Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Døden, livet og døden igjen

Av Odd W. Surén
,  24.09.09


Roman
Karl Ove Knausgård:
Min kamp 1
Forlaget Oktober

Første band i det gigantiske nye romanprosjektet til Karl Ove Knausgård ligg føre, utan ironi under samletittelen Min kamp. Det er ein norsk 2000-talsekvivalent til livsverket til Marcel Proust, men meir komprimert i tid, slik at det på eitt år kjem ut seks tjukke bøker om det enormt lange livet til 41-åringen Knausgård.

Ein kan spørja seg om det i det heile er ein roman, sidan personane ikkje er fiktive. Kanskje tykkjer dei òg det er leitt å oppdaga at dei ikkje er røynlege, men dikta opp av Karl Ove Knausgård. Trøysta får vera at dei er godt dikta. Eg lyt lesa boka som ein roman kor som er, og slår fast først som sist at dette er ei god bok, velskriven, til dels svært velskriven, og med inspirerande refleksjonar og observasjonar, men også med longørar som får meg til å tenkja på Bergensbanen: Mykje flott å sjå, men mange og lange tunnelar.

Sensibel åtteåring
Boka tek til med eit essay om døden, deretter kjem eit heller langdrygt kapittel om noko som skjedde då Knausgård var åtte år gamal og tykte han såg eit andlet på eit bilete av havet i Dagsrevyen. Med små og fine verkemiddel får Knausgård i denne bolken synt fram eit av dei viktige punkta i boka, nemleg distansen til faren. Og ein forstår at Knausgård har så kolossalt mykje å skriva om, sidan han alt på denne tida, åtte år gamal, reflekterte med vaksen sensibilitet om alt mellom himmel og jord, og då han såg nabokona kasta noko i bosskorga, tenkte han at ho gjorde det med «den dovne grasiøsitet som så mange tykke kvinner besitter». Ja, det var guten sin!

Neste kapittel er som eit julebrev frå familien Knausgård til lesaren, men med det same høgtidlege språket som i dei to første, med høg frekvens av ordet likesom. Men det er ein svært uttrykksfull og smidig prosa, det flyt så lett og fint for Knausgård, mannen med det harde etternamnet skriv mjukt og vakkert, og ein får ei kjensle av at han ikkje kunne ha skrive kantete og klønete om han freista. Vittig er han også, til dømes i nokre gravskrifter over seg sjølv, dei minner både om Wessel og om denne av poeten Marve Almar Fleksnes: «Han kom, ble svett, og dett var dett!»
Det lengste kapitlet handlar om dødsfallet til faren og førebuingane til gravferda. Forfallet til denne faren er uhyggjeleg lesnad, i det heile er han ein skremmande person, og lesaren forstår at Knausgård ikkje har hatt det lett. Her, som elles i boka, er det mange fine portrett, og den einaste som treng ottast for å ha vorte uthengd til spott og spe, er Knausgård sjølv, som fortel om veikskapane sine, dei urimelege tankane, og som, då dødsbodskapen om faren kjem, tek seg ein dusj og stiller seg dette eksistensielle spørsmålet: «Skulle jeg ronke?»

Imponerande integritet
Det er svært mykje i denne boka som representerer det menneskelege med imponerande integritet. Knausgård nemner slike tankar og indre prosessar me gjerne held for oss sjølve og trur me er einsame om, og dei som leitar etter ein misjon med boka, finn rikeleg på dette området, anten det har vore eit poeng for Knausgård eller ei.
For meg var portrettet av den demente bestemora det beste i boka, og skildringa av korleis ho freistar å få dei noko tungnæme barneborna til å gje henne ein dram. Elles må det seiast at gråten tek Knausgård ofte, men det skal visstnok vera sunt, så då lever han vel lenge nok til å skriva fleire slike six-packs i framtida. Denne første boka i verket Min kamp var i alle høve lovande, og lett å lesa, om teksten enn tyktest meg dryg.

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake