Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Krenkjingstyranniet

Av Jon Hustad
,  22.01.10


Ivar Giæver, som vann Nobelprisen i fysikk i 1973, plar halda eit standardføredrag når han er heime i Noreg. Han syner fyrst fram eit ljosbilete av Grete Waitz for forsamlinga. Alle veit kven det er. Så syner han fram eit bilete av ein annan nordmann, den NTH-utdana Lars Onsager. Ingen veit kven det er. Så seier Giæver: «Onsager er saman med Einstein den største vitskapsmannen i det 20. hundreåret.» Her tek nok Giæver i, slike rangeringar gjev lita meining, men at Ons­ager var eit av dei store genia i det tjuande hundreåret, kan det vera liten tvil om. Onsager meistra alt like godt – fysikk, kjemi og matematikk. Onsager var i tillegg udugeleg i alle sosiale saman­hengar, ein elendig lærar og ein endå meir elendig kollega. Så vart han då òg sparka frå Johns Hopkins av di han etter deira syn var ubrukande som lærar, men Yale satsa på Onsager, og han skaffa universitetet den fyrste av ei lang rekkje nobelprisar.

Pratsam var han ikkje. Nokre av løysingane hans vart av og til berre presenterte i to, tre setning­­ar i referatet frå eit seminar. Då hadde gjerne deltakarane tala om eit eller anna klassisk problem, for så å få høyra frå Ons­ager at: «Jammen, dette har eg då løyst.» Eit sensasjonelt resultat av den like sensasjonelle løysinga av Ising-modellen dukka tilfelleleg opp på ei tavle i 1948. Fire år seinare makta Chen Ning Yang, som òg skulle koma til å få Nobelprisen, å utleia Onsagers resultat. «Det var mitt livs lengste utleiing», skreiv Yang etterpå.

Onsager var uhøvisk som få andre. Då ein brite med særs høg sjølvtillit og ei mengd merittar heldt førelesing ved Yale, sat Onsager og småsov på fyrste benkerad. Då briten var ferdig og tavla full av utrekningar, spurde han om Onsagers meining om det han sjølv meinte var gode greier. Onsager sa ikkje eit ord, gjekk fram til tavla, tok svampen og bløytte han. Så viska han ut alt som stod på tavla, snudde seg mot salen og smilte nøgd. Deretter sette han seg ned att.

Vern mot verneombod
I eit par pausar under rettssaka mot Arnved Nedkvitne spurde eg nokre tilsette ved UiO korleis dei ville ha handtert Onsager. Det var eit dumt spørsmål. Dei visste ikkje kven han var. Høgdepunkta eller lågpunkta, alt etter korleis ein ser det, var mange dei siste dagane av rettssaka. Eit av vitna var hovudverneombod Mette Børing, som har ansvar for om lag 170 verneombod. Ho opna med å skjella ut Nedkvitne; han hadde vore dum nok til å seia at Børing berre var ein administrativ tilsett som ikkje hadde noko med faglege prioritering­ar å gjera. Regjeringsadvokaten måtte gjera henne merksam på at ho skulle tala til retten, ikkje direkte til Nedkvitne. Då Nedkvitnes advokat så peika på at ho også var ombodet til Nedkvitne, var det hans tur til å få merka vreiden. Då greip fagdomar inn og bad henne kutta ut karakteristikkane og svara på spørsmåla. Det hjelpte lite. Problemet var ytringsfridomen, kunne Børing fortelja. «Dei tilsette på HF sjikanerer kvarandre under dekke av fagkritikk», hevda ho og kunne fortelja at verneomboda hadde laga ei liste til HF-tilsette over ord dei ikkje kunne nytta, men at det ikkje hadde hjelpt. «Så no lagar vi ei liste over ord som er lovlege.»

Eit anna interessant vitne var den mangeårige medlemen av Vitskapsakademiet, medisinprofessor og tidlegare prorektor ved UiO Haakon Benestad, eit såkalla godt og skikkeleg menneske. Han hadde vorte kontakta av ein no pensjonert medisinar og dosent som nyss hadde vore student under Nedkvitne. Studenten hadde bede Benestad om å mekla i saka mellom Nedkvitne og UiO, for på den måten å sleppa ei avskilssak. Benestad hadde ikkje hatt noko med saksførebuinga å gjera og kjende berre saka frå media og spurde per e-brev studenten om det var tale om psykiatriske problem, dette av di han var redd for at UiO kunne få ei Juklerød-sak. Det avkrefta den pensjonerte lækjaren. Då gjekk Benestad til rektor Geir Ellingsrud og tilbaud seg å mekla. Rektor kalla prorektoren sin inn på kontoret og gav han formell refs og sa at dette kunne få konsekvensar for prorektorstillinga til Benestad, ei stilling Benestad var vald til.

Under vitneforklåringa til Ellingsrud vart han spurd om kvifor han hadde gjeve Benestad refsen. Ellingsrud viste til teieplikta jamvel om det hadde kome fram i retten at Benestad ikkje hadde teieplikt. Då Ellingsrud kom med utsegna si, kom biologiprofessor og i si tid motkandidat til Ellingsrud Kristian Gundersen med eit lågt utbrot nede i benkeradene: «Nei, vet du hva!» Verneombod Børing hadde teke sete rett bak Gundersen og kveste: «Nå holder du kjeft!»

Ei tapt sak
Som nemnt førre veke: Eg kjenner meg trygg på at Nedkvitne taper denne saka. Regjerings­advokaten har vore langt meir dugande enn advokaten til Nedkvitne. Mellomalderprofessoren har dessutan oppført seg uklokt og burde hatt vit nok til å gå på dei møta han vart innkalla til. Men vel så interessant som jusen har antropologien vore. Etter å ha vore til stades i dei seks dagane saka har teke, sit eg att med eit klårt inntrykk: Universitetet i Oslo er ein dysfunksjonell organisasjon, prega av sutring, formalisme og mangel på identitet, og er i tillegg dominert av middelmåtige 68-arar med lita forståing for ytringsfridom og kvalitet. Dette er sjølvsagt ikkje heile biletet, men det utgjer ein stadig større del av biletet.

Fire vitne peika seg etter mitt syn ut i særleg positiv retning, dei tre tilsette historikarane Fredrik Thue, Knut Kjeldstadli, Øystein Rian og den nett ferdige doktoren Marlen Ferrer, som hadde hatt Nedkvitne til rettleiar. Eg trur få fagfellar vil kunna seia noko anna enn at dette er dyktige historikarar. Dei hadde alle kritiske ting å seia om Nedkvitne, men dei var òg rause og inkluderande. Thue heldt i tillegg eit glitrande forsvar for ytringsfridomen og sette utan problem regjeringsadvokaten fast i prinsipielle spørsmål. Jamvel Rian, som var styrar av Historisk institutt på slutten av 1990-åra og som vitna for Regjeringsadvokaten, var venleg og hadde mykje godt å seia om Nedkvitne.

Mellomhavsfararane på instituttet hadde ei heilt anna haldning. Jamvel om Nedkvitne var éin og dei over tjue, så var det dei som var mobba, dei som var såra, og dei som var den underlegne parten. Dei var med Kjeldstadlis ord «ein folkedomstol». Kor langt krenkjingstanke­gangen har kome, vart illustrert av den innhenta psykologen Bjørn Z. Ekelund, som reidde grunnen for avskilssaka mot Nedkvitne. Han hadde tala med tre tidlegare studentar av Nedkvitne som alle hadde vorte utpeika av instituttleiinga. Han kunne fortelja at han ikkje hadde tala med nokon av dei mange noverande studentane til den særs populære rettleiaren Nedkvitne. Grunnen han gav, var at han, instituttleiinga og personalavdelinga ved HF og UiO ikkje ville setja masterstudentane i ein sårbar posisjon – det handla om sensitivitet. Godt vaksne studentar måtte ikkje få vita at Nedkvitne vart granska, noko dei alle sjølvsagt alt hadde fått vita på ryktebørsen.

Svak rektor
To vitne var likevel særmerkt aggressive og påståelege, det før nemnde verneombodet Børing og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe. I deira verd var det rett og slett ikkje rom for avvik. Men det svakaste vitnet var truleg Ellingsrud, som knapt hadde andre tankar enn dei Bjørneboe hadde framført. At dei tilsette ved UiO valde denne mannen, seier mykje om tilstanden i norsk akademia. Men så har dei vel berre teke inn over seg det regjeringsadvokaten sa i sin prosedyre: At dei tilsette i universitetssektoren – når dei er på arbeid – har ein mykje meir av­­grensa ytringsfridom enn den som gjeld etter grunnlova.

Utan særleg intern motstand har UiO vorte eit vernepliktig vedheng til ein omseggripande klientstat. Vi er alle offer no. Bortsett frå dei som har råd til skulepengar ved Yale.

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake