Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Den unemnelege ørkenskrumpinga

Av Johan Brox
,  11.12.09


Er det ørkenane eller oasane som spreier seg i Afrika?

IPCC, klimapanelet til FN som legg premissane for det meste av klimadebatten og tingingane i København, svarar eintydig: «Afrika blir hardast råka av tørke, flaum og andre katastrofale følgjer av klimaendringa, trass i at kontinentet er det som har hatt dei minste utsleppa. Tørkeområde kjem truleg til å auka med opptil 8 prosent, med redusert matproduksjon til følgje.»

Med aukande klimaskapt naud følgjer krig, hevdar FN-general­sekretæren sjølv, Ban Ki-moon: «Darfur-konflikten tok til som følgje av ei økologisk krise, dels som følgje av klimaendring», melder UN Chronicle.

Mediemangfaldet
Slikt gjer inntrykk, ikkje minst på Dagbladet og 56 andre aviser i 45 land i verda, som denne veka tala med éi einaste røyst, mellom anna slik:

«Verden må gjøre tiltak for å begrense temperaturstigningen til 2 grader, et mål som krever at de globale utslippene når sin topp og begynner å falle i løpet av de neste 5–10 årene. En kraftigere økning på 3–4 grader – den minste økningen vi kan håpe på dersom vi ikke handler nå – vil føre til uttørking av hele kontinenter, og forvandle dyrkbar mark til ørken. Halvparten av verdens arter vil forsvinne, et ukjent antall millioner mennesker vil drives på flukt, hele nasjoner vil forsvinne i havet.»

Frederic frelsaren
Til all lukke er Bellona på saka, og på plass i København er Frederic Hauge for å presentera og få vel fortent applaus og vonleg raust med midlar til si høgteknologiske løysing på problemet ørkenspreiing: «The Sahara Forest Project». Saman med kommersielle selskap som Seawater Greenhouse Ltd., Explorer Architekture og Max Fordham Engineers skal dei eksperimentera med solenergi, avsalting av sjøvatn, drivhus og bakteriekultivering i aukande skala.

«Vi vil bygge slike anlegg i Sahara på størrelse med hele Østlandet», lova Hauge i VG.
At ørkenen i anna fall kjem til å spreia seg, især om global oppvarming held fram, og med katastrofale følgjer for eit heilt og frå før utarma kontinent, er såleis den underliggjande, alarmerande og motiverande bodskapen i København.

Ei anna soge
Men det finst òg eit anna – og stikk motsett – syn på utviklinga av ørken mellom anna i Afrika. Det motsette av ørkenspreiing, desertification, blir i hydrologien kalla oasification, oasespreiing, seier Wikipedia. Det er eit lokalt fenomen. Men utviklinga i Sahara skjer langs heile den 3800 kilometer lange Sahel-fronten, tvers over kontinentet der det er som breiast. «The greening of Sahara», eller «desert shrinking», gjev såleis fleire Google-treff (men pussig nok ingen på Wikipedia).

Ikkje minst etter ein serie med artiklar i National Geographic i sommar om dette temaet: «Vitskapsfolk ser teikn til at Sahara blir grønare på grunn av meir nedbør.» Og meir er i vente: «Ørkenskrump-trenden er støtta av klimamodellar som spår at vilkåra som ein gong gjorde Sahara til ein blømande savanne, er på veg attende.»

Eit vitnemål
Her viser National Geographic til fagbladet Biogeosciences, som i ein ny studie dokumenterer sterk auke i vegetasjonen i Tsjad og Vest-Sudan. I ørkenområda sørvest i Egypt og nord i Sudan veks no akasia-tre, seier Stefan Kröpelin på Afrika-instituttet ved universitetet i Cologne. Han har studert området i to tiår og observert: «Busker veks no opp og blir store. Dette er noko heilt anna enn berre litt nytt gras.» I 2008 var han i Vest-Sahara, der nomadane fortalde at det kom meir nedbør enn nokon gong før, og at dei difor aldri før har hatt så mykje beiteland som no. «Før var her ikkje så mykje som ein einaste skorpion, ikkje eit lauv eller grasstrå. No lèt folk kamelflokkane beita i område som har vore daude i hundretals, for ikkje å seia tusentals år. Struts og gasellar er attende, og til og med amfibium. Og denne utviklinga har halde fram i tjue år.»

Varmare og våtare
At Sahel-beltet grønkar, kan koma av at varmare luft har større evne til å bera damp med seg og gjev såleis større nedbør, forklarer Martin Claussen ved det tyske Max Planck-instituttet.
Di meir global oppvarming, di meir nedbør i Sahara. Og di meir vegetasjon. Di meir vegetasjon i Sahara, di meir nedbør – for også oasespreiing har sin hockeykølle-effekt. Dessutan er CO2 i seg sjølv vekstfremjande, som me veit.

Sist Sahara grønka, gjekk det raskt, kan henda på berre nokre tiår, har forskaren Peter deMenocal hevda. For fem tusen år sidan var det globale klimaet varmare enn no, og Afrika var fuktigare. Så blei det kaldare, og dimed tørrare, kan henda av di jord­aksen endra seg. Resultatet var ein ørken på storleik med Europa eller USA.

Faktorane
Modellane til Martin Claussen viser at opptil ein tiandedel av Sahara-arealet kan koma til å grønka kvart tiår. Men han strekar òg under at mekanismane ikkje er dei same som då Sahara grønka sist. Her er andre vindar, havstraumar og andre nedbørsmønster.
I tillegg er det no ein sterk folkeauke i Sahel-landa. Mange av desse kjem til å følgja etter med husdyra sine når ørkenen trekkjer seg attende. Dyra et opp den nye vegetasjonen, og det er ikkje bra. Men om husdyra legg att «visittkort» i sanden, blir det matjord.
Kva bøndene kan

At Sahara no grønkar i sør, om vi skal tru på det, har ikkje berre med nedbør og klimaskifte å gjera. Chris Reij ved det frie universitetet i Amsterdam, ein geolog som kom attende til Niger etter ti års fråvære, trudde at han såg syner i ørkenranda. Han fekk mest ikkje auga på skogen for berre tre, der det før var både snautt og daudt. Og desse trea hadde bøndene planta sjølve, på eige initiativ.

Ved «Frå ørken til oase-symposiet» i Niamey fortalde Chris Reij korleis desse bøndene i Niger dreiv ørkenen attende med handmakt. Det same kunne dei gjera i nabolanda Mali, Senegal og Burkina Faso, meinte han: «Det trengst ikkje noko høgteknologisk gjennombrot og ingen vestlege hjelpeprogram. Ørkenspreiinga er overvurdert av di klokskapen til bøndene er undervurdert. At Sahel grønkar, er eit klårt døme på korleis det dominerande vestlege kunnskapssystemet har misleidd politikarane. Og det var lokal kunnskap og lokale initiativ som berga situasjonen.»

Som Noreg
Av mindre dokumenterte kjelder kan me lesa at området som Sahara har skrumpa med, som har blitt skog, beiteland eller dyrka mark, er om lag 300.000 rutekilometer stort, mest som heile Noreg, men dette talet er truleg henta frå ein studie frå før 1997. Eg har ikkje funne nyare tal.
Truleg vegrar forskarane seg mot å slå fast dei nye grensene av di randsona til ørkenen flytter seg så mykje gjennom året, frå regn- til tørketid. Å finna median med så mange variablar og kryssande omsyn er ikkje enkelt. NASA, som elles skaffar satellittfoto over Sahara, lèt oss av ein eller annan grunn ikkje samanlikna desse bileta frå år til år.

Tagnaden
Dei afrikanske leiarane frå Sahel-området kjem truleg ikkje til å ta ørkenskrumping opp som tema på toppmøtet i København, ettersom dei vonar på å få kompensasjon frå dei rike landa for mellom anna spreiinga av ørken som følgje av menneskeskapt (av dei rike) global oppvarming.
Domedagsprofetane kjem heller ikkje til å tala om dei positive sidene ved global oppvarming, som til dømes oasespreiinga kan vera.

Den sterkaste økonomien på kontinentet, Sør-Afrika, har lita glede av oasespreiinga nord i Sahel-beltet, og i sør er ørken­spreiinga reell.

Kva med klimaskeptikarane? Til no har dei fått lite ut av dette ørkenparadokset. Føresetnaden for all oasespreiing og ørkenskrumping i Afrika er global oppvarming, og den trur dei jo ikkje på.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake