Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Verda sedd frå planeten til Blair

Av Roald Helgheim
,  05.02.10


Han inviterte Chilcot-utspørjarane til å bli med til planeten sin sist fredag. I denne alternative verda går det visselege i oppløysing og det falske blir sanning. Fakta blir gjorde om til meiningar, og vurderingar blir til prov. Suksess og mistak er det same. På denne underlege planeten var invasjonen i Irak ikkje ei ulukke, men ei naudsynt og tilmed heroisk handling. Andre som har vitna for Chilcot-kommisjonen, har vedgått feil. Herr Blair sa berre at han ville ha invadert Irak éin gong til.

Desse fyndorda er eit lett redigert lån frå den britiske avisa The Guardian, som på leiarplass oppsummerer tilstanden til Blair-buaren Tony, etter først å ha laga hakkemat av maratonforklaringa hans. Dei fleste har fått med seg at Blair angra ingenting og knapt greidde styre kåtleiken for eit nytt militært eventyr mot Iran. Men før vi godgjer oss med hakkemat, flytter vi oss til ein annan planet. Der er dei som er In the loop, den svarte komedien av ein film som må ha den høgste frekvensen av bannskapen filmhistoria, «fuck» og andre fyord, men som på sitt vis er det sannaste som er sagt om korleis starte ein krig på ei løgn, med det britiske narrespelet som usminka modell. Ein loop kan vere så mangt. Etter ordboka er det ei lykkje, eller ein lykkjeknute, og loop har gått inn i fagterminologien på mange område, ikkje minst den elektroniske, i bruk av «loops» i musikken. Her er døme nok til å fylle sider i ein dictionary.

Saddam Hussein fekk til slutt ei lykkje rundt halsen, men kva er det å vere in the loop blant dei levande? Det er ei figurativ nemning for å vere i ei gruppe personar som kommuniserer regelmessig om ein plan eller eit prosjekt, som er «innanfor» mot alle oss som er utanfor. I filmen er det Downing Streets pressekretær og Blairs høgre hand Alistair Campbell – nådelaust gestalta i personen Malcolm Tucker av Peter Capaldi – som held styr. Helvetet er laust når ein uskuldig liten utviklingsminister som er berre halvt innanfor, i eit fjernsynsintervju seier at ein eventuell krig i Midtausten er «unforeseeable», «uoverskodeleg», eit ord for noko ein ikkje kan føresjå. Vagt nok til å skape politisk uro, og nok til at den anonyme byråkraten utan eigentleg ryggrad blir kurtisert av folk som vil ha han med på laget. Derifrå tek filmen heilt av, og éin av dei minnerike figurane er Sopranos-skodespelaren James Gandolfini i ei birolle, som ein colin powellsk Washington-general med lite til overs for det politiske renkespelet. Det er varsla kort tid att på kino for denne suksessen av ein nyttårsfilm etter ein TV-serie som er den rake motsetninga av den prektige Presidenten.

På planeten til Blair har vi høyrt han kompensere for veik argumentasjon med retoriske ballongar, framfor eit panel som med lange og for lite skarpe spørsmål lét han utfalde seg om kor naudsynt det var å styrte Saddam Hussein for kvar ein pris, for hadde han ikkje kjemiske våpen då USA og England gjekk til åtak, så hadde han heilt sikkert skaffa seg dei om han kunne, saman med Iran. Vissa om kor naudsynt krigen var, hadde kome til Blair med 11. september-åtaket mot USA, endå Irak ikkje hadde noko med det å gjere. Tidlegare hadde han sagt at han ville ha gått til krig for å styrte despoten Hussein uansett, etterpå orsaka han seg med at spørsmålet kom uventa. Krigen hadde likevel hindra at Irak rotta seg saman med Iran, eit skremsel Blair brukte eit trettitals gonger. Åtaket 11. september 2001 var ikkje eit åtak mot USA, men «eit åtak mot oss». Yndlingsforsvaret for krig var: «Det var ikkje ei løgn, ei samansverjing eller eit svindelnummer, det var ei avgjerd.» Rett eller ikkje, det var ei avgjerd han hadde teke fast. Og: «Det som er viktig no, er ikkje å stille mars 2003-spørsmålet, men 2010-spørsmålet.»

Etter grundig gjennomgang av kva Blair sa, sette The Guardian-kommentatoren Simom Hoggarth til å plukke punch-linene til Blair frå kvarandre. Kommentatorar utanfrå kjem til. Ei kvinne i Bagdad seier: «Bin Laden var saudiarabar. Kvifor kom dei for å straffe dei stakkars irakarane, mens bin Laden framleis går fri?» Kvassast er den irakiske forfattaren Haifa Zangana, sjølv fengsla under Saddams regime. Ho seier at Blair var den same snakkesalige som alltid, og «det verka som det var like før han reiste seg med Bibelen i hand og sa: ‘Gud vil døme meg på Irak-krigen.’ Men kor ofte opplever vi at krigsforbrytarar vedgår brotverka sine? ... Den polerte framferda hans berre stadfestar det irakarar, arabarar og muslim opplever på bakken: ein rasistisk, kolonia­listisk utanrikspolitikk.»

Konfrontert med følgjene av politikken og offera for krigen sa Blair at han ikkje angra, men han tok ansvaret. The Guardians profilerte kommentator Polly Toynbee skriv at om krigen var eit brot mot folkeretten, må ein ikkje gjere ein fetisj av FN. Dessutan, all striden no rundt grunnlaget for krigen er eit sidespor. «Det var ingen løyndom kvar han stod: skulder mot skulder med Bush som han alltid sa han var. Om ikkje Saddam uventa skulle kapitulere, ville Blair gå til krig, og ingen ved sine fulle fem var i tvil. FN-godkjenning hadde vore godt å ha med, men det skulle bli krig, same kva», skriv Toynbee, og ingen politikarar var sterke nok til å stå opp mot han.

Det er den sure lærdomen etterkomarane hans må leve med. Og Blair sjølv? Etter eit mellomspel som EUs høgst fråverande mann i Midtausten har han slått seg opp som føredragshaldar og konsulent i millionklassen. Gode råd er dyre på planeten til Tony Blair.   




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake