Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Staten mot Nedkvitne

Av Jon Hustad
,  15.01.10


Den respekterte og meritterte filosofiprofessoren Knut Erik Tranøy gav i si tid personalpolitikken i Buchenwald heiderleg omtale samanlikna med den som gjekk føre seg ved Filosofisk institutt i Bergen, og Tranøy hadde lang røynsle frå båe stadene. Kva han ville ha sagt om Historisk institutt (HI) ved Universitetet i Oslo (UiO), veit vi ikkje.

Arnved Nedkvitne varde i femten år før han vart sparka. Denne veka prøver professoren i mellomalderhistorie å få att stillinga ved UiO ved å overtyda Oslo tingrett om at det ikkje var sakleg grunnlag for å fjerna han. Nedkvitne kjem neppe til å lukkast. Staten ved regjeringsadvokaten, som fører saka på vegner av UiO, plar få viljen sin. At Nedkvitne ikkje ser ut til å vera i stand til å forstå sosial dynamikk, hjelper ikkje nett saka hans.

Korkje oppseiingssaka eller rettssaka handlar om i kva grad Nedkvitne er ein dugande fagmann. Både styret ved Det humanistiske fakultetet (HF) og styret ved UiO og regjeringsadvokaten har ope sagt at Nedkvitne er ein flink og produktiv professor, og det med god grunn. Nedkvitne har i dei femten åra ved UiO skrive fleire monografiar på fleire språk, han har rettleitt over seksti studentar fram til hovudfag og mastergrad, i tillegg kjem doktorandane. Også som pedagog får Nedkvitne gode skotsmål; studentane på kursa hans har vore mange, og dei har vore meir enn nøgde.
Det har ikkje styrar ved HI, Jorunn Bjørgum, vore.

Ein annan dugande fagmann ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH), som Historisk institutt no heiter etter endå ei omorganisering, er professor i utanomeuropeisk historie Finn Fuglestad, som har stått bak ti bøker på ulike språk. Professorar får no personlege tillegg på løna si. Tillegget skal i utgangspunktet gå til dei som er flinkast og som legg ned den største innsatsen. Fuglestad og Nedkvitne er dei to einaste historieprofessorane ved IAKH som ikkje har nokon som helst personlege tillegg, kom det fram i rettssaka. Instituttleiinga har òg i periodar, utan lovleg heimel om vi skal tru rektor, teke frå dei alle personlege driftsmidlar til bøker og faglege reiser.

Elendig miljø
I 1994 utførde Statens arbeidsforskningsinstitutt ei arbeidsmiljøgransking ved HI. Sluttrapporten var ein rein viviseksjon. Instituttet var prega av eit omfemnande klikkvesen og delt mellom ein indre krins som hadde makta, og ein ytre som stod for avmakta. I 2007 vart det gjennomført ei ny gransking av heile HF. Over 12 prosent av dei tilsette kjende seg mobba på arbeidsplassen; i samfunnet elles er det vèl 4 prosent som seier det same. Leiinga ved IAKH fekk det dårlegaste resultatet av alle institutta ved HF, etter alle kategoriar.

For Nedkvitne er saka grei: Han vert sparka av di han ikkje høyrer til den indre krinsen, som vert leidd av den sterke mannen ved IAKH, Helge Pharo, ein krins som Nedkvitne hevdar gjer alt for å overføra ressursar til nyare norsk historie og som har eit formalisert samarbeid gjennom Forum for samtidshistorie. Nedkvitne har tala på si side. Då han byrja i 1994, var det fire professorar i mellomalderhistorie. No er det éin. Norsk samtidshistorie har på si side fått ei rekkje nye stil­lingar. Korkje regjeringsadvokaten eller leiinga ved UiO var usamde i at utviklinga har vore slik.

Heller ikkje Fuglestad høyrer til den indre krinsen, også han sit åleine att. For nokre år sidan hyrte instituttet inn tre historikarar utan fagleg kompetanse til å undervisa i global historie. Det kunne ikkje Fuglestad akseptera. Han skreiv eit brev til instituttleiinga der han sa at dei tre sikkert var flinke på sine felt, men at ein norsk mellomalderhistorikar neppe hadde kompetanse til å undervisa i Kongos historie på 1000-talet. Fuglestad, som var i Madrid, vart kalla heim og gjeven refs av Bjørgum og Nedkvitnes erkefiende Jon Vidar Sigurdsson. Fuglestad var glup nok til å leggja seg flat og bad om orsaking. I tingretten kom det fram at dekanus ikkje hadde godkjent heimkallinga.

Nedkvitne, på si side, nekta å gå med på at Fuglestad hadde gjort noko gale, og freista i ei felles e-brevutsending å distribuera Fuglestads brev til alle dei tilsette ved IAKH. Instituttleiinga hadde svar på dette òg: Dei stogga all felles e-post frå alle tilsette ved IAKH og sende dei fyrst vidare etter å ha sett sitt godkjenningsstempel på dei. E-brevet til Nedkvitne vart aldri sendt vidare. Heller ikkje dette hadde instituttet løyve til å gjera, ytringsfridomen kom i vegen.

Utan vit eller forstand
Nedkvitne har ikkje vit eller forstand nok til å leggja seg flat. Han har fått den eine formelle refsen etter den andre, og gong etter gong har han vorte truga med oppseiing. Han har ikkje forstått at professorveldet er over. Medan Pharo og hans flokk har skaffa titals millionar frå Forskingsrådet og ymse private verksemder, har Nedkvitne knapt fått tak i ei krone i eksterne midlar. Men der andre ser institusjonelle føringar dei kan utnytta, ser Nedkvitne løynde motiv og maktfullkomne einskildindivid. Nokon er ute etter han, og då særleg Pharo og hans, etter Nedkvitnes syn, nyttige idiot Bjørgum, som Nedkvitne i mange e-brev til alle dei tilsette ved IAKH, rektor, dekanus, Uniforum, Universitas… nær konsekvent har kalla «søsteren til Carl I. Hagen», som «har mer enn slektskapet til felles med sin bror». Den karakteristikken tok Nedkvitne rett nok i bruk etter at han vart klår over at Bjørgum i eit brev til universitetsleiinga hadde gjeve han ein psykiatrisk diagnose, og etter at Bjørgum fekk endra det Nedkvitne trudde skulle vera ei ålmenn arbeidsmiljøgransking av IAKH til ei gransking av Nedkvitne. Symptomatisk nok: Oppdraget gjekk til ein psykolog som konkluderte nett slik Bjørgum ynskte at han skulle konkludera.

Nedkvitne er eit unnataksmenneske, ein idealist og på mange vis ei attergløyme frå romantikken. Han ser ut til å tru at kvar ein tanke eit menneske har, i det minste han sjølv, skal kunna uttrykkjast skriftleg så vel som munnleg. Tenkjer han at Bjørgum er ein diktator utan intelligens og fagleg kompetanse, eller meiner han at Pharo og hans krins er udugelege og utan nye tankar, ja, så har han både rett og plikt til å fortelja omverda det.

I retten kom det tydeleg fram: Nedkvitne forstår ikkje sosia­le konvensjonar, han forstår ikkje at eit samfunn der alle er ærlege og seier alt rett ut, ville vera uuthaldeleg. Gong etter gong vart han spurd av fagdomaren og regjeringsadvokaten om han ikkje forstod kva effekt alle desse felles e-breva kunne ha på dei som vart omtala. Gong etter gong svara han at det var dei andre som byrja, og at alt han gjorde, var å kjempa for studentane sine og for fagområdet sitt. Han gav ikkje ein millimeter.

Sletta og sletta
Men det er truleg ikkje e-breva eller karakteristikkane som gjer at Nedkvitne eventuelt kjem til å tapa denne saka. Eg har gjennom åra tala med mange tilsette ved IAKH. Nokre har ikkje tolt karakteristikkane frå Nedkvitne, andre har berre sletta e-breva og halde fram med sitt. Dessutan har då også Nedkvitne fått sitt i retur. Åsmund Egge, som i eit lærarmøte på instituttet representerte leiinga, nytta i eit førehandsskrive innlegg karakteristikkar som «feig», «sjofel» og «nederdrektig» då han omtala Nedkvitne. Og om det er noko rettssaka har synt, så er det at instituttleiinga på ingen måte kan hevda at dei er uskuldige. Dei har snarare vore inkompetente og smålege, noko som diverre ikkje er utypisk for fagleg svake leiarar med markeringstrong.

Faktum er òg at Nedkvitne ikkje er eit særmerkt unnataksmenneske når det kjem til karakteristikkar av kollegaer ved UiO. Det er nok å nemna det største juridiske talentet i sin generasjon, jusprofessor Carl August Fleischer, som har vore i injuriesaker med andre professorar grunna mykje hardare og meir brutale utsegner enn dei Nedkvitne har kome med, men som framleis har kontor ved Juridisk fakultet. Det er ikkje til å koma utanom: Eit universitet bør ha stor takhøgd for sak- og personåtak. Om UiO vil vera eit elite­universitet, må dei berre læra seg å leva med skråsikre og kompromisslause forskarar som knapt skyr noko i kampen om ressursar og ny innsikt.

Sjølv er eg ikkje i tvil om at ein flink og raus instituttstyrar greitt kunne ha handtert Nedkvitne, og eit historisk institutt er dessutan lite anna enn eit kontor- og undervisingsfellesskap; i eit slikt miljø vel ein sjølv kva ein vil lata gå inn på seg. Men slik har det altså ikkje vore: Bjørgum og fleire av dei tilsette har kravt av dekanus og rektor at noko måtte gjerast med Nedkvitne. Dei har vorte høyrde, og med det vert dei store endring­ane UiO har gått gjennom dei siste tjue åra, synleggjorde. Den uhøviske og brysame professoren vert i mykje mindre grad akseptert, liberaliteten vik plassen for harmonien.

Tre årsaker
Eg trur det er tre årsaker til denne endra haldninga. UiO har vakse dramatisk gjennom den siste generasjonen, og mest har byråkratiet vakse. UiOs eigne tal er talande: Frå 2005 til 2008, i ei tid då studenttalet gjekk ned, auka talet på vitskapleg tilsette med 3 prosent, medan talet på tilsette i sentraladministrasjonen gjekk opp med 23 prosent, og hjå universitetsdirektøren var auken på 79 prosent. 44 prosent av dei tilsette ved UiO er no tilsette i såkalla støttefunksjonar, og mykje av makta har vorte overførd til eit permanent tilsett styringsverk. Og i naturen til byråkratiet ligg det å mislika uro og å slå ned på uro, «problemløysing» som i sin tur gjev auka legitimitet og vekst.

Det andre er feminiseringa av universitetssektoren; langt dei fleste studentane er i dag kvinner, og stadig fleire vert tilsette i både byråkratiet og i forskarstillingar. At samfunnet såleis har fått utvida talentbassenget, er innlysande positivt, men med utviklinga fylgjer det òg at akademiske alfahannar no møter mindre aksept. Symptomatisk nok: På statens benk i Tinghuset sat det berre kvinner, på Nedkvitnes benk berre menn.

Det tredje er kommersialiseringa av universiteta, som no konkurrerer seg imellom både om studentar og om stadig større summar frå eksterne institusjonar. Slike som Nedkvitne skader det som vert kalla «merkevara».
Men om Nedkvitne taper saka, taper han ho altså neppe på det han har skrive og meint. Mistaket ligg ein annan stad, det ligg i at Nedkvitne ikkje har reagert formelt adekvat på alle krava om endra åtferd. Gong etter gong har han late vera å koma på møte han har vore innkalla til, gong etter gong har han late vera å gje melding om at han ikkje kjem. Han har enkelt og greitt nekta å tala med dei som er sette til å styra han. Dimed har han brote tenesteplikta og gått i snara som vart lagd ut for han. For Tingretten skal berre taka standpunkt til kva som er lovleg, ikkje kva som er rett.

Høgsteretten
Vona får vera at Nedkvitne får prøvd saka for Høgsterett, og det gjer han nok. Det er ikkje tradisjon for at lægre rettsinstansar kjem med prinsipielle domar, og den akademiske fridomen har knapt vore prøvd for domstolane her til lands. Trist nok for Nedkvitne har heller ikkje advokaten til Forskerforbundet, som har ført saka for Nedkvitne, gjort henne til ei sak om akademisk fridom, men til ei vanleg arbeidsrettssak.
Sjølv vonar eg at eg tek feil, og at Nedkvitne får att stillinga si. Saka har så langt vore ein større fallitt for UiO enn for Nedkvitne.

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake