Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Prisen for det kvite kjøtet

Av Astrid S. Dypvik
,  26.03.10


Foto: Astrid S. Dypvik
Kyllingane trippar rundt på betonggolvet. Her står 21 kilo levande kjøt per kvadratmeter. Frå taket er det heisa ned skåler med vatn og fôr. Dei lever på ein spesialdiett av bygg, havre, grasmjøl og tangmjøl i tillegg til einebær og lynghonning som skal gi det vesle ekstra.
Den daglege rasjonen er ut­­rekna av ein datamaskin på ut­­sida. Også lufttemperaturen er regulert derifrå. 21 grader. I 41 dagar har kyllingane trippa rundt på dette golvet, mellom matfat, vatn og kvile. På desse dagane er kroppsvekta auka frå 45 gram til 1,8 kilo. Dette er deira siste dag. I morgon kjem transportbilen som fraktar dei i små kassar til Norturas slakteri. Sidan skal dei køyrast ut igjen, utan hovud, innpakka i plast med påskrifta «Håkylling».

Bonde Sigurd Høyland på Nær­­bø leverer 286.000 slaktekyllingar i året. Nokre av desse er Håkyl­lingar, som blir klassifiserte som gourmetkyllingar. Andre lever på gråbrune kraftfôrpellets frå Felleskjøpet og endar opp som meir gjennomsnittlege kyllingfiletar, kyllingvenger eller kyllingpølser.

– Forbruket av kvitt kjøt har auka jamt dei seinaste åra. Det er også ei generasjonssak. Foreldregenerasjonen min åt svært lite kylling. Dei unge et kylling, og det kjem stadig til nye kylling­etarar. Så det er ei viss sprengkraft i det, kan du seie, seier Høyland.

Framtidsbruket
Det er ulvetider i norsk landbruk. Sjølv med Senterpartiet i regjering syd og kokar misnøya blant bøndene. I løpet av dei siste dagane har 170 ordførarar skrive under på eit opprop som krev eit kraftig økonomisk løft for landbruket i det komande jordbruksoppgjeret. Samstundes syslar landbruksminister Lars Peder Brekk med ei ny landbruksmelding. Denne skal leggje føringar for framtidas norske landbruk. Brekk har tydeleg signalisert at volumet i produksjonen skal opp. Målet om at 50 prosent av maten skal vere produsert her i landet står ved lag, også når folketalet aukar. Spørsmålet er korleis det skal skje. Tilhøyrer framtida det raude kjøtet frå dyr som har livnært seg på norsk gras, eller det kvite kjøtet og det importerte kraftfôret? For kan ein kylling reknast som norskprodusert når halvparten av maten han har ete, vart importert frå utlandet? Denne gongen skal dei blodige, opphovna kyllingvengene, knekte på veg frå slakteriet, få liggje i fred.

Framtidsfjøset
Medan vi ventar på landbruksmeldinga, kan ein kikk inn i Sigurd Høylands kyllinghus gi eit blikk inn i det norske framtidslandbruket. Produksjon av slaktekylling ber mange av kjenneteikna til det landbruket som har vunne fram i Noreg dei seinaste tjue åra. Produksjonen går føre seg i stor skala og er effektiv. Produksjonsvolumet er høgt. Ein treng ikkje mykje arbeidskraft til kyllinghaldet. Høyland tek seg i all hovudsak av dei 286.000 kyllingane som årleg er innom garden åleine. Til hjelp har han berre ein nabo som trør til i dei aller mest hektiske periodane. Kyllingane lever i 30–42 dagar. Dette gjer produksjonen fleksibel.

På den nyaste statistikken over næringsinntekt for bønder frå Statistisk sentralbyrå (SSB) er svin- og fjørfeprodusentane den gruppa blant bønder som har flest med høg inntekt. 35 prosent av dei hadde ei årsinntekt på 400.000 eller meir. Men aller viktigast er dette: Det ser ut til at marknaden der ute ikkje blir mett på det kvite kjøtet. Frå 1999 til 2008 vart det gjennomsnittlege årskonsumet av kvitt kjøt i Noreg auka frå 8,3 til 16,6 kilo. Og festen er truleg langt frå over. Nordmenn et lite kylling samanlikna med andre. Ungararane et årleg 31,3 kilo kyllingkjøt, amerikanarane heile 47,8. Det er mange fordelar med å vere kyllingbonde.
– Far min kom frå ein gard med mjølkekyr. Han sa at det ville han aldri drive med. Det er lange arbeidsdagar, og ein kan aldri ta fri. Difor la han om til kylling. Då er ein meir fleksibel, fortel Høyland.

Det lyse kjøtet frå svin og kylling står no for 70 prosent av den totale kjøtproduksjonen i Noreg. Det viser SSBs statikk over norsk kjøtproduksjon frå første halvår i fjor. Både kylling og gris lever berre på kraftfôr. Delar av dette kraftfôret er importert soya frå Brasil.

«Sjukt billeg»
«Sjukt billeg» kallar han det, Ole Anton Teigen, leiar i Bonde- og småbrukarlaget. Han meiner at prisen på det lyse kjøtet frå kylling og svin må doblast. Han nøler heller ikkje med å kalle produksjonen industrialisert.
– Den er ikkje basert på lokale ressursar, ein kan i prinsippet produsere kyllingkjøt kvar som helst, seier Teigen.

Forskar ved Norsk institutt for landbruksøkonomi (NILF) Svenn Arne Lie vil ikkje gå med på å kalle kyllinghusa for framtida for norsk landbruk. I alle fall ikkje utan diskusjon.
– Dagens landbrukspolitikk gjer diverre kylling som er mata opp på importert kraftfôr til framtidas landbruk. Samstundes med at produksjonen av kvitt kjøt og importen av kraftfôr aukar, gror landet att fordi det ikkje blir beitt. Matproduksjonen baserer seg i aukande grad på andre lands naturressursar og arbeidskraft, seier Lie.

Han innrømmer at dette likevel har ein viss logikk.
– Stikkordet er pris. Ein trur at dersom det er billeg, må det vere bra. Forvaltninga av landbruket har difor eit snevert og kortsiktig prisfokus som ikkje er knytt til det lokale ressursgrunnlaget, seier Lie.
Forskaren meiner det er sjølve ideen om korleis landbruket skal vere som står på spel. Det desentraliserte landbruket, knytt til spreidd busetnadsmønster, utnytting av nasjonale ressursar og som held kulturlandskapet i hevd gjennom beiting, kort sagt det mange reknar som meirverdien av norsk matproduksjon står på ei side. På den andre sida står det kvite kjøtet.

Norsk nok?
Hovudankepunktet frå kritikarane er knytt til kraftfôret. Om lag halvparten av dette er importert. NILF-forskaren Lie rekna ut at Noreg legg beslag på om lag 2,5 millionar dekar dyrka mark i utlandet gjennom kraftfôr­importen.
– Om du importerer 50–60 prosent av maten dyret et, seier det seg sjølv at dette ikkje er berekraftig over tid, seier Ole Anton Teigen.
I statistikken til SSB og Landbruksdepartementet blir ein kylling eller gris som er fôra opp på ein diett der halvparten av maten er importert rekna som eit heilnorsk produkt. I 2008 vart 580.000 tonn kraftfôr importert til Noreg. Denne indirekte matimporten er skjult i statistikkane for norskprodusert mat.

Regnskogen
«Ikkje ta maten vår» var bodskapen i eit brev den brasilianske organisasjonen Movimento dos Trabalhadores Sem Terra (MST), den store rørsla til dei jordlause bøndene, sende til Erik Solheim denne veka. Brevet var også underskrive av det norske Bonde- og småbrukarlaget. Organisasjonane bed den norske regjeringa om å fase ut import av kraftfôr. I 2008 importerte Noreg dyrefôr frå Brasil for 187 millionar. Brevet fortel om store monokulturar, utpining av jorda og utstrekt bruk av sprøytemiddel. Arbeidarane på plantasjane får luseløn, så dei positive ringverknadene for lokalsamfunnet er minimale, hevdar dei. Hovudkritikken handlar likevel om press mot landbruksjorda. Eksporten av soya krev stadig meir areal. Småbønder blir fortrengde til fordel for den eksportretta produksjonen. I tillegg blir regnskog øydelagd.

Same konklusjon kom organisasjonen Framtiden i våre hender fram til i ein rapport frå 2008. Tittelen på denne rapporten er kort og greitt «Soya spiser skogen». Akkurat det er eit større problem for norsk klimapolitikk enn for norsk landbrukspolitikk. Bevaring av regnskog står som kjent høgt oppe på den norske, internasjonale klimapolitiske agendaen.

Pølsekuler
I busskura i det opne og lett forblåsne landskapet på Jæren blir det reklamert for siste nytt frå Prior: Pølsekuler. Dette er pølser av kylling og kalkun som ikkje ser ut som pølser, men som har form som små klinkekuler. I dette landskapet har det blitt stadig fleire kyllinghus dei seinaste åra. Første halvår i fjor vart 7232 tonn kyllingkjøt produsert her på Jæren. Sigurd Høyland er kjend med kritikken mot kraftfôret, men blir ikkje overtydd.
– Om kjøtet ikkje skal produserast i Noreg, vil det uansett bli produsert. Om ikkje her, så i Thailand eller Brasil. Ein kan seie mykje om norsk kyllingproduksjon, men han er regulert og blir kontrollert av veterinær og mattilsyn. Ein får ikkje betre dyrehelse eller betre kylling av å ikkje importere kraftfôr til Noreg, seier Høyland.

Han meiner kylling er eit godt alternativ om ein først skal ete kjøt fordi kyllingane treng færre kaloriar for å lage ein kilo kjøt enn det sau og storfe gjer. Støttespelarane til det kvite kjøtet kan også finne støtte hos miljøorganisasjonar som Grønn hverdag som meiner at raudt kjøt gir tre gonger så mykje klimagassutslepp som kvitt kjøt. Spørsmålet om det kvite og det raude kjøtet skaper mykje hovudverk i bonde- og senterpartikrinsar. Under valkampen i 2007 åtvara dåverande Senterparti-leiar Åslaug Haga mot å ete raudt kjøt. Då fekk ho Bondelaget på nakken. Seinare hevda ho at ho måtte ha vore fargeblind i gjerningsaugneblinken, og peika ut kvitt kjøt som miljø­versting. Då fekk ho Fjørfelaget på nakken. Episoden gjorde tydeleg sterkt inntrykk, for han dukkar opp att, lett forvridd, i romanen I de innerste sirkler, som ho gav ut i fjor haust.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake