Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Bjørneboe-debatt mellom Kaj Skagen og Tore Rem i Dag og Tid frå 24.9 til 10.12 2009
 08.01.10

Utvendig og fordømande
Tore Rems biografi kjem ikkje på innsida av den unge Bjørneboe og endar opp med å brunskvetta han.

Det er få store ord i Tore Rems Sin egen herre om Jens Bjørneboe. Som barn av si tid held Rem seg til lågmælt sarkasme og halvkveden ironi. Slik kan han fremja subjektiviteten sin under ei maske av objektivitet. Men denne maskerte stilen kan ikkje løyna at han ser Jens Bjørneboe med augo til dei som var motstandarane hans i 1950-åra. Det er eit blikk som er slørt av det moterett lunkne. Men bak sløret stig det etter kvart fram eit lite flatterande bilete av vår generasjons mest omstridde forfattar: ein silkeramp og overgripar, ein andregenerasjons krigsprofitør, ein sjølvoppteken, upolitisk «idiot», nesten ein landssvikar.

IDEOLOGISK KITSCH
Rem har ikkje makta å koma på innsida av den unge Bjørneboe, det motkulturelle miljøet han var ein del av kring 1950, eller det antroposofiske grunnsynet som dette miljøet hadde. Han ser alt utanfrå med eit distansert, men ikkje di mindre fordømande blikk. Bjørneboe vert plassert langt ute på ei ekstrem høgreside i eit politisk landskapsmåleri som er rein ideologisk kitsch. Den gamle motsetnaden mellom opplysing og metafysikk vert graven opp att og lagd nysminka på lit de parade. Jamvel det utslitne antikommunistiske skrømtet vert mana fram og sviv huiande gjennom det intellektuelle skumringsljoset. Interessa for Arthur Koestler, den kvassaste kritikaren av stalinismen på den tida, nyttar Rem for å syna kor dårleg politisk dømekraft Bjørneboe hadde.

UNASJONAL FRAMFERD
Rem gjer ei hovudsak av at Bjørneboe skal ha vore eit «upolitisk» menneske. Han var «utenfor det store, norske fellesskapet». Ifølgje Rem var denne unasjonale åtferda gjengs i den næraste venekrinsen hans ved krigsutbrotet. Medan det store fleirtalet av norske kunstnarar «slutter opp om motstandsbevegelsens paroler, velger André Bjerke, Jens Bjørneboe og Karl Brodersen å stille seg utenfor politikken». I staden interesserer dei seg for nazistiske saker som goetheanisme og reinkarnasjon.

Rett nok var ikkje Goethe nazist, men han var tyskar. «Fredagskveld etter fredagskveld» sit Bjørneboe og venene hans og lyttar til føredrag om Goethe, skriv Rem: «Mens tyske soldathæler klaprer i gatene utenfor, er en gruppe søkende sjeler samlet i håp om å redde tysk kultur.»
Med slik moralistisk ironi strødd ut gjennom boka knyter Rem eit psykologisk landssvik til den unge Bjørneboe. Den politiske passiviteten Bjørneboe og venene hans synte under krigen, vert poengtert så ofte at det hopar seg opp til ein insinuasjon om sympati med den nazistiske okkupasjonsmakta. «Som om Bjørneboes borgerlige individualisme har ført ham inn i et opprør mot rettenkende nordmenn, snarere enn mot den tyske okkupasjonsmakten», skriv Rem.

Bjørneboe «synes å være utenfor alt, ikke minst sitt eget lands skjebne». På toppen lét han etter krigen vera å be Dagbladet om orsaking for det indre landssviket sitt. «Noe direkte selvoppgjør med sin egen posisjon under krigen skulle han aldri ta», konstaterer Rem.
Bjørneboe var altså ikkje berre landssvikar i sublim meining; han angra ikkje eingong. Slik stiller Rem seg breibeint inn i den stolte venstreradikale tradisjonen som gjennom eit halvt hundreår har skandalisert meningsmotstandarar som fascistar og nazistar. Endeleg har vi òg fått den unge Bjørneboe inn i denne gapestokken.

Det er synd at Rem skulle snubla seg ned i ei slik forenkling, nett medan han var på veg til å gje ei langt meir truverdig skildring av miljøa til Bjørneboe, Bjerke og Brodersen som prega av eit nærast eksistensialistisk ungdomsopprør.

SALEN I OSCARSGATE 43
Det er eit sterkt bilete Rem gjev oss av antroposofane som sit og høyrer på Englerts føredrag om Goethe og gresk antikk i eit lokale «dekorert med nazisymboler». Kjelda til denne skildringa av lokalet ser ut til å vera Torger Holtsmarks minne i Antroposofi i dag nr. 2/2006, der det står at lokalet var «behørig utstyrt med politiske symboler og slagord». Ein annan av dei få overlevande deltakarane på desse føredragskveldane fortel meg på telefonen at det dreia seg om eit gamalt husvære, der ein vegg mellom to stover var teken bort. Ho skildrar staden som nærast ein «kaffi- og tesalong». Huset var eigd av Husmorforbundet, som var overteke av NS-styret, og leigd bort til ymse organisasjonar. Antroposofane hadde lokalet på tysdagar; Englert nytta det på fredagane; dei andre vekedagane vart det nytta av andre. Vi kan vel gå ut frå at dei politiske «dekorasjonane» var eit fast interiør som dei ymse leigetakarane laut ta med på kjøpet.

Holtsmark seier sjølv at poeng-et hans med å skildra lokalet i Oscarsgate 43 var «kontrasten» mellom dei politiske dekora-sjonane og innhaldet i Englerts føredrag. Det trur eg på, for det er den same kontrasten eller motsetnaden som Brodersen legg vekt på i sine minne om «Conrad Englert, som gjennom to år holdt sine foredrag om Goethe og Goethe-tiden, mens tyske soldater trampet omkring i gatene og sang sine brutale lanseknekt-sanger».

Her ser vi at Rem har lånt Brodersens uttrykksmåte, men gjeve saka ei diametralt motsett tyding. Ved at innhaldet i Englerts føredrag var blotta for nazistisk innhald, opplevde dei som sat i denne salen, sjølve det å vera til stades som ei indre motstandshandling. Denne tolkinga finn eg rimelegare enn Rems. For under Englerts føredrag i Oscarsgate 43 sat òg Betty og Sophus Clausen, den seinare generalsekretæren i Antroposofisk Selskap i Noreg. Heimen deira i Oslo vart i periodar nytta som dekkhusvære for motstandsrørsla. Gjennom halvtanna år skjulte dei den sentrale motstandsmannen Gregers Gram og risikerte såleis livet dag og natt.   

Rems skulding mot Bjørneboe om å ha vore likesæl når det gjeld den tyske okkupasjonen, råkar såleis òg aktive motstandsfolk.

BAKVASKING
Påstanden om ein løynd sympati for okkupasjonsmakta gjeld òg den seinare steinerskulelæraren Karl Brodersen, som førde Bjørneboe inn i antroposofien. Brodersen var i sin tidlege ungdom borti nasjonalsosialismen før han i tur og orden var marxist, freudianar, Kierkegaard-tilhengjar og til slutt antroposof. På same viset som Bjørneboe skal Brodersen ha gjort seg skuldig i eit mentalt landsforræderi. Brodersen veit at han ikkje er «en god nordmann», skriv Rem. «Det er liksom ikke min krig», siterer han frå dagboka til den unge mannen. Samstundes underslår Rem at Karl Brodersen, som på denne tida eigenleg var pasifist, møtte opp til krigs-teneste i den norske hæren den 9. april 1940. Som norsk soldat tok han del i trefning--ar der han nesten sette livet til.

TYSKVENLEG PASSIVITET
Bjørneboes og Brodersens på--ståtte tyskvenlege passivitet skal ha fått næring frå den fatalistiske okkultisten Rudolf Steiner, som skal ha sett på dei historiske hendingane som nærast uvesentlege i høve til «en virkeligere virkelighet» i ein oversanseleg sfære. Slik framstiller Rem Steiners syn på den fyrste verdskrigen: «[...] krigen fremsto som en nødvendighet og et fremskritt i menneskehetens utvikling: Det som ‘skal skje, skjer’. ‘Strømmene av blod’ var nødvendige for at utviklingen skulle gå sin gang [...]».

Dette lite tiltalande synspunktet har hjå Rem ei tilvising til ei sekundærkjelde, nemleg Helmut Zanders svære verk om antroposofi. Zander viser vidare til og siterer frå eit føredrag Steiner heldt i 1915. Så langt eg har kunna undersøkja det, vart dette føredraget fyrste gong offentleggjort i 1971. Korleis kunne Jens Bjørneboe i 1943 ha vore påverka av eit stenografisk referat som låg nedstøva i eit sveitsisk arkiv fram til 1971?

REFORMATOR
Steiners svære verk på nesten fire hundre band har nokre innslag som med tida har vorte uspiselege. Det gjeld framstillinga hans av rolla rasen spela i urtida til menneskeslekta, i den teosofisk orienterte Akashakrøniken, og det gjeld nokre føredrag under den fyrste verdskrigen.

Men det var ikkje desse innslaga i Steiners verk som fascinerte Bjørneboe, Bjerke og Brodersen. Ingen av dei hadde intellektuelt magemål til å sluka ein heil annan person med hud og hår. Ingen av dei kjende seg som antroposofar forplikta på alle føredraga til Steiner ned til siste leddsetning.

Naturlegvis er Steiner mystikar og meditasjonslærar, men samstundes ein sosial reformator. Korkje Bjørneboe, Bjerke eller Brodersen oppfatta Steiner som ein kvietist som meinte at hendingane i verda skjedde etter eit guddomleg lagnadsmønster ein berre måtte sjå på og godta. Ingen som kjende dei, vil kunna godta Rems skildring av dei som berre innettervende.

ANTROPOSOFI
Ei av dei store utfordringane for ein biografi om Jens Bjørneboe i 1940- og 50-åra er nettopp at antroposofien på denne tida spelar ei så sentral rolle for han. Rem skjønar òg at antroposofien er éin av hovudnyklane til innsikt i livet til den unge Bjørneboe, og han lèt antroposofien og den antroposofiske motkulturen kring 1950 danna botnfargen i forteljinga.

Problemet er at forståinga av antroposofien krev at biografen tilkjempar seg eit tankesett og gjer seg kjend med ein idétradisjon som hjå oss er vorten marginalisert. Ein vanleg norsk akademikar som vil skjøna Steiner, vert nesten stilt overfor dei same utfordringane som ein kvit mann som vil skjøna ein ukjend indianarstamme i djupet av Amazonas. Han må for ei tid freista å tenkja og leva som ein av dei. For det framande kan berre skjønast ved at ein så langt som råd vert eitt med det. Kritikken må setjast inn etter at ein har studert dei på deira eigne premissar.

Rems framstilling av antroposofien tyder på at prosjektet hans havarerte heilt i startfasen. Han kom ikkje eingong fram til Amazonas. Han måtte stø seg til sekundærkjelder og lappa saman mistydingar til ei framstilling som berre kan narra dei uvitande.

PÅ EIN ANNAN PLANET
Dette mangelfulle studiet fører til ei lang rekkje feil og forenkling-ar av det antroposofiske livssynet. På oppmoding kan eg gjera nærare greie for dette. Her vil eg berre gje eitt døme. I det grunnleggjande samandraget sitt på s. 121–124 gjev Rem oss overraskande og heilt ny informasjon om reinkarnasjonslæra til Steiner: «Overgangen til neste fysiske tilstand finner sted på en annen planet», forklarer han. Eg har vore oppteken av Steiner i mange år, men dette sakstilhøvet har eg aldri støytt på hjå han. Når vi følgjer Rems tilvisingar, oppdagar vi at han i framstillinga si av re-inkarnasjonslæra til Steiner ikkje har Steiner som kjelde. Han nyttar Helmut Zanders idéhistoriske verk om sjelevandring, der det finst eit fire siders samandrag om Steiner. Inne i dette samandraget finst den setninga Rem nyttar og som vi har sitert ovanfor. Som si kjelde viser Zander til ein føredragssyklus av Steiner med tittelen Wege und Ziele des geistigen Menschen (GA 125/204).

I denne ser vi at Zanders setning kjem av ei feillesing. Ei ut--greiing av denne feilen kan berre gjevast med fare for å forklara det dunkle med det dunklare, det ukjende med det endå meir ukjende, som det heiter i den alkymistiske tradisjonen. Men det lyt stå til: I det aktuelle føredraget talar Steiner i nokre få setningar om jordas undergang som planet i ei fjern framtid. I tråd med indisk og teo-sofisk kosmologi ser han for seg at jorda, etter ein ikkje-materiell mellomtilstand, står opp att i ei ny form. Det er altså ikkje slik at menneska mellom dei jordiske inkarnasjonane sine skulle opphalda seg på ein annan planet enn jorda. Den «andre planeten» det er tale om, er jorda i ei ny form. Steiner talar ikkje her om inkarnasjonsprosessen på jorda i vår form. Det handlar om menneskeslektas overgang frå denne planetariske fasen til ein heilt ny fase. Om nokre tusen år. Her gjeld det om å få galenskapen rett. Får vi inn ein heilt ny planet her, på toppen av dei Steiner alt reknar med, kan det verta for mykje jamvel for antroposofane. Men Zander har blanda korta, og Rem klypper og limer frå Zander.

KARDINALFEIL
Rem har sjeldan gått til grunnkjeldene i framstillinga si av antroposofien, men stør seg til sekundærkjelder, korte samandrag, ofte laga av forfattarar med ei sterkt kritisk Steiner-oppfatning, så som Zander og Inge S. Kristiansen. Eg meiner ikkje at ei slik kritisk Steiner-oppfatning i prinsippet ikkje kan vera korrekt. Men det må vera sjølvsagt at den antroposofien som Bjørneboe var oppteken av som ei djupt personleg sak, var noko heilt anna enn den antroposofien som Rem legg fram i form av ein mangel-full leksikonartikkel bygd på antipatisk lesing av Steiner.

Her gjer Rem etter mitt syn ein kardinalfeil som undergrev heile det indre aspektet i biografien. Korleis skal vi kunna få noko innblikk i den hovudrolla antroposofien spela i livet til Bjørneboe i åra 1945–55, når vi ikkje får sjå antroposofien slik han var for Bjørneboe sjølv? Rem gjev inga overtydande skildring av korleis det må ha vore for Bjørneboe å vera antroposof. Difor vert òg perioden frå 1945 til 1955 liggjande i eit biografisk tussmørker.

Ved at Rem ikkje tek høgd for dei krava Steiner-studiet set, og ikkje fester blikket på korleis Bjørneboe sjølv oppfatta Steiner og personleg praktiserte antroposofien, går han òg glipp av tydinga av fleire omgrep som er sentrale for å skjøna den unge Bjørneboe. Det gjeld til dømes «hjemløshet» eller «hjemløse sjeler», som går inn i ein heil tidsmytologi som Bjørneboe byggjer opp mellom anna i Jonas og Blåmann.

Det gjeld òg omgrepet «demokrati», som Rem mistyder av di han ikkje har brydd seg med å setja seg grundig inn i Steiners samfunnssyn. Dette kan vi ikkje gå nærare inn på i ei bokmelding, men eg kan på oppmoding gjera greie for kor radikalt Rem har mistydd Steiners tregreiningslære, og kvifor denne mistydinga fører til at han heilt misvisande kan hevda at Bjørneboe og den motkulturelle krinsen rundt han var motstandarar av demokratiet.

VELKOMEN I LAUGET
Ved at Rem konsekvent ser Bjørneboes person med eit blikk utan metafysisk innsikt, vert dramatikken i livslaupet han skildrar, nedtona. Vi får eigenleg aldri sjå at det i Bjørneboes tilfelle er ein praktiserande mystikar som i 1957 hamnar i ei drastisk livskrise. Den tilsynelatande saklege skildringa, distansen til hovudpersonen i biografien, saman med uviljen til å sjå livslaupet også i eit metafysisk perspektiv, svekkjer nerven i boka. Særleg når det gjeld livskrisa der Bjørneboe sluttar som lærar på Steinerskulen, vert skild frå Lisel, skandalisert i pressa, byrjar å drikka og forlèt landet, saknar ein eit skikkeleg forteljargrep.

Andre gonger bind Rem saman dei dokumentariske fragmenta til eit epos som lèt oss følgja Jens Bjørneboe nærast frå veke til veke gjennom 39 år, som om biografen var der sjølv og tok grundige notat undervegs. Av og til rekonstruerer han månaders ytre og indre liv på grunnlag av eit par datoar, eit notat, ein artikkel. Han kan binda saman spinkle detaljar med sine eigne refleksjonar og tolkingar, eller han kan forstrekkja fragment og lata som om dei er det heile.

Til dømes vert sommaren 1953 skildra ved hjelp av to artiklar i Ny skole, ein petit i Verdens Gang, eit kort intervju med Aftenposten, eit sitat frå programmet for eit antroposofisk sommarstemne, to privatbrev og eit møtereferat. Ved å laga eit samanhengande lappeteppe av denne spreidde og ytre informasjonen oppstår ein konstruert sommar som løyner meir enn han syner. Det vert lett å lesa på dette viset, men om ein les på dei historisk-filologiske premissane til boka, vert det mest ei forfalsking.

Slik framstår Sin egen herre periodisk meir som ein dokumentarroman enn ein biografi. Kanskje er det difor Rem på innbretten til boka ikkje lenger presenterer seg fyrst og fremst som litteraturvitar og professor, men no står fram som «forfatter». Ein lyt vel berre ynskja han velkomen i lauget.

DET POLITISK KORREKTE
Sin egen herre er ein seks hundre siders dokumentasjon på at i alle fall 1950-åras Jens Bjørneboe har halde på provokasjonskrafta si i den norske ålmenta. Denne provokasjonskrafta heng saman med Bjørneboes metafysiske side, eitt av dei få dynamiske tabua i den politisk korrekte kulturen vår. Dette tabuet er så sterkt at elles samvitsfulle akademikarar som Rem søkk ned på skulestilsnivå når dei skal handsama temaet.

Slik vert Rems biografi med eller utan vilje ein freistnad på å temja Bjørneboe. Ved å ironisera over det metafysiske grunnsynet hans og skandalisera han som politisk idiot i det fyrste bandet av biografien opnar han for å omfamna han som hedonistisk kulturradikalar i neste runde. Alt i alt legg Rem opp til at den Bjørneboe som enno kan utfordra samtida, vert forkasta, medan den Bjørneboe som passar saman med makta i tida, vert omfamna.

KAJ SKAGEN

Kaj Skagen er forfattar og fast bokmeldar for Dag og Tid.

Skagen tvingar tolkingane mine eintydig negativt

– For meg er Kaj Skagens melding ei sterk øving i røyndomsfornekting, seier Bjørneboe-biograf Tore Rem.

SVEIN GJERDÅKER
svein@dagogtid.no

– Min fyrste reaksjon då eg las meldinga til Kaj Skagen, var om òg ein annan hadde gjeve ut bok om Bjørneboe med same tittel som eg. Eg hadde særs vondt for å kjenna att min eigen tekst, seier Tore Rem.

Boka til Rem, Sin egen herre. En biografi om Jens Bjørneboe, fekk hard medfart av Kaj Skagen i førre nummer av Dag og Tid. Skagen meiner Rems biografi ikkje kjem på innsida av den unge Bjørneboe og endar opp med å brunskvetta han under krigen.

Tore Rem skjønar ikkje korleis Skagen kan lesa boka slik.

– Skagen tvingar tolkingane mine i eintydig negativ retning. Slik meiner eg at han sjølv vert antroposofanes verste fiende. Eg ville aldri brukt slike karakteristikkar som han gjer i meldinga. Det er som om Skagen les boka med Max Manus-briller. Men vi veit jo i dag at det store fleirtalet i Noreg korkje var nazistar, kollaboratørar eller aktive motstandsmenn. Det eg gjer, er å prøva å skildra ein mellomposisjon som mange av antroposofane hamna i. Det spesielle var at dei var tysk-vende med eit nært tilhøve til tysk kultur. Og at dei hadde ei spiritualiserande haldning. Det skapte ambivalens og sette Bjørneboes miljø utanfor den norske krigsrøynsla.

– Utan å skildra denne særeigne røynsla, noko som ikkje har vore gjort før, er det vanskeleg å skjøna rolla til antroposofane i den norske etterkrigstida. Då krigen var over, stod dei utanfor den kollektive forståinga av krigen som seinare har dominert det offentlege ordskiftet og dei vart aldri del av kollektivismen som prega denne tida.

KARIKERER
Rem er overraska over at all den nye empirien han får fram, ikkje interesserer Skagen. Til dømes korleis den kan forklara Bjørneboes fundamentale oppgjer med «gode nordmenns» forståing av krigen i romanen Under en hårdere himmel frå 1957.

– Det nye materialet eg legg fram om antroposofane og Bjørneboe under krigen, gjer det mogeleg å skjøna bakgrunnen for denne romanen og mykje anna han skriv i 50-åra. Eg kan ikkje skjøna korleis Skagen kan forklara dette med si apologetiske haldning, seier Rem.

– I staden tek han alle verktøy i bruk for å diskreditera meg, så det mest vert parodisk. Som når den kanskje tettast kildebelagde norske forfatterbiografien vert til «dokumentarroman». Skagen burde heller stilt spørsmåla om antroposofane verkeleg hadde dei tankane eg legg fram? Sa dei det eg seier dei sa? Det svarar han ikkje på. Som om han ikkje interesserer seg for historia. For meg er Skagens melding ei sterk øving i røyndomsfornekting.

– Så teksten din kan ikkje lesast som ein insinuasjon om at Bjørneboe og antroposofane sympatiserte med okkupasjonsmakta?

– Det er nettopp paradoksa og mellomposisjonen som interesserer meg. Når Bjørneboe teiknar seg sjølv med hakekross, så skriv eg at det er ingenting som tyder på at han var nazist av den grunn. Og eg skriv eksplisitt i teksten at det òg var motstandsfolk mellom antroposofane.

PARADOKSALT
– Kan ein vera i ein mellomposisjon under krigen? Er det ikkje det vi kallar for stripete?

– Det vart nok fleire av dei kalla, men eg godtek ikkje «stripete» som analytisk kategori. For å ta avsnittet mitt der antroposofane sit i dei nazidekorerte lokala til Husmorsforbundet og høyrer på eit femtitals føredrag om tysk kultur: For meg er det nettopp paradoksalt, men eg seier ikkje at dei av den grunn er nazistar. Når Skagen skriv at det òg var motstandsfolk i salen som skjulte motstandsmannen Gregers Gram, så skriv han karakteristisk nok ikkje at det òg var tyske soldatar og offiserar på dei same føredraga. Det har eg ikkje brukt i min tekst, nettopp fordi eg ikkje vil tvinga fram det som Skagen tillegg meg. Det eg vil ha fram, er at dei er så tett knytte til det tyske, men at dei fleste av dei samstundes forakta nazismen.

– Likevel får du meg ikkje til å seia, etter alt vi veit om holocaust, at det var det same kva side ein var på før og under krigen. Poenget mitt er at krigshistoria har synt at det var svært mange som var i ein mellom-posisjon og ikkje tok eit klart standpunkt. No må vi ha kome til eit punkt der slike posisjonar kan skildrast.

MOGELEG FORKLARING
– Ei anna sak er det at når Bjørneboe seinare hevdar at han såg holocaust alt i 1933, vert posisjonen hans problematisk. Kvifor engasjerte han seg ikkje då? Det kan eg som biograf ikkje lata vera å drøfta.

– Kanskje var grunnen at han, som figuren Johannes Marks i Jonas, var mest oppteken av sine eigne problem? At han knapt maktar å gå ut på gata og fører ein kamp om liv og død med seg sjølv?

– Kanskje. Eg skriv at nettopp på grunn av dei indre plagene hans så verkar krigen nærast irrelevant for han. Det er heilt klart ei mogeleg forklaring. Eg meiner eg skriv med empati for Bjørneboes situasjon, ikkje ukritisk, men heller ikkje dømande.

GENUINT
– Kva med sitatet der antroposofen Englert held eit føredrag om «Jødespørsmålet» i Oslo i 1938 der du skriv at Englert var svært «opptatt av å ikke støte makthaverne i Tyskland. Men vi vet ikke hva han sa under sitt foredrag.» Kan det tolkast som ein insinuasjon om at han var tvilsam i jødespørsmålet?

– Nei, eg skriv heilt genuint at dette veit vi ikkje noko om. Alternativet for meg var å ikkje nemna det i det heile. Terje Christensen, den viktigaste antroposofihistorikaren her til lands, legg stor vekt på korleis Englert i 1930-åra disiplinerer antroposofi-selskapet og går i rette med dei som engasjerer seg politisk. Eg vil tru at Skagen vil oppfatta det òg som brunskvetting.         

– Therese Bjørneboe, dotter til Jens Bjørneboe, har òg ytra seg kritisk til di skildring av Bjørneboe under krigen?

– Dette er ingen autorisert biografi, og eg har full respekt for at familiemedlemer har andre perspektiv på dette enn meg.

BRUKT MÅNADER
– Kan du nok om antroposofien til å skriva om han?

– Eg har brukt mykje tid på å lesa meg opp både på antroposofien og historia til antroposofien i Noreg dei siste fire åra, til saman mange månadsverk. Eg legg større vekt på rolla til antroposofien i norsk etterkrigshistorie enn nokon andre. Men samstundes krev eg retten til å vera kritisk. Det er ikkje slik at det å ta metafysikken på alvor inneber at diskusjonen dermed er over. Elles har eg vanskeleg for å sjå implikasjonane i det Skagen i meldinga kallar «feil». Og ofte trur eg at han blandar i hop «feil» og «tolking».

– Skagen meiner at den som vil skjøna antroposofien, «må for ei tid freista å tenkja og leva som éin av dei», og at «kritikken må setjast inn etter at ein har studert dei på deira eigne premissar». For dei som strevar med å fylgja Skagen, vil eg meina at dette er den heilt sentrale premissen i meldinga. Slik handlar vår usemje ikkje minst om ulike kunnskapssyn. Ifylgje Skagen må ein altså verta éin av dei innvigde før ein har rett til å kritisera. Eg kan skjøna at eg provoserer når eg legg fram ting i det offentlege som er esoteriske – og altså per definisjon skal vera skjulte.

– Men utan at eg legg fram det som antroposofane seier og tenkjer bak linene, og det dei tenkjer høgt i det offentlege, vil ein ikkje skjøna antroposofien som ei historisk drivkraft i denne perioden – noko som har vore heilt grunnleggjande for mi idéhistoriske tilnærming.

– På nytt vil eg seia at det er interessant at Skagen ikkje forheld seg til alle dei nye kjeldene eg har funne fram til. Og det blir lettare komisk når ein som melder denne boka i Dag og Tid, ikkje i det heile nemner rolla antroposofane spela i riksmålsrørsla. Her er mykje nytt stoff om språkkampen i 50-åra. Ikkje minst lyfter eg fram konfliktlinene i riksmålsrørsla. Men Skagen er altså ikkje påfallande interessert i empiri.

MOTSTRAUMS
– Har du eit tilhøve til meta-fysikk?
– Eg har vanskar med å skjøna relevansen av det spørsmålet, men ja, eg har eit tilhøve til metafysikk i mi eiga historie. Så teksten min er nok òg på det viset meir fortruleg enn Skagen vil ha det til. Men når han assosierer meg med opplysing og rasjonalitet, så har eg vanskeleg for å oppfatta det som skjellsord. Samstundes har eg ei forståing for rolla til religionane i samfunnet og i historia. Så der skil eg meg klart frå mykje av nyare norsk historieskriving. Eg trur ingen historikarar har lagt så mykje vekt på metafysikken og det kulturelle i denne perioden som eg gjer.

Skagen meiner Rem ironiserer ved metafysikaren Bjørneboe i band 1 for å kunne opne opp for å omfamna Bjørneboe som hedonistisk kulturradikalarar i band 2.

– Eg skjønar ikkje kvar Skagen har fått klarsynet frå til å vita kva som kjem i neste års bok. I Sin egen herre legg eg stor vekt på den verdien antroposofane spela etter krigen og skriv dei opp slik at dei sit ved sida av «den annen front» i norsk idéhistorie – og såleis at dei representerer ein motstraum til ei konsensusorientert norsk etterkrigstid, seier Rem.

–        I avslutninga av biografien opnar eg snarare opp Bjørneboes kulturradikalisme, av di han så tydeleg har ei form for meta-fysikk med seg vidare i livet. Og forteljinga i Sin egen herre er nett ei ganske anna enn den til kulturradikalarane. Det er nok ikkje så lett å vera profet som Skagen vil ha det til.


Biografi som gapestokk

KAJ SKAGEN
BERGEN

I førre Dag og Tid seier Tore Rem at han ikkje kan skjøna korleis eg kan lesa Sin egen herre slik eg gjorde i meldinga mi 18. september. Eg lyt altså forklara meg nærare. Det tek tid og plass. Rem har jo hatt seks hundre sider på seg til å fremja sitt syn.

NØYTRAL
Eg synest at Rem skildrar Bjørne-boe som sosialt likesæl dandy utan å nytta nærliggjande kulturell og psykologisk kontekst som forklåring og utan å sjå dandyen i 30- og 40-åra i samanheng med den sosiale eldsjela i 50-åra. Dermed vert Bjørneboe fordømd som ein moralsk uansvarleg person. Rem undervurderer Bjørneboe både menneskeleg og intellektuelt, som Therese Bjørneboe seier i eit intervju til Aftenposten.

Med denne undervurderinga av Bjørneboes karakter legg Rem grunnlaget for å kunna hevda at han var likesæl til nazismen under krigen og var «utanfor» demokratiet etter krigen. Rem seier rett ut at Bjørneboe med klassebakgrunnen sin, nøytraliteten sin til nazismen, sympatien sin for tysk kultur og Knut Hamsun var «disponert» for å kunna forstå og forsvara landssvikarane i romanen Under en hårdere himmel (sjå Sin egen herre, s. 469). Alt i alt skildrar Rem den unge Jens Bjørneboe som ein slags mental landssvikar. «Han synes å være utenfor alt, ikke minst sitt eget lands skjebne», skriv Rem.

REM VISSTE
Rem meiner at denne kritikken kviler på ei subjektiv forvrenging av boka hans. Det skal vera slik at eg har lese ein særleg versjon av Sin egen herre, som det berre finst eitt eksemplar av. Eg må difor få gjere merksam på at det er fleire andre som har fått denne versjonen.

Eitt døme på det er lanseringa i Morgenbladet 4. september. Der seier idéhistorikaren Jan-Erik Ebbestad Hansen at samfunnskritikken til antroposofane i 1950-åra var «påfallende», og han legg til:

«Man kan forstå kritikken av Ap-statens autoritære sosialisme og krigsoppgjøret. Men når bakteppet er en desinteressert holdning under okkupasjonsårene, ser det ikke så pent ut.»

–        Her er underteksten så klar og rungande at alle kan høyra kva som vert sagt. Rett nok er det Ebbestad Hansen, og seinare Arild Linneberg, som kastar skiten i pressa, men det er Rem som har produsert han. Ebbestad Hansen er heller ikkje nokon kven som helst i denne samanhengen. Han står oppførd i takkelista til Rem som ein av hans «betrodde lesere». Rem må med andre ord, før boka vart send ut, ha visst at framstillinga hans av Bjørneboes forhold til okkupasjonen såg stygg ut.

SJØLVOPPTEKEN
Jamvel bokmeldaren til Morgenbladet, Erik Bjerck Hagen, meiner at «hele bokens essens, dens helt sentrale påstand» er at antroposofane «hadde aldri klart å bli gode nordmenn under krigen, og de maktet det heller ikke» i etterkrigstida. Sin egen herre inneber ifølgje Bjerck Hagen ei svekking av Bjørneboes ry som moralsk røyst:

«Bjørneboes ry som forfatter er tett sammenvevd med hans ry som public intellectual og moralsk stemme, men biografien gjør lite for å styrke eller opprettholde hans karakter, hans etos.»

UREINT MJØL I POSEN
I Klassekampen 12. september lagar Arild Linneberg dette samandraget av Rems forteljing om krigsåra:

«[...] verken han [Bjørneboe] eller mora hadde reint mel i posen under andre verdenskrig. Han rømte til Sverige for å unnslippe arbeidstjenesten, noen krigshelt var han ikke. I Stockholm holdt han lag med en erkekonservativ gjeng av tyskvennlige antroposofer, mange med affinitet til nazismen, som vennen Karl Brodersen.»

Både Ebbestad Hansen, Bjerck Hagen og Linneberg vurderer boka til Rem heilt annleis enn eg. Men at dei har lese same boka, kan det ikkje vera tvil om. Skilnaden ligg i at dei likar det dei les. Dei likar den ironiske vurderinga av Bjørneboes personlegdom og tenking. Dei likar den sarkastiske skildringa av André Bjerke. Dei likar postuleringa av eit slektskapstilhøve mellom antropo-sofien og nazismen. Dei likar at den einaste frå 50-åras meta-fysiske motkultur som overlevde i norsk ålmente, endeleg vert av--retta, slik at Bjørneboes motstandarar i den gamle striden – no i Rems skapnad – får stå att som dei einaste levande på valplassen, og i eigenskap av sigerherrar får skriva ikkje berre historia, men jamvel idéhistoria.

Men eg likar ikkje noko av dette, naturleg nok, sidan eg både tankemessig og personleg står i tradisjonen frå den tapande parten.

UNDERTEKST
Rem skriv ein sakprosa med undertekst, slik at bodskapen vert dobbel, av og til sjølvmotseiande. Ved hjelp av slik dobbeltale legg Rem ut i boka ei indisiekjede som endar med fellande dom over Bjørneboe, venene hans og forfattarskapen hans, samstundes som han etterlét nok drivved i sumpen til at han kan berga seg sjølv ut og springa frå ansvaret for den dimme landskapsarkitekturen sin. Fram til side 183 er det om lag tjue lekkar i denne kjeda. Av plassomsyn skal eg nemna berre éin av dei.

Rem fortel at den 31. oktober 1942 møttest ein gjeng kristian-sandarar på Theatercaféen i Oslo:

«De er motstandsfolk på ulike oppdrag. Alle kjenner hverandre, alle vet at de andre er involvert i kampen mot okkupasjonsmakten. Erik Dahl-Hansen husker hvordan de fikk øye på Vallen Bjørneboe, kunststudenten, og at han kom bort til bordet deres. Han fleipet og tullet, men satte seg ikke ned. Det var som om han var brydd, som om han følte at han ikke fullt ut hadde de andres aksept. Som om deres krig ikke var hans.» (s. 130)

–        Ein samvitsfull biograf kunne ha skildra den same hendinga slik: «Ein gjeng kristiansandarar sit på Theatercaféen. Alle kjenner kvarandre, alle veit at dei andre er involverte i illegalt motstandsarbeid. Den 22 år gamle Jens Bjørneboe kjem inn på kafeen. Han kjenner dei ved bordet frå før, sidan dei kjem frå same by. Alt før krigen var Bjørneboe ein outsider i denne krinsen. Eit særleg tvisynt tilhøve må han ha hatt til Erik Dahl-Hansen, som fem–seks år tidlegare fleire gonger var heime hos Bjørneboe-familien for å krevja inn ein pengesum på vegner av far sin som far til Jens fyrst ikkje ville ut med. Outsideren Bjørneboe kjem bort til kjenningane, men vert ikkje beden om å setja seg ned. Han tullar og fjasar litt, verkar brydd. Han veit ikkje noko om det illegale arbeidet dei andre driv med. Men han merkar vel at dei andre dannar ein lukka krins der han sjølv ikkje er velkomen. Etter utveksling av nokre frasar helsar han og går sin veg.»

Denne pinlege sosiale situasjonen tolkar Rem politisk: «Det var som om han var brydd, som om han følte at han ikke fullt ut hadde de andres aksept. Som om deres krig ikke var hans.» Her skriv ikkje Rem nokon biografi, men ein usympatisk dokumentarroman. For å kunna spreia sladder leikar han at han veit kva som gjekk føre seg inne i hovudet til Jens Bjørneboe ein kveld på Theatercaféen i 1942. Å gjera slik fiksjon til biografiske fakta reknar eg som svindel. Og det finst fleire like grove døme.

«MELLOMPOSISJON»
Rem tek opp att og opp att at han ikkje seier at Jens Bjørneboe og det antroposofiske miljøet hans i 40-åra var nazistisk, men at dei inntok ein «nøytral mellomposisjon». Problemet er at nøytralitet under okkupasjonen i seg sjølv er ein betent politisk posisjon. Det tyder at ein under det nazistiske skrekkveldet ikkje eingong i løynd og for seg sjølv tek stilling mot nazismen.

Men Rem seier òg at Bjørneboe var politisk «idiot» eller «apolitisk». Dette er ikkje det same som å vera nøytral. Til dømes sa Rem under lanseringa at Bjørneboe hadde «mer enn nok å slite med i sitt eget sinn» til å interessera seg for politikk. Dette er ingen politisk «mellomposisjon», men ein psykologisk-personleg situasjon som ikkje høyrer heime i det politiske landskapet. Ein kan ikkje spørja kvifor ein mann i rullestol ikkje spring til skogs.

I underteksten i Sin egen herre lagar Rem endå ein tredje vevnad. Den som les biografien utan særleg kjennskap til Bjørneboe, Brodersen, Bjerke, Noreg i 1950-åra og antroposofi, får formidla denne dystre samanhengen: Den politiske idioten Bjørneboe og hans nære vener med nazisympatiar sit i nazidekorerte lokale og lyttar til ein tysktalande nazisympatisør som held føredrag om tysk idealisme og romantikk, som vert hevda å vera dei ideologiske røtene til nazismen. Bjørneboe knyter seg til antroposofien, som skal ha mykje til felles med nazismen. I krigsåra blæs han i okkupasjonen og lever i eit nazivenleg miljø.

Dette, seier Rem vidare i ein undertekst som no vakar i overflata til boka, var bakgrunnen for at Bjørneboe i Før hanen galer nærast frikjende nazismen som årsak til dei tyske menneske-eksperimenta og i staden la skulda på vitskapen. Den intime nærleiken til nazistisk ideologi og miljø var òg ifylgje Rem bakgrunnen for at Jens Bjørneboe i Under en hårdere himmel kunne forstå og forsvara landssvikarane.

Eg skjønar at Rem ikkje vil vera med på å ha sagt dette. Men han har sjølv lagt opp til det. Likar han ikkje det, får han skriva det om.

NY KJELDE
Alle desse kvarte, halve og tre fjerdedels skuldingane om nazisme mot ei heil gruppe, og mot namngjevne folk som ikkje lever lenger og ikkje kan forsvara seg, er eit særleg ankepunkt mot boka til Rem. I Brodersens og Bjerkes tilfelle underslår Rem at dei begge to, til liks med (dandyen) Jens Bjørneboe, melde seg til våpenkamp mot tyskarane 9. april 1940. Han underslår at Brodersen alt som sekstenåring i 1934 gjennomskoda nazismen på ein sykkeltur i Tyskland, at han i russetoget i Trondheim den 17. mai 1936 vart hindra i å bera ein antifascistisk parole, at han dagen etter debuterte som offentleg skribent med eit innlegg for pasifismen i det kommunistiske partiorganet Ny Tid.

I staden gjev Rem tenåringens kortvarige høgreraptus ikkje berre ein heilt usann karakter av organisert nazisme («aktiv nasjonalsosialist»), men òg ein så kvantitativ dominerande plass i skildringa av mannen at den slagsida prega lanseringa og vart slått opp i dagspressa.

Det same gjeld for Bjerke. Rem lèt korte, forbigåande og reint tankemessige utsvevingar i femtenårsalderen brennemerkja menneske som heile livet og i alt dei gjorde og skreiv, synte seg som dei humanistane alle òg har rekna dei for å vera, heilt til Rem dukka opp med boka si.

Når det gjeld Conrad Englert set Rem med skrivemåten sin ut mistanke om at han kan ha vore antisemitt og nazivenleg. Men av dagbøkene til Englert går det fram at han alt i 1933 gjennomskoda Hitler som ein forførar. Og mellom tilhøyrarane hans i det no illgjetne lokalet i Oscarsgate 43 under krigen, sat ikkje berre Bjørneboe, Brodersen og Bjerke, men òg mange motstandsfolk og kjende kunstnarar. Eg har alt nemnt Betty og Sophus Clausen, som i halvtanna år og med fare for eige liv skjulte Gregers Gram i heimen sin. Men her sat òg Kai Fjell og Per Arneberg. Og her sat arkitekten Eivind Thomassen (1911–1992).

Thomassen hadde studert arkitektur i Tyskland i 1930-åra. Der hadde han opplevd Hitlers talar og dei nazistiske massemønstringane og hadde tykt dei var skremmande. Under krigen vart Thomassen aktivt med i Milorg. Han har fortalt at Conrad Englert i private samtalar ikkje berre støtta han i dette valet, men meinte at det var ei plikt for unge menneske å ta del i motstandskampen. Kjelda til dette er Knut Dannevig, lærar ved Steinerskulen på Hamar, som var fast gjest i huset hjå Thomassen og sjølv høyrde han fortelja dette.

«DOGMATISK ANTROPOSOF»
I tilsvaret sitt nyttar Rem som argument at eg er «dogmatisk antroposof». Til dette vil eg seia at antroposofien ikkje er eit einskapleg korpus eller nokon konfesjon. Det finst alle slags antroposofar, som held seg med alle moglege tilnærmingar til Steiner. Det finst muslimske og kristne antroposofar, vitskapleg og astrologisk orienterte antroposofar, skapantroposofar og økoantroposofar, norskdomsantroposofar og kulturradikale antroposofar. Rem vil kanskje ikkje tru det, men det finst òg mange afrikanske og jødiske antroposofar.

Med kniven på strupen ville vel eg vedgått at eg òg er ein slags antroposof. Men får eg kalla meg kva eg sjølv vil, føretrekkjer eg å kalla meg humanist. Og som humanist vil eg ha meg fråbeden å få Rems tolking av Steiner opplesen og vedteken som mitt verdssyn. Eg lagar meg mitt eige humanistiske verdssyn, der mi lesing av Steiner inngår, men ikkje berre den. Eg trur ikkje på totalitære system, korkje i politikken eller i idéverda.

Men det høyrer til det metodiske feilgrepet i Sin egen herre at Rem oppfattar antroposofien nett som ein overskodeleg konfesjon og ikkje tek høgd for dei store skilnadene mellom ulike Steiner-oppfatningar. Dermed presenterer Rem si eiga tolking av antroposofien som noko som skulle kunna hatt innverknad på Bjørneboe. For å syna oss korleis Steiner påverka Bjørneboe og Brodersen i 1943, siterer han frå Steiner-føredrag som ikkje vart offentleggjorde før i 1944.

Men Rem skulle ha freista hardare og meir medvite å syna oss korleis Bjørneboe sjølv oppfatta antroposofien. Det er si eiga tolking Bjørneboe vart påverka av, ikkje Rems eller Helmut Zanders. Og hovudinnhaldet i Rems tolking, som er heilt avgjerande for boka, nemleg at antroposofien skal vera ein slags kvietisme, ei religiøs retning som ikkje vil ha noko med denne verda å gjera, har med full visse ikkje inngått i korkje Bjørneboes eller Brodersens oppfatning.

KAJ SKAGEN

Kaj Skagen er forfattar og fast bokmeldar for Dag og Tid.


Ubehaget i historien

TORE REM
OSLO

I reneste Alf Larsen-stil har Kaj Skagen de siste ukene sendt et fyrverkeri av invektiver i min retning. Man må bare undre seg over hvordan mannen skal finne språklige virkemidler når han en dag støter på en virkelig tendensiøs tekst, snarere enn en biografi anmeldere gjennomgående har karakterisert som sober og lite sensasjonaliserende. Den som leser Dag og Tid, får se.

Også nå hevder Skagen at han har en overflod av indisier mot meg. Og som sist fortoner det seg merkelig tynt når disse skal konkretiseres. Denne gangen er kroneksemplet en episode der Bjørneboe under krigen møter sørlandske motstandsmenn på Theatercaféen. I min tekst dreier dette seg ikke om at jeg «veit kva som gjekk føre seg inne i hovudet til Jens Bjørneboe», men om en parafrasering av en kildes oppfatning av situasjonen. Ut fra denne misforståelsen fremmer Skagen en fantasifull alternativfortelling som det ikke er vanskelig å avvise. Og igjen karikerer han min fremstilling ut i det absurde, som når han påstår at jeg hevder at Bjørneboes romanoppgjør med «de gode nordmenns» krigsperspektiv er basert på «den intime nærleiken til nazistisk ideologi og miljø». Hvor vrangt Skagen leser, kan man bare forstå ved selv å lese biografien. De av Dag og Tids lesere som har fått anelser om at avisas kritiker skjuler mer enn han åpenbarer, får herved oppfordringen.


For meg framstår Skagens univers som i overkant manikeistisk, en verden av dem som er for eller mot oss. Min egen tilnærming er preget av et både–og. Et mer åpent forhold til historien kan innebære ubehag og kjensgjerninger som ikke bare er fordelaktige for den biograferte og de sammenhenger han sto i, men personlig tror jeg ikke at Bjørneboe blir mindre fascinerende eller vesentlig av den grunn. I møte med en så myteom-spunnet forfatter, hvor så mange påberoper seg eierskap og hvor fortelling--ene har ligget så fast over lang tid, var jeg forberedt på reaksjoner – selv om Skagen har sprengt rammene for hva det var mulig å forutse.

Skagen viser ingen tegn til å ta inn over seg min kritikk av hans krigshistorieforståelse. Og fremdeles er det jeg som egenhendig konstruerer en ubehagelig virkelighet. Men for bare å gi ett eksempel på en kilde til ubehag: Like etter krigsutbruddet skriver tidas mest kjente norske antroposof, Alf Larsen, at «så vit da at der var flere enn de som nu gjør revolusjonen, der så den frem!». Og i 1943 meddeler samme mann Henrik Groth at «nazismen er jødedommens største, jeg hadde nær sagt endelige seir i verden».

Heller ikke denne gang bidrar Skagens hektiske telefonering til eldre antroposofer til å gjendrive mine analyser. Med belegg i nye telefonsamtaler angripes jeg nå for å ha insinuert at selveste generalsekretæren i Antroposofisk Selskap, Conrad Englert, «kan ha vore antisemitt og nazivenleg». Jeg har hittil avholdt meg fra å påstå noe slikt, men siden sist har jeg klart å oppspore et referat fra Englerts foredrag «Om jødeproblemet» (Tidens Tegn, 20. oktober 1935). Heller ikke nå vil jeg hevde at Englert er nazist, men det er vanskelig å la være å mene at hans synspunkter har klare antisemittiske islett. Englert hevder blant annet at nazistenes raseideologi er hentet fra «gammel jødisk lære» om «det rene blod». Og hans konklusjon minner sterkt om Larsens: «Jødenes skjebne er fremkalt av dem selv.»
Skagen lar seg ikke affisere av denne type kilder, som det altså finnes atskillige av i min fremstilling. I stedet presenterer han den ene anekdotiske og retrospektive opplysningen etter den andre, samtidig som han karakteriserer min forskning som «sladder». Jeg er visst kommet på en feil planet. Her er så underlig.

Mitt mål har vært å belyse Jens Bjørneboes liv og de sammen-henger han sto i. Slik har jeg også ønsket å gi et viktig bidrag til forståelsen av antroposofiens historie i Norge. Jeg skriver om den funksjon en slik mot- eller subkultur kan ha, og tror for øvrig at storsamfunnet kan trenge slike korrektiver. Men det er neppe hit man bør gå for å lære kildekritikk.

Det ville være ille om Skagens kampanje får skygge for alt jeg forsvarer ved Bjørneboes liv og verk, eller for alle de gangene jeg går mot mer kritiske fortolk-ninger. Som når jeg avviser at antroposofenes völkisch-tenkning er biologisk, peker på at Bjørneboes Nietzsche ikke var nazistenes Nietzsche, slår fast at Bjørneboe ikke var nazist, og nevner at det også fantes motstandsfolk blant antroposofene. Jeg har dessuten sans for at Bjørneboes tekster forvalter det historikere kaller en «mothukommelse». Men jeg presenterer ikke et ukritisk forsvar basert på den biografertes selvframstilling. Gjennom sitt strev for å gjøre Bjørneboe politisk bevisst fra trettenårsalderen av har Skagen gitt seg selv litt av en utfordring med å forklare en mengde av forfatterens ytring-er, foruten flere av hans mest sentrale verker.

Cato Schiøtz’ innlegg i denne ukas avis oppfatter jeg som en vennlig irettesettelse. Det skal heller ikke være tvil om at Schiøt-z og andre sentrale antroposofer sjenerøst har gitt meg, som den første utenfor bevegelsen, tilgang til et stort historisk materiale. Samtidig vil jeg mene at Schiøtz forenkler når han insisterer på antroposofiens «totale åpenhet». Debatten som har oppstått etter utgivelsen av Sin egen herre, kan i seg selv illustrere denne sannhetens modifikasjoner. Når Skagen hevder at jeg før jeg kan kritisere, først må «for ei tid freista å tenkja og leva som» antroposof, er dette knapt nok et uskyldig eller kontekstfritt utsagn. Til tross for at Steiner påsto å være eksoterisk, altså å gjøre den skjulte kunnskapen kjent, ble mange av hans foredrag lenge trykt med en standardformulering om at man ikke anerkjente kritikk utenfra Antroposofisk Selskap. Schiøtz vet selvsagt at det har vært motstand i bevegelsen mot å offentliggjøre Steiners mest esoteriske skrifter. Det at noe nå er tilgjengelig, betyr ikke nødvendigvis at hvem som helst anses som skikket til å vurdere dets gehalt. Det esoteriske har fulgt Selskapet i hele dets historie, og det er vanskelig å se at offentliggjøringen av Steiners foredrag (noe som i vår tid vanskelig kunne unngås) medfører et radikalt endret kunnskapssyn. Selv har jeg de siste ukene fått en sterk opplevelse av å støte mot et fortolkningsmonopol.

De som måtte ha fulgt tidligere debatter omkring antroposofien, vil i enkelte av utspillene mot meg også gjenkjenne noe som kan ligne en hersketeknikk. I og med at Steiners samlede verker nærmer seg 400 bind, vil det alltid være mulig å hevde at utenforstående ikke har satt seg «tilstrekkelig inn i antroposofiens innhold». Det er ikke åpenbart at slike forsøk på utdefinering fremmer åpenhet, kritikk og meningsfull debatt.

Skagen vil ha seg frabedt å bli kalt «dogmatisk». Men hans nå veldokumenterte raseri, kombinert med den sterke viljen til å fortie mitt store og nye kildemateriale, taler et annet språk. «The lady doth protest too much, me-thinks». Også språkhandlinger er handlinger.

Tore Rem er professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo.


Framstegstanke og jødedom

KAJ SKAGEN
BERGEN

Sidan sist har Tore Rem funne eit referat i Tidens Tegn av Conrad Englerts føredrag «Om jødeproblemet» frå 1938 og kommenterer referatet slik: «Heller ikke nå vil jeg hevde at Englert er nazist, men det er vanskelig å la være å mene at hans synspunkter har klare antisemittiske islett. Englert hevder blant annet at nazistenes raseideologi er hentet fra ‘gammel jødisk lære’ om ‘det rene blod’. Og hans konklusjon minner sterkt om Larsens: ‘Jødenes skjebne er fremkalt av dem selv.’»

For at leserane kan gjera seg opp si eiga meining om dette viktige punktet i Sin egen herre, vert her heile referatet frå Tidens Tegn attgjeve (sjå faksimile).

Tittelen på føredraget, «Jødeproblemet», var vanleg i europeisk ålmente heilt sidan frambrotet av nasjonalitetsstrevet. Det er det same temaet som Marx handsama i «Die Judenfrage» i 1843. Oppkomsten av nasjonalstaten, saman med emansipasjonen til jødane, reiste praktiske spørsmål om korleis jødane med dei særlege tradisjonane sine skulle integrerast. Det treng altså ikkje å liggja noko antisemittisk i omgrepet «jødeproblemet». Den som skulle vera i tvil om dette, kan lesa Martin Bubers Drei Reden über das Judentum frå 1916, som etter referatet kan ha vore utgangspunktet for Englerts føredrag. Her omtalar òg Buber «das Problem des Judentums». I nyare tid finn ein dette omgrepet òg hos Göran Rosenberg, som i Det tapte landet har eit kapittel som heiter «Det jødiske problemet».

Referatet syner at Englert var antirasist på prinsipielt grunnlag, nemleg ut frå overtydinga si at kollektivismen, anten han byggjer på nasjonen, rasen eller konfesjonen, er ei øydeleggjande kraft i det moderne samfunns-livet. Den moderne staten må byggja på einskildmenneska og universelle borgarretter.

Etter avisreferatet har Englert òg hevda at eit folk som held fast på «blodet» eller det kollektive som grunnlag for det individuelle, vil verta ramma av kollektive kata-strofar. Journalisten sammanfattar dette synspunktet med setningar som at «jødenes skjebne er fremkalt av dem selv». Det er dette Rem meiner er «klare antisemittiske islett».

Då overser Rem at den historiske lova det her skal vera tale om, ikkje vert gjord spesielt gjeldande for jødane. Det er ei universell og ålmenn historisk lov som skal gjelda alle folk utan omsyn til «rase». Ho gjeld såleis òg for det tyske folket. Ved at tyskarane i moderne tid har vendt seg til rasistiske tankar, vil dei verta ramma av liknande katastrofar som jødane. Det er altså ikkje det jødiske, men oppfatninga av rasen som viktigare enn individet, som fører til kollektive katastrofar. Englert er ikkje antisemitt; han er antirasist.

Som goetheanist kan Englert ha henta profetien sin om ein tysk katastrofe frå Goethe, som i 1807 hevda at tysk kultur berre kunne realiserast gjennom individualiteten og det universelle: Nasjonalismen ville fordumma tyskarane til å streva etter verdsmakta, med den fylgja at dei ville innhausta verdshatet: Det tyske folket vil verta ramma av di «det har forrådt seg sjølv ved ikkje å vilja vera det det er», nemleg eit folk grunna på det universelle og individuelle i motsetnad til det kollektive og nasjonale. Historia vil difor «spreia dei over jorda, som jødane». Englerts tanke om at jødane har framkalla sin egen lagnad, bør såleis snarare tolkast i ein goetheansk enn i ein antisemittisk kontekst.

Ein annan viktig kontekst er Englerts kosmopolitiske individualisme, som han hadde i lag med den unge Rudolf Steiner. No er Steiner ein motstandar av antisemittismen gjennom heile forfattarskapen sin. Men det ligg i den kosmopolitiske framstegstanken ein tendens til å råka gupper som vert sedde på som «historisk tilbakeståande». Slike tilfelle ligg føre hjå Steiner i høve til «primitive» folkeslag utanfor den europeiske sivilisasjonen. Eit slikt døme ligg òg føre i høve til den jødiske tradisjonen. I ein artikkel frå 1888 skreiv den 27-årige Steiner at «jødedomen i seg sjølv er utlevd for lenge sidan, har ingen rettkomen plass innanfor det moderne folkelivet, og at han likevel har halde seg, er eit av mistaka i verdshistoria, som ikkje vil verta utan fylgjer». Lese i samanhengen sin er dette ei tilspissa formulering av eit synspunkt som går inn for assimilering av jødane i Europa. I dag er det ei klart diskriminerande setning. Det er vel som eurosentrisk framstegsmann at Englert skal skjønast, ikkje som antisemitt.

Ein tredje kontekst som er viktig for å skjøna Englert, er dei nære personlege og offisielle banda han hadde til den tyske antroposofiske leiarskapen, som under nazistyret streva så hardt for å berga rørsla si at det i dag har vorte kompromitterande. Det gjeld mellom anna tinginga i 1933 av ein «ariar-attest» for Rudolf Steiner, for å motverka eit forbod av Antroposofisk Selskap, som likevel vart forbode i 1935. I Noreg fylgde Englert denne offisielle overlevingslina. Dette er bakgrunnen for rundskrivet hans om Steiners «ariar-attest» frå det tyske Rassenamt og konflikten hans i 1936 med ein annan kjend antroposof, den aktive antinazisten Johannes Hohlenberg. Medan Hohlenberg i skrift og tale kjempa mot nazismen, meinte Englert at dette ville setja tyske antroposofar i fare.

Eg vil avslutta med å seia at dette ordskiftet om nokon kan ha vore antisemitt, frå ein etisk synsstad må framstå som merkeleg. I Englerts få bøker finst det ikkje éi line med antisemittisk innhald. Fleire endevending-ar av Antroposofisk Selskaps arkiv i Oslo har ikkje framskaffa avgjerande dokumentasjon i noka lei. Brorparten av privatarkivet til Englert er i Sveits og er ikkje gjennomsøkt av nokon. Alt vi har, er eit tynt avisreferat som tyder på at han var antinazist (som vi alt veit frå andre kjelder), og som elles ropar på kontekst. Og på dette grunnlaget vil ein slå fast at eit menneske er antisemitt?

Kaj Skagen er forfattar


Rent blod og rene ord

TORE REM
OSLO

Kanskje står Kaj Skagens siste innlegg i Dag og Tid, «Framstegs-tanke og jødedom» (16. oktober), seg godt uten kommentar. Det må være lenge siden norsk offentlighet er blitt presentert med en så selvutleverende tekst fra et presumptivt anstendig menneske. I og med at avisa sjenerøst har ønsket å gi meg siste ord, vil jeg likevel komme med noen avsluttende kommentarer. Dette er for oppsiktsvekkende til at det kan stå upåtalt.

Det har nyttet lite å presentere Skagen med argumenter eller å konfrontere ham med empiri. Innledningsvis skal jeg nøye meg med å arrestere ham på én av hans nye uetterretteligheter, fordi den synes å utgjøre et sentralt premiss for hans resonnementer. Det er ikke slik at generalsekretær Englerts utsagn om at «jødenes skjebne er fremkalt av dem selv», er «dette viktige punktet i Sin egen herre», slik avisas lite nærlesende anmelder nå hevder. Dette er knapt nok noe punkt i biografien, fordi referatet fra foredraget først ble fremskaffet etter bokas utgivelse. Når jeg i boka nevner foredraget «Om jødeproblemet», er det ved å slå fast at vi ikke vet hva som ble sagt. Men nå kjenner vi Englerts budskap. Og takket være faksimilen av Tidens Tegns referat vil Dag og Tids lesere selv kunne gjøre seg opp en mening.

Selv formulerte jeg meg ytterst forsiktig om Englerts famøse ytring: «Heller ikke nå vil jeg hevde at Englert er nazist, men det er vanskelig å la være å mene at hans synspunkter har klare antisemittiske islett.» Det er for øvrig, og dette har relevans også for forståelsen av Alf Larsen, fullt mulig å være antinazist og antisemitt på samme tid. I Tyskland fantes det en rekke høyre-revolusjonære bevegelser. Men selv har jeg altså ikke, slik Skagen konkluderer, «slått fast at eit menneske er antisemitt». Jeg mente heller ikke å bedrive sinnelagsetikk, men å påpeke hva en slik ytring representerer i sin historiske sammenheng. For meg er det sekundært om Englert kan ha ment dette godt eller om utsagnet er i samsvar med Steiners rene ord.

Nå vil jeg formulere meg sterkere. Er det mulig å tenke seg en mer infam form for antisemittisme enn at jødene gis skylden for å ha inspirert nazistene i deres rasetenkning? Ikke på ett punkt føler Skagen behov for å ta avstand fra Englerts utsagn. I stedet setter han alt inn på å redde Englert, og dermed Steiner. Toppen nås med påstanden om at «Englert var antirasist på prinsipielt grunnlag»! Selv er jeg noe nær prinsipiell motstander av utropstegn, men her gjør jeg et unntak.

Hvis Skagen med sine prokuratorknep mener å hevde at Englert er imot selve begrepet rase, skjuler han samtidig en viktig del av det steinerske tankegodset. Steiner var dypt preget av völkisch-tradisjonen og insisterte på at hvert folk var ledet av sine folkeånder. Slik skulle folkene også ha sine forskjellige historiske oppgaver, ut fra sin svært ulike utvikling. I dette store historiske skjemaet er det påfallende at det er tyskerne og den germanske kultursfære som ligger i tet. I nyere tid har tyskerne vært åndens folk fremfor noe, de har visst å verdsette individet. Denne antroposofiske konteksten stiller knapt nok påstanden om jødenes selvforskyldte plager i et bedre lys.

Riktignok har Skagen i denne debatten vist særdeles liten interesse for historie og historieforsk-ning. Men makter han virkelig ikke å tenke seg hva slags funksjon Englerts utsagn har hatt i det politiske klimaet i Norge på sent 1930-tall? Og ser han ikke at det ser dårlig ut når slikt kombineres med disiplinering av medlemmer som ytrer seg kritisk mot Hitler-Tyskland? Mitt poeng er selvsagt at Englert her presenterer en ytring, og at slike fremsettes i historiske kontekster. Denne skriver seg inn i samtidas antisemittiske diskurs. Resonnementet Skagen nå forsvarer, bunner for øvrig i den samme steinerske logikk som motiverer Larsens uttalelse fra 1943: «Nazismen er jødedommens største, jeg hadde nær sagt endelige seir i verden.» Det er verdt å merke seg at når et slikt historisk resonnement først er etablert, har det gyldighet også under og etter holocaust. «Kristus-inkarnasjonen» har innledet en ny tidsalder, hvor individ og ånd skal gjelde, men jødene har tviholdt på tanken om «det rene blod». Slik har nazistene altså lært av jødene. Selv siterer Skagen også Steiners uttalelse om at «jødedomen i seg sjølv er utlevd for lenge sidan, har ingen rettkomen plass innanfor det moderne folkelivet». Men dette skal bare være et uttrykk for fremskrittstanker, ikke antisemittisme. Kan det fremdeles være noen blant Dag og Tids lesere som tviler på om Skagen er dogmatiker?

I Skagens univers er det fremdeles jeg som «brunskvetter». Som om mannen ikke makter å skille mellom kildebelagte påstander og løse anklager og insinuasjoner. Mitt biografiske prosjekt har vært å beskrive en antroposofisk mellomposisjon vis-à-vis krigen. Det som siden har kommet fram, og som er av verre art enn noe i min framstilling, berører ikke Jens Bjørneboe. Tvert imot bruker jeg i Sin egen herre atskillig plass på å vise hvor tidlig Bjørneboe og Larsen kom i et motsetningsforhold. I min bok kulminerer dette i Larsens slakt av Jonas, blant annet på grunn av dens «kvalmende jødepropaganda».

Referatet i Tidens Tegn slutter på et vis som i ettertid framstår som en sørgelig historisk ironi. Heller ikke dette har gjort inntrykk på Skagen: «Efter foredraget var der en livlig diskusjon, hvor rabbiner Samuel imøtegikk foredragsholderen, og i sin tur blev imøtegått av denne.» Rabbineren hadde naturlig nok behov for å imøtegå Englerts påstander. Men Englert fikk altså siste ord. Folk med større historisk innlevelsesevne enn Skagen kan sikkert forestille seg hvordan det gikk med rabbiner Isak Julius Samuel få år senere.

Andre bevegelser og institusjoner har hatt lettere for å akseptere at moderne historieforsk-ning medfører at også det ubehagelige kommer fram i lyset. Men med Skagens avsluttende innlegg blir den antroposofiske kampanjen mot Sin egen herre i alle fall enklere å forstå. Noe av forklaringen ligger åpenbart i det fortidiges forhold til det nåtidige. Snarere enn å ta avstand fra Englerts ytring og plassere den der den hører hjemme, i fortida, har Skagen stadig behov for å forsvare den.

Som Bjørneboes biograf er det forstemmende å se hvordan antroposofene i denne debatten har brukt ham for sine formål. Under krigen var Bjørneboe, om jeg til slutt får gjenta, verken nazist eller antisemitt. Selv om antroposofien formet ham i viktige år, skulle han etter hvert ta sterk avstand fra det han selv oppfattet som bevegelsens konservatisme, sekterisme og dogmatisme. Igjen har Skagen ettertrykkelig demonstrert hva som skjer når Rudolf Steiner får rang over den historiske virkeligheten. Selv har jeg vanskelig for å oppfatte hans siste antroposofiske eksegese som annet enn en særdeles kjølig form for dogmatikk. Her finnes intet rom for den annens perspektiv, i dette tilfelle jødenes.

Underveis i denne debatten har Kaj Skagen stått fram som selverklært humanist. Lenger unna sann humanisme enn Skagens «Framstegstanke og jødedom» må det være vanskelig å komme.

Tore Rem er professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo.


Dag og natt

TORE REM
OSLO

Dag og Tid har valgt å slippe til et par nye stemmer i debatten mellom Skagen og meg. Begge snakker på vegne av Skagen, og på like høyt volum. Den ene mener Dag og Tid ikke burde trykt mitt «ynkelige forsvar». La meg oppklare misforståelsen: Her var det Skagen som forsvarte seg, ikke jeg. Det gjaldt hans helsides forsvar av ytringen «jødene har seg selv å skylde for sin skjebne». Annetsteds ser jeg nå at Skagen likevel ikke har ment å forsvare Englert. For meg er det klare forskjeller på å forstå, forklare og forsvare. Ved ikke på noe punkt å ta avstand fra denne ytringen, men tvert imot å fremstille den som uttrykk for eksemplarisk «antirasisme», forekom Skagen meg å være atskillig mer opptatt av Steiner enn av jødene. Retretten er et godt tegn, men antroposofene kan likevel ha et noe større oppryddingsarbeid foran seg hva gjelder Steiners völkisch-tenkning. Kanskje burde man i det hele tatt noe oftere stille spørsmålet: Hvor tok Steiner feil?

Ellers beklager jeg å ha forstyrret Skagen og hans tilheng-ere i markeringen av hans jubileum. Men jeg vil minne om at det var Skagen selv som på forskudd begynte feiringen med sin originale anmeldelse av Sin egen herre. Og at Dag og Tid siden har gitt ham side etter side til å utvikle sine antroposofiske resonnementer. Trøsten for Skagens sympatisører må være at jeg har bidratt til å gi mannen et nytt liv i norsk offentlighet. Og at Dag og Tid sørger for at hver uke må regnes som et lite Skagen-jubileum.

Tore Rem er professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake