Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Brokete krigs-noir

Av Cathrine Brøymer
,  08.10.09


FILM
Svik
Regi: Håkon Gundersen
Norge 2009

Det burde vere nok dramatisk materiale å forsyne seg av: Den 24. juli 1943 blei Hydros aluminiumsfabrikk på Herøya utanfor Porsgrunn bomba av dei allierte for å hindre at tyskarane styrkte luftvåpenet med lettmetall frå norsk industri. Hydro var i forkant involvert med tyske IG Farben (som mellom anna produserte gass til konsentrasjonsleirar), og det var store pengar å tene for dei involverte. På denne tida var det dessutan mogeleg å bli rik på dei mange nazistane som tok over styringa av landet, samstundes som krigslukka for tyskarane var i ferd med å snu.

Filmen Svik syner oss historia og renkespelet nokre dagar i forkant av bombinga, først og fremst gjennom ei rekkje fiktive intrigar knytte til denne hendinga. Men ikkje tru at dette er ein thriller. Tvert imot er store delar av filmen nedtyngd av lange, omstendelege samtalar og litt for mange svulstige replikkar.

På nattsida
Staden er Club Havana i Oslo, ein meir eller mindre snuskete nattklubb der nazistar og andre tvilsame typar held hus. Dessutan har vi den glamorøse songarinna Eva Karlsen, spela av Aqua-medlem Lene Nystrøm. Ho er elskarinne, dobbeltagent og songar på ein gong, med andre ord eit tydeleg midtpunkt i filmen. Dette blir godt understreka av filmplakaten, som viser oss denne kvinna opplyst og omkransa av slitne og snuskete personar, med vidt forskjellige motiv.

Her er to brør som står mot kvarandre: ein motstandsmann (Kåre Conradi) og ein krigsprofitør og nattklubbeigar (Fridtjov Såheim). Tidlegare Bond-skurk, skodespelaren Götz Otto, er her nazi-elskar og SS-offiser. Andre kjende skodespelarar i denne gjengen er Ingrid Bolsø Berdal og Jørgen Langhelle. Elles er bileta og stemninga i stor grad prega av ein mørk noir-stil.

For også nattsida og gråtonane skal fram: Norsk krigshistorie er ikkje berre ei svart-kvitt-forteljing om gode og dårlege menneske, men langt meir komplisert. I Svik er ikkje rottene berre rotter. Likevel blir det nett slik at mykje av denne interessante tematikken druknar: Det er så mykje informasjon og snakk at det eine temaet nærmast tek knekken på det andre. Alle dei hundrevis av krigsfangane som blei tvinga til å arbeide for Norsk Hydro, får vi til dømes berre eit kort bilete av i filmen.

Katastrofal replikk
Lene Nystrøm, betre kjend som Aqua-Lene, er absolutt best som glamorøs syngjedame. Av di ho også blir framstilt som ei slags femme fatale, hadde eg venta meg ein mindre redd figur og ein meir framfus framtoning, noko eg trur ville kledd både henne og rolla godt. Det blir rett og slett litt for mange tårer og bivrande lepper.

Siste del av filmen er ikkje så spanande som han kunne ha vore. Som actionfilm er dette tynn suppe på noko som kunne ha vore ein feit knoke. Medan femme Karlsen/Nystrøm flyktar med hemmelege dokument, blir ho jakta på av både tyskarar og desperate kollaboratørar. Flukta verkar både usannsynleg og komisk. Korleis kan Eva Karlsen springe så fordømt fort på dei høghæla skorne?

Derimot syng ho seg vellukka gjennom ei togvogn full av godtruande tyske soldatar. Likevel undrar eg på kvifor nazistane (som i tillegg er i fleirtal) brukar så lang tid før dei når fram? Og kvifor går Eva plutseleg rundt i tåka inne i ein skog? Er det ei emosjonell tåke? Løysingane er litt for enkle og utan store krumspring. Og til slutt kjem nådestøyten: Karlsen/Nystrøms siste sjølvmedlidande, men uforståe­lege replikk: «Eg er berre ei kvinne.» Som om ho må overtyde tilskodaren om det også, før ho haltar vidare. I ein underhaldningsfilm av dette slaget forventar eg at heltinna gjer anna enn å skyte seg sjølv i foten.

Cathrine Brøymer er litteraturvitar og fast filmmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake