Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Inni er vi ulike

Av JON HUSTAD
,  06.11.09


Når slutta etterkrigstida? Det kjem sjølvsagt an på kva felt vi talar om, men for raseforskarar kan eit godt svar vera oktober 2009. I førre månad stod ein artikkel på trykk i tidsskriftet Nature – det mest prestisjetunge naturvitskaplege tidsskriftet – ein artikkel som berre for få år sidan truleg hadde vore utenkjeleg.

Tittelen er «Lat oss feira dei genetiske skilnadene mellom menneska». Ingressen går på si side slik: «Vitskapane finn prov for genetiske skilnader både mellom grupper og mellom individ. Desse funna bør vi omfamna, ikkje ottast», skriv dei mykje siterte amerikanske professorane Bruce T. Lahn og Lanny Ebenstein.

Dei to slår fast at ei rekkje studiar indikerer at det er til dels store genetiske skilnader mellom etniske grupper, og at vi trygt kan rekna med at vi i framtida vil finna mange prov på vesentlege og funksjonelle skilnader mellom menneskegrupper.

Problemet er berre at forskarmiljøa ikkje har tenkt over kva slags implikasjonar slike funn vil få: «Etter vårt syn er forskarfellesskapen spesielt og samfunnet generelt særs dårleg førebudde for dette. Vi treng ein robust moralsk respons på dette spørsmålet uavhengig av kva forsking vil avsløra av menneskelege skilnader.»

NEI TIL BIOLOGISK LIKSKAP
Det noverande paradigmet både i forskarmiljøa og i samfunnet er elles det vi kan kalla «biologisk likskap». Årsaka til at det har vorte slik, kjenner vi: Folkemord, krigar og massedrap har vore førde på grunnlag av kvasivitskaplege raseteoriar. Dei mest kjende døma er vel Fritz Lenz og Eugene Fischer, som på normativ basis leverte det kvasivitskaplege grunnlaget for jødane som «undermenneske». Difor er det sjølvsagt forståeleg, skriv Lahn og Ebenstein, at det i etterkrigstida etablerte seg eit syn som sa at det ikkje finst genetiske skilnader på gruppenivå utover slikt som hud- og hårfarge, og «premissleverandørane for eit slikt syn ser ut til å ha hatt ei von om at biologisk likskap skal føra til at diskriminering av grupper eller individ vil syna seg grunnlaust».

Dei to professorane seier at jamvel om dei godt kan forstå intensjonane bak ei slik haldning, så tykkjer dei likevel at posisjonen er ulogisk og umoralsk sidan eit slikt syn opnar for at om ein finn genetiske skilnader mellom grupper, så vil det vera greitt å diskriminera. For ein kan ikkje både vera mot diskriminering av di vi er like og mot diskriminering av di vi er ulike. «Difor aviser vi dette grunnsynet. Like vilkår og respekt for menneskeverd må vera eit sams menne-skeleg mål uavhengig av menne-skelege skilnader – same kor små eller store dei er.»

HYSJ! IKKJE FORTEL!
Ein annan posisjon som forfattarane tykkjer er djupt problematisk, men som likevel vert forfekta av mange biologar, lyder om lag slik: «Ja, vi innser at det er genetiske skilnader på gruppenivå, men vi må òg innsjå at dette er trugsmål mot det sosia-le limet som multietniske samfunn er avhengige av. Difor bør vi slutta med genetisk forsking på grupper.» Andre att seier at forskarfellesskapen berre bør konsentrera seg om genetiske skilnader mellom einskildindivid og ikkje tala om skilnadene mellom folkegrupper.

Lahn og Ebenstein avviser også desse to posisjonane. «For det fyrste: Å få innsikt i genetiske skilnader på gruppenivå kan vera ein stor føremon både for forsking generelt og medisin spesielt. For det andre: Genetiske skilnader i det heile, også på gruppenivå, gjer oss mykje meir interessante som art.» Å ignorera «gruppeskilnader» (dei to unngår å nytta omgrepet rase, såpass korrekte er dei) er å ignorera evolusjonen og er rett og slett «dårleg vitskap», seier forfattarane.

Eit døme dei dreg fram for kor viktig det er å forstå genetiske skilnader, er kreftbehandling. Det er funne ei rekkje døme på at folkegrupper reagerer ulikt på cellegift. Å granska dette nærare vil etter det meste å døma kunna leia til skreddarsydd kreftbehandling og gjera at langt fleire kan overleva og få gode liv. Liknande døme finst på ei rekkje medisinske område og kan ålment føra til at manneætta får betre behandling.

EVOLUSJON ER BRA
Dessutan, seier dei to: Det er no langt på veg ålment akseptert at kulturelle skilnader leier til meir dynamiske samfunn og ein rikare kvardag for stadig fleire (dei to er amerikanarar), så kvifor skal vi ikkje ha den same haldninga til genetiske skilnader? I naturen er genetiske skilnader ei kjelde til evolusjonær overleving og tilpassing, som igjen gjer at artar kan tilpassa seg endra miljø og føra til utnytting av nisjar som før ikkje har vore utnytta. Det er òg velkjent at om det er store genetiske skilnader på to individ som reproduserer seg, så får dei fleire avkom, som igjen har betre helse enn når to relativt genetisk like individ gjer det same.

Vert ein art for lik – som etter mykje å døma hende då manneætta byrja å dyrka jorda –, vert den arten meir mottakeleg for sjukdom, som igjen trugar den langsiktige overlevinga. Dette åleine, meiner dei to forskarane, burde gjera oss glade over at det etter det meste å døma er vesentlege genetiske skilnader mellom folkegrupper.

IQ SEIER IKKJE ALT
Som dei gode forskarane dei er, åtvarar likevel Lahn og Ebenstein om mogelege fallgruver. Nett av di vi truleg har så store genetiske skilnader, så er det lite som tyder på at éin skilnad er eit prov på at det òg finst ein annan skilnad. Korleis grupper eller einskildindivid gjer det på eitt område, kan vera heilt uavhengig av korleis desse gjer det på eit anna om--råde.

«Så jamvel om IQ er ein nyttig måte å måla intelligens på, og IQ til ein viss grad er arveleg, er det ikkje slik at denne måle-metoden seier på langt nær alt om mental kapasitet.» Det er heller ikkje slik at gruppeskilnader gjer at det vert mindre viktig å forska på individuelle skilnader. «Difor vil ein aksept for at det er genetiske skilnader, måtta føra til ei avvising av ei eindimensjonell rangering av kapasiteten til einskild-individ eller grupper.»

«I det store og det heile», av--sluttar dei to professorane ved høvesvis University of Chicago og University of California, «har manneætta vorte sterkare og vil verta sterkare, ikkje trass i, men på grunn av skilnadene.»



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake