Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Læreplanismen

Av Astrid S. Dypvik
,  12.02.10


–Eit russisk ordtak seier at ein må springe raskt når ein er på tynn is. Det er vel det som er i ferd med å skje her, seier Tom Are Trippestad, leiar for Senter for utdanningsforskning ved Høgskolen i Bergen. Han snakkar om den nye, todelte lærarutdanninga. I desse dagar blir siste hand lagd på re­­forma. Arbeidet har skjedd i ekspressfart. Undervegs har fagfolk kjent seg sette på sidelina.

– Leseferdigheitene til norske åttandeklassingar ligg tre år etter Finland. Slik det ser ut no, kan vi risikere å få ei lærarutdanning som er heilt irrelevant for å svare på denne utfordringa, seier nordiskprofessor Kjell Lars Berge, som er uroa over plassen kunnskap om lesing og skriving har fått i den nye reforma.

Opp med tempoet
Dei såg så forventningsfulle ut, både Tora Aasland og dåverande kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell. Det var 6. februar i fjor. Solhjell gestikulerte ivrig og stod nesten og trippa på talarstolen då han fortalde dei frammøtte journalistane at det er læraren som er den aller viktigaste personen i skolen. Dei to SV-arane la fram stortingsmeldinga om lærarutdanninga og hadde ei re­form i ermet. Det viktigaste grepet i lærarreforma var å dele opp utdanninga, slik at lærarane anten skal undervise i 1.–7. steg, eller i 5.–10. Sidan har det gått unna i svingane. Både Utdanningsforbundet, som representerer lærarane, og Forskerforbundet, som representerer dei som utdannar lærarane, og Elev­organisasjonen har bede forskingsminister Tora Aasland om å vente eit år med reforma. Det vil ho ikkje.

Enkelt og vanskeleg
Kjell Lars Berge var sentral i utarbeidinga av Kristin Clemets skolereform, Kunnskapsløftet, som vart vedteken i Stortinget i 2004. Nøkkelordet i reforma er grunnleggjande ferdigheiter, slik som dannar grunnlag for all vidare læring.
– Reforma av lærarutdanninga forheld seg ikkje til Kunnskapsløftet, seier Berge.
Grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving høyrest enkelt ut, men det er ikkje det. Det er eit felt der norsk skole har svikta over lang tid. Ifølgje tal frå OECD har 400.000 vaksne menneske i Noreg så store problem med lesing og rekning at dei fell utanfor det moderne arbeidslivet.

Fin tanke
Tanken bak var god. Ålmennlæraren, tusenkunstnaren som skulle kunne undervise elevar frå 1.–10. klasse i alle fag, har stadig dukka opp som forklaring på kvifor det har gått slik det har gått med norsk skole. Ålmennlæraren var ikkje pedagogisk nok for dei med mjølketenner, og ikkje utfordrande nok for tiandeklassingar som las Bjørneboe og Hamsun. Protestane rettar seg ikkje mot prinsippet, men mot gjennomføringa.

Kva med lesinga?
Det var då han las på bloggen til Landslaget for norskundervisning på hausten i fjor at Kjell Lars Berge forstod kor djupt problemet stakk. Der diskuterte sindige norsklærarar om det var slik at pedagogane hadde erklært krig mot norskfaget, «(om) faget nå utelukkende fylles med mer Bronfenbrenner og Piaget, kjenner jeg at jeg blir krigersk, ja», skreiv ein av innsendarane. Bakgrunnen var at ungdomsskolelærarane berre har eitt felles fag som går over tre år, og det er pedagogikk. Tanken med å definere grunnleggjande ferdigheiter var at desse skulle utviklast systematisk gjennom heile skole­tida, i alle fag. Denne tanken er no svekt, meiner fleire.
– Frykta er at pedagogikkfaget får eit for svakt fagdidaktisk fundament. Dessutan er ansvarsfordelinga uklår. Kven får eigentleg kompetanse til å utdanne framtidige lærarar i å undervise i avanserte lese- og skriveferdigheiter, spør Berge.
Misnøya vart ikkje mindre då regjeringa i januar presenterte utvalet som skal følgje innføringa av lærarreforma. Alle dei fire forskarane i utvalet var pedagogar. I tillegg var dei i fleirtal.

Læreplanismen
– Vi er trygg på det tempoet vi har valt, seier forskingsminister Tora Aasland til Dag og Tid. Ho strekar under at ho har tillit til at institusjonane vil klare å gjennomføre reforma. Skoleforskar og tidlegare SV-politikar Theo Koritzinsky er likevel skeptisk.
– Éin ting er å innføre ei re­­form. Det er noko anna å utføre reforma. Skal ein lage ei betre lærarutdanning, må ein ha tid. Dette er første gong i nyare tid at dei sentrale fagplanane ikkje har vore ute på høyring. I tillegg får institusjonane for kort tid på seg til å lage eigne fagplanar, seier Koritzinsky.
Han meiner reformiveren er eit utslag av det han kallar   «læreplanisme». Dette er ei sterk tru på at ein kan berge skolen med stadig nye læreplanar. Sidan Koritzinsky byrja jobbe med lærarutdanning på Høgskolen i Oslo i 1993, har han fått med seg fire reformer. Til hausten kjem den femte.

Tida det tek
Testar som PISA, PIRLS og TIMMS viser at noko må gjerast. Men kva skilnad gjer eit år frå eller til om denne reforma faktisk greier å lyfte elevane opp på eit nivå der dei presterer, om ikkje best i verda, så i alle fall på eit gjennomsnittleg OECD-nivå? Her er vi framme ved det som er det største problemet for norsk skole, meiner forskaren Tom Are Trippestad. Han har skrive doktoravhandlinga «Kommandohumanismen», der han analyserer Gudmund Hernes’ utdanningspolitikk.

– I 90-åra omdefinerte departementet seg til å vere ein spydspiss. Dei lærde seg å bruke tida strategisk i staden for å bruke henne godt. Dei reknar berre politisk tid, altså den tida det tek å få løysingar gjennom i Stor­tinget med minst mogleg motstand frå fagfolk og interessegrupper. Det dei forstår med irrasjonell motstand, er det vi andre i eit demokrati gjerne kallar politisk debatt, seier Trippestad.
Under arbeidet med reforma har føresegner, overordna planar og detaljerte fagplanar blitt utvikla parallelt. Dermed har ingen i prosessen visst kva den andre har gjort. Noko som har skapt både dobbeltarbeid og forvirring, ifølgje aktørar som har følgt prosessen tett.

Tempo, tempo
Tidsøkonomisk makt er eit sentralt omgrep for Trippestad. Det er eit maktmiddel Kunnskapsdepartementet konsekvent brukar. Og det er dette som fører til kvalitetssvikt i skolen. Igjen og igjen. Tidsfristane er alltid korte.
– Det blir inga tid att til implementering, høyringar, fagplanutvikling og til å utvikle gode fagbøker. Dermed får ein understraum av uintenderte effektar, som blir den eigentlege reforma, og som ingen aner konsekvensen av eller har oversyn over. Dette skjer paradoksalt nok samstundes med ein retorikk om at departementet representerer heilskap, struktur og logisk konsekvens. All praksis viser det motsette.

Lærer ikkje
Tempoet var for høgt då Hernes’ skolereformer vart innførde i 1990-åra. Resultatet av det var at feil og manglar oppstod. Dette var konklusjonen då reformene vart evaluerte.
– Men departementet lærer ikkje. I staden for å ta tida til hjelp skuldar dei på at lærarane er inkompetente, og at elevane har låg moral. Den forklåringa er for enkel og viser at dei er meir glade i makt enn i kunnskap.
Trippestad er oppgitt over det han har fått høyre om arbeidet med den nye lærarreforma.
– Eg synest det er trist at dei køyrer det løpet no igjen, seier Trippestad.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake