Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Den vanskelege evolusjonen

Av ASTRID S. DYPVIK
,  16.10.09


FORSKING
Det endar som regel med at den store edderkoppen sit på hovudet eller i nakken, fortel forskaren med det omfattande namnet Leif Edwald Ottesen Kennair.

Psykologen er kjend gjennom talrike presseoppslag med emne som «Guttene vil mest, men får minst sex», «Advarer mot å ta permisjon frå mor» og «Det er størrelsen som avgjør hvor mange orgasmer ei kvinne får. Størrelsen på mannens konto». Akkurat no sit han og fortel om korleis psykologar kan spontankurere edderkoppskrekk.

Redsla for dei ekle, små krypa er nedarva i oss, frå evolusjonen, og er rasjonell all den tid mange av dei har dødelege bitt. Men når ein berre møter kjedelege, norske husedderkoppar, kan det vere plagsamt. Kureringa byrjar med at den skrekkslegne får plassert ein edderkopp i eit ope glas på eit bord framfor seg. Skrekken set inn, men etter kvart som det ikkje skjer noko, og det viser seg at den åttebeinte ikkje vil noko vondt, vil både hjernen og kroppen lære at hjartebank, adrenalinrush og påfølgjande flukt ikkje er svaret neste gong det dukkar opp eit spinnande småkryp.

GENANE
Dette trikset har han tenkt å dra på eit seminar i Psykologforening--en nokre dagar seinare. Historia om edderkoppkureringa er frå Kennairs side også tenkt å illustrere eit anna poeng:

– Sjølv om ein reint genetisk sett er predisponert for ein viss type oppførsel, er ein ikkje determinert til å følgje han, seier Kennair.

Truleg for å kome i forkjøpet eit spørsmål om kor vidt genane våre, heilt uavhengig av vår vilje, oppdraging og moral, styrer oss til ei bestemt framferd. Som ein av Noregs få forskarar som tek utgangspunkt i evolusjonspsykologi, har Kennair lang trening i å imøtegå kritikk.

HARDE FRONTAR
«Biofascist», «psykovrøvl» og «dette er så dumt at bare en professor kunne ha sagt det» er karakteristikkar som har kome om Kennairs forskarverksemd i løpet av det siste åra. Dei to første kom frå mannsforskaren Jørgen Lorentzen, den siste kom frå arbeidarpartipolitikaren Arild Stokkan-Grande. Alle karakteristikkane kom etter at Kennair hadde uttalt seg i ein diskusjon om foreldre og fødselspermisjon. Evolusjonspsykologen åtvara på det sterkaste mot å ta bort barselspermisjonstid frå mødrene for å oppnå likelønn mellom kjønna.

I tillegg såg han sitt snitt til å åtvara mot den moderne familiestrukturen prega av fulltidsarbeid og barnehagar. «Det er et sosialt eksperiment man ikke aner konsekvensane av», sa han til Aftenposten. På grunn av sinnet forskinga vekkjer, og ikkje minst fordi komikaren Harald Eia nyleg terga på seg norske samfunnsforskarar gjennom insisteringa si på forklåringskrafta til genane, spør vi: Kven er Kennair, kva spørsmål arbeider evolusjonspsykologar med, og ikkje minst: Kvifor blir folk så sinte? For ordens skuld først, Kennair er ikkje professor, men førsteamanuensis. 39-åringen er i tillegg leiar for Institutt for psykologi ved NTNU. I tillegg er han forfattar av den einaste norskspråklege innføringsboka i evolusjonspsykologi, ei bok som har den relativt ubeskjedne undertittelen En innføring i menneskets natur.

BESTSELJAR
Men kva er så evolusjonspsykologi? Det er ei retning innanfor psykologien som med utgangspunkt i Darwins lære om evolusjonen forklårar trekk hjå mennesket, ikkje berre dei fysiske, men også dei mentale, slik som minne, språk, persepsjon og, ikkje minst, seksualåtferd som evolusjonær tilpassing. Evolusjonspsykologar vektlegg genar, altså arv sterkt som forklåringsfaktor. Omgrepet fitness, det å spreie genane sine vidare, står heilt sentralt. Human åtferds-økologi og evolusjonsbiologi er nærskylde fag. Faget, og evolusjonære perspektiv generelt, har fått mykje vind i segla på grunn av Harvard-professoren Steven Pinker. Dei populærvitskaplege bøkene hans om menneska og evolusjonen har blitt internasjonale bestseljarar.

MEIR EVOLUSJON
Bøker med titlar som Memesket og Myths of Childhood tittar fram frå dei velfylte bokhyllene på Kennairs store instituttleiarkontor. Eit utval av avisutklypp vitnar om aktiv debattverksemd. Men her er ingen skallemålingsapparat eller plansjar med oversyn over kvinnenes sentrale føde- og kjøkenslave-gen. Kennair er einig i at tidene har skifta sidan han skreiv hovudfagsoppgåva si i 1998.

– Då var det eit svært lite fagfelt i Noreg, innføringsboka i psykologi hadde ingen kapittel om emnet, seier Kennair.

Den eine læreboka som om--talte evolusjonspsykologi, var i tillegg svært kritisk. No, seks år seinare, er han instituttleiar med fleire kollegaer som forskar med utgangspunkt evolusjonsteori.

– Perspektivet har kome sterkare inn i forskinga frå fleire hald. I 2003 gav Iver Mysterud ut boka si om evolusjonsteori.

Denne veka debuterte Kennair som spaltist i Klassekampen under vignetten «Feminist – ja visst».
Også statsvitskapsprofessor Øyvind Østerud er einig i at evolusjonsperspektiv har fått innverknad i samfunnsfaga. Han har nettopp ferdigstilt ein artikkel til Nytt Norsk Tidsskrift om emnet.

– Det har gått føre seg over lang tid, men det har ikkje nådd ut til så mange, fordi forskarane ikkje har jobba med spørsmål om rase eller kjønn. Evolusjonsorienterte perspektiv i seg sjølv vekkjer ikkje så mykje harme eller merksemd.

Evolusjonsbiologien har bidrege med nye perspektiv på samarbeid og konflikt, interesser og egoisme.

– Dette er interessante perspektiv som absolutt må vere ein del av den akademiske debatten, seier Østerud.

KVA FOLK VIL
Éi sak er at menneska er nedstamma frå apene, har 99,4 prosent av genane felles med sjimpansar og har utvikla fysiske trekk i samspel med naturen og det naturlege utvalet. Det provoserer i høgda dei religiøse. Utsegner som denne provoserer fleire: «Det er faktisk slik at en mann vil (som regel) heller ha sex med en tilfeldig kvinne enn å snakke med henne, spise middag med henne og gå på kino i lag», som det heiter i Kennairs innføringsbok i faget. Også svar på spørsmål om kva det er kvinnene ønskjer seg, irriterer mange. «I utgangspunktet er svaret enkelt: hun ønsker å få barn», svarer boka.

Også krig, homofili og voldtekt kan forklårast ut frå evolusjonspsykologien, krig er kamp om kvinner og ressursar, homofili er mellom anna knytt til strategiske alliansar i samansette grupper, og valdtekt handlar, sjølvsagt, om å spreie genane sine. Dermed er debatten i gang. Kjønnsforskarar insisterer på at seksualåtferd er lært, og på at valdtekt handlar om vald.
Kjønnsforskarane er ikkje dei einaste kritikarane evolusjonsteoretikarane har. Biologiprofessor Inger Nordal, som sjølv underviser i faget evolusjonsbiologi ved Universitetet i Oslo, har også fleire innvendingar. I sommar hevda ho overfor Dagbladet at forskarar med evolusjonsperspektiv ofte lagar tesar som stadfester seg sjølve. Viss ein stiller spørsmål med evolusjonsteori som utgangspunkt, får ein ofte svar som passar inn. Men kan ein vere sikker på at evolusjonen er forklåringa?

STEINALDEREN
Ein utanforståande kan lett få inntrykk av at faget vil trekkje menneska tilbake til ein slags fantasert steinaldertilstand. Det er ikkje tilfellet, forsikrar Kennair.

– Empiriske undersøkingar frå USA viser at psykologar generelt er svært venstreorienterte, og at evolusjonspsykologar som tek doktorgrad, er like radikale som andre ph.d.-studentar. Faget har ingen politisk agenda, då er det annleis med kjønnsforskarane, dei har jo det.

– Det kan framstå som eit svært sexfiksert fag?
– Ja, men det kjem ikkje alltid fram kva som er evolusjonær forsking og ikkje. Der kjem ofte overskrifter som «kvinner med store bryster er mest utro». Men også den studien som konkluderer med at trøyttleiksjukdomen ME kan koma av eit virus, er resultat av evolusjonær forsking.

VALDTEKT OG EVOLUSJON
Boka A Natural History of Rape har gitt kritikarane av faget svært mykje vatn på mølla. Tesen i boka er kort fortald at valdtekt er ein fordelaktig, reproduktiv strategi i visse situasjonar. Menn som har valdteke, har i større grad enn andre fått spreidd genane sine til etterslekta. Boka vart ikkje kritisert berre på moralsk grunnlag, men også av antropologar som påpeika at valdtekt er risiko-åtferd for den som vil spreia genane sine. Både risikoen for straff og risikoen for at det eventuelle barnet blir støytt vekk på grunn av farskapet, gjer valdtekt til ein lite farbar veg for den som vil spreie genane sine, meinte dei. Men kva meiner norske evolusjonspsykologar?

– Vi var på konferanse i California i sommar og fekk høyre om den svertekampanjen forfattarane var blitt utsette for. Det enda med at dei byrja å sjekke under bilen sin etter bomber kvar gong dei skulle ut å køyre, seier Kennair.

– Eg har ikkje lese boka, men eg høyrde nyleg den feministiske evolusjonspsykologen Griet Vandermassen gje eit balansert inntrykk av boka. Det er kjent at det er større sjanse for befrukting ved valdtekt enn ved andre samleie. Kanskje ser valdtektsmennene kvinnene an etter kven som har eggløysing? Når det ikkje finst andre moglegheiter, kan menn med få ressursar eller soldatar som er i krig, tenkjast å bruke det som reproduktiv strategi.

Valdtekt handlar ikkje om makt, men om reproduksjon, meiner evolusjonspsykologane.
– Du kan samanlikne det med ein bankranar. Han ranar ikkje banken for å skremme folk, men for å få tak i pengar, hevdar Kennairs kollega Mons Bendixen.

– Det er ikkje slik å forstå at eg vil støtte boka, men det kan vere interessant å vurdere nokre av desse perspektiva, seier Kennair.

Han understrekar tydeleg at det å forklåre noko ikkje er det same som å godta eller oppfordre til det. Kennairs poeng er at om ein ikkje inkluderer dette perspektivet, kan det hindre forståing.

EDDERKOPPAR
Kennair er ein mild mann, han tek atterhald når han forklårar. Likevel blir folk sinte. Og det er vel fordi dette er saker der folk oppfattar at her er det noko som står på spel. For kva ville vere konsekvensen dersom perspektivet til evolusjonspsykologane fekk større gjennomslag i offentlegheita? Tja, kanskje fleire ville bruke teoriane til anna enn å forstå edderkoppskrekk.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake