handlinga?

Ramadan prøver å plassera meg som ein tvilsam neokonservativ ved å knyta meg til Daniel Pipes. For det fyrste har eg aldri høyrt om denne personen. For det andre ser eg på meg sjølv som ein fritenkjar, fri for alle ideologiske og politiske båsar. Eg kritiserer Ramadan frå ein annan ståstad enn alle dei som er fiendslege mot islam og palestinarar.
Mitt viktigaste poeng er at Ramadan ikkje er ein reformator. Reform tyder å nytolka islam i harmoni med vår tid. Fundamentalisme er å føra vidare religionen frå fortida utan endring. Her seier Ramadan at han er imot nytolking av islam, altså imot reform.

Dette er det avgjerande i denne debatten: Min påstand om at Ramadan ikkje er nokon re­­formator. Trass i at han protesterte på dette, stadfeste han det eg meinte då han skreiv: «Eg utfordrar herr Kubaisi til å finne ein muslimsk skriftlærd som før koloniseringa skal ha meint at hijaben ikkje var eit islamsk påbod.»

Walid al-Kubaisi er forfattar og norsk statsstipendiat.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake