Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Då Sovjet skjøna at Afghanistan var tapt

Av ROALD HELGHEIM
,  06.11.09


I november 1986 sa den sovjetiske øvstkommanderande for dei væpna styrkane i Afghanistan i eit møte i det sovjetiske politbyrået, at «det finst knapt ein flekk der som ikkje på eitt eller anna tidspunkt har vore okkupert av soldatane våre. Likevel er størstedelen av landet i hendene på terroristane.» Fleire kommentator har no byrja å samanlikne dei nedslåande rapportane frå det Sovjet-okkuperte Afghanistan med den president Obama i august fekk frå USAs øvstkommanderande i Afghanistan, Stanley McChrystal. Tjue år etter det sovjetiske nederlaget kan vi, takka vere dokument offentleggjorde av det uavhengige National Security Archive i Washington, lese meir om stemninga i det øvste Sovjet. Til dokumenta høyrer også ein rapport frå oberst Tsagalov 13. august 1987. «Vi burde ærleg vedgå at freistnadene våre dei siste åtte åra ikkje har ført til det venta resultatet», skriv han. Den einsidige militære satsinga var eit feilsteg, og vi veit at Gorbatsjov på dette tidspunktet alt hadde bestemt seg for å trekkje Sovjet ut.

I referata kan vi lese meir om møta i politi-byrået to år før Sovjet i vanære måtte ta dei politiske følgjene. Den siste Moskva-støtta afghanske presidenten Mohammed Najibullah freista å regjere vidare, men vart myrda av Taliban i 1996. På møtet i november 1986 finn vi også KGB-sjef Viktor Tsjebrikov. Han seier at «ingenting kan bli løyst med militære middel. Vi må auke strevet for å finne ei politisk løysing.» Då hadde Sovjet okkupert landet i seks år etter invasjonen i romjula i 1979, og det meste som har gått gale etter den nye invasjonen i 2001, blir merkverdig likt oppsummert av den amerikanske kommandanten McChrystal: «Veikskapen i statsinstitusjonane, omfattande korrupsjon og maktmisbruk av mange i statsapparatet, og ISAFs eigne mistak, har gjeve afghanarane liten grunn til å støtte regimet sitt.» At Hamid Karzai no vaklar vidare etter at motkandidaten gav opp omvalet, er berre framhaldet av soga.

Mange politiske kommentator har tidlegare samanlikna stoda i Afghanistan med det som førde til USAs nederlag i Vietnam. Men etter at The National Security Archive, som er eit uavhengig forskingsinstitutt og bibliotek i Washington, nyleg publiserte utdraga frå møta i den øvste leiinga i Sovjet i ein kritisk fase på 80-talet, har framståande skribentar i The New York Times, Time, The Observer og andre brukt det dei meiner er den rette historiske parallellen. I 1987 var Gorbatsjov bestemt på å kome seg ut snarast råd. Då han gjorde det i februar 1989, var det mot viljen til utanriksminister Eduard Sjevardnadse, som meinte Najibullah trong meir militær støtte. Ti år etter Sovjet-invasjonen i Afghanistan var 1989 alt eit merkeår før muren fall i november. No er det berre to år til dei nye okkupantane i ti år har prøvd å halde liv i det vaklande regimet. Afghanistan vart ein sjølvstendig stat i 1747. 362 år etter er det framleis ein «sjølvstendig» stat, men det meste er styrt utanfrå, både økonomisk og militært. Det er eit land for alle andre.

Utdraga som Gorbatchev Foundation Archive har omsett for National Security Archive, er forvitneleg lesing. Der sit Gromyko, Sjevardnadse, Dobrynin, Rysjkov og Ligatsjov og ikkje minst marskalk Sokolov, som minner oss om at invasjonen i Afghanistan var eit politisk eventyr dei militære var mot. Sokolov er frustrert over at nye halvannan milliard rublar skal setjast inn etter dei 3,5 milliardane dei alt har brukt på den afghanske hæren. Då Sovjet drog seg ut, hadde krigen kosta ein million afghanarar livet, 26.000 sovjetsoldatar var drepne, meir enn fire millionar afghanarar var på flukt. Dei sovjetiske troppane var på det meste 108.000. Ulikt Taliban i dag fekk mujahedin-opprørarane mot Sovjet hjelp frå både USA og andre. Dødstala for amerikanske soldatar i dag er 800, for britane 200, for afghanarane mange nye tusen. Men som utanriksredaktør Peter Beaumont i den engelske avisa The Observer skriv: «Om tala er andre, viser dei sovjetiske arkiva at dei feila som vart gjorde i dei to krigane, har vore dei same.» Han refererer til den offisielle russiske historia om krigen, skriven av den russiske generalstaben etter nederlaget:

«Den sovjetiske regjeringa og dei sovjetiske øvstkommanderande studerte ikkje dei nasjonale historiske faktorane i Afghanistan før styrkane frå Sovjet vart sette inn. Hadde dei gjort det, hadde dei lært historia om fleire hundreår med motstand mot ulike erobrarar. Afghanarane ser på kvar ein utlending som ber våpen, som ein framand okkupant.»

Historikaren Victor Sebestyen, som har skrive boka Revolution 1989. The Fall of Sovjet Empire, har også lese referata frå det sovjetiske politbyrået. I ein kommentar i The New York Times minner han om at hovudbasen for dei sovjetiske operasjonane i Afghanistan var Bagram, som no er hovudstasjonen for USAs styrkar i landet. Han minner også om at dokumenta viser at politikarane gav ordre til invasjon mot rådet frå dei militære. Marskalk Nikolai Ogarkov gjekk til forsvarsminister Ustinov og vart avbroten midt i ei setning med: «Hald kjeft og lyd ordre!» Han gjekk vidare til sjefen over dei alle, Leonid Bresjnev. Halvvegs i setninga braut også Bresjnev han av: «Konsentrer deg om det militære. Overlat politikken til oss.»

Robert Gates, no Obamas forsvarsminister, vedda som CIA-mann i 1988 tjuefem dollar mot viseutanriksminister Michael Armacost på at Sovjet ikkje ville dra seg ut av Afghanistan. Han tapte, og Sebestyen spør: Er det nokon som no vågar å utfordre han i eit veddemål om når USA dreg seg ut?



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake