Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Rema og marginmysteriet

Av Per Anders Todal
,  26.02.10


«Vi tener ikkje pengar på norske landbruksprodukt i dag», sa Rema 1000-direktør Ole Robert Reitan i ein debatt på Dagsnytt 18 den 15. februar i år. Den påstanden kom som ein del av den nye offensiven til Reitangruppen, der målet er å ta over meir av foredlingsleddet i den norske næringskjeda. Bodskapen til Reitan er at bondeeigde samvirkebedrifter som Nortura, Prior og Tine er for lite effektive, dermed er både det norske folket og Rema 1000 offer som må betale meir enn naudsynt for maten.

Spørsmålet om kven som skal ha makta over foredlingsleddet er ein stor debatt for seg. Men lat oss ta den heilt konkrete påstanden frå Ole Robert Reitan heilt alvorleg: Om Rema 1000 verkeleg ikkje tener noko som helst på å selje norsk syltety, brød og skinke, korleis kan det ha seg at denne kjeda hadde eit driftsresultat på kring ein milliard kroner i 2009? Og om dei ikkje har vit til å tene pengar på det dei sel – korleis kan Reitan-familien, som bygde opp det meste av formuen sin ved hjelp av Rema-kjeda, ha blitt ein av landets aller rikaste? Ifølgje bladet Kapital er Rema-gudfar Odd Reitan, direktør for Reitangruppen, den fjerde rikaste mannen i landet, og han sit visstnok på verdiar for kring 15 milliardar kroner.

Inn i mystikken
Med slike fakta i bakhovudet blir påstanden til Ole Robert Reitan vrien å tru på. Det er ikkje lett å bli milliardær på altruisme. Men påstanden hans er likevel ikkje enkel å etterprøve, for samansetnaden av matvareprisane og profitten til dei store kjedene er eit felt innhylla av mystikk og forretningsløyndomar. Mellom anna er feltet komplisert fordi noko av fortenesta til matvarekjedene kjem gjennom eit innvikla system av bonusar og avgifter med mange rare namn – som i botn og grunn handlar om at produsentane må betale dei mektige kjedene for å få gode plassar i hyllene og reklamekampanjane deira.

Landbruksminister Lars Peder Brekk nedsette 19. februar eit ut­­val som skal lage ei makt­utgreiing om det norske matsystemet. Brekk har gått langt i å åtvare mot kjedemakta. «Gapet mellom kva matprodusentane får, og det kundene betaler i butikk, er for stort», sa han da ideen om ei utgreiing vart lansert i fjor. Brekk viste til dei store overskota til matvare­kjedene, og etterlyste svar på kor pengane blir av.

Men rapporten til utvalet kjem først i november. Medan vi ventar, er éin veg inn i dette tåkete landskapet å spørje nokre av dei som kjenner daglegvarebransjen best: Står påstanden til Ole Robert Reitan til truande?

Strategisk val
– Reitan må nok tene litt på norske landbruksvarer, seier Reidar Molthe, utgjevar av bladet Dagligvarehandelen.
– Vi har fri prisdanning i den norske daglegvarebransjen, så det er butikkjedene som vel kva pris dei vil ta. Dette er eit strategisk val frå Rema 1000: Reitan kunne jo ha teke større avanse om han ville.

Men det ville brote med strategien til Rema: Familien Reitan har blitt rike ved å ta større mark­nadsdelar gjennom låge prisar, og heller tene litt mindre per eining. Marginane er difor truleg mindre for Rema 1000 enn for dei tre andre storkjedene: Coop, ICA og NorgesGruppen. Men om vi ser på norsk daglegvarebransje generelt, er visst ikkje marginane så ravgalne likevel. I fjor skreiv i alle fall Reidar Molthe på leiarplass i Dagligvarehandelen: «NorgesGruppen, Coop og Rema tjener svært gode penger i det norske markedet, med marginer som ligger langt over det internasjonale gjennomsnittet for dagligvarekjeder.»
– Generelt er det sterk konkurranse i daglegvarebransjen, også i Noreg. Men avansen til dei norske kjedene ligg over det europeiske gjennomsnittet, meiner Molthe.

Eit vegskilje
Arne Dulsrud trur heller ikkje på at Rema-kjeda ikkje tener pengar på norske landbruksvarer. Han er direktør for Statens institutt for forbruksforsking.
– Eg kjenner ikkje marginane til Rema 1000 for desse varene. Men om Reitan verkeleg meiner at marginen er null, verkar det usannsynleg. Eg vel å tolke det som at han ikkje synest han tener nok pengar.

– Reitan meiner foredlingsleddet i Noreg er for kostbart og ineffektivt, og at det er difor han ikkje tener noko på landbruks­varene. Er det hald i dette?
– Det vil eg ikkje uttale meg om. Men utspelet til Reitangruppen er svært interessant. I første halvdel av 1990-talet skjedde det ei stor omvelting i daglegvarehandelen, da Reitan og Stein Erik Hagen slukte grossistleddet. No står vi kanskje ved eit nytt vegskilje, fordi Reitangruppen vil sluke foredlingsleddet òg. Retorikken deira er at dette er noko både bonden og Rema-kjeda vil tene på, seier Dulsrud.

Litt blir det att
Neste stogg på ringjerunden: Johanne Kjuus, avdelingsdirektør ved Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking. Forskarane til NILF er truleg dei som har arbeidd mest med å kartleggje kven som tener kva på norske landbruksprodukt. Og konklusjonen til Kjuus er at Rema 1000 faktisk tener på å selje slike varer.
– Rema tener nok ikkje veldig mykje på norske landbruksvarer, men dei tener pengar. Avansen varierer ein god del mellom ulike produkt. Men Reitan har rett i at det ikkje er spesielt høge marginar på norske landbruksprodukt, seier Johanne Kjuus.

Dei nyaste tala NILF har for fordelinga av norske matkroner, er frå 2004. Undersøkinga «Marginer i egg- og kjøttsektoren» tok for seg 31 norske kjøt-, egg- og fjørfeprodukt. Den syner kor mykje kvart ledd i verdikjeda sat att med, frå bonde til butikk, men fortel ikkje kor mykje kvar einskild matkjede sat att med. Slikt er sensitiv informasjon, må vite. Men for dei utvalde produkta var konklusjonen slik: I gjennomsnitt utgjorde bruttomarginen til utsalsleddet litt over 14 prosent av prisen folk betaler for varene. (Betalinga til bonden utgjorde i snitt 28,5 prosent av utsalsprisen på varene – men ingen av utgiftene til bonden er tekne med i dette reknestykket.)
– Den gjennomsnittlege bruttomarginen for alle varer i matkjedene er på kring 20 prosent, så norske kjøtprodukt er ikkje det kjedene tener mest på. Men dei tener på det òg, seier Johanne Kjuus.

Null eller nesten null
Rema 1000-direktør Ole Robert Reitan forsvarer utsegna si overfor Dag og Tid, rett nok med visse modifikasjonar.
– Ole Robert Reitan: Du har hevda at Rema 1000 ikkje tener pengar på å selje norske landbruksprodukt. Står du ved den utsegna?
– Ja, i forhold til den generelle innteninga vår er fortenesta vår på norske landbruksprodukt lågare.
– Det er skilnad på å ha null forteneste og å ha lågare forteneste enn ein kunne ønskje seg?
– Det er sant. Men i sum er fortenesta vår på norske landbruksvarer meir eller mindre null. Ein del varer blir selde for mindre enn innkjøpsprisen, til dømes fårikålkjøt.
– Men om vi held lokkeprisar på juleribbe og fårikålkjøt utanfor: Har du konkrete døme på varer som de sel med null forteneste?
– Alt av meierivarer har vi veldig låg inntening på året rundt, så låg at det ikkje blir netto forteneste av det.
– Kva er det Rema 1000 tener pengar på, da?
– Det er summen av varene våre. Vi tener pengar på det meste vi sel, som tørrvarer og våre eigne merkevarer.
– Når du seier at Rema ikkje tener pengar på norske landbruksvarer, har du da rekna med det produsentane må betale for å få hylleplass i Rema-butikkane?
– Dette er eit totalreknestykke, som inkluderer alt av rabattar og bonusar. Eg håpar dette er noko som den komande maktutgreiinga om matvarekjeda går skikkeleg inn i, så ikkje landbruksministeren mistenkjeleggjer ein heil bransje på sviktande faktagrunnlag.

Ikkje rik av inntekt
– Om fortenesta dykkar på norske landbruksvarer er null, korleis har familien din blitt blant Noregs aller rikaste?
– Fordi vi har så stor omsetnad og lågare kostnader enn konkurrentane. Ein blir ikkje rik av inntekt, men av differansen på inntekter og kostnader.
– Rema 1000 hadde vel eit driftsoverskot på kring ein milliard kroner i fjor. Det er godt gjort om de ikkje tener pengar på å selje norske landbruks­varer?
– Vi hadde kring 27 milliardar kroner i omsetnad, så resultatet er berre 2–3 kroner per hundrelapp. Dei kronene skal brukast til å investere i nye butikkar, betale skatt, renter og avdrag, og til å sikre 17.000 arbeidsplassar.
– Om det verkeleg er slik at Rema 1000 ikkje tener pengar på så mange av varene de sel – har de vurdert å setje opp prisane?
– Det har vi ingen planer om. Vi lever i ein kvardag med ekstrem konkurranse, og Rema skal vere billegast.
– Poenget er at Rema vil tene pengar gjennom høgt volum, ikkje på høg avanse på kvar vare. Det er eit strategisk val de har gjort, og ikkje noko de treng å klage over?
– Vi klagar ikkje. Men vi har dårlegare inntening på norske landbruksprodukt enn på varer generelt, og vi er bekymra over at verdikjeda for matvarer ikkje er fornuftig organisert.

Hemmeleg margin
– For å gå attende til utgangspunktet: Anten tener de pengar på norske landbruksvarer, eller de gjer det ikkje?
– Vi tener dårlegare på norske landbruksprodukt enn på andre varer. Det ville ikkje gått rundt om vi berre hadde selt norske landbruksvarer.
– Om du gjer eit grovt overslag: Kva er profittmarginen dykkar på norske landbruksvarer?
– Eg vil tru at han ligg under halvparten av den totale marginen vår.
– Og kor mange prosent er den totale marginen på?
– Det vil eg ikkje seie. Vi opnar gjerne døra for styresmaktene om dei vil sjå tala våre, men vi diskuterer ikkje kalkylane våre i avisa, seier Ole Robert Reitan.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake