Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Beste nynorskbok i 2009
 07.01.10

Juryen har vore samansett av fire av dei faste bokmeldarane i Dag og Tid: Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, Margunn Vikingstad, Odd W. Surén og Oddmund Hagen. Her får dei ordet:

2009 var eit godt år for nynorsk litteratur. Skjønnlitteraturen dyrka nok helst dei tradisjonelle sjangrane, men likevel med noko eksperimentering, ny bruk av historie, frekke vriar, samarbeid over landegrenser og litt leikande tilhøve til eldre litteratur – som nokre titlar på lista nedanfor syner. Sakprosaen dekte eit stort tal emne og interesseområde og var overraskande ofte prega av heilt nye vriar, både sjanger-messig og tematisk, anten det handlar om kulturhistoriske arbeid, frodig essayistisk refleksjon, «kaffibordsbøker» eller meir underhaldande tekstar – sakprosaen ser såleis ut til å vere prega av fornyingsarbeid. Litt brutalt har lista nedanfor sjalta ut nye utgåver eller omarbeidingar av eldre verk. Likevel kunne ho lett vore leng-re og er då ikkje bygd på finmaska vurderingar. Vi oppmodar lesarane til å kome med alternative framlegg.

BRIT BILDØEN: LITTERÆR SALONG. ESSAY, SAMLAGET
Ei fornying av ein sentral del av essaytradisjonen sidan starten, der forfattarar skriv om andre forfattarar og bøker som har gjort inntrykk på dei. Bildøen legg vekt på at opplevingane hennar av desse ti svært ulike kvinnelege forfattarskapane ho skriv om, skal vere subjektiv. Dermed kan ho leve opp til den metaforen frå 1700-talet ho tek i bruk, der det kjem i stand ein litterær samtale. Ikkje berre synleggjer boka dei forfattarskapane som er omtala, slik innleiinga seier, men syner òg fram ei rad uventa lesingar.

EDVARD HOEM: VILLSKAPENS ÅR. BJØRNSTJERNE BJØRNSON 1832–1875. BIOGRAFI, OKTOBER
Ei kraftprøve av ein biografi, der den viktigaste innvendinga mot måten han er skriven på, også er grunngjevinga for at dette er ei viktig bok. I staden for å leggje største vekta på ideo-logiske og politiske tilhøve eller å fylgje ein vanleg tilbakeskodande forklåringsmåte på kva for ei rolle Bjørnson fekk, går Hoem noggrant til verks i å gjere greie for måten skriftene til den yngre Bjørnson står i tilhøve til omskiftelege omgjevnader. Detaljrikdomen er vel balansert av ei vurderande form som gjer det mogleg å sjå fleire tolkingar og sider av det som hender. Boka fornyar synet på Bjørnson og utviklinga han gjennomgjekk, og kan få sitt å seie for oppfatningar om kulturelle drivkrefter på 1800-talet.

KJARTAN FLØGSTAD: GRENSE JAKOBSELV. ROMAN, GYLDENDAL
Fløgstad skriv alltid politisk, og vekkjer som regel debatt. I Grense Jakobselv er den politiske føresetnaden klar, det handlar om kva for krefter det eigentleg var som gav grobotn for nazismen. Fløgstad ser ikkje framvoksteren av totalitære høgrekrefter som eit resultat av demagogisk utnytting av idear som alt låg føre i dei store folkemassane, men heller som eit tankesett produsert av den akademisk danna overklassen. I ei bok som på vanleg Fløgstad-vis vekslar mellom saftige blødmer og harde fakta, får han fram sterke og urovekkjande poeng om samtida og den nære fortida.

KJERSTI RORGEMOEN: PURKENE SNUDDE SEG. NOTAT, KOLON
Rorgemoen debuterte med denne korte og grundig gjennomarbeidde boka, med sjangernemninga notat. Den som noterer, er 42 år gamle Magna Bekk, ei einsleg, intellektuell kvinne som prøvesmakar på livet og opplever mykje av det lagnaden byd på som skamfullt, i det gapande rommet mellom ambisjon og resultat. Lesaren er med Magna Bekk både når ho mislukkast som festpianist, når ho prøver ut ekteskapet, og når ho saboterer andre sine freistnader på å gripe essensen i det abstrakte. Boka er skriven med distansert sjølvironi, framifrå observasjonsevne og intelligent humor.

CECILIE N. SEINESS: JON FOSSE. POET PÅ GUDS JORD. SAKPROSA, SAMLAGET
Ei svært sjølvstendig og fornyande tilnærming til portrettet som tekstsjang-er, der samtale, intervju, reportasje, resepsjonsanalyse, biografiske skisser og erindringar glid over i kvarandre og formar ulike perspektiv i tilnærminga til eit mangfaldig emne; bakgrunn, skriving, poetikk, litterære vurderingar, personlegdom, omgjevnader, samarbeidspartnarar, institusjonsliv… Mange overraskande og modige spørsmål av meir eksistensiell karakter blir tekne opp, om tungsinn, vemod, sorg, død, religion, optimisme – spørsmål som ofte mest er uråd å skrive om på norsk utan at det verkar oppstylta, men her på grunn av den omvekslande forma og den personlege tonen får ei tilforlateleg drøfting og framstilling. Ei viktig bok av stor allmenn interesse som ikkje berre gjev heilt nye innsikter om poeten Fosse og kvifor han talar til så mange, men også seier noko om kva litteraturen har å seie for forståinga av kvardagen.

MARIA PARR: TONJE GLIMMERDAL. BARNEBOK, SAMLAGET
Boka om Tonje, Glimmerdalens vesle dunder, har vorte ein suksess på kort tid. Boka er seld til utlandet, og forfattaren har fått Brageprisen for verket sitt. Hovudpersonen i boka, Tonje, er det einaste barnet i Glimmerdalen, og den beste venen hennar er den 74 år gamle sauebonden Gunnvald. Her er det både arkaiske drag frå eldre barnelitteratur, med tydelege førebilete som bøkene om Heidi, men også element frå vår eiga tid, mellom anna er mor til Tonje klimaforskar. I ein livfull, oppfinnsam prosa skriv Parr klokt og morosamt om store og små som når alt kjem til alt er på like fot, dei er alle menneske, med både veikskap og von, og ikkje minst løyndomar.

JAN INGE SØRBØ: ØRNEFLUKT OG ORMEGARD. EIN BIOGRAFI OM OLAV AUKRUST. SAMLAGET
Endeleg er høgtidsdåmen over Aukrust-diktinga punktert på det viset at det er mogleg å nærme seg både diktverket og mannen på ein ny og frisk måte. Sjølve tekstane vert lesne på ein meir direkte og «naiv» måte, som frigjer dei frå norvagasmane – men som til gjengjeld opnar for meir erotiske, livsappetittlege lesing-ar og idehistoriske vurderingar sett i samband med nye opplysning-ar om kunstsynet og idéverda til Aukrust. Somme har rekna denne biografien for «tam», sidan han ikkje bråkar og brikjer med dei nokså sensasjonelle kjeldene om det personlege livet til Aukrust, ikkje minst då kjærleikslivet. Tvert om kan ein seie at den sobre, greie og omfattande gjennomgangen av store mengder nye kjelder er gjord med slik forståing at boka må reknast for å vere med på å endre oppfatninga av delar av kulturhistoria og av den nynorske litteraturhistoria.

INGER BRÅTVEIT / CECILIE HANSSON: LOVEPROSJEKT. DIKT, OKTOBER
Dette er ei original og frisk diktsamling, ein poetisk dialog som vekslar mellom nynorsk og svensk, om kjærleiken og seksualiteten. Samtalen vågar seg nær klisjeane om dette emnet, men lyfter seg over dei med intenst og insisterande nærvere. Boka vinn ikkje minst på originaliteten i sjølve prosjektet, der vekselverknaden mellom nærskylde språk tilfører tekstane noko som knapt lét seg gripa, eitkvart ved skiftet av perspektiv syner lesaren kva kraft poesien enno har som erkjenningsform, også når det gjeld eit tema folk har dikta om i fleire tusen år.

TERJE AARSET: DEN NYNORSKE SONGSKATTEN. SAKPROSA, FAGBOKFORLAGET
Eit emne som mange trur dei kjenner av di dei kjenner flest alle tekstane, og som ein kunne forsverje var mogleg å gjere særskilt interessant. Så kjem denne boka om femten songar og syner seg å vere spennande, medrivande og morosam, der mange små og store spørsmål får sine endelege svar, og der refleksjonar omkring komposisjonar, historiske samanhengar, mottaking, endringar i innhald og bruk av tekstane osb. er iblanda anekdotar og forteljingar om forfattarar, songarar og mange ulike miljø. Eit langvarig og omfattande detektivarbeid med skarpt blikk og gode formuleringsevner har produsert ei bok mange vil ha moro og glede av lenge.

AINO KALLAS: GJENNOM ELD OG VATN. KORTROMANAR, BOKVENNEN
Den finsk-estiske forfattaren Aino Kallas skreiv dei tre kortromanane denne boka er oppbygd av, i åra 1923–28. Dei tek utgangspunkt i estiske forteljingar frå 1500- og 1600-talet. Handlinga krinsar om opprør og kjærleik, brot mot institusjonar og lover, og dei fælslege straffene dette førde til. Her møter lesaren personar med drifter som ikkje høver korkje med skriven eller uskriven sosial instruks, anten det no fører til ekteskapsbrot, kjærleik over standsgrenser eller endåtil opprør mot den menneskelege sivilisasjonen, det siste konkretisert ved ein kvinneleg varulv. Boka er omsett til vakkert og lett arkaisk nynorsk av Liv Hatle.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake