Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ny storm kring klimaforskinga

Av Per Anders Todal
,  29.01.10


Det er tunge tider for klimaforskarane. Siste skot for baugen er ein stygg feil som har blitt oppdaga i 2007-rapporten til IPCC, klimapanelet til FN. I kapittel 10 av rapporten frå det som heiter Arbeidsgruppe 2, heitte det at om bresmeltinga i Himalaya heldt fram i dagens tempo, ville det vere «svært sannsynleg» at breane kunne forsvinne innan 2035 eller enda tidlegare. Det ville i så fall fått særs alvorlege følgjer for vassforsyninga til nærare ein milliard menneske.

Men påstanden syner seg å vere heilt utan fagleg dekning: Ikkje ein einaste vitskapleg studie underbyggjer han. Det er rett nok dokumentert at mange av breane i Himalaya krympar, men det skjer slett ikkje i eit så høgt tempo. IPCC gjekk sist veke ut og beklaga feilen og lova å styrkje rutinane sine. Men korleis kunne ein så grov feil hamne i det viktigaste av alle klimaforskings­dokument, som skal vere kvalitetssikra av hundrevis av framifrå forskarar og skal liggje til grunn for klimapolitikken til all verdas regjeringar?

Verre enn slurv
Forklaringa gjer ikkje saka betre. Kjelda til påstanden om Himalaya-breane var ein rapport frå miljøorganisasjonen Verdsnatur­fondet frå 2005, som i sin tur skal ha henta han frå ein artikkel i det populærvitskaplege bladet New Scientist frå 1999, der den indiske forskaren Syed Hasnain uttalte seg om saka i eit kort intervju. I dag går ikkje eingong Hasnain sjølv god for påstanden og meiner han vart feilsitert.

Om feilen berre hadde kome av slurv frå IPCC si side, ville det vore gale nok. Men det er verre enn som så, skal ein tru den siste utgåva av den britiske søndagsavisa Mail on Sunday. Der vedgjekk professor Murari Lal, som var hovudforfattar for det relevante kapitlet i IPCC-rapporten, at han vel visste at påstanden om bresmeltinga ikkje hadde nokon solid fagleg basis. Men han tok inn dei omstridde linene likevel, fordi han «håpa at dei skulle påverke politikarane til å handle». Med andre ord prøvde Lal å drive politikk ved hjelp av ein ufundert påstand, stikk i strid med det vitskaplege mandatet til IPCC. Mail on Sunday viser òg at det kom inn fleire kritiske merknader til framstillinga av bresmeltinga i Himalaya før rapporten vart trykt, men Lal valde å ignorere dei.

For ein journalist med interesse for klimaspørsmål er denne historia urovekkjande. I fjor sommar skreiv eg sjølv ein større artikkel i Dag og Tid om trugsmålet frå bresmeltinga i Himalaya. Rett nok bygde den artikkelen på studiar som gav mindre ekstreme anslag for tempoet i nedsmeltinga, men det spelar ikkje så stor rolle i denne samanhengen. Poenget er at eg har rekna rapportane til IPCC som svært sentrale og truverdige dokument, kvalitetssikra av dei beste fagfolka i verda. Journalistar kan ikkje dra til Himalaya og måle breane frå år til år, vi er avheng­ige av å ha kjelder vi kan stole på. Og om vi i media ikkje kan stole på innhaldet i den største og mest gjennomarbeidde oppsummeringa av klimaforskinga i verda, den som skal liggje til grunn for særs viktige politiske avgjerder, har både journalistar og politikarar eit stort problem.

«Voodoo-vitskap»
Som alle skrivande veit, feil kan lure seg inn overalt. 2007-rapporten til IPCC er på eit tusental sider, og dei feilaktige linene om Himalaya er ikkje gjorde til noko stort poeng i rapporten – hadde dei vore det, ville bommerten òg blitt oppdaga mykje tidlegare. Feilen låg inne i ein del av rapporten som omhandlar konsekvensar av og tilpassing til klimaendringar. I den naturvitskaplege delen er det langt meir moderate vurderingar av Himalaya. Men måten IPCC-leiar Rajendra K. Pachauri har handtert denne saka på, er vel så illevarslande som sjølve feilen.

I november i fjor presenterte nemleg den indiske miljøvernministeren Jairam Ramesh ein studie som utfordra IPCC-påstandane om Himalaya. Geologen Vijay Kumar Raina hadde studert 150 år med data for breutviklinga i den indiske delen av Himalaya. Han konstaterte at nokre av breane krympa, men slett ikkje i det tempoet IPCC snakka om. Miljøvernminister Ramesh sa òg at det ikkje fanst sikre prov på at utviklinga i Himalaya-breane hang saman med global oppvarming.

Raina og Ramesh fekk så øyra flagra av landsmannen Pachauri i The Guardian. «Eg veit ikkje kvifor statsråden støttar denne ufunderte forskinga. Dette er ei ekstremt arrogant utsegn», sa Pachauri, som forsikra om at klimapanelet hadde «eit klart bilete av utviklinga». Pachauri kalla studien til Raina for «skulegutforsking» og «voodoo-vitskap». Men desse merkelappane kunne han godt brukt på den lause påstanden i rapporten frå Pachauris eige klimapanel. Og det er ikkje noko sunnheitsteikn for IPCC at leiaren blankt avfeia kritikken frå Ramesh utan å sjekke om det kunne vere hald i han. Først etter at den kanadiske geografen J. Graham Cogley og ei gruppe andre forskarar nyleg påpeika den grove feilen i IPCC-rapporten, slo Pachauri retrett.

«Climategate»
Det gjer sjølvsagt ikkje ting betre for tilliten til klimaforskinga at avsløringa av Himalaya-tabben kjem rett i kjølvatnet til den så­­kalla Climategate-saka. For dei som ikkje kjenner historia: I slutten av november vart over tusen e-brev til og frå forskarar ved Climate Research Unit (CRU) ved University of East Anglia stolne ved eit datainnbrot. Også mykje anna datamateriale vart stole, og innhaldet spreidde seg som ein grasbrann over internettet. Ein kan gjere seg tankar om kvifor dette skjedde rett før klimamøtet i København, men same kva motiva for innbrotet var, gjev det ingen grunn til å ignorere avsløringane.

CRU er ikkje noko perifert lite institutt, det er ein av dei mest sentrale klimaforskingsinstitusjonane i verda. Mellom anna har CRU ansvaret for ein av dei to mest anerkjende tidsseriane med globale temperaturmåling­­ar (den andre står NASA i USA for). E-breva vart naturleg nok nøye saumfarne av dei såkalla klimaskeptikarane rundt i verda, og mange meinte at dei no fekk stadfesta det dei alt visste: at heile teorien om menneskeskapte klimaendringar er berre juks og fanteri.

Grunn til mistanke
Ein må lese CRU-korrespondansen med særs vond vilje og velutvikla konspiratorisk fantasi for å kome til ein slik konklusjon. Men innhaldet i nokre av breva var likevel svært skadeleg for truverdet til fleire sentrale klimaforskarar – og dermed for heile fagfeltet. Her er nokre døme:
- Den amerikanske klimaforskaren Michael Mann tok i 2003 til orde for at klimaforskarar skulle boikotte tidsskriftet Climate Research, som hadde publisert ein artikkel som stilte spørjeteikn ved om det 20. hundreåret var unormalt varmt.
- CRU-direktør Phil Jones skreiv i 2005 til Mann at han heller ville slette ein del rådata enn å utlevere dei til forskarar han rekna som fiendtleg innstilte. Også i andre e-brev diskuterer forskarane korleis dei kan omgå lover om informasjonsfridom og unngå å utlevere datamateriale.
- I 2004 skreiv Jones til Mann om nokre vitskaplege artiklar han meinte var «søppel», og at han skulle sørgje for å halde dei utanfor neste IPCC-rapport – om han så måtte «redefinere kva fagfellevurdering er!»

I skyttargrava
Verken «Climategate» eller Himalaya-flausen er alvorlege nok til å undergrave teorien om menneskeskapte klimaendring­­ar. Men båe sakene syner ein tvilsam tankegang blant fleire svært sentrale aktørar i klimaforskinga. E-breva som vart stolne frå CRU, syner ei form for skyttargravsmentalitet der det å halde fienden ute og unngå å gje han ammunisjon blir viktigare enn å leggje fram all dokumentasjon for ålmenta på ope og nøytralt vis. Da professor Murari Lal tok inn ufunderte påstandar i IPCC-rapporten for å «påverke politikarane», vart han ein uansvarleg aktivist i staden for ein ansvarleg forskar. Og da IPCC-sjef Rajendra Pachauri blankt avviste dei som ville påpeike feil, undergrov han tilliten til både klimapanelet og klimaforskinga.
Alt dette kan ein tolke som resultat av at klimavitskapen har blitt intenst politisert, fordi det står så veldig mykje på spel. Men i forsøket på å framstå som uangripelege, har desse forskarane oppnådd det stikk motsette.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake