Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ikkje eigna for retten

Av Jon Hustad
,  12.02.10


Som dei fleste med interesse for den såkalla Nedkvitne-saka har fått med seg, er det no offisielt: Arnved Nedkvitne får ikkje att stillinga si som professor i mellomalderhistorie. Han tapte saka mot staten og Universitetet i Oslo i Tingretten. Han hadde gjort arbeidet som professor, rettleitt, undervist og publisert, men han hadde ikkje oppfylt pliktene som arbeidstakar og kollega. Korkje forma på ytringane om fagfellar eller leiarar kunne godtakast, sa retten, og det kunne heller ikkje det manglande oppmøtet hans på kontora til dekanus og rektor. Med Tingrettens eigne ord: Han hadde ikkje oppfylt si «lojalitetsplikt».
Men då vert spørsmålet: Kva får denne domen å seia? Får han konsekvensar? Har professorar fått ein meir avgrensa ytringsfridom? Er det lettare enn før å sparka fast tilsette forskarar frå universiteta?

Nedkvitne, til dømes, er trygg på at han no vil stå som eit symbol på forfallet: «Dommen vil ha den virkningen at professorer vil være redde for å gå ut med det dersom de får problemer med ledelsen», seier han til Universitas og får stønad av historieprofessor og tidlegare kollega John Peter Collett: «Den akademiske friheten er skrevet inn i lovverket. Den kan i praksis ikke ha noen betydning dersom forskere ikke har beskyttelse mot makt­haverne. Hvis den akademiske friheten ikke følges opp av ekstra jobbsikkerhet, er det vanskelig å forstå at den kan være reell.»

Ingen konsekvensar
Her tek visstnok både Collet og Nedkvitne feil, i det minste om vi skal tru Forskerforbundet, og det er dei som avgjer om domen skal ankast eller ikkje: «Dette er en svært spesiell sak som neppe vil få betydning for andre saker. Derfor vil den heller ikke få noen prinsipielle konsekvenser», seier generalsekretæren i fagforeininga, Sigrid Lem, om domen til Universitas.

Men om vi aksepterer at Forskerforbundet har rett, at domen ikkje har prinsipiell verdi, at saka er så særmerkt at ho ikkje har legale konsekvensar, tyder det at ho heller ikkje får reelle konsekvensar? Eller sagt på ein annan måte: Kva veit vi om korleis menneske tolkar domar? For jamvel om fagforeininga di seier at du kan slappa av og halda fram med ditt på same vis som før, er det kanskje likevel slik at du byrjar å vera meir varsam, eller at sjefen din no kjenner at han har større makt? Med andre ord: Ein dom er eit fenomen, og fenomen får konsekvensar. Og om det no eingong er slik, er det i det heile fornuftig å leggja lagnaden i hendene på menneske som må døma? Og med det er vi over i rettssosiologien, på banehalvdelen til professor Thomas Mathiesen, som strekar under at han berre kjenner saka frå media.

– Ein dom har alltid implikasjonar. I dette tilfellet har han sjølvsagt konsekvensar for Nedkvitne sjølv. Han står no andsynes ei definitiv rettsleg utestengjing frå universitetet; det er opplagt at det må ha sterke negative fylgjer for han. Det er òg klårt at domen får særs uheldige konsekvensar for universitetet som institusjon; den institusjonen som kanskje i sterkast grad skal varetaka og verna om tankefridom, står no att som oppseiar av ein professor. Det trur eg mange, meg sjølv inkludert, opplever som særs vanskeleg og uheldig.

Domar er alltid prinsipielle
– Men både leiinga ved Universitetet og fagforeininga hans hevdar at domen ikkje får konsekvensar for andre akademisk tilsette, og Forskerforbundet går så langt som å seia at domen ikkje har «noen prinsipielle konsekvenser»?
– Universitetsleiinga kan ikkje vita korleis personar i omgjevnadene til Nedkvitne vil tolka domen. For eigen del går eg ut frå at domen lett kan tolkast slik at ein ikkje skal uttrykkja seg utidig om ymse sider ved universitetet. Ein slik dom kan ha ei disiplinerande kraft, og eg kan vanskeleg sjå føre meg at både oppseiinga og domen ikkje vil føra til assosiasjonar i den retninga hjå andre i omgjevnadene. Eg skjønar heller ikkje korleis fagforeininga kan seia at domen ikkje får prinsipielle konsekvensar. Jamvel den mest særeigne grunngjevinga for ei oppseiing eller ein dom vil ha noko prinsipielt ved seg. Eg kan ikkje tenkja meg at det skulle kunna finnast ei einaste rettssak som ikkje har noko prinsipielt ved seg.

– Universiteta har vore kjende for sterke personkonfliktar. Er ikkje dette ein del av den ibuande karakteren til sjølve forskingsfeltet, og kjem ikkje moderne arbeidsmiljølovgjeving eventuelt i vegen for dette?
– Ein bør alltid søkja å få løyst konfliktar på arbeidsplassen og koma fram til minnelege ord­ningar, som også arbeidsmiljølovgjevinga legg opp til, men eg oppfattar det slik at det er ein tendens i retning av å rettsleggjera konfliktar, og at dette også gjev seg utslag på universiteta som arbeidsplass.

I det offentlege romet
– Men gjeve at eit moderne samfunn har mange og spesialiserte felt, er lovgjeving som er meint å verka universelt, alltid av det gode?

– Eg er ikkje for partikulær lovgjeving, eg meiner vi bør ha lik lovgjeving. Men vi har verdiar og grunnleggjande haldningar som er ulike på ulike stader, og det er det viktig å taka omsyn til. På eit universitet er det særskilt viktig å taka omsyn til at det skal vera full høgd for det ein kan seia og gjera innanfor ei vid fagleg råme. Så jamvel om ein er underlagd sams lovgjeving, kan ein utvikla ulike praksisar avhengig av dei verdiane ein har og ynskjer å verna om.

– Er det likevel ikkje slik at når ein hamnar i den store rettsmaskina, så må ho kverna ut resultat som er meinte å femna universelt, og dimed har universiteta tapt retten til å vera særmerkte i den stunda dei finn å måtta taka rettsstellet i bruk?
– Jau, og eg trur ikkje at universiteta er tente med å taka domstolane i bruk i slike saker. Eg trur heller ikkje at det var særskilt klokt av Nedkvitne å taka denne saka til Tingretten jamvel om eg ser at konflikten kan ha vorte så steil for båe sider at ein ikkje kunne koma fram til kompromiss. Men sjølv har eg ei moderat tru på retten som konfliktløysar. For ein professor er det nok betre å argumentera i det offentlege romet. I det ein får retten mot seg, har ein på eit vis knesett ei avgjerd som rett.

– Han kan paradoksalt nok ha gjort ei bjørneteneste mot andre professorar?
– Nettopp. Det hadde nok vore betre om han hadde skrive nokre kronikkar i sentrale organ og ført fram sin eigen argumentasjon i staden for å lata retten overtaka han. Det er i alle høve vanskeleg å tenkja seg ein rett som vil setja seg imot det universitetet – ein sentral, opphøgd, akademisk institusjon – har kome til.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake