|
|
Tydeleg kanonisering Av Klaus Johan Myrvoll, 04.12.09 Den nye kanonboka syner dagens norske litteraturvitskap frå si beste side. SAKPROSA Erik Bjerck Hagen, Jon Haarberg, Jørgen Magnus Sejersted, Tone Selboe og Petter Aaslestad: Den norske litterære kanon 1700–1900 Aschehoug 2009 Dei seinaste åra har me sett ei fornya interesse for kanon og kanonisering i Noreg. I kjølvatnet av det store danske kanonarbeidet (avslutta 2004) har det fylgt to norske kanonar: Den eine, ei liste på femogtjuge einskildverk, vart framlagd på litteraturfestivalen på Lillehammer i 2007, medan den andre, eit smalare utval av seksten forfattarskapar i Den norske litterære kanon 1900–1960, kom på Aschehoug same år. No har det kome ein oppfylgjar for den monaleg lengre perioden 1700–1900. Det er ikkje berre skilnaden i fokus på verk og forfattarskapar som skil dei to prosjekta frå kvarandre, men òg samansetjinga av juryane. Medan timannsjuryen på Lillehammer hadde med både litteraturvitarar, kritikarar og forfattarar, er Aschehoug-prosjektet strengt fagleg: Alle kanonisørane er tilsette ved eit universitet og underviser i anten nordisk eller ålmenn litteraturvitskap. Ingen overraskingar Det er i omtalen av dei einskilde forfattarskapane at viljen til prioritering og kritisk nylesing kjem tydelegast fram. Av at ein forfattar høyrer til i kanon, fylgjer det ikkje at alle verka hans er kanoniske; «bøker som ikke beveger, begeistrer og inspirerer, har ingen stor plass i denne boken». Forfattarane har bytt dei ymse forfattarskapane og sjangrane mellom seg. Aller tydelegast er Erik Bjerck Hagen, som ikkje blygjest for å utropa Jonas Lie til «en one hit wonder» (Familien paa Gilje, 1883) og som slær fast at «romanen Fred (1892) og diktsyklusen Haugtussa (1895) er de to Garborg-bøkene som i dag har kanonisk kvalitet». I det siste tilfellet fær Hagen faktisk stønad frå forfattaren sjølv: I dagboka skriv Garborg: «Eg hev skrivi tvo bøker: ‘Fred’ og ‘Haugtussa’: dei er vel snart gløymde båe, men det eg hadde å gjeva, gav eg der, trur eg.» Ålment verkar denne tydelege prioriteringa berre forfriskande – og skjerpande. I staden for å rota seg bort i alle mogelege atterhald, som var tilfellet med publikasjonen frå det andre kanonprosjektet, fær lesaren her røynlege lesetips – dette bør du lesa! Ein kan vera usamd i sume vurderingar, men forfattarane argumenterer jamt godt for vala sine. Historisk kontekst Serskilt forvitnelege i denne samanhengen er essaya om dei udiskutabelt største i kanonen: Ibsen og Hamsun. Av di desse har ein so sjølvsagd plass, vert det di meir rom for kritikk, og det utnyttar Erik Bjerck Hagen til fulles. Han låner øyra til kritikarar i samtida og set søkjeljoset på problematiske eller mindre gode sider ved desse største. Til dømes er kritikken som M. J. Monrad i si tid kom med av plottet i Kjærlighedens Komedie, heilt herleg: «Fuldt saa prosaiske ere vi dog ikke, at vi kunne finde os i, at den første Kjærlighed – naar den kun med nogen Ret skulde fortjene dette Navn – bliver opgiven med koldt Blod og efter venskabelig Overenskomst – ligesom et Handelsfirma opløses – blot fordi den tvivler om sin egen Udholdenhed, eller fordi et fordelaktigere Tilbud gjøres.» Hamsun Opp mot desse motståande tradisjonane set Hagen eit knippe mellomkrigsforfattarar – Hoel, Grieg, Krog og Ronald Fangen – som alle hadde eit meir balansert syn på Hamsuns bøker. Han tek serskilt utgangspunkt i ei utsegn hjå Sigurd Hoel om at me kan sjå dei politiske meiningane åt diktaren liggja i bøkene «som fremmedlegemer, som stein i åkeren». Hagen tek dette eit hakk vidare og konstaterer at vel kan forteljarrøysta i Hamsuns romanar vera kynisk eller ironisk andsynes alt som er er smått i det moderne samfunnet, men denne negative analysen vert sjølv liten i ljos av dei venlegare, meir produktive energiane i bøkene; «det er vanskelig å tenke seg det ene uten det andre; Hamsuns åker er knapt tenkbar uten stenene». Ein slik integrerande synsmåte, der ein korkje gjev seg til å skulla skilja verket frå mannen eller endar opp med å fordøma båe, men tvert om vågar å sjå dei to i ljos av kvarandre, er opplagt eit framsteg i Hamsun-lesinga. Nærsynt filologisk Di meir merkeleg vert Haarbergs kritikk når ein ser at heller ikkje forfattarane av denne boka har vore konsekvente med å bruka originale eller tekstkritiske utgåver. Til dømes er eitt og same Vinje-sitat attgjeve i både modernisert og opphavleg rettskriving (s. 10–11 og 86). Regelen synest å vera at kvar har teke den utgåva han hadde i bokhylla. Haarberg er best når han går inn i verka og deler leseopplevingane sine med oss. Til dømes syner han på framifrå vis koss eit tilsynelatande einfelt eventyr som «De tre bukkene Bruse» kan ha eit utal ulike allegoriske lesemåtar, alt frå ein teologisk der trollet i fossen er Satan og sætra det himmelske paradiset, til ein marxistisk der trollet er uttrykk for det falske medvitet åt bukkane; «den virkelige faren er det jo slakteren som står for, etter at bukkene har vendt fete hjem igjen». Haarbergs konklusjon er djerv, men likevel truverdig: «I all sin enkelhet overgår det lille eventyret om de tre bukkene Bruse det meste av all den tilsynelatende mer komplekse litteratur som er blitt skrevet i kongeriket Norge.» Den norske litterære kanon syner dagens norske litteraturvitskap frå si beste side. Det er tydeleg at historiske, kontekstualiserande tilnærmingar har vorte stovereine att, og det er tvillaust ein føremon. Dei historiske perspektiva aukar berre innsikta i det litterære verket, anten ein vel ein filologisk, tekstkritisk lesemåte, ein kultur- eller sosialhistorisk lesemåte eller ein resepsjonshistorisk lesemåte. Klaus Johan Myrvoll er norrønfilolog og korrekturlesar i Dag og Tid.
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|