Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Hispanisk Disney

Av Øyvind Pharo
,  04.12.09


MUSIKK
Los Lobos:
Goes Disney
Disney Sound

I 1988 song kvintetten Los Lobos «I Wanna Be Like You» frå The Jungle Book på det Hal Willner-produserte albumet Stay Awake. Sun Ra, Tom Waits og Bonnie Raitt var blant dei andre artistane på denne plata som gjorde nyskapande tributt-tolkingar av musikk frå Walt Disney-filmar. Over tjue år etter kastar verdas beste rock’n’roll-band, dei hispanisk-amerikanske musikarane frå East Los Angeles, seg over Walt Disney på nytt, og det på deira første nye album på tre år.

Dei gjer «I Wanna Be Like You» (som i filmen frå 1968 vart framførd av New Orleans-veteranen Louis Prima) i ny versjon, med gyngande calypso-rumba-rytmar og fullt opp med tradisjonelle meksikansk-karibiske instrument som accordeon, guitarron, bajo sexto, jarana, jarocho i tillegg til elgitarar, bass, trommer og saksofonen til Steve Berlin.

Barnesongane frå Disney-filmane er veleigna for Los Lobos, som har røtene sine i meksikansk folkemusikk, for barnesongar høyrer til også den vaksne folkemusikken. På Hollywood-vis har barneforteljingane og dyresogene i teiknefilmane til Disney spegla forteljinga om den amerikanske draumen – til afroamerikanarane, latinarane, europearane, filtrert gjennom Brørne Grimm og Robin Hood og 101 dalmatinarar. Med den garva rock’n’roll-sjela og den folkemusikalske ekspertisen sin vrengjer Los Lobos Disney ut og inn og gjer noko heilt nytt med låtane.

«Zip-A-Dee-Doo-Dah» er ein R&B-song som Disney hadde med i den idylliserande sørstatsfilmen Song of the South (1946), i dag oppfatta som rasistisk. Låten høyrer no til den amerikanske songboka og lever sitt eige liv, ikkje minst gjennom Los Lobos’ nye versjon. «Heigh-Ho» frå Snow White and the Seven Dwarfs vert sungen på spansk og framførd i eit festfyrverkeri av huapango-rock med eggjande orgelbrus, på grensa til jamaicanske reggaerytmer. To av låtane er frå temahus i Disneyland – «The Tiki, Tiki, Tiki Room» er ei reindyrka barneregle på ei seng av calypso medan «Grim Grinning Ghosts» om eit spøkjelseshus er brølande garasjerock. Fleirtalet av dei tretten songane frå Disney-katalogen på denne plata er i det heile mindre kjende. Til dømes trur eg ikkje veldig mange hugsar filmen Summer Magic frå 1963, men Burl Ives som spela vaktmeisteren i denne romantiske komedien, hadde ein hit det året med «The Ugly Bug Ball». Los Lobos gjer den til ein rå rock-and-roll-låt i Little Richards ånd. Truleg er det ikkje mange heller som er klar over at Randy Newman skreiv «I Will Go Sailing No More» for Toy Story, ein song som er perfekt for Los Lobos’ frontvokalist David Hidalgo.

Los Lobos’ organiske musikalitet aktualiserer Disney-musikken inn i ein syntese av americana-sjangrar. Det sentimentale og klumpen i halsen er der, som i «Bella Notte» frå Lady and the Tramp, framførd av Dean Martin, medan den avsluttande instrumentalversjonen av Pinocchio-songen «When You Wish Upon A Star» i medley med «It’s A Small World Of Fun»-temaet er ein miks av surfgitar og conjunto-musikk, som eit postkort til Disney-Hollywood frå Los Lobos’ hispaniske East L.A.

Ein av årets platefavorittar.

Øyvind Pharo er forlagsredaktør og skriv fast om rock og røter for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake