Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


For folk flest

Av Fredrik W. Thue
,  12.03.10


«Grunnlova var viktig, men betydde poteta meir for folk flest?» Slik presenterte den progressive sosial­historia frå 1970-åra seg for oss historiestudentane gjennom vaskesetelen bakpå Tore Prysers lærebok Norsk historie 1800–1870.

Den gongen for snart 25 år sidan fann eg formuleringa lettare parodisk. Men i dag kan eg lesa henne på ein ny måte. Smak på denne: «Rettstryggleik er viktig, men betyr bensinprisane meir for folk flest?» Vi kjenner straks att retorikken til Framstegspartiet, rett nok i ei form partileiinga neppe hadde autorisert.

Frå venstre- til høgrebølgje
Likskapen i retorikk mellom dei to utsegnene med motsett politisk forteikn er truleg ikkje heilt tilfelleleg. På ei heil rekkje område kan det sporast samanhengar mellom venstrepopulismen i 1970-åra og den nye norske høgrepopulismen med sentrum i Framstegspartiet. EF-striden fram mot 1972 løyste opp innarbeidde partilojalitetar, veljarane la ut på vandring, og kvardagsrøynsler på «grasrota» vart murbrytarar mot autoriteten til dei sentrale politiske institusjonane.

Alt dette vart nokre år seinare utnytta av Høgre, som opplevde eit gjennombrot som folkeparti ved stortingsvala i 1977 og 1981. Antiautoritære og sentrumsskeptiske grunnstemningar vart ei drivfjør bak den såkalla høgrebølgja, som òg førde til ei ideologisk kursendring i Arbeidarpartiet. I dei to seinaste tiåra er det framfor alt Framstegspartiet som har tileigna seg den norske populistiske arven og forma han om på meisterleg vis.

Politikk som oppseding
Populismen er ein ideologi som set vanlege folks røynsler og sunne fornuft opp mot den kalde byråkratiske rasjonaliteten til politiske elitar og institusjonar. Omgrepet vert ofte brukt i nedsetjande tyding, men det er vanskeleg å tenkja seg eit godt demokrati utan eit livgjevande innslag av populisme. I Noreg er populismen monaleg eldre enn partia, og populistiske straumdrag har vore eit kjerneelement i det parlamentariske demokratiet.

Men om populismen har stått sterkt, så har òg dei disiplinerande motkreftene vore sterke. Partia har vore meir eller mindre tunge organisasjonar med ein dobbel funksjon: mobiliserande politiske rørsler på den eine sida, ansvarlege parlamentariske aktørar på hi. Til dette biletet høyrde ei partipresse som oppseda lesarane sine ­– for ikkje å seia manipulerte dei – til å sjå skiftande politiske saker i ei stabil parti­politisk referanseramme.

Populismen var «råstoffet» til demokratiet, medan institusjonane var «forma» som verka politisk oppsedande og reinsande på straumdraga nedanfrå. Denne tankemodellen kan sporast heilt attende til embetsmannsstatens ideolog Frederik Stang. Men frå 1970-åra har han vorte radikalt utfordra – først frå venstre, så frå høgre.

Når «folket» held mikrofonen
Etter at partipressa gjekk i oppløysing, har norske journalistar dyrka ei profesjonell sjølvforståing som «riddarvakta til folket». Den pågåande journalisten meiner å opptre på vegner av folket når han stiller spørsmål, formidlar stemningar i opinionen, grillar politikarar og kler av makta. Men sidan «folket» ikkje er direkte tilgjengeleg for Marien­lyst eller Akersgata, dreiar det seg sjølvsagt om ein konstruksjon som speglar truer og fordomar i eit heller trongt journalistlaug.

Her har vi då eit klårt og særs sentralt døme på korleis venstrepopulismen har spela rett i hendene på den nye høgresida. For den «folkelege» retorikken dei mildt venstreorienterte journalistane har dyrka – rett nok i eit samspel med meir kommersielle medieinteresser –, er sjølve oksygenet som gjev liv til Framstegspartiet.

Det skjer ikkje fordi media forsvarar standpunkta til partiet, men fordi sjølve mediedramaturgien svarar ganske presist til høgrepopulismens etos: Komplekse samanhengar vert reduserte til lettfattelege kvardagsdøme, roller og institusjonar til personar og nettverk. Lesaren vert smiska for og gjord til målet for alle ting («Dette betyr statsbudsjettet for DEG»). Kritikk av institusjonar og maktpersonar går difor hand i hand med ei tilnærma total kritikkløyse andsynes «folkelege» krav.

Nyttig forsking
At venstrepopulismen frå 1970-åra rydda vegen for høgrekreftene, ser ein også i forskings­politikken og synet på rolla til universiteta i samfunnet. Her òg er det lett å verta villeidd av sjølvforståinga og den samtidshistoriske tolkingsramma til aktørane. Studentopprørarane meinte sjølve at dei forsvara sjølvstendet til akademia mot aukande press frå stat og næringsliv. Men i røynda undergrov dei vilkåra for dette sjølvstendet ved å freista å gjera universiteta om til senter for politisk aktivisme. Kravet om at forskinga skulle «tena folket» og vera ein reiskap for progressiv samfunnsendring, vart eit viktig utgangspunkt for nye lærestader som Universitetet i Tromsø. I Danmark fekk ein Roskilde Universitetscenter, eit sentrum for marxistisk fagkritikk som seinare vart ein banebrytar for marknadstilpassa forsking og utdanning i det danske universitetssystemet. Med krava om å slå seg ut av det akademiske «elfenbeinstårnet» følgde ei nedbygging av tradisjonsrike akademiske strukturar, som i neste omgang la institusjonane opne for marknadsretting og politiske nyttekrav. I Noreg har vi fått eitt gigantisk forskingsråd med satsingsprogram formulerte i eit glatt politisk-administrativt språk som òg universitetslærarane lyt smiska for om dei skal få forskingspengar og stipendiatar. Draumen om å tena folket har slege attende som ein bumerang.

Frp-koden
Magnus E. Marsdal har i boka FrP-koden (2007) skulda den norske eliten for å fyra opp under høgrepopulismen ved å visa forakt for folkeleg smak og røynsle. Men som mellom andre Nils Rune Langeland og Cathrine Holst har peika på, kan dette umogeleg forklara kvifor Framstegspartiet har vakse seg så stort akkurat i Noreg, med ein svak elitekultur og ei sjeldsynt låg sosial verdsetjing av høgre utdanning.

Dersom det er rett at Framstegspartiet livnærer seg av eldre populistiske straumdrag i det norske demokratiet, forsvinn dette paradokset. Marsdals dirrande peikefinger mot eliten står då heller ikkje lenger fram som ein del av løysinga, men snarare som ein del av problemet. I staden for som Marsdal å krevja RESPEKT for Pizza Grandiosa, vil eg råda til å visa meir respekt for institusjonane.

Her er vi ved sjølve kjernen i saka. Venstrepopulismen verka til å bryta ned sansen for institusjonane; høgrepopulismen haustar fruktene. Men undervegs har populismen endra karakter. I 1970-åra fortetta han seg i draumen om den kollektive folkerørsla. I dag er marknaden vorten sjølve biletet på folkeleg fridom og sjølvrealisering.

I marknaden gjeld prinsippet om at kunden alltid har rett. Når denne haldninga vert ålmenngjord, forvandlar høgresida seg til konservatismens rake motsetnad. For konservatismen handlar djupast sett om at sedskapen og den opplagra visdomen i samfunnet ligg nedfelt i institusjonane og at menneska må streva og slita for å halda seg på høgd med dei. Sivilisasjon kostar. Truleg skal ein leita lenge etter eit vestleg samfunn der dette perspektivet står så veikt som i dagens Noreg.

I historias vald
Som stipendiat på Blindern hadde eg fælt lyst til å laga ein montasje på døra mi med Tore Prysers setning om poteta og Grunnlova «kryssklypt» med det fiktive Frp-sitatet om rettstrygg­leik og bensinprisar. Men på eit vis kjendest det som eit urettvist bakhaldsåtak på eldre kollegaer som hadde identifisert seg med dette programmet som eit djupt demokratisk prosjekt. Ingen er herre over si eiga verknadshistorie, og ingen kan vita sikkert kva konsekvensar ei ytring i dag får for verda i morgon.

I studiar av dei såkalla motkulturane har historikarar og sosiologar sett stadig klårare korleis rørsler med brodd mot trekk ved det moderne samfunnet sjølve verka moderniserande og i praksis rydda veg for sjølve dei fenomena dei kjempa mot. Tida er mogen for å granska den mykje omtala «68-generasjonen» frå det same perspektivet.

Fredrik W. Thue er historikar og fast skribent i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake