Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ørken- og mytespreiing

Av Johan Brox
,  18.12.09


Denne soga om afrikanske konfliktar som er skapte av global oppvarming via ørkenspreiing og invaderande klimaflyktningar, har ei sterk tiltrekkingskraft på politikarar og byråkratar. Dei ser bort frå alle fakta som ikkje stadfester forteljinga deira, seier Tor Arve Benjaminsen, professor ved Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås og har dei siste tjue åra forska på ressursgrunnlag i Afrika.

Før heitte det gjerne at det var økologisk vankunne hjå afrikanarane sjølve som raserte naturen kring dei. No er det klimaet. Men konklusjonen er den same: Når krybba er tom, må hestane bitast.

Fiksjon og fakta
I den miljøpolitiske debatten som i dag går føre seg i København, der verdas fremste miljøtalsmenn, politikarar og byråkratar siterer kvarandre, og statsleiarane samlar seg til dåd, veks talet på klimaflyktningar, ørkenane breier seg, krig trugar.

I røyndomen, i Afrika, er det verre å få auga på klimakrisa og alle klimaflyktningane. Mellom så mange andre.

– Dei fleste aktive forskarar på feltet er kritiske til ei kopling mellom knappe ressursar og konflikt. Det er heller ikkje vitskapleg dokumentasjon for at ørken og tørke spreier seg. Tvert om fortel nedbørsdata at Sahel dei siste tjue åra har blitt våtare. Satellittbilete viser at landskapet er grønare enn før, peikar Benjaminsen på.

Når det gjeld kva framtida fører med seg av Afrika-vêr, finst modellar til støtte for ulike syn. Somme viser at det kjem til å bli tørrare, medan andre viser at det blir våtare.
Klimapanelet til FN nemner begge scenarioa, men i ordskiftet har det eine liksom blitt borte. Al Gore talar berre om tørken, ikkje væta, utan å argumentera for dette valet, og dermed gjer den norske Nobelkomiteen som tok premissen hans i byte mot fredsprisen i 2007 likeins. Det same har Jan Egeland gjort ved Norsk utanrikspolitisk institutt.

Desse, og mange fleire, spreier læra til den såkalla «knappleiksskulen», der professor Thomas Homer Dixon rår, fortel Tor Arve Benjaminsen.

– «Knappleiksargumentet» høver bra med dominerande vestlege oppfatningar av problema i Sør. Til dømes av at småbønder og gjetarfolk på den eine sida er hjelpelause offer og på den andre sida primitive misbrukarar av naturressursar.

Referansemakkverket
UNEP, miljøprogrammet til FN, gav såleis i 2007 ut rapporten Sudan: Post-Conflict Environmental Assessment, som sementerer dette biletet og fekk mykje merksemd då han kom ut, og framleis tener som referansegrunnlag for politikarane.

– Store delar av denne rapporten er av så dårleg kvalitet at han aldri hadde passert ei fagfellevurdering. Men med propaganda­apparatet til FN i ryggen får rapporten meir merksemd enn kvalitetssjekka forsking kan drøyma om, seier Benjaminsen.

Det er denne rapporten Erik Solheim viser til når han seier at «(klima)endringane har bidratt til å skape grunnlaget for (Darfur-)konflikten. Dette er relativt godt dokumentert av FN».

Det same gjer økonomen Jeffrey Sachs som leidde Milenniumsprosjektet til FN og står på lista til Times Magazine over dei hundre menneska i verda med størst påverknad.

Politiske årsaker
Dei reelle årsakene til konflikt i Sahel er politiske, ikkje klimatiske, argumenterer Benjaminsen for i ein grundig artikkel i tidsskriftet Internasjonal politikk tidlegare i år. Tørke kan nok spela med, men det er politikken staten fører, som skaper konflikt. I Mali botna tuaregoppreistane i marginaliseringa av gjetarfolka, skriv han og legg til at forskarar som har granska andre konfliktar i Sahel, kjem til same konklusjon.

Opphavet til Darfur-konflikten er difor også politisk, sjølv om mellom andre den norske Nobelkomiteen kallar det ein «klimakrig».

«Den sudanesiske regjeringen har, ikke overraskende, funnet denne argumentasjonen svært beleilig», kommenterer Benjaminsen lakonisk i Internasjonal politikk. Då er det meste sagt.

Ørkenvandring i ord
Der er inga ørkenspreiing i Afrika. Konfliktane i Sahel-området har politiske årsaker, hevdar forskarar. Men politikarane og byråkratane fortel ei heilt anna soge.

«Aller tydelegast er følgjene for dei fattigaste av dei fattige, i Darfur og delar av Sahel-beltet. Her har vi alt fått den første ‘klimakrigen’. Vinden som blæs sand frå Sahara, driv menneske og kamelar mot meir fruktbare område lenger sør. Dermed støyter nomadar og bønder, arabarar og afrikanarar, kristne og muslimar frå mange ulike stammar saman og utløyser ein serie med konfliktar. Dimensjonane er mange, men det er stadig tydelegare at ørkenspreiing er ein sentral underliggjande faktor. Mønsteret frå Darfur har no spreidd seg til Tsjad og til Den sentralafrikanske republikken. Store delar av Sahel-beltet, frå Sudan til Senegal, er i ferd med å bli truga.»
Ole Danbolt Mjøs ved fredspris­utdelinga til Al Gore i 2007

«I Afrika tving­ar aukande ørkenspreiing fleire menneske til å forlata distrikta. Til no har det gått føre seg innanfor landegrensene, men det kan snart endra seg.»
Ban Ki-moon, generalsekretær i FN

«Ressursmangelen vil øke i deler av verden. Alt dette vil sette svake stater under stort press. Tørke og ørkenspredning har allerede ført til de første ‘klimakriger’ i Darfur og i hele Sahel-beltet tvers over Afrika.»
Geir Lundestad, direktør for Nobelinstituttet

«Afrika er etter alle solemerker kontinentet som får den tøffeste virkningen av klimaendringene. Det er temmelig urettferdig, siden de knapt har bidratt til utslippene. Alt tyder på at tørt land blir tørrere. Nomader må trekke inn på andre områder, der det er fastboende, for å finne beite. Dermed får vi flere lokale konflikter. Denne konflikttypen er jo nettopp av den vi har sett i Darfur.»
Erik Solheim, miljø- og utviklingsminister

«I sum ser vi at konfliktnivået eskaleres internt i statene når ekstreme værforhold øker stresset for allerede sårbare grupper og enkeltpersoner. Alle er enige om at klimaendringene kan være en drivkraft til å eskalere konfliktene.»
Inger Næss ved miljøavdelinga i Utanriksdepartementet

«Sahara er verdens største ørken, og den utvider seg. Det skjer ved at områdene rundt forvandles til ny ørken. Denne ørkenspredning­en skyldes både klimaendringer og at det er for mange husdyr som beiter på den sparsomme vegetasjonen.»
Gaia 7. Samfunnsfag for barne­steget, Gyldendal

«Dei seinaste åra syner at endring­­ar i nedbør kan velta regjeringar og til og med starta krig. Afrikanske Sahel, rett sør for Sahara, gjev oss ein dramatisk demonstrasjon på det. Blodbadet i Darfur, Sudan, til dømes, som mest alltid blir diskutert i politiske eller militære termar, har rot i ei økologisk krise som er direkte knytt til klima-sjokk.»
Jeffrey Sachs, økonom, FN-rådgjevar m.m.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake