Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Om Sahel og andre kriser
Trygve Refsdal,  07.01.10

Dagens klimafokus gjev oss ein flaum av oppslag om «ørkenspreiing», «ekstremvêr» og «klimaflyktningar». Media går i teten, med si dyrking av det dramatiske.

Artiklane i Dag og Tid om utviklinga i Sahel er eit nøkternt korrektiv til tabloide klimaoppslag. Dagens globale temperaturauke på 0,7 grader Celsius er moderat, og havstiginga er udramatisk – om lag 3 millimeter per år, noko mindre dei siste åra. Dramatisk klimaendring og havstiging høyrer framtida til.

Men arbeidet mot dette hastar. Det dramatiske ligg i dynamikken i livsstilen vår, der alle vil ekspandera. Det dramatiske ligg i at me no, kvar einaste dag, legg grunnlaget for auka utslepp femti år fram i tida.
Min skepsis til dagens kriseoppslag er tufta på eigne røynsler frå ulike «miljøkriser». Eg fylgde debatten om sur nedbør frå 1969 og om «skogsdøden» ti år seinare. Frå 1974 fylgde eg «brennevedskrisa» og nokre år seinare «ørkenspreiinga». Her var mykje mediestøy og lite substans.

«SKOGSDØDEN»
Den mest banale krisa var «skogsdøden». Svoveldioksid skadde skog lokalt; dette vart blåse opp til ei regional eller global sak. Ikkje minst av den fyrste regjeringa Brundtland: Sur nedbør gav «skogsdød».

«Krisa» vart offisielt avblåsen i 1985, då forbundskanslar Helmut Kohl informerte den tyske Bundestag. I 1988 gav Die Zeit ei grundig oppsummering av mytane omkring skogs-døden, med tittelen «Mythenreiches Waldsterben». Både under og etter denne «krisa» var veksten i europeisk skog rekordhøg.
I norske medium lever «krisa» vidare. For to år sidan skreiv redaktøren i Ny Tid at «sur nedbør truet med å ta livet av alle juletrær i Europa». Ho prisa politikarane, som hadde reagert raskt og effektivt.

Under «krisa» stod forskarar under press, frå media og frå politikarar. Då ein sentral forskar ikkje fann det som var politisk korrekt, vart han kalla inn til «samtalar». Fyrst til miljøvernminister Rakel Surlien (Sp). Seinare til miljøvernminister Sissel Rønbeck (Ap). Ho skreiv òg føreordet til boka Hvis trær kunne gråte. Denne sviska av ei bok fekk støtte frå departementet. Forfattaren vart intervjua på TV av NRK. Der klaga han seg over inkompetente norske skogforskarar, som ikkje fann det alle såg: at skogen var døyande. Forskarane fekk ikkje plass til eit tilsvar på TV og vart viste til radioen.

«BRENNEVEDSKRISA»
Brennevedskrisa var også eit lokalt problem og er det framleis. Det vart blåse opp til ei regional eller global krise. Ho gav store oppslag i media, og store konsulentoppdrag, i land etter land. Rapportane var etter same mal, og dei konkluderte med ei vedkrise, i land etter land.

Også på Sri Lanka fann finske «ekspertar» ei vedkrise – etter studiar i 1983–86 og ein kostnad på over to millionar dollar. Konklusjonen var dramatisk: Landet måtte dobla det planta arealet! Nestsjefen i skogsdepartementet, Dayananda Karawasam, hadde mistanke om at noko var heilt feil. Seint ein kveld gjekk eg, saman med Dayananda, gjennom rapportane. Me leita etter sentrale tal i ein flaum av tabellar og statistikk.

Dei mangla. Her var ingen tal for plantasjar av kokospalmar og gummitre! Dei var sentrale for vedforsyninga i landet og dekte eit fem gonger så stort areal som skogplantefelta.

Krisa var ein fiksjon. Programmet var ein «kvit elefant». Men det kunne ikkje stoppast. Det var fullfinansiert, med i alt 67,5 millionar dollar. Av Verdsbanken, Den asiatiske utviklingsbanken, ODA frå England, FINNIDA frå Finland, UNDP frå FN.

Ei veke seinare møtte me to finske ekspertar i ein hotellbar i Nuwara Eliya. Me snakka med dei, men det var som om me kom frå to ulike klotar. Eg var frustrert. Dayananda var rasande. Så kjøpte han seg ei heilflaske waragi, lokal sprit, drakk det meste og gjekk til sengs, ulukkeleg. Han forstod så altfor godt at programmet ville gje konfliktar og korrupsjon, i eit land med knappe jordressursar. Ei ulukke for Sri Lanka.
Neste stopp var Nepal, der eg hadde eit nytt surrealistisk møte med finske konsulentar.

MANGLANDE REALISME
I Malawi var eg leiar for ein gjennomgang av eit stort planteprosjekt for byen Blantyre, bygt på ein studie frå 1983 av FAO, som hevda at situasjonen var kritisk. Det måtte plantast 600.000 dekar og produserast 900.000 kubikkmeter ved for å forsyna byen i 1990. Ni hundre tusen kubikkmeter? Om lag ein tredjedel av vedhogsten i kalde Noreg!

Me var der i 1989. Kvar var veden? Kvar var røyken? Kvar var transportapparatet? I Blantyre fann eg berre ein brøkdel av den veden eg hadde sett i bygdelag i Vest-Telemark, i Rauland, Fyresdal eller Drangedal. Skulle me stryka ein null? Eller to nullar? Rett nok var her ein god del trekol, men ikkje meir enn at det vart transportert på syklar til Blantyre, frå eit skogområde 2–4 mil vest for byen. Avskoginga i dette området var 1/7 av det FAO hadde spått. Me tilrådde ei kraftig nedskjering av måla for planting og å fasa prosjektet ut. Men det heldt fram. «Kvite elefantar» lèt seg ikkje stoppa.

SAHEL
Så nokre ord om Sahel, i tillegg til det Johan Brox skriv i Dag og Tid.
I utgangspunktet såg dei fleste på utviklinga i Sahel som ei svær krise: Sahara rykte fram, på brei front! Ørkenspreiinga måtte stoppast! Den norske staten løyvde ein milliard kroner. Treplanting var eit prioritert tiltak. Fattigfolk vart fortalde at tre ville dra til seg regn.

Men var treplanting eit bra tiltak i Sahel? Var der ikkje for turt og marginalt nord i Sahel, der mykje av innsatsen kom? Ettertanken kom tidleg. Det er no meir enn 25 år sidan ein amerikansk studie fann at berre 2 prosent av dei trea som var planta i 70-åra, overlevde sine fyrste år, og at kostnaden var 580 dollar per tre. Og på midten av 1980-åra sa forskaren Ulf Helldén at han ikkje kunne påvisa ørkenspreiing.

Men overmotet heldt fram, i trass mot natur og folk, og trass i åtvaringar frå dei som arbeidde ute på landsbygda. Den monumentale draumen om å vinna over Sahara levde vidare, kanskje mest i Noreg. Det var eit Klondyke for global inkompetanse. Bellona er ikkje dei fyrste:

I eit skrift frå Kværner Engineering vart det spått, i 1986: «globalt samarbeid om … et stort antall gigantprosjekter … vant stormaktenes gehør i begynnelsen av 1990-årene. Ørkenen i Sahara, Sinai og på den arabiske halvøya ... er atter frodige blomstrende haver.»

Senter for Industriforskning, Oslo, lanserte ein plan for «The Sudan Sahelian water line». Avsalta sjøvatn frå kysten av Sudan skulle pumpast i tre tusen kilometer lange røyr til Niger. Ein «evigvarende avtale» skulle inngåast mellom statane Sudan, Tsjad og Niger.

«Stiftelsen for ørkengjenvinning» var på banen. «Milliarder av trær må plantes i Mauritania», står det i Aftenposten i 1989. NRK stilte opp, A-ha, Jahn Teigen, Elton John, 20.000 norske skuleborn og Gro Harlem Brundtland. Medlemer av regjeringa song og spela klarinett. Alle i god tru og med god vilje, sjølvsagt.

Ingenting av dette har påverka Sahara eller Sahel. Naturen er for stor. Når store delar av Sahel no er grønare, så botnar det i naturleg såing, meir regn og endra bruksmåtar hjå dei som lever i området.
«Det er dei som har butt der lengst. Dei veit mest», seier Egil Teslo, ein bonde i Ringsaker. Eg trur meir på Egil enn på Jan Egeland, Jeffrey Sachs og Erik Solheim.

TIL ETTERTANKE
I desse tre døma er lokale problem lyfte opp og gjorde til globale kriser. Det gav store oppslag i media i ein periode, så er alt gløymt. Men problema er der framleis. Her er framleis lokal vedmangel. Her er øydelegging av jord og vegetasjon, også i Sahel.

Når problema vert lyfte opp til eit globalt plan, vert kriser eit prosjekt i seg sjølv – eit teater for politikarar, ein karriereveg for byråkratar, ei pengemaskin for konsulentar og ymse brannkorps.

Klimakrisa er global, men løyser me henne med globale avtalar? Den i Kyoto er vel til meir skade enn gagn? Ut av showet i København kom det lite. Eg trur det var det beste. Arbeidet bør forankrast lokalt. Realisme må erstatta pompøs retorikk og internasjonal inkompetanse.

Trygve Refsdal er forstkandidat.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake