Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Slagerparade

Av Øyvind Pharo
,  24.09.09


JOHN FOGERTY/THE BLUE RIDGE RANGERS:
Rides Again
Verve

Sist veke blei John Fogerty heidra av The Tenth Americana Festival And Conference i Nashville, Tennessee. Han fekk Lifetime Americana Lifetime Achievement Award For Songwriting som den tiande i ei rekkje som tel namn som Willie Nelson, John Prine og John Hiatt.

Den plata han er ute med nå, ville ikkje kvalifisert til den prisen, for artistnamnet The Blue Ridge Rangers bruker den tidlegare sjefen for Creedence Clearwater Revival til å spele inn låtar som er skrivne av andre. Som på den første Blue Ridge Rangers-plata (utgitt 1973) gjer han songar frå den litt eldre countryarven i den amerikanske songboka, og noko heilt anna enn den dampande sørstatssyntesen av R&B og rockabilly, av Sun og Stax, som prega Creedence.

På den første Blue Ridge Rangers-plata spelte han alle instrumenta sjølv. Denne gongen har han plukka ut ein gjeng spesialhandverkarar frå kremen av dagens countrymusikarar. Folk som Buddy Miller på el-gitar, Greg Leisz på steel og mandolin, Jason Mowry også på mandolin, i tillegg til dobro og fele, Herb Pedersen syng harmoni saman med Jodie Kennedy. Når siste spor, Everly Brothers’ «When Will I Be Loved» tonar inn, blir duetten med Bruce The Boss på ein måte krona på verket.

Det er også ein annan skilnad i høve til det første Blue Ridge Rangers-albumet. Ein av låtane er ein Fogerty-låt. «Change In The Weather» bryt så kraftig med dei andre song­ane at han kunne gå for å vere eit hittil uutgitt og gløymt årgangsopptak med Creedence. Swampy tremolo-gitar, Fogerty-vokalen som eit primalskrik og ein samfunnskommenterande bodskap kledd i dommedagsretorikken til ein svovelpredikant: «People walk around in fear / get under cover / ’cause a change is gonna come / be nothin’ left after the hurricane / … look at the people with fear in their eyes.»
Det er akkurat som Fogerty leikar seg med å leggje inn ein fiktiv Creedence-låt i denne velredigerte slagerparaden av radiovennleg og jukeboks-nostalgisk rockabilly-pop, western swing, folk og Bakersfield-country. Heilskapen blir spanande når utvalet inneheld både «Paradise» av John Prine, Johnny Fullers «Haunted House» (beste spor på albumet med John Fogerty på spøkjelsesaktig Duane Eddy-twang på gitaren) og to slitesterke Ray Price-klassikarar. Så får det heller vere at han måtte ta med både John Denvers «Back Home Again» og den ten-sing-aktige Delaney & Bonnie-hiten «Never Ending Song of Love». Men Rick Nelsons «Garden Party» med omkvedet «But it’s all right now, I’ve learned my lesson well
You see, you can’t please everyone, so you’ve got to please yourself» høver perfekt på denne plata.

Øyvind Pharo er forlagsredaktør.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake